Marit Johanne Bruset

Alder: 1
  RSS

Om Marit Johanne

Engasjert i spørsmål om barn sine rettigheiter. Tidlegare ufrivillig barnløs og tidligare aktiv i Forening for ufrivillige barnløse (no kalla Ønskebarn).Psykologspesialist og barnefagleg sakkyndig frå 1988. Partipolitisk uavhengig.

Følgere

Publisert over 3 år siden

Så bra at du kommenterar innlegget mitt! 

Eg har tidlegare etterlyst at nokon kjem på bana og stiller spørsmål eller kommenterer det eg har skrive. For eg har undra meg over at eg har fått så mange tilbakemeldingar på det private planet (tilbakemeldingar som har støtta mine synspunkt) og berre nokre få i det offentlege ordskiftet. Eg har stilt spørsmål om det kan handle om eit tilhardna debattklima, om temaene er så kjenslelada og komplekse at mange ikkje maktar å engasjere seg og/eller ta stilling til spørsmåla om eggdonasjon og surrogati.

Når det i media også over lang tid har vore ei skeiv vinkling der vaksenperspektivet har fått dominere gjennom kjenslelada historier (min påstand) så antar eg at mange av frykt for å verte stempla, let vere å delta i diskusjonen. Den skeive vinklinga bidrar også til, etter mitt syn, å forsterke tendensen til at vi som vaksne lettare identifiserar oss med andre vaksne og deira legitime barneønske.

I din kommentar så viser du til at man har spurt donorbarna, og at disse ikkje skil seg frå andre barn og at dei gjennomgåande er fornøgde.

Du stiller spørsmål om eg meinar at vi skal ta utgangspunkt i det barna sjøle erfarer, og om eg  virkelig er interessert i å fremme barneperspektivet - eller om det er mitt perspektiv eg ønsker å fremme.

Når det gjeld kven vi skal spørre, så er eg SJØLSAGT samd i at donorbarna er heilt sentrale i denne samanhengen, og at deira erfaringar i høgste grad er relevante.

Men den internasjonale forskinga  som hittil er gjort, har fleire metodemessige svakheiter; små utval, få langtidsstudier og utfordringar med spørsmål om kordan ein kan måle psykososiale vanskar (her siterere eg eit mottatt svar på spørsmål som eg stilte til Bioteknologirådet ifjor).

Eg syner og til NRK dokumentaren På bortebane som vart vist på NRK 1 i april. Den eine gongen var temaet surrogati og Torbjørn Røe Isaksen drog til USA og England og intervjua forskjellige aktører i dette feltet. I England intervjua han professor Susan Golombok som er direktør for Center for Familiy Research ved Cambridge Universitetet og som har leia den mest omfattande forskinga på surrogatbarn i verda. ( Dei har følgd 42 surrogatfamilier i 15 år.)

På spørsmål frå Røe Isaksen om kordan det går med desse barna, så svara ho at barna klarte seg bra. Men at noko skjedde i 7 årsalderen og at barna då viste høgare forekomst av emosjonelle atferdsproblem enn barn i andre typer familier. Golombok kommenterte at det var interessant at man ser det samme hos adopterte barn, og at det ser ut til at barna er opptatt av identitet i ein tidligare alder enn andre barn. Men desse emosjonelle atferdsproblema forsvann i 10 årsalderen.

Då barna i denne studien var i tenåra, så vart dei spurt direkte om kordan dei opplevde å vere surrogatbarn Dei fleste svara at dei ikkje brydde seg om dei var blitt til ved surrogati. Røe Isaksen stilte då spørsmålet til Golombok om dette var det endelige beviset, at diskusjonen var over; dvs. at barna klarer seg bra og at det er ingen ting meir å diskutere. Ho svara at ein sjølsagt ikkje utfrå ein undersøking kan trekke nokon endelig konklusjon, og at det var behov for meir forskning. Ho meinte likevel at det dei hadde funne var betryggande utfrå at dei hadde studert familiane nøye og at dei ikkje hadde funne noko som tilseie at det er skadelig for barna å ha blitt fødd ved surrogati.

(Dokumentaren På bortebane er å finne på nrk.no) 

I tillegg til at det idag er gjort lite forskning på donorbarna generelt, så vil eg hevde at det også må takast omsyn til at lojalitetsproblematikken mellom barna og foreldra kompliserer bildet, og det same gjer alderen på barna. Barna i Golombok sin studie er idag rundt 15 år gamle, dvs. at dei enno er i ein tidlig alder i forhold til sjølstendiggjering og autonomiutvikling. Og hos mange er det først i vaksen alder, når spørsmålet om å få eigne barn vert aktualisert, at dei får ei auka interesse for genetiske spørsmål og slektsforhold.

Når det gjeld lojalitetsproblematikken, så vil eg seie meg samd i det som Hanne Skartveit skreiv  i VG i juni 2011  "Barn for voksnes skyld", under avsnittet Lojale barn; 

" Jeg tror vi vil se noe av det samme som vi har sett med skilsmissebarn som har blitt voksne. Idag står flere skilsmissebarn frem og forteller hvordan det egentlig var da mor og far skilte seg. De forteller om hvordan de gjorde miner til slett spill, for å beskytte foreldrene, mens de egentlig hadde det ganske vondt. Barn er lojale mot sine foreldre, de kan være det til det helt selvutslettende."

Så eg vil hevde at vi pr. idag- på bakgrunn av dei relativt sparsame forskingsresultata som føreligg - ikkje kan trekke nokon endelig eller sikker konklusjon på kordan det går med donorbarna; korkje i positiv eller i negativ retning.

Eg vil og nemne at då journalist Anette Aasheim i  2013  i Aftenposten skreiv om "Morskomplekset" så hadde ho som formål å fremme barneperspektivet gjennom å få donorbarna i tale. Trass i iherdige forsøk i både inn- og i utland, så lykkast ho ikkje med det. 

Der har vore enkelthistorier i media der donorbarn har stått fram og fortalt om ein lykkeleg oppvekst. 

Men mest av alt hugsar eg historia om Donor nr.137 i VG den 16.juli 2011. Danske Ina Rosdahl som då var 17 år, stod fram og fortalde si historie. Ho var unnfanga ved hjelp av ein anonym sædgiver og med ei einsleg mor. Denne mora uttrykte at ho angra på at ho valte anonym sædgiver, og at dersom ho hadde visst kor stor og omfangsrik Ina sin sorg skulle vise seg å bli, hadde ho ikkje gjort det.

 VG kommenterte dagen etter; 

" Ina si historie går rett inn i debatten om hvor langt vi kan gå for å sette barn til verden. På hvilke måter mennesker som ønsker seg barn, kan bruke andres egg eller sæd- eller kropper - dersom de selv  ikke er istand til å unnfange eller å bære frem barn. Gjennom Inas historie får barna en stemme. Det er viktig. Voksnes behov og drømmer har altfor lenge fått dominere denne vanskelige debatten."  

Så mitt spørsmål tilbake til deg er kven si historie meinar du at vi skal late vege tyngst i debatten?

For meg vert det eit alvorlig samvitsspørsmål; har vi som samfunn rett til å bidra til å påføre mennesker ein slik stor sorg og eit slikt sakn? 

Sjøl om der er donorbarn som står fram og fortel om ein lykkeleg oppvekst, så meinar eg at vi ikkje kan eller bør, verken overhøyre eller bortforklare, Ina si vonde erfaring. 

Vi veit alle at livet kan fare ille med oss på ulikt vis. Vi kan klandre oss sjøle, eller andre eller ein vond lagnad. Men for meg vert det ein stor og vesentleg skilnad, om samfunnet gjennom sitt lovverk, har bidratt til å påføre uskuldige barn ekstra belastingar i livet  -  eller om livet vart slik av andre årsaker. 

Så til spørsmålet ditt om eg ønskar å fremme barneperspektivet, eller om det er mitt eige perspektiv eg ønskar å fremme.

Når det gjeld min eigen bakgrunn så viser eg til mitt tidlegare innlegg "Om ubehaget i magen" under Verdidebatt. Der freistar eg å gi ei forklaring på kvifor eg som tidlegare ufrivillig barnløs argumenterar imot at vi i Norge skal opne opp for eggdonasjon og surrogati. Eg meinar at eg både utfrå mi personlege historie og utfrå min fagbakgrunn og erfaring, har noko å bidra med i denne debatten. 

Min motivasjon for å delta er nettopp å fremme barneperspektivet, så får andre dømme om det er truverdig.

Eg vil forøvrig vise til mitt debattinnlegg som vart publisert i Morgenbladet 23.12.16 under overskrifta "Barnet som lykkeobjekt."  Der skriv eg m.a at

"I den postindustrielle velferdsstaten så framstår idag det ideelle barnet som det planlagde "ønskebarnet". Vi står no i fare for å oppfylle ein av Moen sine framtidsvisjonar; å gjere barnet til eit LYKKEOBJEKT " for andre. Det betyr at vi reduserer barnet til eit middel for dei vaksne sin sjølrealisering."

( Den Moen som eg refererer til i sitatet over er Ole Martin Moen og hans synspunkt som vart formidla i Dødsdialogen mellom han og Jan Grue i Morgenbladet 21.- 27.okt.2016 ).

Gå til kommentaren

Om hensynet til barnet sitt beste

Publisert nesten 4 år siden

Det var med glede eg las innlegget der Høgre sin programkomite i slutten av oktober inviterte til debatt om bioteknologien og så tydeleg framheva spørsmåla om menneskeverd og behovet for klare etiske grenser.

Særleg gledeleg er det at Høgre er så tydeleg på at omsynet til barnet må gå framom dei vaksne sine rettigheiter. For politikarane sit med eit stort og tungt ansvar i samband med den komande evalueringa av Bioteknologilova, og det er difor lovande å sjå at Høgre fokuserar på dei store og viktige verdispørsmåla i denne debatten.

Høgre sitt standpunkt er særleg viktig fordi Høgre sit med jokeren i forhold til spørsmålet om vi skal tillate eggdonasjon og surrrogati i Norge. Til skilnad frå t.d Venstre, så tek ikkje Høgre den enklaste vegen som er å overlate ansvaret for utviklinga på dette området til foreldra.

Eg har i lang tid vore oppteken av barnet sitt beste i debatten om bioteknologien; særleg i forhold til reprodusjonsteknologien og spørsmålet om eggdonasjon og surrogati.

Eg vil hevde at den offentlege debatten fram til idag i altfor stor grad har vore vinkla utfrå dei vaksne sine interesser og behov. Over lang tid har vi i media blitt presenterte for talrike historier der vaksne har stått fram og fortalt om sitt store (og legitime) barneønske og sine liv som lykkelege foreldre. Donorbarna sine historier har det hittil vore sørgeleg få av; og det av forståelege grunnar meinar eg. Både barna sin alder og lojalitetsproblematikken spelar inn i forhold til dette.

I tillegg til at det generelt er lettast for oss vaksne å identifisere oss med andre vaksne, så forsterkar den skeive framstillinga i media, denne tendensen. Vi kan lett forstå dei ufrivilleg barnløse sitt sakn og deira sorg og leve oss inn i denne, medan barna og dei store spørsmåla knytta til deira rettigheiter og deira sin situasjon som donorbarn kjem i bakgrunnen.

Når media også framstiller det slik at forskinga viser at donorbarna klarar seg bra, så vert terskelen senka i forhold til spørsmålet om vi skal opne for eggdonasjon og surrogati i Norge.

Etter mi meining er det stor usikkerheit knytta til forskingsresultata og det er for tidleg å trekke ein slik konklusjon når det gjeld forskinga som hittil er gjort på donorbarna. Forskingprosjekta er få, barna er framleis unge og i utvikling i høve autonomi og avhengigheit og identitet. Dei er heller ikkje komne i ein alder der eige foreldreskap aktiverer spørsmålet om gener, slekt og tilhørigheit. Lojalitetsproblematikken i dette feltet er også viktig å ta høgde for når forskingsresultata vert tolka.

Eit slåande eksempel på dette er å sjå i programmet som vert referert til i starten av innlegget ditt; programmet På Bortebane som vart sendt på NRK 1.

På bakgrunn av den skremmande haldningane som faren hans  (John Weltman) viste, så opplevde eg det beundringsverdig modig av surrogatbarnet Zachary å svare "vet ikke" på spørsmålet  om det var vanskeleg for han då han var yngre, å ikkje vite kven  "fødemora" hans var.  Zachary var også relativt lite meddelsam om det å vere surrogatbarn, men det han formidla var av positiv karakter. 

Fleire har framstilt altruistisk eggdonasjon og altruistisk surrogati som ei akseptabel løysing. Slik eg ser det, så endrar dette ikkje på det faktum at det er dei vaksne sine ønsker og behov som vert sett først. Dette kom også tydeleg fram i dokumentaren På bortebane. Sjøl om surrogatmora ( Julie Kronen), ilag med Zachary, var den som ga det mest positive inntrykket under besøket i USA, så var motivet hennar å hjelpe andre ufrivilleg barnløse. I tillegg til at ho sjøl hadde eit sterkt ønske og behov for å vere til hjelp.

I løpet av dokumentaren vart det tydeleg at innsatsen du prisverdig gjorde på å få fokuset på barna sine behov og deira rettigheiter i forhold til surrogati, ikkje vart krona med hell.

På den måten så vart programmet ein illustrasjon på den motstanden det har vore å flytte fokuset over på barna og deira rettigheiter.

I vår heimlege debatt om bioteknologien, så har det av nokre blitt etterlyst å få eit større fokus på etikken i debatten om reproduksjonsteknologien. T.d journalist og forfatter Klavs Birkholm med boka "Efter mennesket. På vei mot homo artefakt" og forsker Eivor Andersen Oftestad med boka "Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 500 år." Dette meinar eg er både viktige og tankevekkande bøker som bør lesast av flest mogleg.

Om donorbarna og fråveret av deira stemmer i debatten, så kan det illusterast gjennom følgande eksempel; då journalist Anette Aasheim i februar 2013 i Aftenposten skreiv "Morskomplekset. Eggdonasjon er mer enn et spørsmål om to mødre", så etterlyste eg barneperspektivet i framstillinga. Aasheim svara då at planen var å late donorbarna sjøle få komme til orde i samband med artikkelen. Ho opplyste at dei verkeleg hadde prøvd å få det til gjennom mange kanalar både i inn- og utland. Men overalt vart dei møtt med tausheit. Aasheim oppfatta dette som frykt for å stå fram. Vi kan sjølsagt ikkje vite grunnen, men ei mogleg forklaring kan vere at barna var bunde av lojalitet til sine foreldre/omsorgspersonar og ikkje våga eller ville late seg intervjue av den grunn. Ei anna mogleg forklaring  kan vere at barna frykta å verte stempla om dei stod fram i media, evnt. begge delar.

I juli 2011 stod danske Ina Rosdal og mor hennar fram i VG. Temaet var at barn har rett til å kjenne sitt opphav. Ina var unnfanga ved hjelp av ein anonym sædgiver og mora hennar var aleine, men ønska seg barn. Mora angra på at ho valte anonym sædgiver og uttalte at dersom ho hadde visst kor stor og omfangsrik Ina sin sorg skulle vise seg å bli, så hadde ho ikkje gjort det.

Gjennom Ina si historie så fekk desse barna ei stemme i media, men berre for ei kort periode.

I mange av dei vaksne sine historier, så vert spørsmål om donoren og spørsmål om det er viktig for barnet å kjenne sitt opphav, ofte oppfatta nærast som ein provokasjon. Og svara går ofte i retning av å ugyldiggjere dette behovet hos barnet.

I mitt mangeårige kliniske arbeid som psykolog og barnefaglig sakkyndig, så har eg møtt mange barn og unge i ulike omsorgssituasjonar. Eg har erfart kor viktig det er for mange både å kjenne sitt genetiske opphav og å få vekse opp hos desse. Eg har gså møtt mange som i vaksen alder slit med ein stor og tung sorg over å ikkje kjenne sitt genetiske opphav.

Det å vere så tett på og ha opplevd deira stor sakn og smerte, gjer at eg kjenner eit ansvar for å formidle dette utad og stå fram i den offentlege debatten. 

Eg er redd for at vi i framtida skal få høyre fleire triste historier, liksom Ina Rosdal si historie. Som vi veit så kan livet fare ille med oss på mange vis. Og vi kan legge skuld på oss sjøle eller vi kan klandre andre rundt oss. Vi kan også skulde på ei ublid skjebne eller det vi evnt. måtte tru på.

Den avgjerande skilnaden for meg, når det gjeld enkelthistorier som Ina Rosdal si historie, er om det er vi  som samfunn og gjennom vårt lovverk, bidrar til å sette nokon i ein slik smerteleg og vanskeleg situasjon.

Forøvrig så er det eit tankekors for meg at det frå mange ufrivilleg barnløse vert argumentert med behovet for å få sine eigne genetiske barn, samstundes som barnet sitt behov for å kjenne sitt genetiske opphav vert sterkt nedtona, og av nokre også freista ugyldiggjort.

Men vi høyrer om donorbarn som søker saman  på leiting etter sitt genetiske opphav. Vi veit og at mange adoptivbarn vert opptatt av sitt genetiske opphav og søker tilbake til sine slektsrøtter.  

Om å stå med begge beina i det

Publisert rundt 4 år siden

Eg veit ikkje om du har lese kronikken som eg skreiv i Aftenposten 7.april i år? I denne prøver eg å få fram min eigen bakgrunn for å forklare kvifor eg har landa på mine standpunkt i forhold til eggdonasjon og surrogati. Eg har opplevd å stå i posisjonen som ufrivillig barnløs i mange år, og eg kan forsikre deg om at eg har fått kjenne kordan det er "å ha dei skoa på".

Eg har møtt dei som har stilt meg spørsmålet om kordan eg, med desse erfaringane, kan meine at vi i Norge ikkje bør tillate eggdonasjon eller surrogati; verken på kommersielt eller på altruistisk grunnlag.

I mitt neste innlegg som eg arbeider med,vil eg prøve å forklare bakgrunnen for at eg har landa på dette standpunktet. 

Gå til kommentaren

Min første tanke når eg las innlegget ditt, var at igjen dukker uttrykket MORALIST opp i samband med debatten om surrogati.

Denne gongen retta mot KrF og Geir Jørgen Bekkevold sitt innlegg om Surrogati i Vårt Land den 7.september.

Slik eg les innlegget ditt, så vil alle dei som ser på spørsmålet om surrogati og eggdonasjon som eit verdispørsmål, vere kvalifiserte til å bli kalla moralister?

I Morgenbladet idag står eit velskrive, opplysande, tankevekkande essay med tittelen "Ubehaget i magen"  av Eivor Andersen Oftestad. Ho klarer etter mitt syn på ein framifrå måte å sette desse viktige spørsmåla inn i ein større samanheng - både historisk og verdimessig.

Eg vil sterkt tilrå at du les både dette essayet og boka hennar " Vi lager barn. Reproduksjon gjennom 500 år. Boka kom ut for eitpar veker sidan.

Forhåpentligvis vil du då sitte igjen med ein djupare forståing av kor store og viktige desse spørsmåla om eggdonasjon og surrogati er i forhold til både vårt syn på mennesket og på menneskeverdet.

Etter mi meining så kan og bør ikkje desse spørsmåla verte reduserte til kun politikk og spørsmål om vaksne sine rettigheiter og likestilling.

I innlegget ditt så skriv du at du er opptatt av barnet sitt beste. Ja då har vi same utgangspunktet, og det er bra.

Du hevdar at surrogati uansett vil forekomme i tida framover; uavhengig av kva KrF eller du måtte meine. Ja ingen av oss meinar vel at vi kan bestemme over lovverket i andre land? Men vi kan og bør bestemme kva som er den rette måten å regulere dette feltet på i Norge. Og forhåpentligvis vil det skje etter ein djupare og meir opplyst debatt, slik som Bioteknologirådet har etterlyst.

Heldigvis så skil Norge seg ut frå mange andre vestlige land ved at vi ikkje har hatt "frislepp" på området assistert befruktning. Mange land som tillet eggdonasjon og surrogati idag, har ikkje hatt nokon nødvendig debatt i forkant, men har tillate det fordi det medisinsk/teknisk har blitt mulig.

Eg veit ikkje om du såg programmet om Surrogati som vart sendt på Nrk 1 i dokumentaren "På Bortebane" tidligare iår? Kunnskapsminister Røe Isaksen drog m.a til USA der vi fekk sjå korleis denne menneskehandel-industrien fungerer derborte. Dokumentaren gjorde eit så sterkt inntykk på meg at eg brukte fleire månader på å fordøye det som i denne vart formidla av aktørane i feltet.

Hovudinntrykket eg sat igjen med var at fokuset gjennomgåande var på dei vaksne sine ønsker, interesser og behov. Gode spørsmål frå Røe Isaksen om barnet sitt beste, vart anten bagatellisert eller avvist av dei som vart intervjua.

Eg har forøvrig skrive ein lengre kommentar til dette programmet som eg har prøvd å få publisert i eitpar aviser. Verken Aftenposten eller VG har vore interesserte, men eg har no lovnad på at NrkYtring vil vurdere å ta det inn.

Du og eg ser nok svært ulikt på kva som vil vere barnet sitt beste i desse spørsmåla. Sjøl om eg  meinar at ditt resonnement om barnet sitt beste ikkje er gangbart, så rører du ved eit viktig spørsmål; alle barn som er fødde må ivaretakast på ein god måte uavhengig av korleis dei har kome inn i livet. Dei kan i alle fall ikkje verte anvarliggjort for måten dei har komme til på!

Men det blir for meg å snu diskusjonen på hovudet, at vi av omsyn til dei barna som allereie er fødde ved eggdonasjon og surrogati, må opne for desse metodane innan assistert befruktning i Norge.

Anten vi brukar likestillings- eller likebehandlingsargumentet - eller omsynet til dei barna som allereie er fødde ved eggdonasjon og surrogati (som du gjer), så blir det for meg eit altfor spinkelt og overfladisk grunnlag å ta ein så viktig dikusjon på ; dvs. diskusjonen om vi skal tillate eggdonasjon og surrogati i Norge. 

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 2 måneder siden / 3544 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
13 dager siden / 1232 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 924 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
19 dager siden / 884 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
11 dager siden / 824 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
11 dager siden / 634 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
23 dager siden / 567 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
3 måneder siden / 442 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere