Marit Johanne Bruset

Alder: 0
  RSS

Om Marit Johanne

Engasjert i spørsmål om barn sine rettigheiter. Tidlegare ufrivillig barnløs og tidligare aktiv i Forening for ufrivillige barnløse (no kalla Ønskebarn).Psykologspesialist og barnefagleg sakkyndig frå 1988. Partipolitisk uavhengig.

Følgere

Å vere universets sentrum..

Publisert nesten 3 år siden

Takk for kommentaren din.

Eg er samd i at vi alle har våre hjertesaker; som vi nok alle synes er dei mest viktige; slik velger eg å tolke overskrifta på kommentaren din.

MEN mitt hovudpoeng er at den parten som ikkje kan uttale seg; nemleg barnet- i altfor liten grad har talspersonar som deltar i den offentlege debatten om viktige verdispørsmål, som t.d eggdonasjon og surrogati. Og dersom det er slik at debattklimaet bidrar til at mange som har meiningar ikkje våger å uttale seg i desse spørsmåla, så er det vel viktig å sette søkelyset på kva som bidrar til det!?

"Hver og en av oss er universets sentrum"....Eg vil då spørre; Gjeld dette også for barnet?

Og i ei tid der likestilling og likebehandling, for dei vaksne, er det dominerande argumentet i mange viktige verdisaker, kven skal då ivareta barnet sine interesser?

Gå til kommentaren

Når meiningsmangfaldet vert strypt

Publisert nesten 3 år siden

Viss det er slik at Herland i sin analyse tar for kraftig i og brukar for sterke uttrykk (slik som nokre av kommentarane her gir uttrykk for), så er det vel likevel eit problem at meiningsmangfaldet ofte ikkje kjem godt nok fram og blir skeivt representert i den offentlege debatten?

Eg hadde difor ønska at debattinnlegget frå Herland, hadde resultert i ein diskusjon om konsekvensane av skeivdekkinga av meiningane i det offentlege ordskiftet; særleg i viktige bio-etiske spørsmål.

Er vi komfortable med at der er ei skeivdekking (min påstand), og kva er grunnen til at mange ikkje tør å uttale seg om desse brennaktuelle politiske temaene? ( Dei tilbakemeldingane som eg har fått frå fleire, tyder desverre på at så er tilfellet.)

Vi blir stadig, i media, servert påstanden om at fleirtalet av det norske folket er positive til å opne for eggdonasjon i Norge. I den samanhengen vert det vist til eitpar meiningsmålingar gjort for Aftenposten; den siste for kort tid tilbake.

Med den amerikanske valkampen friskt i minne, så veit vi at meiningsmålingar kan bomme ganske så kraftig. Og dessutan er det også vanskeleg å vite kva folk eigentleg meinar når spørsmåla ikkje gir rom for nyansering og svaralternativa er få.

Er det slik vi ønskar det skal vere; at det er dei sterke pressgruppene - som ivaretar dei vaksne sine interesser og behov- som skal få råde grunnen i denne viktige diskusjonen?

Som kjent så har til og med Barneombudet, som er gitt eit særskilt mandat til å ivareta barnet sine interesser, meldt seg heilt ut når det gjeld desse viktige spørsmåla. DET er i alle fall heilt uforståeleg for meg.

 

Gå til kommentaren

Politisk ukorrektheit og eigne erfaringar

Publisert nesten 3 år siden

Når eg las innlegget til Hanne Nabintu Herland tenkte eg først om mediesituasjonen i Norge, at "det kan vel ikkje vere SÅ gale fatt?"

Eg veit ikkje kva som er det korrekte bildet av tilstanden, men har lyst til å kome med nokre tankar om det å vere "politisk ukorrekt" og om dei erfaringane som eg har gjort meg iløpet av det siste året. 

Eg har engasjert meg i den offentlege debatten om bioteknologi og har i særleg grad vore opptatt av spørsmålet om vi bør/skal opne for eggdonasjon i Norge. Som kjent er dette eit brennaktuelt og brennheitt diskusjonstema som stadig er oppe på den politiske dagsorden; no sist på Høgre sitt landsmøte forrige helg.

Etter at eg for første gong skreiv om BARNET som har blitt borte i eggdonasjonsdebatten, har eg opplevd å få liten respons. Dvs. få eller ingen kommentarar i det offentlege ordskiftet. Men mange har tatt kontakt og sagt seg einige på det private planet. Og denne mangelen på respons i media har eg undra meg over. Eg har spurt meg sjøl;

Er tausheita ein form for hersketeknikk; å teie nokon i hel?

Eller er temaet så komplekst og følelseslada at få våger å uttale seg i det offentlege?

Eller er terskelen blitt høgare fordi vi stadig får servert påstanden om at fleirtalet i Norge er positive til eggdonasjon?

Når eg les det Nabintu Herland skriv om måten dei med politisk ukorrekte meiningar kan verte behandla på, så burde eg kanskje bli skremt og halde meg i bakgrunnen? Det ville kanskje vere klokast for å unngå angrep og ubehag?

Ein gong, etter eit debattinnlegg i Aftenposten no på nyåret, har det kome eitt åtak mot meg frå mi eiga faggruppe; og då ikkje uventa frå professor i sexologi Elsa Almås. Ho påstod at det er forførande å bruke min bakgrunn som psykolog når eg uttaler meg om temaet. (Eg ga svar på tiltale rett etter i Aftenposten.)

Apopos Aftenposten. På veg heim frå jobb i bilen idag, høyrde eg igjen reklamen for Aftenposten på P4. Eg tenkte mitt!.. for nettopp i Aftenposten har eg måtte "krangla" meg til spalteplass.

Deira "kampanje" for eggdonasjon kalla BABYDRØMMEN starta rett over nyttår. Første dagen dei skreiv om sine planar tok eg kontakt og ville bidra, men vart møtt med at dei ikke hadde plass til innlegg frå meg. Slik eg tolkar svara eg har fått frå dei, så ønskar dei helst ikkje motstemmer i denne debatten.

Eg sjøl er så ubeskjeden at eg, utfrå både min private bakgrunn og profesjonelle rolle, meinar å vite eindel om assistert befruktning og om barn og deira behov. Og at eg følgeleg har noko å bidra med for å få fram kompleksiteten i saka.

Aftenposten er sjølsagt i sin fulle rett å sleppe til kven dei vil i sine spalter, men då vert ordlyden i deira radioreklame ganske så falsk og misvisande i forhold til å kunne stole på fakta som dei presenterer, og at avisa gir det heile og sanne nyheitsbildet.

Til trass for at det koster å jobbe motstrøms, så er spørsmålet om barn sine rettigheiter så viktig for meg, at eg nok vil fortsette å engasjere meg og å uttale meg. Det er berre å håpe på at NRK, som har eit særskilt stort ansvar for å opplyse debatten og å sleppe til fleire stemmer, inviterer inn fleire- som både kan og vil - representere barneperspektivet i denne viktige debatten.

Gå til kommentaren

Hei og takk for at du framhevar eit svært viktig og aktuelt tema!

Du set fingeren direkte på det sentrale punktet når det gjeld diskusjonen om å tillate eggdonasjon i Norge. (Dette i samband med den foreståande evalueringa av bioteknologilova.) Eggdonasjon vil vanskeleggjere barnet sin søken og muligheiter til å forstå seg sjøl inn i ei slekt og historia til sine forferdre og formødre.  

Dette fordi vi ved å tillate eggdonasjon, rokker ved morsbegrepet og gjer det vanskeleg for barnet å vite kven som er mor; den som ga egget (den genetiske mor) eller den som bar fram barnet (den biologiske mor). 

Eg har henta overskrifta til min kommentar frå Anki Gerhardsen sin kronikk " I begynnelsen var urettferdigheten" som stod i Aftenposten 24.januar 2017.

Eg vil sterkt tilrå alle å lese den fordi den så klart illusterar den farlige "skråplaneffekten" når debatten har fastna i ein formel basert på rettigheiter og likestilling. 

Gerhardsen skriv også at vi må løfte blikket og sjå barnet inn i eit lengre perspektiv; dvs. utover barndommen som berre utgjer 18 år av eit menneskeliv. Vi må ta med i bildet at barnet ein gong vert vaksen og vil vere opptatt av å forstå seg sjøl inn i ein større samanheng.

For ca. 2 månader sidan skreiv eg sjøl eit innlegg her i verdidebatten med tittelen "Opphav og det å høyre til."

Eg meinar at våre politikarar tek på seg eit tungt ansvar dersom dei overser det grunnleggnade behovet som mange har for å kjenne sitt opphav og sine slektsrøter. Eg er redd at vi om nokre tiår har mange donorbarn som vil stille samfunnet til ansvar for sitt kompliserte opphav og dei ekstra utfordringane som det kan medføre i forhold til deira søken etter identitet og tilhørigheit.

Og vi vil, i så fall, ha ekstra behov for eit program som "Tore på sporet" i svært mange år framover.

 

Gå til kommentaren

Hei!

Eg er heilt samd i at dette forslaget frå filosof og etiker Anna Smajdor " tar kaka", men eg er glad for at Vårt Land har dette oppslaget - av fleire grunnar;

Fordi; dette viser kor langt nokre er villige til å gå "for å få laga barn"; koste kva det koste vil. Og Anna Smajdor er i selskap med fleire; det skremmer meg mest.

Fordi; dette forslaget er blotta for å ha noko form for relasjonsperspektiv; barnet blir redusert til eit "lykkeobjekt" for dei vaksne.

Fordi; barnet sin oppleving av eigen "tilblivelse" og mulige konsekvensar på det psykiske planet ikkje blir rekna med.

Fordi; svangerskap og fødsel blir framstilt som ein reint teknisk prosess. Denne filosofen verka lite orientert om det sentrale og viktige kunnskapsfeltet som kallast fødselspsykologi.   

Oppsummert; Anna Smajdor sitt forslag er utan tvil ekstremt! MEN oppslaget i Vårt Land kan forhåpentlegvis fungere som ein vekker og eit varsku om kor farleg utviklinga er i vår heimlege debatt om eggdonasjon og surrogati. For dei innvendingane eg har kome med i forhold til hennar forslag, kan også rettast mot den offentlege diskusjonen i media der rettigheitstenkninga- for dei vaksne- desverre er iferd med å få fullt gjennomslag.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere