Odd Tarberg

Alder: 72
  RSS

Om Odd

Følgere

Stilt overfor regjeringar som prioriterer «investorane» i staden for menneskerettar og livet på planeten, er det opp til oss alle å styrke grasrotorganisasjonane og andre former for «mot-makt».

(Eg har oversett denne artikkelen som er signert Sandra Cossart, direktør i Sherpa, Susan George, ærespresident i Attac Frankrike, Jean-François Julliard, direktør i Greenpeace France, og Birthe Pedersen, direktør i Action Aid France – Peuples Solidaires.  Artikkelen stod i den franske nettavisa Mediapart den 11. februar, og eg er overtydd om at redaksjonen der set pris på om den blir spreidd på andre språk og i andre land. Artikkelen viser til eksempel frå Frankrike, men hovedproblemet som forfattarane tek opp, er gyldig i dei fleste/alle land.)

"Den 12. februar 2018 vart Attac Frankrike stevna for rettsapparatet av Apple. Eplemerkevaregiganten truar Attac med ei bot på 150 000 € for all framtidig aksjon retta mot Apple Store. Denne prosessen er berre den siste av ein lang serie juridiske konfrontasjonar mellom multinasjonale storselskap og varslarar, journalistar og grasrotorganisasjonar.

Anten det handlar om saker som gjeld sosiale forhold og menneskerettar, vern av økosystema eller skatteunnaluring, så ser det ut til at storselskapa har vunne kampen overfor nasjonane som viser seg for ettergivande og svake til å motstå styrken til selskapa sine arméar av lobbyistar. Desse konserna blir lytta til av dei fleste statsleiarane og disponerer ein finansiell styrke som overgår nasjonalproduktet til mange statar.. Dei er i ein maktposisjon når de gjeld å påvirke lovgiving, og dei har kapasitet til å finne smutthol i lovverk for å omgå reguleringar som dei misliker, slik skandalar som LuxLeaks og Paradise Papers har vist. Dei er dei store vinnarane av frihandelregimet som gir dei høve til å sette land opp mot kvarandre om kven som har dei lavaste skattane, og dermed presse ned dei sosiale, skattemessige og miljømessige normene.

Det storselskapa gjer, blir skjeldan granska og straffa av statlege styresmakter. Det er i staden journalistar og varslarar som gjer jobben med å avsløre skandaler knytta til skattesvindel og helse- og miljøfarleg aktivitet i næringslivet. Det er hackarar som avslører svikt i vern av datainformasjon, og det er miljøaktivistar som avdekker svikt i tryggleiken rundt atomkraftverk… Så på same tid som statane underbyr kvarandre for å få internasjonale storselskap til å etablere seg på deira territorium, koste kva det koste vil, så framstår det internasjonale sivilsamfunnet, i alle sine fasettar, som det siste forsvarsverket i stand til å yte storselskapa motstand.

Grasrotorganisasjonar og borgarar er utsette for press og represaliar, og blir trekt inn i lange og kostbare juridiske feider. Dei gjentekne anklagene frå Vincet Bolloré mot journalistar og assossiasjonar, straffeforfylgjinga igongsett av banken BNP Paribas mot «stol-ranarane» eller av Apple mot Attac, er eksempel på det same.

Men sivilsamfunnsaktørane viser også at dei kan kome på offensiven. For eksempel når journalisten Edouard Perrin og varslaren Raphaël Halet melder Price Waterhouse Cooper til politiet (revisjonsfirmaet er anklage for å organisere skattesnyteri). Og når assosiasjonen HOP melder Apple for å ha programmert rask forelding i elektronisk utstyr, eller når organisasjonane Sherpa og ActionAid France-Peuple solidaires avdekker brot på fundamentale arbeidstakarretter i Samsung sine fabrikkar. Men uansett er det ein skrikande ubalanse mellom ressursane til milliadær-imperia og dei som forsvarar slike rettar.

Når slike borgarar og organisasjonar står anklaga i rettsapparatet, så er det fordi dei har valgt å reagere på situasjonar med alvorleg urettferd, men som styremaktene berre stiller seg passive til. Desse ubalanserte juridiske bataljane avdekker behovet slike personar har for annerkjenning og for eit sterkare vern i det arbeidet dei gjer. Her er det først og fremst snakk om å få etablert ein status for varslarane som gir vern – eller andre mekanismer som gir langt meir effektivt og avskrekkande skjerming mot kneblande straffeforfylgjingar enn i dag. Våre assosiasjonar, som er medlemar i ”Vi kjem ikkje til å teie oss» («On ne se taira pas !») mobiliserer nettopp for slike reformer, og det på vegne av samfunnet sine interesser. Eit slikt vern må også omfatte ei slags ”freding” av virkemidlane slike aksjonsgrupper har.

Trist nok er vi i dag vitne til ei motsett utvikling gjennom reduksjon i offentleg støtte og avvikling av subsidierte arbeidsplassar, noko som trugar eksistensen til mange slike organisasjonar. Stilt overfor regjeringar som gir prioritet til «investorane» framfor menneskerettar og livet på planeten, er det opp til oss alle å styrke grasrotorganisasjonane og andre former for «mot-makt». Utover den aktuelle, politiske situasjonen, som favoriserer utviklinga av rikmannsveldet (oligarkia), vil ikkje den naudsynte utviklinga over mot ein annan og meir rettferdig og berekraftig samfunnsmodell kunne skje utan eit sterkt og uavhengig sivilsamfunn i stand til å løfte fram og styrke forventningane til fleirtalet."

Sandra Cossart (directrice de Sherpa) 
Susan George (présidente d'honneur d'Attac France) 
Jean-François Julliard (directeur général de Greenpeace France) 
Birthe Pedersen (directrice d'Action Aid France – Peuples Solidaires)

Gå til innlegget

Kva skjer med TiSA-avtalen?

Publisert 27 dager siden - 936 visninger

Faren er ikkje over.

Som mange veit er den norske regjeringa ivrig tilhengar av den kontroversielle frihandelsavtalen for tenester TiSA. Ein avtale som sterkt vil redusere nasjonalt politisk handlingsrom gjennom å opne opp landegrensene for dei sterkaste internasjonale aktørane på denne marknaden.

Særleg etter at president Trump spreidde kaos også i forhandlingane både om TiSA og om andre handelsavtalar, kan det vere at enkelte trur at faren er over når det gjeld den avtalen.

Men vi kan vere sikre på ein ting: Faren for at TiSA (Trade in Services Agreement), eller liknande avtalar, blir vedtekne, vil aldri gå over. Dertil er interessekonflikten, mellom dei som vil tene på TiSA og dei som vil tape på slike avtalar, for kronisk. Kampen mot dei udemokratiske kreftene som vil ha slike avtalar, kan aldri vinnast ein gong for alle. Men vi kan derfor heller ikkje tillate oss å gi opp ein slik kamp. Det er dramatisk viktig å ha ein tilstrekkeleg styrkebalanse mellom desse motstridande interessene, sjølv om det ikkje akkurat ser lyst ut. I denne samanheng er det ikkje minst farleg at vi har ei regjering som lar seg diktere av den delen av norsk næringsliv som trur seg tent med at «den sterkaste sin rett» blir gjeldande internasjonalt handelsregime.

 

Kvar står så TiSA-forhandlingane i dag?

Den 30. november i fjor inviterte mellom andre EPSU (European Federation of Public Service Unions) ei rekke fagfolk til ein workshop i Brussel der temaet nettopp var den aktuelle statusen for forhandlingane og ei vurdering av konsekvensar av ein TiSA-avtale.

I omtalen frå møtet  ( https://www.bilaterals.org/?ak-europa-even-economically-tisa ) kan vi mellom anna lese at Oliver Prausmüller, som er handelsekspert ve AK Wien, i hovudsak ser for seg tre moglege senarier når det gjeld den vidare utviklinga av TiSA-initiativet:

«Det eine er at forhandlingane heilt blir gitt opp, og at dei viktigaste handelspartnerane, som USA og EU, i staden vil fokusere på bilaterale avtalar.

Det andre er at USA trekker seg offisielt frå forhandlingane om TiSA, men at forhandlingane held fram med EU som drivkraft.

Det tredje er at USA, etter ein pause, igjen tek opp igjen TiSA-forhandlingane med fornya styrke og kanskje med eit endå meir offensivt mandat.»

Like interessant er det at Prausmüller fann grunn til uansett å understreke at - «dei offensive lobbyinteressene bak TiSA på områder som offentleg infrastruktur, datavern eller miljøtenester på ingen måte er ute av bildet.»

Dette siste viser at vi, med TiSA eller uten,  står overfor ein konstant trussel om at den skadelege handelsliberaliseringa gjennom meir «anonyme» bilaterale handelsavtalar vil skyte fart med endå mindre offentleg debatt enn vi til og med har hatt om TiSA og dei andre store fleirnasjonale avtalane.

Som eksempel på andre avtalar Norge er i ferd med å forhandle, kan nemnast ein avtale som vi som EFTA-medlem forhandlar med MERCOSUR-landa Argentinga, Brasil, Uruguay og Paraguay.

«Dette er land som har kapasitet til å utkonkurrere norsk landbruk totalt», seier generalsekretær Per Skorge i Bondelaget til bondebladet.no. Fagsjefen for internasjonale spørsmål i Norsk Landbrukssamvirke, Arne Ivar Sletnes, legg til at – «Om jeg må plukke ut en enkeltavtale, er det Mercosur som virker mest truende. Men den største trusselen er summen av alle avtaler Norge kan tenkes å inngå i årene framover».

Når vi veit kor lite den sittande regjeringa bryr seg om næringar som permanent, eller i kortare periodar, treng eit visst vern mot øydeleggande konkurranse frå utlandet, då er det heller urovekkande når handelsministeren vår melder om «framgang i forhandlingane».

 

Også andre land er utsette for liknande overfall frå ny-liberalistiske krefter.

Ein kontroversiell regional frihandelsavtale for deler av Stillehavsområdet vart signert sist sommar mellom Australia, New Zealand og dei små øystatane Tonga, Niue, Nauru, Samoa, Solomon Islands, Kiribati, Tuvalu og Cook Islands. Tre av dei viktigaste mindre øystatane, - Fiji, Papua Ny Guinea and Vanuatu, nekta å vere med fordi dei såg avtalen som ubalansert til fordel for Australia og New Zealand.

Det er gjenkjennelege og trist å sjå  korleis Stillehavslanda blir valsa over av dei same interessene og den same taktikken som vi her til lands opplever med for eks TiSA-avtalen. Motstandarane av avtalen på Papua Ny Guinea skriv at “Trade deals are negotiated in secret and are often full of legal jargon that makes them completely inaccessible to governments, parliaments and ordinary people attempting to understand what they mean in practice» («Handelsavtalar blir forhandla med stor grad av hemmeleghald og er ofte fulle av juridisk sjargong som gjer dei totalt utilgjengelege når folk frå regjeringane, nasjonalforsamlingane og vanlege borgarar prøver å sette seg inn i kva avtalane tyder i praksis.»)

 

Det er å vone at det finns mange nok oppegåande stortingsrepresentantar til at det blir pressa fram nøytrale konsekvensanalyser og ein skikkeleg offentleg debatt for kvar av dei handelsavtalane den sittande regjeringa vil inngå. Alle slike avtalar medfører reduksjon av det politiske handlingsromet som vi sårt kan trenge for å skape og forsvare eit godt samfunn å bu i. Derfor bør ikkje ei liberalismefrelst regjering få frie hender på dette området.

Gå til innlegget

«Bløffen om overrislingseffekten».

Publisert 4 måneder siden - 1250 visninger

Vil skattelette for dei største formuene vere bra for samfunnet, slik mellom andre den norske regjeringa hevder- og praktiserer?

 

 

Det er lite som taler for dette, og ein professor ved universitetet i Lille, Jean Gadrey, kalla nyleg slike påstandar for «Bløffen om overrislingseffekten (La fable du ruissellement) i ein kommentar i det franske tidsskriftet Politis (nr 1472).

Han kler effektivt av dei som prøver å rettferdiggjere dei skattelettene som også Macron-regjeringa i Frankrike no gir til dei rike. Parallellen til det som er den norske regjeringa sin politikk her til lands, er ikkje vanskeleg å sjå.

Gadrey skriv mellom anna at «Dei nyliberale, oligarkiet som er ved makta, og deira støttespelarar i dei store media, har i fleire tiår på villeiande vis brukt metaforen om overrislingseffekten for å rettferdiggjere den uanstendige opphopinga av rikdom hjå dei svært rike midt i ein «osean av fattigdom og utryggheit».

Han siterer ein redaktør i den franske mediekanalen BFM, Nicolas Doze, som eksempel på ein som i det siste ivrig har forsvara denne myten. Doze vedgår utan å blunke at den aktuelle politikken i Frankrike går ut på å gi endå fleire og store gåver til dei rike, men han meiner altså at dette er ein svært bra politikk. Korleis? «Den einaste måten å skape rikdom på i eit land, er å ha rikingar»... «La dei som har kapital gjere som dei vil...Det vil vere bra for alle, fordi då vil rikdomen som er skapt av dei rike, som investerer og stimulerer veksten, «overrisle» heile samfunnet». Slik prøver altså Doze å forsvare denne overrislingsbløffen.

Gadrey har ei heilt anna historie å fortelje: Politikken med å gi store gåver til dei rike og til dei store konserna, kom i stor skala i gong i 1990-åra og særleg etter år 2000, gjennom reduksjonar i skattelegginga på dei høge inntektene og på overskotta i konserna. Det er snakk om skatteletter til dei superrike og til bedriftseigarane i sum på fleire titals milliardar euro pr år, og det i aukande grad dei siste tjue åra.

Gadrey spør så om vi i denne perioden har sett noko av den påståtte «overrislingseffekten» frå dei rike til resten av samfunnet, med reduksjon i fattigdom og ulikskap. Han svarer at det faktisk er det stikk motsette som ar skjedd. Særleg børs- og finanskapitalen orienterer seg i sterk grad mot finansinvesteringar som igjen ofte er med på å skape børs-bobler i staden for å skape varige arbeidsplassar i realøkonomien.

I fylgje IMF, Det internasjonale pengefondet, så har investeringane i eurosonelanda falle med 24% av BNP i 2007, og med 19,9 % i 2016. Og dette trass i at dei superrike og bedriftseigarane nesten over alt i denne perioden har blitt tilgodesette med «milde gåver» i form av skatteletter. Gadrey minner også om at IMF i 2015, pinleg nok for nyliberalistane, publiserte ei stor gransking gjort i eit hundretals land, som viste at til sterkare formuene til dei rike aukar, til svakare er veksten i økonomien (altså minkande overrisling)! I tillegg kom OECD, som ikkje kan skuldast for å vere særleg venstreorienterte, med ein stor rapport som dei ga tittelen «Kvifor mindre ulikskap er bra for alle».

Gadrey konkluderer derfor med at det verken i Frankrike eller i dei fleste andre rike landa, er slik at vi ser ein overrislingseffekt av rikdom ovanfrå og nedover i samfunnet. Rikdomen blir tvert i mot pumpa oppover til dei rike. Dette fordi «styrkeforholdet er ubalansert i favør av dei dominerande aktørane i kapitalismen». Bløffen om ein overrislingseffekt ovanfrå og nedover, har berre som funksjon å skjule dei strategiane som blir brukte av dei superrike for å tilrane seg rikdom, avsluttar Jean Gadrey.

Den nyliberalistiske frihandelspolitikken som også den sittande norske regjeringa ivrar for, vil berre forsterke dette ubalanserte styrkeforholdet i favør av kapitalflyttarane. Dei er altså reine bløffmakarar dei som prøver å få oss til å tru at overrislingseffekten vil føre til at alle vil tene på dette. Det at Norge inngår mange bilaterale frihandelsavtalar, og kanskje også snart vil signere den svære TiSA-avtalen, er derfor ledd i ei farleg utvikling.

Gå til innlegget

Skuffande Fafo-rapport om TiSA-avtalen.

Publisert 6 måneder siden - 1459 visninger

I midten av august kom Fafo-rapporten som LO hadde bestilt om konsekvensane av TiSA-avtalen. Rapporten er sjokkerande liberalisme-frelst.

 

Den eine av rapportforfattarane, Åsmund Arup Seip, ga alt i februar inntrykk av å vere tydeleg pro TiSA, gjennom si begeistring for ein TiSA-entusiastisk WTO-direktør i Geneve, og sin skepsis til den TiSA-kritiske direktøren for PSI, Public Service International, ein paraplyorganisasjon for fagforeningar i offentlig sektor. (Sjå evt http://www.dagsavisen.no/nyemeninger/propagandatur-for-tisa-avtalen-til-geneve-1.925015 ).

Det at denne rapporten framstår som konsekvent bagatelliserande når det gjeld den kritikken som har kome mot TiSA, og at den også gjentek TiSA-tilhengarane sine argument snevert basert på det eksportnæringane kanskje  kan ha å tene på avtalen, er derfor ikkje heilt overraskande.

Frihandelsavtalen for tenester,TiSA, som Norge har forhanda om utanfor WTO sidan 2013, har som hovedformål å styrke utanlandske selskap sitt handlingsrom inn på dei ulike nasjonale marknadane. I rapporten står det korrekt nok at «Parter i TiSA kan selv bestemme hva slags regulering som skal gjelde, så fremt denne reguleringen likebehandler nasjonale og utenlandske virksomheter innenfor de områdene partene har avtalt». Trass i at avtalen alts uttrykkeleg vil hindre nasjonale styresmakter i prioritere nasjonale bedrifter i ein oppbyggingsfase, eller i hjelpe slike over kortare konjunkturkriser, så presterer altså artikkelforfatterane å påstå i sin konklusjon at «TiSA ikke legger store begrensninger på norske myndigheters handlingsrom, og at forpliktelsene ikke går ut over de forpliktelsene Norge allerede har i dag».

Forfatterane framstår som ukritiske forsvararar av «mest mulig fri verdenshandel» når dei skriv at «det ikke er tvil om at Norge er blant landene i verden som har mye å tjene på en mest mulig fri verdenshandel». Dei nemner ikkje at det i eit slikt regime sjølvsagt vil vere BÅDE vinnarar OG taparar også i Norge. At det store fleirtalet av arbeidsplassane i Norge ikkje er å finne i eksportnæringane, men at mange derimot vil få problem med den forsterka konkurransen frå utlandet som TiSA vil føre til, ser rapportforfatterane heller ikkje ut til å ha i tankane.

Rapporten nemner at det bak TiSA ligg «sterke næringspolitiske interesser. I USA har organisasjonen for serviceindustrien vært aktiv, og i 2014 dannet en gruppe store selskaper en koalisjon for å støtte arbeidet med å få til TiSA. Gruppen kalte seg «Team TiSA», og besto av industriselskapet IBM, budselskapet UPS, butikkjeden Walmart og bank- og forsikringsselskapene Citigroup, Liberty Mutual og MetLife».

Dette ser ikkje ut til uroe rapportskrivarane det aller minste, truleg fordi den liberaliseringa som denne svært kapitalsterke lobbyen jobbar for, ser ut til å vere i tråd med forfatterane si eiga grunnhaldning. I motsett fall kunne dei eksempelvis godt ha framheva betre dei hundrevis av fagorganisasjonar som har protestert mot avtalen. Eit ferskt eksempel frå i år kjem frå den Internasjonale Transportarbeiderføderasjonen, ITF, som ser på TiSA som ein stygg trussel: ITF general secretary Steve Cotton stated: "Despite the wall of secrecy constructed around the TiSA talks, it's well known that the deal represents a threat to hard-won workers rights and conditions".

 

Denne rapporten er det altså LO som har bestilt. Det er viktig at fagorganisasjonen straks ser at dette er ein høgrevridd og ukritisk pro TiSA rapport som minner om det Civita-tenketanken har prestert på det same temaet.

Det vil vere rart, og trist, om LO legg den minste vekt på den TiSA-positive konklusjonen i denne rapporten, men det er fare for at den blir brukt av tilhengarane av TiSA for meir enn den er verdt.

Gå til innlegget

TiSA? Ein usynleg elefant i stemmelokalet.

Publisert 6 måneder siden - 4129 visninger

Det fundamentale spørsmålet om å seie ja eller nei til TiSA-avtalen, ser ikkje ut til å bli tema i valkampen.

For svært mange veljarar vil ein stor, men usynleg «elefant» vere umerkeleg til stades i stemmelokalet den 11. september. «Elefanten i romet» vil vere den konsekvenstunge, men lite omtala TiSA-avtalen. Ein farleg, ny-liberalistisk handelsavtale, som Norge og 50 andre land har forhandla om i 4 år. 

Spørsmålet er fundamentalt fordi ein slik avtale sterkt og negativt vil påvirke rammevilkåra for stordelen av norsk næringsliv, og ikkje minst redusere styresmaktene sitt politiske handlingsrom til å føre ein sjølvstendig økonomisk politikk. Eksempelvis vil lovnader i valkampen om å arbeide for trygge arbeidsplassar, bli heller «luftige» dersom TiSA-avtalen blir ein realitet.

At denne avtalen ikkje er tydeleg framme i valkampen, er ekstra merkeleg fordi det faktisk i partiprogramma går klart fram at ei gruppe parti vil akseptere ytterlegare redusert politisk handlingrom, og seie ja til denne avtalen, medan andre parti seier eit klart nei til TiSA.

Ja til TiSA-gjengen er ikkje uventa den liberalismeivrige Høgre/FrP-regjeringa med støttepartia Krf og Venstre. Det typiske for TiSA-tilhengarane er at dei konsentrerer all sin argumentasjon rundt interessene til eksportnæringane. Eksempelvis kan vi lese i Høgre sitt program at Norge har «en klar interesse av en avtale som vil sikre forutsigbare spilleregler og åpnere markeder for vår tjenesteeksport, basert på likebehandling». At denne «likebehandlinga» vil føre til ein forverra konkurranse FRÅ utanlandske bedrifter for fleirtalet av norske bedrifter - som faktisk ikkje er eksportbedrifter - det er TiSA-tilhengarane flinke til ikkje å snakke om.

Skuffande nok må også Ap reknast som eit Ja til TiSA-parti, fordi leiinga der stadig held fast ved den feilaktige og udokumenterte påstanden om at TiSA vil vere bra for sysselsettinga. Ein sysselsettingseffekt som i beste fall kanskje vil gjelde for enkelte eksportbedrifter, men altså ikkje for fleirtalet av norske bedrifter.

Dei av veljarane som har sett seg inn i effekten av TiSA, vil vite at avtalen vil vere meir ein trussel mot, enn til hjelp for storparten av norsk næringsliv. Dei vil derfor vite å stemme på eit av dei andre partia, SV, Sp, Raudt eller MDG, som alle argumenterer mot TiSA i sine partiprogram. Ettersom det i denne samanheng er svært viktig å få Høgre og FrP ut av regjeringskontora, vil det for Nei til TiSA-veljarar vere mest aktuelt å stemme på eit av dei tre partia SV, Sp eller Raudt.

I SV sitt program står det for eksempel dette om TiSA-avtalen: «Flere inngåtte frihandelsavtaler og pågående forhandlinger inneholder en uakseptabel flytting av makt fra stater til flernasjonale selskaper...SV vil gå mot TiSA-avtalen, som legger press på offentlige tjenester både i Norge og andre land, og som hindrer demokratisk selvbestemmelse».

Så lenge valkampen ikkje har med eit så fundamentalt spørsmål som ja eller nei til denne svære handelsavtalen, som vil bety ei kraftig redusering av det politiske handlingsromet, då vil Ja til TiSA-partia kunne halde fram med å presentere sine «gode hensikter», men etter valet igjen skulde på manglande politisk handlingsrom - som dei sjølve har sørga for - når lovnadane ikkje kan innfriast. Alt no har vi sett eksempel på at politikarar avviser ulike forslag om krisehjelp for norske bedrifter fordi «det vil vere i strid med inngåtte avtalar».

Det er alvorleg når slike politikarar vil inngå nye avtalar som ytterlegare vil innskrenke det politiske handlingsromet, og det er derfor særdeles alvorleg dersom spørsmålet om vi skal akseptere eller seie Nei til TiSA-avtalen ikkje blir eit viktig tema i stortingsvalkampen.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Ungt opprør mot våpen
av
Une Bratberg
rundt 3 timer siden / 85 visninger
1 kommentarer
Lignelsen om navlestrengen
av
Kris Guleng
rundt 6 timer siden / 102 visninger
0 kommentarer
Rosa kompetanse
av
Lars Jørgen Vik
rundt 6 timer siden / 82 visninger
0 kommentarer
La ungene være, kristne venner!
av
Levi Fragell
rundt 7 timer siden / 1013 visninger
0 kommentarer
Tro på himmelen
av
Pernille Veland
rundt 11 timer siden / 96 visninger
0 kommentarer
"The New State Solution"
av
Roald Øye
rundt 12 timer siden / 271 visninger
8 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Tore Olsen kommenterte på
Idear og deira forførande makt
rundt 2 timer siden / 169 visninger
Torgeir Tønnesen kommenterte på
Ungt opprør mot våpen
rundt 2 timer siden / 85 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
"The New State Solution"
rundt 2 timer siden / 271 visninger
Carl Wilhelm Leo kommenterte på
Idear og deira forførande makt
rundt 2 timer siden / 169 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Hvorfor blir innlegg og kommentarer borte uten forklaring ?
rundt 2 timer siden / 1074 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
"The New State Solution"
rundt 2 timer siden / 271 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
"The New State Solution"
rundt 3 timer siden / 271 visninger
Roald Øye kommenterte på
"The New State Solution"
rundt 3 timer siden / 271 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
"The New State Solution"
rundt 4 timer siden / 271 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Etter fallet kommer hevnen
rundt 4 timer siden / 25405 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Etter fallet kommer hevnen
rundt 4 timer siden / 25405 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Hvorfor akkurat Bibelen?
rundt 5 timer siden / 1968 visninger
Les flere