Odd Tarberg

Alder: 72
  RSS

Om Odd

Følgere

Stortinget feilinformert om frihandelsavtale

Publisert nesten 5 år siden

Den veksande kritikken i utlandet av frihandelsavtalane TTIP og TiSA, er ikkje fulgt opp av tilsvarande reaksjonar frå stortingsmiljøet her i landet.. Norge er direkte med i TiSA-forhandlingane, og Stortinget er feilinformert om konsekvensane...

TTIP, Transatlantic Trade and Investment Partnership, møter no veksande motstand. Den svenske TTIP-kritiske bloggen ttippen.se melder den 15. mars at den tyske regjeringa no stiller seg kritisk til tvisteløysingsordninga ISDS som er tenkt å vere ein del av avtalen.

Den same tvisteløysingsordninga er i utgangspunktet tenkt å gjelde for TiSA-avtalen også. Ei ekstremet udemokratisk ordning, konstruert for å sikre investorinteressene "på alle baugar og kantar". Og Norge er altså med i desse forhandlingane, som eit av eit femtitals "most willing" frihandelsivrige land med USA som pådrivar...

Trass i dette: Null politisk reaksjon i Norge! Kan grunnen vere at Stortinget er feilinformert om desse forhandlingane? Det er ein grov påstand dette, om feilinformeringa av Stortinget, men grunnlaget for å hevde dette står faktisk å lese i noko så solid som i storingsproposisjonen for Statsbudsjettet for 2014. Der står fylgjande om TiSA-forhandlingane:

"Regjeringen har besluttet at Norge skal delta i forhandlinger om en ny avtale om handel med tjenester (TISA). Det er enighet om at en flernasjonal avtale skal knyttes tett opp til GATS og være et skritt på veien mot en multilateral avtale. En slik avtale vil derfor være i tråd med regjeringens hovedprinsipp om at et globalt handelsregime forankret i WTO er fundamentet for regjeringens handelspolitikk".

Når det faktiske forholdet er at desse forhandlingane foregår utanfor WTO-systemet, og mange meiner det er lite truleg at dei vil bli integrerte i WTO, då er det direkte feilinformering å påstå at desse forhandlingane er "i tråd med regjeringens hovedprinsipp om at et globalt handelsregime forankret i WTO er fundamentet for regjeringens handelspolitikk".

Og det er også grunn til å mistenke at den manglande reaksjonen frå stortingshald på desse forhandlingane, nettopp kjem av at Stortinget altså får seg fortalt at dette "i tråd med" tidlegare norsk politikk på området.

Dei som vil finne ut meir om kva TiSA-forhandlingane går ut på, kan for eks gå inn på denne:

http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme

Dette er avgjort ei sak som "fortener" rabalder på Stortinget. Stortinget bør ikkje minst i jubileumsåret for Grunnlova, ikkje finne seg i å bli feilinformert...

Gå til innlegget

Farleg frihandelsavtale under forhandling.

Publisert nesten 5 år siden

Totalt uten politisk diskusjon er Norge no med i ei gruppe svært frihandelsivrige land, som utanfor WTO-systemet, forhandlar om ein avtale for tenester, TISA. Denne avtalen kan få stygge konsekvensar for norsk arbeidsliv.

“KrF truer med EØS-veto”, stod det å lese i Klassekampen den 19. februar. Bakgrunnen var at partiet reagerte på eit EU-direktiv som vil nekte favorisering av ideelle velferdstilbydarar i høve til kommersielle aktørar når det offentlege kjøper inn velferdstenester. Etter mi meining ein forståeleg reaksjon på at det politiske handlingsromet til nasjonale og lokale styresmakter blir så vingeklippa gjennom EØS.

Det som uroar meg sterkt, er at KrF, til liks med alle andre parti på Stortinget, så langt ikkje har vist teikn på å reagere på at Noreg er med i forhandlingar, utanfor WTO, om ein frihandelsavtale for tenester, TISA, som vil gjere denne situasjonen vesentleg verre. (Sjå evt kritikk av TISA på 

http://ourworldisnotforsale.org/en/signon/international-civil-society-sends-letter-governments-opposing-proposed-trade-services-agreeme )

Det vil vere svært kjærkome om KrF og evt andre i stortingsmiljøet, ville gå ut offentleg med si haldning til dei norske TISA-forhandlingane.

Eg er skremt av den manglande politiske debatten rundt dette her til lands, for det er lett å finne alvorleg kritikk av desse forhandlingane på utanlandske nettsider. Sjå evt meir via

 www.varsel.framilyset.com).

Gå til innlegget

Mest leste

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere