Oddvar Haugland

Alder:
  RSS

Om Oddvar

Følgere

Gud, - "den vannmektige"?

Publisert rundt 1 måned siden - 126 visninger

Er ikkje kristendommen sin gud god? Eller har han mista makta si?

«Nå har «han der oppe» mista kontrollen», bli det ofte litt harselerande sagt. Eller: «Eg kan ikkje tru på ein gud som tillet all denne krig og vondskap i verda». Anten er han rett og slett vond; - slett ikkje allmektig; - eller så finst han ikkje! I alle høve vitnar ikkje verdshendingane om at det finst ein kjærleg og god «Gud» med stor «G»!

Eg trur på ein gud som let seg skamfara og så å bli på hengd ein kross! Det kallar eg å gjera seg solidarisk med ei ille prøvd menneskeætt. Jesus, - han som døydde på krossen, var den allmektige Gud. - Johs.10.30: «Eg og Faderen er eitt». - Johs.14.8og9: «--vis oss Faderen - - - - den som har sett meg har sett Faderen; korleis kan du då seia: vis oss Faderen?»  Dauden kunne sjølsagt ikkje halda på Den allmektige Gud. Han sto opp att! Men han har gjort seg til eitt med våre vilkår. Han har prøvd dødsangsten og dødspina til dei grader at han sveitta blod! - Luk.23.44: «- -og sveitten hans fall som bloddråpar til jorda.»

Det finnst djevelskap i verda, det er svært tydeleg, At denne også finnst inne i oss er og tydeleg når ein ser kva som svært ofte tyt ut. Vondskap som også kan nemnast med eit tabuord som heiter «synd». Me syndar i «tankar, ord og gjerningar» som kyrkja si truvedkjenning uttrykkjer det. Alt tek til med ein tanke som lett kan enda i ein «vondskap» som i all rettferds namn krev si straff. Ja, både tanken, ordet og gjerninga er like ille i Guds auge. Svært vanskeleg for oss å gjera noko med dette som ligg så rotfesta der inne. Me må ha hjelp. Djevelskapen kan bevisast. Gud kan berre erfarast. Men finst det ein Djevel er det rimeleg å tru at det finst ein Gud. Den oppstadne Jesus Kristus, - sann Gud og sant menneske, kan bli beviset når me vågar å tru. Det er denne sanne Gud som i vår vannmakt kom som sant menneske, let seg krossfesta og døy i vår plass. Tok straffa og døydde for meg,- for oss! Kolosserane 3; 3-4 «For de er alt døde, og livet dykkar er gøymt med Kristus i Gud. Men når Kristus, - dykkar liv, openberrar seg, (når han kjem attende) skal de og openberrast i herlegdom saman med han!» 

 Gud har ein plan i all håpløysa. Han hadde det frå begynnelsen av. Han har ikkje gjeve oss opp, men han vil ha flest mulig av oss med før han set strek og skapar nytt. Alle må få vita, og ennå har ikkje bodskapen blitt forkynnt i «all verda» slik oppdraget var. I dag er det ikkje i Bibelen dei fleste finn «dommedagsprofetiar». Det er i media. Rapportar om føreståande miljø- og klimakatastrofe, - alvorlegare konfliktar, migrasjon og overbefolkning truar med å gjera ende på oss.

 SVhovdingen og stortingsmannen Berge Furre heldt ei 1.maipreike over dette temaet i Nidarosdomen for mange år sidan. Han runda av preika si på denne måten, - fritt sitert:

«Det vonde er der, tungt og vanskeleg, men vi kan likevel sjå den jord Gud har skapt slik ho verkeleg er,- utan dødens skugge. Og det kan vi gjera fordi livet er lova siger! Det har altså hendt noko som gjer at det nyttar. Dødskreftene har ikkje rett! Det er livet og håpet som har rett!»

Oddvar Haugland, Vikedal.

Gå til innlegget

Krf - samling i botn

Publisert 3 måneder siden - 167 visninger

Me må berga Krf som eit kristeleg folkeparti.

Kristelig Folkeparti, partiet vårt, har diverre lenge bevega seg langs sperregrensa. Nå må me kanskje forsona oss med at me treng «samling i botn». Noko anna løysing synest ikkje å finnast. Det er betre å gå under grensa med flagget til topps og på dei verdier partiet vart skipa på, enn å gå mot ein ynkeleg falitt ved krampaktig tilpasning til mainsteam. Me må berga Krf som eit kristelig folkeparti.

Oddvar Haugland, tidl. krfordførar.

 

Gå til innlegget

Quo vadis Kristelig Folkeparti?

Publisert 3 måneder siden - 90 visninger

KrF, og me alle, må i kjærleik ta vare på medmenneskje som slit. Det er likevel ikkje det same som å bryta ned den naturlege kjerne-familien som samfunnet sin hjørnestein.

Må det snart bli eit farvel til KrF for meg? Det sit langt inne, men held partiet fram som det «stemner» er det snart ikkje plass for partiet, ei heller legitimt å stå fram som verdipartiet. Hendinga referert nedanfor fortel sitt: «KrF sin familiepolitiske talsmann» i stortinget, Geir Jørgen­ Bakkevold, vigsla i helga KrF sin kommunikasjonssjef med hennar lesbiske sambuar.

Ein kan med rette spørja kva som skilje KrF frå dei andre partia i dag. Då eg i si tid melde meg inn i Kristelig folkeparti, var det fordi det skilde seg ut som det kristne «familiepartiet», «verdipartiet». Dette partiet fekk eg i mange år lov til å representera i lokalpolitikken, – også som ordførar. Om det ikkje skikkeleg hadde markert seg på desse områda, kunne valet gjerne blitt annleis.

I dag peikar alle piler feil veg. Når program og handling ikkje samsvarer; når partiet mellom alle andre vel ein som ope står fram mot partiprogrammet, til «familiepolitisk» talsmann; når partileiaren går i pride-tog og nå gratulerer med alternativt ekteskap; ja, då har noko grunnleggjande endra seg med partiet. Når «Foreininga Fri» får leggja premissene for verdiar, blir kanskje polygami det neste som i «kjærleiken» og toleransens namn skal klappast fram. Vil partiet då framstå like tannlaust?

KrF, og me alle, må i kjærleik ta vare på medmenneskje som slit. Det er likevel ikkje det same som å bryta ned den naturlege kjerne-
familien som samfunnet sin hjørnestein.

KrF-politikarar flest går på «gummisålar» for å uttrykkja seg politisk korrekt og for å fylja mainstream. Kalkulert resultat i neste gallup/val styrer tydelegvis meir enn det å stå fast på prinsippa til partiet. Dette er harde ord frå ei lita røyst, men nå må mange ropa!

Elles blir det etterkvart trongt i det politiske landskapet for verdipartiet KrF.

Trykket i Vårt Land 11. august 2018.

Gå til innlegget

Synd, nåde og frelse.

Publisert over 2 år siden - 288 visninger

«Vi må fri oss fra troen på at kirkens fremste dogme handler om hva som er rett og gal sex."

«Vi må fri oss fra troen på at kirkens fremste dogme handler om hva som er rett og gal sex. Ordet og sakramentene er viktigere enn seksualmoral» Dette er fritt sitert etter førsteamanuensis Merete Thommessen på eit nyleg seminar ved MF.

Det er vondt a vera vitne til alle forsøk på å vri seg bort frå det som er kjernespørsmålet: - Kamp mot vår medfødde trong til å synda-. Ja, Ordet er viktigast, og det seier nemleg at me treng nåde for synder for å bli frelst,- og det kan me berre få ved Jesu Kristi død for oss på krossen. Intet mindre, og så dyrt!

I. flg.. 1.Kor. v 9 og 10 .kunne Thommesen m.fl like gjerne sett fokus  på synder som tjuveri, pengegriskhet, drukkenskap, spott eller ran. Ja ein kan gjerne ta med ei så allment utbreidde synder som «ureine tankar» og «baktale». Utan å søkja nåde for synder får ein ikkje «arva Guds rike. Det treng me like mykje anten det er ureine tankar eller homofilt samliv me gjer oss skuldig i. Dette er likeverdige synder for Gud i høve vårt frelseshåp.

Det ville bli vanskeleg å sitja i min kyrkelyd og vita at i altarboka der oppe finnst det  ein liturgi som velsignar synd. Det måtte vera vanskeleg, og lite "oppbyggeleg" å sitja under ein preikestol dersom ein veit at presten der oppe godtek velsigning av synd.                                                                                                        Det er også overlag vanskeleg å vita at min biskop godtek velsigning av synd.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Daniel Krussand kommenterte på
Støtte til overgrep ER overgrep !
35 minutter siden / 2015 visninger
Fredrik Evjen kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 1 time siden / 1119 visninger
Tore Olsen kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 1 time siden / 1119 visninger
Sigmund Voll Ådnøy kommenterte på
Støtte til overgrep ER overgrep !
rundt 2 timer siden / 2015 visninger
Øystein Blymke kommenterte på
Uenigheten ryker
rundt 2 timer siden / 1094 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
Du skal ikke stjele Det gamle testamentet
rundt 3 timer siden / 1119 visninger
Arild Kvangarsnes kommenterte på
Prinsipper på billigsalg
rundt 3 timer siden / 1286 visninger
Arild Kvangarsnes kommenterte på
Prinsipper på billigsalg
rundt 3 timer siden / 1286 visninger
Roger Christensen kommenterte på
Tydelig oppfordring
rundt 4 timer siden / 107 visninger
Magne Kongshaug kommenterte på
Vi må gjøre det som virker!
rundt 4 timer siden / 804 visninger
Les flere