Marit Johanne Bruset

Alder: 0
  RSS

Om Marit Johanne

Engasjert i spørsmål om barn sine rettigheiter. Tidlegare ufrivillig barnløs og tidligare aktiv i Forening for ufrivillige barnløse (no kalla Ønskebarn).Psykologspesialist og barnefagleg sakkyndig frå 1988. Partipolitisk uavhengig.

Følgere

Publisert over 1 år siden

Eit reflektert og tankevekkande innlegg som er viktig å merke seg i desse dagar då våre folkevalte tar det store ansvaret og opnar for eggdonasjon her til lands. Dei bør kunne klare å tenke langsiktig og sjå alle dei negative konsekvensane som denne praksisen kan resultere i. I morgon blir ein trist dag der dei vaksne sine behov får trumfe barnet sine rettigheiter også her i vårt land. 

Gå til kommentaren

Publisert over 1 år siden

Der er donorbarn som har stått fram offentleg med fullt namn;t.d danske Ina Rosdal Lauridsen.For interesserte politikarar skulle det vel vere fullt mogleg å ta kontakt og snakke nærare med henne for å få inn det perspektivet i debatten? Og det hastar no før Stortinget i nær framtid skal evaluere bioteknologilova.

Gå til kommentaren

Publisert over 1 år siden

AP politikaren Ingvild Kjerkhol vart intervju på Dagsnytt 18 for kort tid sidan i samband med at partiet vil opne for at eit barn kan ha 3 biologiske foreldre.Ho sa m.a.at ho hadde sett kor vanskeleg det var for personar som stod i ein slik situasjon som dette forslaget vil angå og hadde stor sympati med dei.Eg skulle så inderlig ønske at Kjerkhol og andre politikarar ville ta seg bryet med å lytte til donorbarna sine historier.Kanskje ville bildet då bli meir opplyst og også meir samansett? Kanskje ville dei då klare å innsjå at dei donorbarna som strevar er ein svært viktig part i denne debatten; ein part som altfor mange har miste av syne i den viktige debatten om bioteknologi.

Gå til kommentaren

Publisert over 1 år siden

Etter å ha opplevd argumentasjonen til Sveinung Rotevatn i Politisk kvarter på P2 sist onsdag (der eg forøvrig også var deltakar), så er min kommentar ; Venstre gløymer barna i debatten om bioteknologi. Eg oppfatta at Rotevatn, til trass for at han kom med utsagn om at ein må ta eit breiare perspektiv i spørsmåla om eggdonasjon og Venstre sitt forslag om dobbeldonasjon, var repeterande i sin argumentasjon om at dei vaksne sine ønskar og behov må vege tyngst.

Venstre har valt mottoet " Folk først" i samband med det pågåande landsmøtet denne helga. Eg meinar at mottoet "Vaksne først" ville ha passa langt bedre for dette partiet- i alle fall når det gjeld desse store viktige bioteknologiske og bioetiske spørsmåla.

Gå til kommentaren

Publisert over 1 år siden

Først; takk for referansane til forskning i forhold til spørsmålet om kreftrisiko ved hormonbehandling. Mitt hovudpoeng er at vi idag ikkje veit noko sikkert om langtidseffektane av dette fordi det har gått for kort tid frå dei første IVF behandlingane vart gjort. (For min eigen del har det gått 34 år.) Så også på dette området trengs det meir forskning.

Så til bruk av informasjonskilder og kva ein reknar som påliteleg; eg kan opplyse deg om at streaming av møter arr. av Bioteknologirådet er å finne på You Tube. Eg har t.d i kveld igjen sett igjennom opptaket frå møtet som vart arr. på Litteraturhuset i Oslo 15.juni ifjor av Bioteknologirådet og Statens medicinsk- etiska råd  (SMER). Temaet; eggdonasjon og "hva kan vi lære av svenskenes erfaringer?" (Min konklusjon er som sist eg såg dette; at svenskane har gjort same feilslutningane som fleirtalet i Bioteknologirådet når det gjeld å hevde at forskninga viser at det sosiale foreldreskapet er viktigare enn det biologiske.)

Eg kan forøvrig sterkt anbefale deg å lese boka som eg mottok i posten igår; "Den liberale familien . Biologiens comeback?" av Øyvind Håbrekke. Du som er opptatt av statens si rolle og styring, vil sikkert finne dei spørsmåla han reiser som svært interessante; t.d  Er det Staten som definerer familien? Hva er egentlig liberalt?

Det du hevdar om at debatten blir vridd til stort sett kun å omhandle barnet, visar kor ulik virkeligheitsoppfatting vi to har om den pågåande debatten.

Slik eg ser det, er det eit stort problem at fokuset i altfor liten grad har blitt utfrå barnet og barnet sine behov. Mine tankar om kvifor situasjonen har endra seg dei siste 10-20 åra, med ei dreiing til stort sett å omhandle dei vaksne sine ønskar og rettigheiter, vil eg kome tilbake til i eitt eige innlegg.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere