Marit Johanne Bruset

Alder: 0
  RSS

Om Marit Johanne

Engasjert i spørsmål om barn sine rettigheiter. Tidlegare ufrivillig barnløs og tidligare aktiv i Forening for ufrivillige barnløse (no kalla Ønskebarn).Psykologspesialist og barnefagleg sakkyndig frå 1988. Partipolitisk uavhengig.

Følgere

Opphav og det å høyre til

Publisert nesten 3 år siden

Barnet sitt behov og barnet sin rett til å kjenne sitt genetiske opphav og rett til - så langt det er mogleg - å vekse opp hos sine genetiske foreldre, vert nedtona i debatten om eggdonasjon og surrogati. Diskusjonen har vore prega av at sterke interessegrupper som har tala dei vaksne si sak har fått dominere, og at altfor få har fremma barneperspektivet i desse store og viktige bioetiske spørsmåla.

Kvart år i desse dagane kjem dei ulike kulturhistoriske laga ut med sine årbøker. Haram kulturhistoriske lag, der eg er medlem, opnar sine årbøker med følgande kinesiske ordtak: " Å gløyme fortida si, er å leve som ein bekk utan kjelde, som eit tre utan rot."

I Sunnmørsposten idag vert kunstnarane Simon Wågsholm og Ørnulf Opdahl sin første fellesutstilling i kunstgalleriet Stavanger, gitt stor spalteplass. Den har tittelen "Opphav" og slik eg oppfattar det, er hovudtemaet at ønsket om tilhørigheit er grunnleggande i eit menneske. I Ørnulf Opdahl sine ord så handlar det om  "tilhørighet til en kultur, et land, et område, sin slekt og sin forfedres historie". Simon Wågsholm uttaler at for han handlar opphav om identitet. "Gjennom å vite hva som er skjedd med slekten min, forstår jeg min egen familie og meg selv bedre. Det gir meg større forståelse om hvorfor jeg er som jeg er."

Spørsmålet om viktigheita av opphav, tilhørigheit og identitet er i desse dagar aktualisert i den store og viktige debatten om bioetikk.I løpet av det komande året skal våre folkevalte ta stilling til m.a. spørsmålet om eggdonasjon og surrogati i samband med evalueringa av Bioteknologilova

Når det gjeld desse kjernespørsmåla om opphav, tilhørigheit og identitet har det i debatten frå fleire hald vore ei nedtoning av betydinga av desse. Slik eg ser det så har dette samanheng med at diskusjonen har blitt dominert av sterke pressgrupper som har tala dei vaksne sin sak. Det er få som har tala barnet si sak og som har påpeika barnet sine behov og barnet sin rett til å kjenne sitt genetiske opphav, og barnet sin rett til, så langt det er mogleg, å vekse opp med sine genetiske foreldre.

I ei tid der alt er i endring og flytande, så er behovet for å kjenne sitt opphav og sine røter truleg sterkare enn nokon gong tidlegare.

Det er difor tankevekkande å lese dei to kunstnarane sine uttalelser i avisa idag.

Eg  vil igjen stille spørsmålet om vi som samfunn, gjennom vårt lovverk, har rett til å fråta barnet ein rett som dei fleste av oss meinar å vere ein grunnleggande rett. Eg vonar at våre politikarar er seg sitt store ansvar bevisst om først og fremst å verne om barnet sine interesser i desse store og viktige spørsmåla.  

Gå til innlegget

Om "ubehaget i magen"

Publisert rundt 3 år siden

Etter å ha engasjert meg i den offentlige debatten om eggdonasjon og surrogati, så har eg fått spørsmålet; kordan kan du som tidligare ufrivillig barnløs meine at dette ikkje bør tillatast i Norge? Dette er mitt svar på spørsmålet.

"Slektslause menneske" var overskrifta på ein artikkel i Sunnmørsposten 8.januar 1986. Forfattaren var Bjarne Rabben; ein kjent kulturperson på Sunnmøre.

Diskusjonen om assistert befruktning (då kalla kunstig befruktning) gjekk høgt i media i etterkant av at dei første prøverørsbarna var fødde i Norge.                                                               Rabben viste til den store interessa for slektstemner og slektsforskning og stilte spørsmål om det var ei motebølge og om det følgde status med å stå i ein slektstradisjon.

Han sjøl svara:" Eg trur heller det er søking etter identitet, ein vil vite kven ein er, kva biologisk samanheng ein høyrer til i. Det ligg i oss eller vaknar i oss etter kvart som livet går, at me vil vite kven me er av opphav og art og rang, kva ein no vil kalle det."

Rabben sitt hovudpoeng var, slik eg oppfatta han; at mennesket har rett til å vite om sitt biologiske opphav.                                                                                                                             Han advara mot det han kalla den "kunstige barneavl" som "trugar med å løyne opphav og identitet og setje inn i verda rotlause menneske". Han kalla det også " tukling med livsfrø", og han kunne ane uhyggelege konsekvensar ;" at menneske kjem til verda frå ukjend far og kanskje frå ukjend vikarmor, og så veks opp hos fosterforeldre. Han stilte spørsmålet ; Kven er det mennesket?"

Han avslutta artikkelen med å påpeike paradokset at "midt i aukande interesse for slektssamanheng og slektsrøter skjer samanbrotet av og interessa for ein teknikk som i sin ytste konsekvens avlar slektslause menneske!"

I artikkelen var Rabben open på at han sjøl hadde fosterforeldre og visste kva han snakka om.           

Då Bjarne Rabben skreiv denne artikkelen så var eg aktiv i Foreningen for ufrivillig barnløse.           Då eg her eine dagen leita igjennom mitt rikhaldige utklippsarkiv om temaet assistert befruktning, så fann eg eit utkast som motsvar til Rabben sin artikkel som eg hadde skrive, men aldri sendt.     I dette utkastet så hevda eg at Rabben teikna eit urealistisk skremmebilde av framtida.                I dag må eg innrømme at den gode Rabben har fått rett i sine spådommar.                             Snakk om å møte seg sjøl i døra!                                 

Eg har valt å starte dette innlegget med å sitere frå Bjarne Rabben sin artikkel om "Slektslause menneske" fordi den set søkelyset på det som er mi største bekymring i utviklinga av reproduksjonsteknologien og bruken av denne idag.

Innleiinga er også meint å illustere at eg har gått ein lang veg når det gjeld offentlig å stå fram med dei standpunkta som eg no har i den viktige pågåande debatten om eggdonasjon og surrogati.

Hege Anita Aarvold Flottorp kommenterte den 12.sept. mitt forrige innlegg Om at vi gløymer barnet sitt beste i debatten om eggdonasjon og surrogati. Ho reiser ei kjent problemstilling då ho stiller spørsmålet om ikkje dei som står midt oppi det, veit kva som er beste løysinga?                                                                                                                               Eg har også frå somme fått spørsmålet: Kordan kan du som sjøl har erfart å vere ufrivillig barnløs, meine at vi ikkje bør tillate eggdonasjon og surrogati i Norge?

Dette vil eg prøve å gi eit svar på; ikkje som eit forsvar eller ei unnskyldning, men som ei forklaring.

Prosessen fram mot å meine noko om desse spørsmåla i det offentlige rom, har for min del vore ein årelang prosess. Både utfrå lojalitet til dei ufrivillig barnløse har det vore vanskelig å stå fram med mine meiningar, og fordi eg har tvilt meg fram til å eksponere mi personlige historie.

Gjennom smertelig eigenerfaring har eg fått kjenne den store sorga det er å vere ufrivillig barnløs. Eg veit kva det inneber å gjennomgå infertilitetsutredning, kirurgiske inngrep og hormonbehandlingar for å få oppfylt det store barneønsket.                                                          Eg har også vore igjennom den årelange og krevande prosessen framimot å få adoptere eit barn frå utlandet. Alt dette strevet resulterte til sist i den veldige gleda over å få eitt eigenfødd barn gjennom prøverørsbehandling og eitt barn gjennom utanlandsadopsjon.

Gjennom 1980-talet så engasjerte eg meg aktivt i dei ufrivillig barnløse si sak. Seinare har eg - med ein stadig vondare magefølelse- frå sidelinja følgd debatten om utviklinga innan reprodusjonsteknologien. Det har vore ei merkbar dreiing frå å ha barnet og barnet sine behov i sentrum, til å fremme dei vaksne sine rettigheitskrav som likestilling og likebehandling. Parallelt med dette så har debattklimaet hardna til.                                                                                 Men lojaliteten min til dei ufrivillig barnløse har vore sterk, og takknemligheit over å ha fått hjelp gjennom assistert befruktning, gjorde at eg heldt tilbake sjøl om "ubehaget i magen" etter kvart tiltok. Det kjentes også som "å skulle drage stigen opp etter seg" dersom eg skulle stå fram og argumentere imot donasjon og surrogati.

Gjennom alle mine år i behandlingsarbeid med barn og unge, har eg møtt barn/unge i ulike omsorgsituasjonar og med all slags problematikk. Eg har arbeidd med voldsutsatte barn og barn som har opplevd seksuelle overgrep og andre traumer av mange slag. Som barnefaglig sakkyndig så har eg opplevd kor lojale og kor tapre mange barn/unge er, og i kor stor grad dei skjermer og tar omsyn til sine foreldre sjøl kor vond og vanskelig situasjon dei sjøle er i.                                   Dette arbeidet der eg har komme så tett på barnet og den unge sin smerte, har gjort at min lojalitet til dei gradvis har blitt dominerande. Til slutt så vart det for meg- av samvittigheitsgrunnar- viktig å fronte barneperspektivet i denne debatten som etterkvart har blitt stadig meir einspora og dominert av dei vaksne sine ønsker og interesser.

Det å stå fram å hevde "upopulære meiningar" i dagens debattklima, kan vere ei påkjenning.

Då diskusjonen gjekk høgt i forkant av at Bioteknologirådet la fram sin tilråding, så var mitt fokus ein heilt anna stad. Vi hadde over lengre tid levd med uro og bekymring for vårt yngste barn sin fysiske helse. Då jenta vår brått og uventa døydde sommaren 2015, så var min tanke at eg ialle fall no hadde ei forståelig unnskyldning for å la vere å engasjere meg i den offentlige debatten.

Men dette snudde fort; det som skjedde på det private planet gjorde det ekstra viktig for meg å stå fram og fortelle om at det å adoptere eit barn er ein fin og verdifull måte både å bli og å vere foreldre på.

Adopsjon er eit tema som klart viser skilnaden på barneperspektivet i forhold til vaksenperspektivet i debatten. Ved adopsjon så er der eit barn som treng foreldre, og utgangspunktet i adopsjonsprosessen er alltid barnet sine behov. Istaden for at det er foreldra som får betemme kva slags barn dei vil ha, så er det kva dette barnet treng, som er bestemmande for valget av foreldre. Nokre hevdar at ein kan sjå på eggdonasjon og surrogati som ein form for adopsjon. Mitt svar på dette er at eggdonasjon og surrogati (både i alltruistisk form og kommersielt) har utgangspunkt i dei vaksne sine ønsker og dei vaksne sine behov.                                                                                                                               Mange adoptivbarn har i visse faser av oppveksten fokus på sine biologiske foreldre; eller på sin fødemor som det kallast ved surrogati. Barnet kan ha tankar om kvifor ho valte å gi ifrå seg barnet. Om det til dømes var fordi ho var fattig eller sjuk. Barnet kan også lure på om ho angrer og tenker på barnet som ho ikkje kunne behalde.

Surrogatbarna (og også donorbarna) derimot må vekse opp med det utgangspunktet at deira genetiske mor aldri ønska å vere mor for dei, og at fødemora hadde planlagd å gi barnet ifrå seg allereie før egg- og sædcelle hadde smelta ihop.

Om det vil gjere nokon forskjell for barnet si oppleving om det er resultat av ein handelstransaksjon eller av ei alltruistisk handling, kan det reisast spørsmål om. I alle andre samahengar så forkastar samfunnet vårt tanken om å kjøpe eller selge mennesker. Vi forkaster også tanken på å gi mennesker bort som ei "gåve".

Andre viktige bidrag til at eg har valt å delta i den offentlige debatten er det eg oppfattar som unnfallenheit frå andre som eg meinar burde vere forplikta til å delta i diskusjonen om desse store og viktige spørsmåla og å tale barna sin sak; først og fremst gjeld dette Barneombudet. Ei av hovudoppgåvene for ombudet er vel å ivareta barnet sine interesser i forhold til Menneskerettigheitsspørsmål? Så langt eg veit er det ingen av donorbarna som enno har valt å prøve ei slik sak, men det kan bli interessant å sjå kva som vil skje i framtida når desse barna vert vaksne og får eigne barn.

Eg har forøvrig oppfatta det som uredelig at fleire har hevda på bakgrunn av ein enkelt spørreundersøking gjort av Helsedirektoratet, at fleirtalet av det norske folk er positive til eggdonasjon og surrogati. Dette skjer stadig vekk sjøl om fleire har stilt spørsmål både ved metodevalg, utforminga av svaralternativ og lav svarprosent. Når det gjeld forskninga på donorbarna og surrogatbarna som mange referer til, så blir det heller ikkje tatt forbehald om viktige begrensingar når det gjeld kva slutningar ein kan trekke av dei relativt få studia som hittil er gjort. Verken alderen på barna/dei unge er blitt problematisert og utfordringane knytta til lojalitet har heller ikkje, så langt som eg veit, blitt tatt omsyn til i tolkinga av resultata.

Når det gjeld kommentaren frå Aarvold Flottorp, så grip denne direkte inn i spørsmålet om reproduksjon og kva metodar vi gjer bruk av, skal overlatast til den enkelte sitt valg.

Gjennom eigne erfaringar og kontakt med mange ufrivillig barnløse så veit eg kor langt mange er villige til å gå. Reproduksjonsteknologien utviklar seg i enorm fart, og teknisk så er der nesten ingen grenser. Eivor Andersen Oftestad har skrive ei framifrå bok "Vi lager barn" som set desse spørsmåla inn i eit større perspektiv. Ho peikar på at alle dei private valga på dette området er med og formar oss som samfunn og har betyding for kva menneskesyn som vert rådande i tida framover.

Dette er dei store og alvorlige bakanforliggande spørsmåla som vi i høgste grad treng å uroe oss for. I den samanhengen har eg (i forståing med henne) lånt hennar uttrykk "ubehaget i magen" som illusterande for mi eiga oppleving og mi eiga historie.

Eg vil og seie meg samd i Andersen Oftestad sin påpeikning av at vi treng "en ny humanistisk feminisme som gjenoppretter forbindelsen mellom livserfaring og politiske argumenter."  Og at det haster å artikulere intuisjonen og magefølelsen vår.

Gå til innlegget

Kordan kan du?

Publisert rundt 3 år siden

Eg har fått dette spørsmålet og ønskar med dette ikkje å unnskylde eller å forsvare, men derimot å forklare mitt standpunkt om kvifor eg er imot eggdonasjon og surrogati. Det gjeld både i kommersiell og altruistisk form.

Gå til innlegget

Gløymer barnet sitt beste

Publisert rundt 3 år siden

Barna sine behov er i altfor liten grad vektlagde i debatten om eggdonasjon­ og surrogati. Sterke krefter ­kjempar for dei vaksne sine rettar, og den ­offentlige debatten framstår som stadig meir einspora.

Etter at eg i april skreiv ein kronikk i Aftenposten om eggdonasjon, fekk eg mange tilbakemeldingar på e-post, SMS og telefon. Eg fekk høyre mange historier om sorg og sakn knytt til det å ikkje kjenne sitt biologiske opphav ­eller ikkje å ha fått vekse opp ilag med sine biologiske foreldre.

Hos meg ga dette gjenklang i alle dei triste historiene eg som klinisk psykolog har fått høyre i min praksis gjennom tre tiår. Men i den offentlige debatten var det påfallande taust, unnateke til dømes Laila Riksaasen Dahl som skreiv og fortalte om behovet for å kjenne sine slektsrøter.

Debattklimaet. Kan mangelen på respons i den offentlege debatten ha noko med debattklimaet å gjere?

Etter å ha følgt debatten frå byrjinga av 1980-talet då eg sjølv var aktiv i Foreninga for ufrivillig barnløse (no kalla ­Ønskebarn), har både argumenta,­ og debattklimaet, endra seg i stor grad. Den gongen var det allmenn semje om at det ikkje var ein menneskerett å få barn, og dei som stod i bresjen for den nye teknologien innan assistert ­befruktning, forsikra i media om at det ikkje var snakk om risiko for ein skråplaneffekt.

Idag er det mange som brukar likestillingsargumentet for å fremje sitt syn om å tillate eggdonasjon og surrogati, og ­diskusjonen har klare band til dei homofile sin kamp for rettar.

Eg opplever at dei som står for likestillingsstandpunkta, risikofritt kan stå fram med sitt syn, og dei blir oppfatta som moderne og framstegsvenlege.

Rettar for vaksne. Eg trur dette avspeglar utviklinga med stadig sterkare fokus på rettigheitstenkinga i samfunnet (det vil si rettar for oss vaksne) og at ­debattklimaet har harda til. Slik eg oppfattar det er klimaet blitt stadig meir prega av velkjente hersketeknikker. Uttrykk som umoderne, gamaldags, bakstreversk og homofob dukker ofte opp. Eg har til og med sett uttrykket «befrukningsmoralister» brukt om dei som er motstandarar av surrogati og eggdonasjon.

Debattklimaet gjer truleg sitt til at mange held seg unna å meine­ noko om desse spørsmåla i den offentlege diskusjonen. Det er ikkje særlieg kjekt å bli karakterisert på ein slik negativ måte, sjølv om eg aldri har kjent meg igjen i slike karakteristikkar.

Det er også i mediebiletet skapt ei oppfatning av at fleirtalet er positive til eggdonasjon og surrogati. Det som ikkje kjem fram, er at fleire, mellom andre Morten Horn, har stilt spørsmål ved konklusjonane som er trekte frå den undersøkinga som hittil er gjort. Han har problematisert både metodebruken (spørjeskjema­ med lite høve til nyansering og eigne kommentarar) og låg svarprosent.

Terskel. Påstandar om at fleirtalet er positive gjer terskelen for å meine noko offentleg endå ­høgare. Fleire har uttrykt at dei er redde for å såre andre som har det vanskeleg og som sårt ønsker seg barn. Det at det er eit så sterkt følelsesmessig trykk gjer truleg sitt til at mange vegrar seg fordi dei er redde for at andre skal bli mislike dei dersom dei uttalar seg imot eggdonasjon eller surrogati. Dette er forståelege reaksjonar, og dersom ein kjenner det slik, så er det lettast å ikkje ha noko meining, i alle fall ikkje offentleg.

Som barnefagleg sakkunnig­ både i barnevernssaker og i barne­fordelingssaker har eg erfart gjentekne gonger at det er lettast å identifisere oss med dei vaksne sine ønskje og behov.

Når eg privat har invitert til diskusjon om eggdonasjon og surrogati, er eg ofte blitt møtt med at temaet er for komplisert og følelseslada, og at dei ikkje har sett seg skikkeleg inn i det til å ha ei meining.

Eg får også høyre historier om at mange kjenner nokon ufriviljug barnlause og har sett deira sorg og fortviling og kjenner stor sympati med dei. Eg høyrer også stadig presentert argumentet om at det viktigaste for eit barn er å vere ønska og elska. Ingen er vel usamd i det.

Trumfar. Men argumentet vert brukt som eit kronargument som trumfar alle andre viktige behov som barnet har.

Samstundes som mange nedtonar arv, opplever vi også den motsette tendensen. Det vert eit stadig sterkare fokus på genar og slektskap; både i forhold til sjukdom og kartlegging av risiko­faktorar.

Gjennom TV-program som «Hvem tror du at du er?» vert vi stadig presenterte for kjente personer som stolt fortel om sine slektsrøter.

Å hevde at behovet for å kjenne­ sine slektsrøter, er eit kunstig behov skapt av underhaldningsindustrien – slik som Trine ­Eilertsen i Aftenposten har gjort – meinar eg er heilt urimeleg.

Interessa for slekt og slektsrøter har med dei store spørsmåla om identitet å gjere, om det å høyre til.

Ser bort ifrå. I våre tidlegaste leveår blir vi emosjonelt knytte til våre næraste omsorgspersonar, uavhengig av kven det måtte vere. Dette veit vi mykje om idag, og det vert brukt som tilleggsargument til påstanden om at det viktigaste for barnet er å vere ønskt og elska.

Men det ein då vel å sjå bort ifrå, er den viktige prosessen som skjer seinare i livet og som handlar om identitet og å høyre­ til. Vi har ikkje mykje forskningsdata om donorbarn og deira ønskje og behov.

Mi erfaring frå arbeidet med barn og unge er at dei er, nesten utan unnatak, er ekstremt lojale mot foreldre/omsorgspersonar. Og med det sparsame forskingsmaterialet om donorbarna må vi ta ta lojalitetsproblematikken med i tolkinga av dei data vi har.

Ei utfordring med å få desse barna i tale er at surrogatbarna enno er så unge at dei ikkje har kome i ein meir uavhengig ­posisjon til sine foreldre, og dei er heller ikke komne i ein alder der dei har fått eigne barn. Men det er nokre eksempel.

Fåmælt. Torbjørn Røe Isaksen intervjua surrogatbarnet Zachary­ i programmet om surrogati i NRK-dokumentaren «På bortebane». Han uttalte seg ­positivt om å vere surrogatbarn, men var relativt fåmælt. Det vil eg hevde at var å vente utfrå dei negative haldningane som faren hans ga uttrykk for i dette programmet.

Eit anna og nyare eksempel var oppslaget i VG Helg om «Barn av regnbuen» (13. august) der ein fireåring var brukt som representant for donorbarna og der Sofie Frøysaa og broren stod fram som eksempel på barn som hadde vakse opp med to lesbiske mødre. Etter det eg finn å lese i eit innlegg frå Øivind Benestad i Aftenposten (22. juli) så er dette ikkje eit korrekt bilete av Sofie F. sin bakgrunn og oppvekst.

Dersom sistnemde påstand stemmer, kan innslaget meir tolkast som uttrykk for ein sterk lojalitet til ein forelder?

Nytt syn på mennesket. ­Eivor Andersen Oftestad har nyleg kome ut med ei spanande bok Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 500 år. Ho hevdar mellom anna at ny teknologi vil gi oss eit nytt syn på mennesket.

For meg handlar debatten om vi skal tillate eggdonasjon (og i neste omgang surrogati) i Norge,­ om så store og viktige spørsmål som synet på mennesket og i særleg grad synet på barnet og på barnet sine rettar.

Denne debatten er det viktig at flest mogleg engasjerer seg i.

Gå til innlegget

om barnets beste

Publisert rundt 3 år siden

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
24 dager siden / 1862 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
16 dager siden / 1602 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
24 dager siden / 1575 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
23 dager siden / 1544 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
15 dager siden / 1414 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
17 dager siden / 1353 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
13 dager siden / 1296 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
28 dager siden / 1166 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere