Odd Tarberg

Alder: 72
  RSS

Om Odd

Følgere

Jesus, Ivar Aasen og sosialisme

Publisert rundt 1 måned siden - 2223 visninger

Eit avisinnlegg eg hadde på trykk i 2012, har blitt aktualisert av Knut Arild Hareide si opning for at KrF kan kome til å gå i regjering med venstresida i norsk politikk. Dei fleste som er innom denne nettsida har sjølvsagt ikkje lest innlegget tidlegare, og eg tillet meg derfor å legge det ut her no.

Heilt sidan eg vart gamal nok til å lære litt om sosialisme, om kva slags horrible samfunnsforhold den var tenkt å vere eit botemiddel på, så har det forundra meg sterkt kor uglesett sosialismebegrepet har vore her på Sunnmøre, der eg altså kjem ifrå .

 Alle i min generasjon og på mine trakter, fekk på folkeskulen på 1950-talet grundig opplæring i Jesus si lære. Når eg så etter kvart kom vidare på andre skular, og der også fekk kjennskap til prinsippa i sosialismen, då vart det for meg opplagt at slik vi fekk framstilt Jesusskikkelsen, så ville han opplagt ha støtta eit sosialistisk prosjekt dersom han hadde levd i vår tid.

 Eg har vore i “eit par kranglar” om dette tidlegare, og det har kome fram at folk ofte blir “hengande” i  dels diametralt motsette idéar om kva sosialisme står for. Foreldregenerasjonen min kopla nok eksempelvis sosialisme sterkt til Stalin sin politikk i Sovjetsamveldet. Ikkje til å undrast over at dei då fekk sosialismeordet i vrangstrupen. Slik eg har lært å forstå sosialisme, står den ideologien derimot for eit opplegg som prøver å sikre ei anstendig fordeling av “godene”, på bekostning av rikfolk sin fridom til å utbytte fattigfolk. Ei haldning eg hadde trudd ville vere naturleg blandt “gode sunnmøringar”...

 Ein grunn til at sunnmøringane likevel ikkje har sett på sosialisme som “ei aktuell problemstilling”, kan vere den samfunns- og næringslivshistoria vi har hatt i dette distriktet. Ein ting er at vi stort sett var sparde for væreigar-veldet som Nord-Norge lenge var dominert av. Sunnmøringen i gamledagar var ofte fiskarbonde med ei basisinntekt frå jordbruk, og dermed ikkje heilt i lomma på ein væreigar, slik mange fiskarar var lenger nord, der dei nok kjende på eit større behov for vern mot utbytting.

På landsida skjedde industrialiseringa i vårt distrikt i stor grad i form av små bedrifter. Dei var som regel eigde av driftige gründerar, som naboane kunne sjå ofte arbeidde  meir enn dei tilsette for å endane til å møtest, og som elles levde som “vanlege folk“. Alt pratet om kapitalistar som utbytta arbeidsfolk, hadde då forståeleg nok skrøpeleg grobotn.

 I den tida sosialismen kom på banen, kan det altså tyde på at klasseskilja på Sunnmøre var mindre provoserande enn dei kunne vere andre stader i landet.  

Det kan sjå ut som om Ivar Aasen likevel hadde merka seg dette klasseskilje då han skreiv “Mellom bakkar og berg”. I to - lenge bortgøymde - vers, framstår han i allefall på det næraste som sosialist i sin varme hyllest til god utjamning mellom folk. Dei to versa er slik:

           

            Sud om havet hanstundom laut skrida,

            Der var rikdom påbenkjer og bord,

            men ikring såg hantrældomen kvida,

            og så vende han attermot nord.

 

            Lat no andre omstorleiken kivast,

            lat deim bragla medrikdom og høgd.

            Mellom kaksar eg litekan trivast,

            mellom jamningar helster eg nøgd.

 

Når Ivar Aasen kom heimatt til Sunnmøre, då kjende han seg “mellom jamningar”. Og folk som kjenner seg mellom likemenn, dei bur i samfunn som har teke vare på verdiar som sosialismen har som oppgave å forsvare, nemleg ei anstendig fordeling. Og det ser i alle fall ikkje ut til at høgresida i politikken kan stolast på når det gjeld å forsvare ei slik fordeling... 

 Det er litt urovekkande at vår generelle, private velstand no til dags, gjer at folk flest ser ut til å oppleve politikk som kjedeleg og irrelevant for deira eigen situasjon.  Det gjorde sikkert folk på Island også inntil nyleg, før økonomien i det landet kollapsa... Ein del sosialisme-inspirerte tiltak har rett nok “redda stumpane”på eit vis der, men vi burde prøve å lære av andre si ulukke: For eksempel at ein frislepp av finanssektoren inneber ein voldsom risiko. Det at finanssektoren i mange land no  får “høgrepolitiske redningspakkar” og lov til å “ture fram” i same sporet som før, er ikkje mindre enn ufatteleg. Slik politikk har i alle fall ingen ting med sosialisme å gjere, og at den får halde fram, viser kor farleg lite sjølvkritikk liberalismetilhengarane har evne til...

 Dei som meiner at dette innlegget er “heilt på trynet”, burde ta seg tid til å lese ei bok som er å få på norsk under tittelen Ulikhetens pris. Den er av to amerikanerar, Richard Wilkinson og Kate Pickett, og inneheld slåande dokumentasjon på korleis gode samfunn er å finne der inntektsforskjellane er små, og tilsvarande korleis “masse elendigheit” er å finne i samfunn der kakse-skiktet tener enormt mykje meir enn vanlege folk... Eg har eit inntrykk av at folk på høgresida i denne debatten, den rundt fordeling kontra “næringslivs-frislepp”, ikkje vågar å lese slike bøker. Derfor skulle eg gjerne sett eit innlegg frå ein som er frikonkurranse-tilhengar, som likevel har lest denne boka, og som evt kan forklare kva som er gale i den framstillinga forfattarane gjer i denne boka...

(Dette innlegget skreiv eg altså i 2012, og har no blitt eit aprops til KrF sitt aktuelle valg av samarbeidspartnerar i politikken.)

 


Gå til innlegget

Eit statsbudsjett i blinde når det gjeld klimaproblema

Publisert rundt 1 måned siden - 603 visninger

Statsbudsjettet som, endå ein gong, legg opp til auka privat forbruk, viser at topp-politikarane våre går vidare, som i søvne, mot eit stadig meir uhandterleg klima.

Dei fleste ideane vi får presenterte som botemiddel mot klimaøydeleggingane, er både urealistiske (nok sikker karbonlagring), og tildels uhyggelege (produksjon av biodrivstoff i staden for mat)......Det finnest derimot eit "spor" som alt i dag burde ha fått ein milliard i støttemidlar over statsbudsjettet, og det er den driftsforma i landbruket som Dag Jørund Lønning omtalar i "Jordboka" si, og som er kalla "regenerativt landbruk".
Som han skriv:
"Det handar om driftsformer som bygger opp livet i molda, og SOM DIFOR GJER AT JORDA KAN LAGRE STADIG MEIR KARBON"....
Det industrijordbruket vi har i dag resulterer katastrofalt nok i det motsette: "I fylgje FN sitt klimapanel, står moderne industriell skogsdrift og landbruksproduksjon for heile 24% av verda sine klimautslepp"! Det blir hevda at verda sine oppdyrka areal har mista mellom 50 - 70% av den karbon som ein gong var lagra der!

Og som ein kritikk av statsbudsjettet: Det er sanselaust at vi i 2018 ikkje for lengst er i gong med det Lønning skriv i boka:
"Eit skikkeleg insentiv for moldbyggjande og berekraftig landbruk ville vere å gjera karbonlagring til sjølvstendig mål i landbrukspolitikken. Tilskott til bonden kunne og vore gradert etter kor mykje karbon ein klarar å fanga og lagra i molda."

Lønning er ikkje åleine om å meine dette. Ein professor David Montgomery seier mellom anna:
"Å løyse problemet med utarming av verda sine jordbruksareal, er eigentleg djevelsk enkelt frå eit praksis-standpunkt. Problemet ligg heller i å få politikarar til å slutta å subsidiera øydeleggjande landbrukspraksisar og heller støtta aktivt opp under praksisar som byggjer mold."

Kor lenge kan topp-politikarane våre tillate seg å gå i søvne når det gjeld klimaøydeleggingane?

Gå til innlegget

Når naturressursar blir farlege

Publisert 2 måneder siden - 383 visninger

Om kvifor Venezuela går i oppløysing

Ein gong for lenge sidan, det vil seie rundt 1980, gjorde nokre ungdomar frå Sunnmøre ei mykje omtala jordomsegling med seglskuta Framstig. Etter at dei var vel heime igjen, fortalde ein av mannskapet om noko som hadde forundra dei under turen. Når dei kom til eit lite øysamfunn som var fattig på spesielle naturrikdomar, då kunne folk der likevel leve gode liv, såg det ut til. I andre liknande samfunn, men der naturen hadde «velsigna» dei med verdifulle råvarer, då levde ofte folka i uverdig fattigdom etter at utanlandske interesser hadde vore der og forsynt seg av rikdomen.

Denne historia vart eg minna på av eit innlegg i Klassekampen 11. september, der Ane Hoel skriv om problema Venezuela strir med, trass i at – eller kanskje nettopp fordi – landet sit på dei største oljereservane i verda.

Hoel kritiserer Jørgen Juel Andersen for å legge skulda på venezuelarane sjølve (6. sept- i den same avisa)  uten å nemne at USA (sin vane tru) har sabotert landet sine politiske leiarar etter at desse nasjonaliserte oljerikdomane. Hoel skriv: «Chavez’ politikk var å nasjonalisere oljerikdomen til glede for alle venezuelanere. Gratis utdanning, helsetjenester, minstelønn, pensjon og ikkje minst et sosialt boligprogram er sentrale deler av det vi kaller en velferdsstat. Slik skaffet Chavez seg mange venner og noen få, men mektige fiender. Blant de siste er USA….»

Det Hoel skriv, er som eit ekko frå det som på 1980-talet skjedde i Nicaragua, då sandinistane prøvde å fordele godene betre enn det det USA-støtta diktaturet så langt hadde gjort. I 1979 kasta sandinistene eit diktatur som hadde vart i over 40 år, styrt av Somoza-familien. Sandinistane satsa på fordeling, utdanning og helse, men også deira forsøk hadde små sjansar til å lukkast, saboterte som dei var av dei USA-støtta Contras styrkane.

I dag 12. september skriv TV2 om Venezuela at «Landet har verdens største oljereserver, allikevel sulter mange venezuelanere. Fattige familier har problemer med å fø barna sine, skriver Foreign Policy. Sykehus mangler livsviktig utstyr og medisiner, Strømmangel gjør at respiratorer blir slått av, ifølge New York Times. Matmangelen rammer de fattigste hardest, men påvirker også resten av befolkningen. Ifølge The Washington Post viser en studie at tre av fire venezuelanere gått ned i vekt det siste året. I snitt veier de spurte 10 kilo mindre enn før».

Forståeleg då at Ane Hoel mislikar at «Trump har tatt strupetak på Venezuela gjennom finansaksjoner som hindrer landet i både å betale og å reforhandle sin gjeld»…

 

Som vi igjen ser:  Fordi USA så langt ikkje tolererer at andre land i «USA sin bakgård» lukkast med ein annan politikk med betre fordeling, så grip dei framleis inn for å sabotere slike forsøk. Så vi får altså aldri vite kor bra nicaraguanarane kunne fått det den gongen, og heller ikkje kva Chavez-folka kunne fått til i Venezuela. For ikkje å snakke om kva som i si tid kunne ha blitt utviklinga i Allende sitt Argentina eller med Juan Bosch i Den dominikanske republikk. Det er til å gråte over.

Jørgen Juel Andersen kan ha rett i å stille spørsmålet om oljerikdomen har øydelagt Venezuela. Men i så fall er det berre indirekte. Vel så viktig er det at landet ligg i området som USA hersar med som sin «politiske bakgård», og at landet derfor ikkje får lov til å bruke rikdomane sine til det beste for folk flest, og dermed risikere å utvikle eit samfunn som ville stille den skrikande ulikskapen i USA i eit grelt lys.

Gå til innlegget

Investorinteresser i strid med samfunnsinteresser.

Publisert 7 måneder siden - 487 visninger

Lobbyen som jobbar for udemokratiske handelsavtalar med sterkast mogleg investorvern, kviler aldri.

 

Eit av dei mest aggressivt udemokratiske elementa i den «nye generasjonen handelsavtalar», som TiSA, TTIP og CETA er eksempel på, er den kontroversielle ISDS-tvisteløysingsordninga. Der skal altså investorar kunne  saksøke statar direkte dersom statane innfører lover og reglar (for eks av samfunnsmessige omsyn) som investorane meiner dei tapar inntekter på. Dette vil gi internasjonale konsern ein voldsom forhandlingstyrke, og virke lammande på nasjonale styresmakter sitt arbeid med å sikre for eksempel miljømessige og samfunnsmessige forhold. I ei tid då utfordringane for å verne om både naturmiljø og arbeidstakarinteressene står i kø, er dette svært urovekkande.

No i slutten av april 2018 var fleire land samla i New York for å diskutere ei «modernisering» av denne typen tvisteløysingordning. Det dårlege ryktet som ISDS har fått, gjer at dei no vil endre namn på dette til MIC, Multilateral Investment Court, og gjere ein slik domstol meir permanent. Kristina Wittkopp, juridisk analytikar for organisasjonen Transport & Environment i Brussel, meiner at det er lite som skil MIC frå ISDS, og at EU i det minste bør stanse slike samtalar om ein MIC-domstol så lenge EU-rettsapparatet enno arbeider med å vurdere om ISDS-ordninga i CETA, EU sin avtale med Canada, er kompatibel med EU sine lover.  Wittkopp stiller mellom anna spørsmålet om ein investor gjennom ISDS eller MIC verkeleg skal ha rett til å saksøke eit land som eksempelvis set i verk tiltak for å kutte i CO2-utslepp slik Paris-avtalen krev.  (Sjå http://borderlex.eu/comment-multilateral-investment-court/ )

Også den svenske nettsida ttippen.se, som fylgjer slike handelsavtalar som TTIP, TiSA og CETA nært, uroleg for utviklinga når det gjeld tvisteløysingsordningar i handelsavtalane, og skriv mellom anna dette den 25. april: «Det är tydligt att nästa politiska strid på handels- och investeringsområdet kommer stå just kring MIC, som alltså är ISDS med fönsterputs. Under de kommande veckorna kommer vi i detalj att gå igenom den kritik som riktats mot att investerare ges den här typen av omfattande rättigheter och varför EU-kommissionen gjort bäst i att skrota hela systemet.» (Sjå http://ttippen.se/ )

Når Norge no, gjennom EFTA, er inne i forhandlingar med eit ti-tals land om nye frihandelsavtalar, og TiSA-forhandlingane truleg snart kjem i gong igjen, vil spørsmål om tvisteløysingsordning i desse avtalane vere eitt av dei områda som Stortinget bør skaffe seg skikkeleg informasjon om.

Også i Norge har vi sterke næringslivsaktører som jobbar for sine snevre interesser nærast «koste kva det koste vil» for samfunnet elles.

Gå til innlegget

Er EFTA ein handelspolitisk ulv i fåreklær?

Publisert 9 måneder siden - 806 visninger

Norge forhandlar gjennom EFTA med 15 land om meir handelsliberalisering.

Til ekstrem-liberalistane sin store irritasjon, fekk dei ikkje alle WTO-landa fort nok med på vidare deregulering av verdshandelen. Derfor sette «dei mest villige» i gong med forhandlingar om dei svære frihandelsavtalane TTIP, TTP og TiSA. Til all lukke har også desse avtalane møtt kraftig motstand, noko som har gjort det tydeleg at slike avtalar slett ikkje er bra for alle. At såpass ekstremt liberalistiske avtalar berre er bra for dei sterkaste, mest konkurransedyktige konserna som opererer internasjonalt. Med dei store nye handelsavtalane meir eller mindre i vranglås, er det no ein stim av mindre  handelsavtalar som er under forhandling.

Og det er her EFTA kjem inn i bildet. Frå starten av hadde dette frihandelsforbundet som hovedformål «å fjerne skranker for handelen mellom medlemslandene», noko som ser heller «uskuldig» ut ettersom EFTA etter 1995 berre har hatt Sveits, Island, Norge og Liechtenstein som medlemar.  Etter først å ha spelt ei sentral rolle i å få medlemslanda, med unnatak av Sveits, inn i EØS i 1994, ser vi no at EFTA-forbundet er i ferd med å «gå globalt», som vi kan lese i Store norske leksikon: «Siden 1995 har EFTA-landene lykkes i å etablere en rekke frihandelsavtaler, både med land og regionale handelsorganisasjoner, så vel i Øst-Europa, Midtøsten, Afrika, Asia og Amerika. Ofte har EFTA her fulgt i EUs fotspor, men slett ikke alltid».

Norge i dag, gjennom EFTA, faktisk i gang med frihandelsforhandlingar med 15 land. Tildels svære land som Mercosur-landa Argentina, Brazil, Paraguay og Uruguay. EFTA har altså for lengst utvikla seg til noko heilt anna enn eit avgrensa samarbeid mellom fire mindre europeiske land. EFTA er faktisk i ferd med å verte ein reiskap for handelsliberalisering som meir minner om dei kritiserte TTIP- og TiSA-avtalane. Franske bønder har for eksempel uttrykt stor uro for at ein liknande avtale som også EU no forhandlar med dei same Mercosur-landa, vil sette mange ti-tusen franske arbeidsplassar i fare. Store tollreduksjonane på kjøtvarer frå Sør-Amerika vil gi ein konkurransesituasjon som europeiske bønder vil få store problem med å møte…

Det som blir sagt om EFTA sin offensiv på frihandelsområdet, minner sterkt om det vi har høyrt om TTIP og TiSA-forhandlingane: «Tollettelser og sikring av mer stabile rammevilkår for handel har hele tiden stått sentralt ved inngåelse av nye frihandelsavtaler. Avtalene har etter hvert fått et utvidet virkeområde ettersom også fjerning av ikke-tollmessige handelshindre, liberalisering av tjenester og regler for sikring av investeringer har kommet inn i frihandelsavtalene.»  (Store norske leksikon). Det er som vi ser heller ikkje her snakk om «sikring av mer stabile rammevilkår» for dei bedriftene som ikkje produserer for utlandet, og vi ser også at bruken av uttrykket «fjerning av ikke-tollmessige handelshindre» igjen skjuler at desse «handelshindringane» ofte har ei ytterst god grunngjeving, og faktisk kan vere uttrykk for ein fornuftig nasjonal næringslivspolitikk.

Basert på minimal politisk debatt forhandlar Norge no gjennom EFTA om frihandelsavtalar med desse 15 landa: Ecuador, Filipinene, India, Indonesia,  Malaysia, Argentina, Brazil, Paraguay, Uruguay, Vietnam, Algerie, Russland, Hviterussland, Kasakhstan, Thailand. I tillegg til avtalen Norge forhandlar direkte med Kina.

Det er grunn til å spørje om Stortinget blir forsvarleg orientert om det Kina-avtalen og alle desse EFTA-forhandlingane i sum vil forplikte Norge til. Eller om dei bit for bit, og «under radaren», er med på å vidareutvikle eit internasjonalt handelsregime vi som samfunn ikkje er tente med.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Gerard Oord kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
5 minutter siden / 1846 visninger
Vidar Gander Skrindo kommenterte på
Skoleverket som forsvar for demokratiet
13 minutter siden / 447 visninger
Anders Ekström kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
24 minutter siden / 1557 visninger
Erlend Sundar kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
24 minutter siden / 1038 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
24 minutter siden / 1557 visninger
Daniel Krussand kommenterte på
Hva er kristendom idag - og imorgen?
40 minutter siden / 159 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
42 minutter siden / 1557 visninger
Tore Olsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
43 minutter siden / 1038 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Spekulative og kyniske pengepredikanter
rundt 1 time siden / 5837 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 1 time siden / 1557 visninger
Les flere