Odd Tarberg

Alder: 72
  RSS

Om Odd

Følgere

Handelspolitikk og økonomiske flyktningar

Publisert 2 måneder siden - 18 visninger

Når det gjeld innvandringsdebatten så er eit stort paradoks at mange, oftast på høgresida i politikken (?), på den eine sida er ivrige tilhengarar av eit internasjonalt handelsregime (frikonkurranse) som gir sterke bedrifter gode vilkår for å "plyndre" fattige land (gjennom å ta ut altfor stor forteneste) og dermed vere med på å halde levestandarden nede i desse landa, OG  samtidig på den andre sida er dei mest kritiske til at det kjem folk hit frå slike land i håp om eit meir leveleg liv for seg og sine.

Vi må kunne vere litt meir ærlege på kva som er grunnane til desse flyktningestraumane og innsjå samanhengane som påvirkar denne situasjonen. Også her er det snakk om eit farleg gap mellom fattig og rik - denne gongen i form av for dårleg internasjonal utjamning.

Las nyleg at regjeringa vil trekke næringslivet meir med i norsk utviklingsarbeid i u-land. Faren då er at dette blir meir som ei hjelp til norske bedrifter enn til reell utvikling i dei landa det gjeld. Dersom desse bedriftene skulle vise seg å ta ut av desse landa meir enn rundt 4 til 5 % årleg forteneste på investert kapital, så burde vi truleg definere det som plyndring. I alle fall vil det ikkje ha noko med berekraftig utviklingshjelp å gjere dersom profitten blir på 10 % og ofte langt, langt meir, slik kravet til inntjening i internasjonale bedrifter i dag er...

Det å redusere gapet mellom fattig og rik på globalt nivå er ei gigantisk oppgåve. Dessverre gir dei handelsavtalane vi har sett at den "globale høgresida" har pressa fram dei siste åra, ikkje grunn til det ringaste håp om at gapet mellom rik og fattig skal bli bedre. Også på dette området hastar det med å få på plass ein meir sosialisme-inspirert politikk.



Gå til kommentaren

På veg bort frå "den gyldne middelveg".

Publisert 2 måneder siden - 13 visninger
Jeg tror faktisk vi allerede går på den gyldne middelvei

Ser at fleire i denne tråden, også sosialisme-motstandarar, er positive til at Norge enno er "et av de land i verden med minst gap mellom fattig og rik".

Det å tru at den sittande regjeringa er den beste garantien for at dette vil vedvare, og at vi vil halde fram på "den gyldne middelveg", er ei merkeleg vurdering. Den mørkeblå regjeringa er nemleg ein svært så ivrig pådrivar for friast mogleg internasjonal konkurranse, der sjølvsagt også utanlandske "aktørar" skal få hente ut store økonomiske gevinstar frå den norske marknaden, og der vi for lengst har sett "sosial dumping-effekten" få utvikle seg.

Grunnen til at vi lenge har hatt eit beskjedent gap mellom fattige og rike i dette landet, er at styrkeforholdet mellom arbeidsgivar og arbeidstakar har vore ganske balansert. "Den norske modellen", der staten kjem inn som tredje aktør i det sokalla trepartssamarbeidet i næringslivet, har mykje av æra for dette. Denne modellen er no sterkt trua, særleg pga det internasjonale frisleppet av kapital over landegrensene, noko som ga kapitaleigarane eit frykta forhandlingskort. 

Den mest aktuelle illustrasjonen av dette er Color Line-reiarlaget sin trussel om å flagge ut ferjedrifta, med dei norske sjøfolka som forsvarslause tilskodarar i den maktkampen. Elles er vel dei fleste godt kjende med mange liknande eksempel frå fleire og fleire sektorar i samfunnet.

Dersom ingen prøver å bremse denne utviklinga med "sosialisme-inspirerte" mottiltak, så er vi på rask veg inn i eit brutalt samfunn, med ein nådelaus konkurranse om å overleve bedriftene imellom og over landegrensene. Resultatet vil vere utrygge arbeidsplassar og lokalsamfunn,  og med politiske styresmakter som hjelpelause tilskodarar til dei ulike komande krisene.

I denne situasjonen er det ytterst viktig å styrke den svekka arbeidstakarsida spesielt og halde liv i folkestyrekontrollen med samfunnet generelt, slik sosialisme-inspirerte parti, inkludert SV, ser som ei dramatisk viktig oppgåve. 

Det at Knut Arild Hareide i ein slik situasjon ser KrF sine verdiar best tente med eit samarbeid med ei ny regjering frå venstresida i norsk politikk, er ikkje berre høgst naturleg. Det er også høgst presserande.

Gå til kommentaren

Publisert 2 måneder siden - 7 visninger
Norge er vel i utgangspunktet et av de land i verden med minst gap mellom fattig og rik. Verdensutviklingen per idag går for større forskjeller. Men jeg tror ikke sosialismen er svaret på dette.

Eit av hovedpoenga for ei sosialismeinspirert venstreside, SV inklusive, er nettopp å hindre den utviklinga som fører til større forskjellar. 

Eg oppfattar det heller ikkje slik at SV står for "mest mulig Stat", men at "det offentlege", altså demokratiet, skal ha kontroll med vitale områder i samfunnet. Helse, omsorg, utdanning, vatn- og el-forsyning for eksempel. Legg gjerne til kontroll med finanssektoren, der frisleppet har fått dei mest katastrofale konsekvensane.

Forestillinga om av sosialismeinspirerte venstresideparti er allergiske mot private bedrifter, er forelda. Ein gylden middelveg er truleg ein god ide her også.

Frikonkurranse, også internasjonalt, slik høgresida går inn for, dreg med seg stygge konsekvensar som sosial dumping, uhandterlege miljøproblem, for å nemne eit par.

Så så ulikt kan vi altså sjå på desse problemstillingane..

Gå til kommentaren

Publisert 2 måneder siden - 12 visninger

Multifaktorelle årsaker er alltid med i ei nyansert forklaring. (Derfor har heller ikkje Chavez eller Maduro skulda åleine for elendet i Venezuela slik vestleg media vil ha oss til å tru.) 

Kva som er dei styggaste vanstyra, dei USA-støtta diktatorregima vi har sett oppgjennom historia, eller det som for eks Chavez og Allende prøvde på, det meiner nok folk ulike ting om....

Gå til kommentaren

Ja, kven er truverdig i desse tider...

Publisert 2 måneder siden - 19 visninger

Den versjonen av situasjonen i Venezuela som amerikansk - og dermed europeiske medier - presenterer er det i alle fall gode grunnar til å betvile.

No har denne tråden utvikla seg til å handle mykje om Venezuela, fordi landet er framstilt som eit skrekkeksempel på kva som skjer med eit sosialismeinspirert regime. Eg trur dette baserer seg på misvisande propaganda. Ane Hoel, som kjenner Venezuela godt,  hadde i Klassekampen den 11. sept. ein artikkel der ho nettopp kritiserer den framstillinga av politikken som vart ført der frå Chavez kom til makta. Ho skriv ma: «Chavez’ politikk var å nasjonalisere oljerikdomen til glede for alle venezuelanere. Gratis utdanning, helsetjenester, minstelønn, pensjon og ikkje minst et sosialt boligprogram er sentrale deler av det vi kaller en velferdsstat. Slik skaffet Chavez seg mange venner og noen få, men mektige fiender. Blant de siste er USA…

Og vidare at «Trump har tatt strupetak på Venezuela gjennom finansaksjoner som hindrer landet i både å betale og å reforhandle sin gjeld».. Dersom landet har alvorlege problem gjennom stort fall i oljeprisen, kvifor gjer USA då ting vondt verre gjennom sanksjonar? (USA  som elles likar dårleg at andre land blandar seg inn i amerikanske presidentvalg...!? )

Når det gjeld kven vi skal tru på, for eks i denne saka: Dei som vil ha ein versjon som ikkje rått sluker USA-versjonen, kan lese litt av det FN sin uavhengige ekspert Alfred de Zayas fekk ut av ei "offisiell FN-reise" til Venezuela på slutten av 2017. I intervjuet snakkar han mellom anna om den store kontrasten mellom det han sjølv fekk observere og høyre, og den versjonen han hadde lest seg til i vestlege main-stream media... Han er mellom anna redd for at framstillinga av at det er ei humanitær krise i landet skal brukast til å legitimere militær intervensjon i Venezuela...

https://canadiandimension.com/articles/view/un-independent-expert-sanctions-must-be-terminated-and-economic-war-must-en

Den 15. desember i 2017 kunngjorde elles den norske regjeringa at

"Regjeringen har i statsråd i dag innført restriktive tiltak mot Venezuela. Tiltakene kommer som en reaksjon på den negative utviklingen i landet".

Dette triste halehenget til USA-sanksjonane har sjølvsagt ingen ting å gjere med at folket i Venezuela lir vondt? Eller?


Vi kjem kanskje ikkje vidare på dette Venezuela-sporet. Og det er berre så inderleg deprimerande å grave seg djupare inn i denne materien...


Gå til kommentaren

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
2 måneder siden / 77593 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
rundt 2 år siden / 43576 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
10 måneder siden / 34901 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
7 måneder siden / 27895 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
9 måneder siden / 22467 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
4 måneder siden / 22168 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
10 måneder siden / 20080 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
3 måneder siden / 19083 visninger

Lesetips

Helliget det Qvindelige
av
Heidi Karlsen
rundt 20 timer siden / 91 visninger
Jødehatets gåte
av
Arne Øgaard
rundt 20 timer siden / 140 visninger
Kristendom – rett og slett
av
Ståle Johannes Kristiansen
rundt 20 timer siden / 129 visninger
Kirken er politisk
av
Andreas Masvie
2 dager siden / 196 visninger
Kontrastenes jul i Frankrike
av
Tom Holta Heide
2 dager siden / 136 visninger
Hatet mot miljøbevegelsen
av
Eivind Trædal
2 dager siden / 197 visninger
Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
3 dager siden / 198 visninger
Trangere og farligere
av
Wenche Fone
4 dager siden / 423 visninger
Les flere

Siste innlegg

Makt, privilegier og julens budskap
av
Jarle Haugland
rundt 17 timer siden / 95 visninger
Jødenes rett til landet Israel
av
Svein Grav
rundt 17 timer siden / 170 visninger
Angående "Statsfinansiert hatblogg"
av
Robin Tande
rundt 17 timer siden / 181 visninger
Identitet og miljø
av
Leif Halvard Silli
rundt 17 timer siden / 56 visninger
Stemmerett for 6-åringer?
av
J.K. Baltzersen
rundt 17 timer siden / 155 visninger
På lag med Listhaug
av
Vårt Land
rundt 20 timer siden / 292 visninger
Våpen og verdier i Jemen
av
Hilde Frafjord Johnson
rundt 20 timer siden / 348 visninger
Helliget det Qvindelige
av
Heidi Karlsen
rundt 20 timer siden / 91 visninger
Jødehatets gåte
av
Arne Øgaard
rundt 20 timer siden / 140 visninger
Kristendom – rett og slett
av
Ståle Johannes Kristiansen
rundt 20 timer siden / 129 visninger
Les flere