Marit Johanne Bruset

Alder: 0
  RSS

Om Marit Johanne

Engasjert i spørsmål om barn sine rettigheiter. Tidlegare ufrivillig barnløs og tidligare aktiv i Forening for ufrivillige barnløse (no kalla Ønskebarn).Psykologspesialist og barnefagleg sakkyndig frå 1988. Partipolitisk uavhengig.

Følgere

Om debatten som vart tatt i feil rekkefølge i DnK

Publisert rundt 2 måneder siden

Nokre hevdar at "det går seg nok til" når det gjeld dei to ulike syn på vigsel av likekjønna i DnK. Fordi der er ein klar kopling til barna sine rettigheiter i denne saka, vil eg hevde at "det å late det gå seg til" er ein lite farbar veg å gå. For barna si skuld, er det svært viktig å ha klar tale i dette spørsmålet. Det er også fullt mogleg å ha klar tale utan å ha ei konfronterande haldning i denne nødvendige og viktige debatten.

Som observatør på sidelinja og engasjert i spørsmål knytta til barn og deira rettigheiter, vil eg hevde at DnK har tatt debatten om vigsel av likekjønna i feil rekkefølge. Kyrkja som historisk har kunne smykka seg med rolla som forsvarar og talsperson for barnet og barnet sine rettigheiter, har valt å skifte side gjennom vedtaket om vigsel av likekjønna. No veg omsynet til ei gruppe vaksne (LHBT-gruppa) tyngst; sjøl om vi vel alle er samde om at barna er den aller svakaste gruppa?

Barna vert ramma fordi vedtaket i sterk grad bidreg til at innhaldet i ekteskapet vert endra. Derigjennom vert også foreldreskapet endra. Historisk har ekteskapet å gjere med oppdraging av barn; noko som avspeglar Staten sin interesse i å regulere dette. Så det einsidige fokuset på kjærleik, og retten til å elske den ein vil, er ikkje det som er hovdsaka i spørsmålet om ekteskapet. Eg unner alle å elske den ein vil, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet og legning. Dette er i mi oppfatting ein klar og udiskutabel menneskerett. Men ekteskapet handlar ikkje om følelser mellom to vaksne eller retten til å elske den ein vil, men om kva rammer samfunnet skal vedta som beste ordning for foreldreskap og oppdraging av barn.

Gjennom vedtaket om vigsling av likekjønna, så vert barnet sin naturgitte rett til både ei mor og ein far stilt til side. Dette er etter mitt syn alvorleg, då ein gjennom dette vedtaket gir aksept til påstanden om at kjønn på foreldrepartane/omsorgspersonane ikkje spelar nokon rolle for barnet. Mi mangeårige røynsle som barnepsykolog og barnefagleg sakkyndig, er at kjønn spelar ei stor og viktig rolle. Ei mor og ein far har ulike roller overfor barnet, og dei har klart ulike funksjonar som identifikasjonsfigurar for barnet. Dette er vesentleg i barnets sin identifikasjonsprosess, og ein far kan ikkje bytast ut med ei medmor, og ei mor kan ikkje bytast ut med ein medfar i denne samanhengen. 

Nødvendigheita av debatt, må også settast i samanheng med at FRI og Prideideologien hadde som hovudparole i fjorårets prideparader;  retten til familie. Dette inneber også ein rett til barn. At ei gruppe kan påberope seg ein slik rett, finn eg klart urimeleg. Ingen, uansett kjønn og legning, har rett til barn. Barn derimot har rett til foreldre.

Då Pride vart arrangert i Ålesund for første gong ifjor, uttalte sokneprest Kari Vatne som representant for DnK (til Sunnmørsposten) at debatten om familie tar vi etterpå. Førebels har eg ikkje sett nokon invitasjon til debatt frå hennar side, og eg fryktar at denne debatten no kjem i seinaste laget. Men likevel trur eg ikkje det er for seint.

Debatten skulle imidlertid ha kome før ein drøfta vigsel av likekjønna, og før posisjonane og standpunkta vart fastlåste slik dei framstår idag. Situasjonen er no prega av fenomenet som på mitt fagspråk kallast "kognitiv dissonans". Det betyr at ein søker informasjon som forsterkar eigne standpunkt, framfor å innta ei lyttande og open haldning overfor ny informasjon og overfor andre sine argument. 

Risikoen for at dette fenomenet inntrer, er ekstra stor dersom standpunkta er hardt tilkjempa gjennom ein lang og konfliktfylt prosess.

Når situasjonen er slik, vil innstillinga karakterisert gjennom utsagnet " det går seg til", vere ein altfor defensiv haldning - dersom ein ønskar å fremme barneperspektivet i denne saka. 

Amerikanske Katy Faust som har danna den internasjonale organisasjonen "ThemBeforeUs" og som kjemper for barna sine rettigheiter, er eit godt døme på at ein kan ha klar tale utan å ha ei konfronterande haldning i desse og tilgrensande spørsmål som gjeld barn og deira velferd og deira rettar. Hennar utgangspunkt er eit kristent livssyn. Eg vil råde flest mogleg å lytte til hennar klare og velfunderte tale.

Faust syner ein aksepterande og open haldning overfor alle uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet og legning. Men ho er samstundes veldig tydeleg på kva som er barna sine behov og barna sine rettar. Ho talar om dette til trass for at ho sjøl har positive omsorgserfaringar med si eiga lesbiske mor og hennar partnar gjennom mange år.

Det er og viktig å vere klar over at stadig fleire donorbarn byrjer å kome til orde med sine vitnemål. Særleg i USA der eggdonasjon og surrogati har hatt frislepp lengst. På nettsida "AnonymousUs" fortel mange om opplevingar av sorg og sakn av biologiske foreldre. Eg minner forøvrig om at australske Millie Fontana har som ein av dei første blant "donorconceived children" kome med eit rørande vitnemål om korleis ho kjempa for å oppnå kontakt til sin biologiske far og slekta på farssida. Ho fortel om korleis bitane i identitets-pusslespelet hennar fall på plass etter mange års slit og psykiske problem som følge av dette.

Viss det er nokon som har uttalerett, så er det vel desse barna/no unge vaksne, som opplever konsekvensane direkte av denne radikale kjønnsideologien?                                                                                                         (Eg har tidlegare skrive om donorbarna og barna "on the other side of the rainbow", under tittelen " Historier vi ikkje vil høyre".)

I årets Pride som aktuelt går av stabelen i Oslo, er triste og vonde historier frå homofile, lesbiske, bifile og transpersonar i fokus. Det er, utan tvil, viktig å lytte til disse og ha stor forståing for deira vanskelege livsituasjon.

MEN liksom i DnK, så saknar eg - og fleire med meg - barna si stemme både i vigseldebatten og i Pridefeiringa som aktuelt grip om seg.

Eg vil hevde at vi gjer barna ein stor urett ved å skyve deira behov og deira rettigheiter til side slik det er gjort gjennom vedtaket om vigsel av likekjønna i DnK. Eg er og redd at ettertida vil kritisere både DnK og samfunnet forøvrig, for å ha late vaksne sine ønskar og behov få forrang for barna sine rettar. Eg trur at ein om nokre tiår vil sjå det som no skjer, som ein av notidas "blindspot".                                                                                   Men der fins faktiske motstemmer og vektige argument mot denne utviklinga som no er på gang både i DnK og elles i samfunnet. Og desse kan ein velge både å lytte til, og å tillegge vekt.

Forøvrig er det eit anna og talande eksempel på at FRI og prideideologien verkeleg har fått innpass i DnK; nemleg samarbeidet som er innleiia med FRI si fagavdeling; Rosa Kompetanse. Denne er ein storaktør når det gjeld påverknad av barn og unge i forhold til FRI sin radikale kjønnsideologi. Kanskje dette samarbeidet og at ein gjennom det støtter opp om denne ideologien, er noko DnK burde bekymre seg for i samband med fenomenet Rapid Onset Gender Dysforia (ROGD) ? Eit tema som eg tidlegare har omtala med bekymring i eit innlegg her på Verdidebatt.


Gå til innlegget

Kjønnsideologi på avveie

Publisert 3 måneder siden

Kanskje er det mogleg å få ein meir open og kunnskapsbasert offentleg debatt om barn og kjønnsidentitet? La oss håpe det!

I fleire vestlege land har det vore ein formidabel auke blant barn og unge med raskt oppkommen kjønnsdysfori. Tilstanden inneber at barnet/ungdommen opplever manglande samsvar mellom sitt biologiske kjønn og den opplevde kjønnsidentiteten.

Sårbare barn

No ropar både foreldrenettverk og stadig fleire fagfolk varsku om ei utvikling der radikal identitetspolitikk har fått trumfe biologi og vitskap i omsorga for desse sårbare barna. Særleg bekymringsfullt er det at stadig yngre barn blir utsette for irreversibel feilbehandling.

Det er på tide å spørje: Kva ansvar har media for denne alvorlege situasjonen? I media og på nettet vert dei unge eksponerte for einsidig og ubalansert informasjon om temaet, samstundes som der er eit sterkt påtrykk for at den rette løysinga er å få stadfesta den nye kjønnsidentiteten gjennom kjønnsbekreftande behandling med hormon og kirurgiske inngrep.

I skulen og etterkvart i stadig fleire barnehagar, vert barna eksponerte for Prides radikale kjønnsideologi. Senter for likestilling arrangerer gratis kurs for tilsette i skular og barnehagar med formål opplæring av den oppveksande generasjonen. Kurset har tittelen «Trygg i eget uttrykk - jenter, gutter og alle andre» og handlar om kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering. Dette betyr at barn heilt ned i 3-4-årsalderen, med Statens velsigning og støtte, faktisk er gjort til målskive i eit identitetspolitisk prosjekt.

Kritiske spørsmål

Det er på høg tid å stille kritiske spørsmål også ved det som skjer i barnehagar og skular her i landet. Liksom den svenske psykiateren David Eberhard har gjort om tilhøva i Sverige. I boka Det stora kønsexperimentet (2018) kjem han med eit klart bodskap om at dei må gjere slutt på det store kjønnseksperimentet som, i likestillingens namn, skjer i svenske barnehagar og skoler, og som medfører meir skade enn gagn.

Med utviklinga vi no ser i Norge, er det grunn til å spørje om opplæringa i den radikale kjønnsideologien i barnehagar og skular kan bidra til å skape meir forvirring og usikkerheit om kjønnsidentitet hos dei sårbare barna/dei unge?

NBTS (Nasjonal behandlingstjeneste for Transseksualisme) har landsfunksjonen for utgreiing og behandling av transseksuelle personar her til lands. Fagfolka der har høgaste kompetanse og lengst og breiast erfaring med denne problematikken. Dei har sett det naudsynt å gå ut i media med si bekymring for at sexologar og andre behandlarar som eit lavterskeltilbud startar opp behandling av yngre personar. Syner til deira kronikk i Aftenposten 21. mars 2018 med overskrifta «Behandlingsivrige sexologer spanderer hårvekst og mørk stemme på najonens døtre».

Skjer for raskt

I eit oppslag i svenske Expressen 4. april i år (også gjengjeve i Nettavisen), kan ein lese om ei gruppe fagfolk og pårørande av barn/unge som har gjennomgått kjønnsbekreftande behandling, som åtvarar mot den same utviklinga i Sverige. Gruppa er samansett av leger, psykologar, forskarar og pårørande (derav også nokre norske). Dei åtvarar om at utredning skjer for raskt og er for lite omfattande og at førekomsten av «angrarar» vert fornekta eller neglisjert. I oppslaget i Expressen vert det referert frå eit brev til svenske Socialstyrelsen i november 2018, der gruppa også uttaler at ein ikkje kan utelukke at kjønnsdysfori kan «smitte» på same måte som spiseforstyrringar og annan sjølskadingsatferd. Det vert også vist til at i tillegg til dei med «ekte» kjønsdysfori, finst det unge som søker løysingar på andre underliggande problem, og at kjønnsbekreftande behandling ikkje vil hjelpe dei på lengre sikt.

Eitt trist døme på dette er å sjå i programserien «Uppdrag granskning» som vart vist på svensk tv i april i år. Dokumentaren har tittelen «Tranståget og tenårsflickorna». Den viser den vonde historia til ei ung finsk jente som har gjennomgått hormonbehandling og kjønnskirurgi. Ho angrar og må leve med dei irreversible forandringane resten av livet. Ei anna ung svensk jente som også angrar på kjønnsskiftet, blir intervjua. Men ho vågar ikkje stå fram med namn og ansikt av frykt for negative reaksjonar frå transmiljøet.

Grundige utgreiingar

Vi treng meir forskingsbasert kunnskap på dette viktige og vanskelege feltet. Særleg fordi der er ein høg førekomst av samanfall i diagnosar hos barn med plutseleg debuterande kjønnsdysfori. Diagnoser innan autismespekteret er overrepresenterte. Det er behov for spisskompetanse, grundige utgreiingar og tilpassa trygg behandling. Det kviler eit stort ansvar på fagfolka som jobbar i dette feltet på å klare å skilje kjønnsdysfori frå andre tilstandar, slik at dei som treng det, vert gitt rett behandling før dei når vaksen alder.

Ved Tavistock Centre i London, ein statleg spesialistteneste for transseksualisme, har nyleg fem leger valt å seie opp jobben fordi dei meinar at den medisinske behandlinga av ungdommane er etisk uforsvarleg, og at veksten i kjønnsdysfori ofte skuldast andre forhold enn eit reelt behov for kjønnsskifte.

D. Eberhard gir i den nemnde boka uttrykk for at i den postmoderne verda er følelsar blitt like viktige som fakta, og at ingen stader blir dette meir tydeleg enn i debatten om mannleg og kvinneleg.

Ideologisk motiverte angrep

Det er svært urovekkande å lese at innan det internasjonale akademiske miljøet og blant forskarar innan transfeltet har fleire opplevd å bli trakasserte, motarbeidd og freista knebla og sensurert. I England har det gått så langt at i oktober 2018 bad ei gruppe på over 100 akademikarar/forskarar frå ulike fagområde styresmaktene om beskyttelse mot ideologisk motiverte angrep innan dette feltet.

Barn og unge med utfordringar knytta til kjønnsidentitet er ei samansett gruppe vi treng å møte med omsorg og respekt, men også med god og sikker informasjon. Både i undervisingsamanheng, i det førebyggande arbeidet og i behandling er det viktig å hente informasjon frå oppdaterte, kunnskapsbaserte og pålitelege kjelder. Dessverre er dette langt ifrå situasjonen slik den framstår i dag.

Eitt lite lyspunkt er at journalist Ingunn Økland i sin kommentar i Aftenposten den 27. april i år uttalte at transbevegelsen må tåle debatt.

Marit Johanne Bruset

Psykologspesialist

Gå til innlegget

Radikal kjønnsideologi

Publisert 7 måneder siden

Eg støttar dei homofile sin rettigheitskamp, men eg er sterkt imot og skremt av Prideideologien som FRI forfektar.

I 2018 arrangerte FRI (foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold) Prideparade i Ålesund for første gong. Sjøl opplevde eg å stå i eit dilemma: Eg støttar dei homofile sin rettigheitskamp, men eg er sterkt imot og skremt av Prideideologien som FRI forfektar. For meg vog det siste tyngst.

Ideologien. 

FRI står som arrangør og medarrangør for dei fleste Prideparadar her i landet. Eg trur at mange som har deltatt i paradane ikkje har sett seg inn i kva FRI faktisk står for, og har deltatt utan å tenke igjennom at FRI truleg tar den store oppsluttinga som har vore om paradane landet over, til inntekt for sin ideologi og sine verdiar.

FRI med sine omlag 2.000 medlemmar har røter i homokampen som starta som ein borgerrettigheitskamp på 1960-talet. Frå å vere ei viktig stemme for homofile sine rettigheiter, har foreininga idag ein mykje breiare agenda. Kampen har blitt til eit venstreradikalt identitetspolitisk prosjekt som framleis lener seg moralsk på historia som ein liberal fridomskamp.

Fleire, også homofile, stiller idag spørsmål om dette prosjektet er så moralsk udiskutabelt som det ein gong var. Kampen, i vestlege land, handlar i dag i stadig mindre grad om likeverd og i stadig større grad om positiv særhandling for stadig smalare definerte grupper.

Grunnleggande verdiar. 

Eg har i fleire tiår vore opptatt av barn sine rettar og meinar det er viktig å sjå nærare på kva prideideologien faktisk handlar om; både i høve barnet sine rettar og deira behov. Men også fordi ideologien rokkar ved våre grunnleggande verdiar når det gjeld familie, foreldreskap, slekt og kontinuiteten mellom generasjonane.

FRI forfektar ein radikal kjønns-
ideologi der alle typar kjønn, kjønnsuttrykk, kjønnsidentitetar og seksuelle orienteringar er likestilte «normal-
variantar». Det same gjeld for all seksualitet, alle seksuelle handlingar mellom samtykkande og likestilte vaksne og alle typar samliv. Når det gjeld sistnemnde, så er den vedtekne politikken at verken talet på personar eller kjønn skal avgjere kva slags verdi og juridiske status samlivsforma skal ha. Dette inneber med anna lovfesting av retten til polygami.

Norge har ratifisert FN sin barnekonvensjon. Ifølgje artikkel 7.1 skal barnet, så langt det er mogleg, kjenne sine foreldre og få omsorg frå dei.

Det tokjønna foreldreparet. 

Den monogame familien der biologiske foreldre oppdreg sine felles barn i eit samarbeid og i ein dialog er historisk vurdert som ein kjerneverdi i samfunnet vårt. Gjennom det tokjønna foreldreparet vert familieband etablerte og slektskap danna.

Slekt bind generasjonar ihop, og barnet blir ein del av ein større samanheng og med røter i eit større fellesskap

FRI kjempar for å utvide familieomgrepet; noko som inneber dekonstruksjon av familien og endring av innhaldet i foreldreskap og avskaffing av forholdet mellom mann og kvinne som det naturgitte grunnlaget for familien. Dette har radikale konsekvensar også for slekt og slektstilhørigheit, og når det gjeld forholdet mellom generasjonane.

Innan reprodusjonsfeltet reiser FRI kravet om surrogati; noko som forutset retten til eggdonasjon. Den sistnemnde retten var tatt for gitt; noko som den nye politiske situasjonen truleg vil endre.

Plan for lobbyarbeidet. 

I paradane i 2019 vil retten til eggdonasjon garantert vere i fokus. Og FRI har nok allereie lagt sin plan for lobbyarbeidet der føremålet er å påverke stortingsrepresentantane som hittil har vore imot eggdonasjon.

Dersom krava vert innfridd, så vert barnet gjort til ein rettigheit for dei vaksne (jamfør kravet om retten til familie.).

Eg meinar det er viktig å vere merksam på at Prideparadane er ei politisk markering av LHBTQ-bevegelsen sine verdiar. Som det heiter i paradereglementet: «deltakelse i paraden må ikke være i strid med disse verdiene.»

Gå til innlegget

Trang meiningskorridor

Publisert over 1 år siden

Dei siste 15 - 20 åra har debatten om reproduksjonsteknologien gradvis endra seg frå å ha barnet i fokus til å handle om likestilling og likebehandling for dei vaksne. Den underliggande ideologien er at viktigheita av det biologiske bandet mellom barnet og foreldra har blitt nedtona i forhold til det sosiale foreldreskapet. Eg har undra meg over kva som har bidratt til denne snuinga.

Dei siste 15-20 åra har debatten om bioteknologi  og reproduksjonsmetodar dreia frå å ha barnet i fokus, til å bli dominert av vaksenperspektivet. I dag er det relativt få i den offentlege debatten som tar den svakaste parten sitt parti; nemleg barnet. Eg har undra meg over dette skiftet og meinar at dreiinga er kopla til framveksten av sterke pressgrupper sin rettigheitskamp og debattklimaet som har utvikla seg i takt med denne.

Det har frå tidleg på 1980-talet vore ein sterk allianse mellom Forening for ufrivillig barnløse (no kalla Ønskebarn) og behandlingsmiljøet i reproduksjonsfeltet. Etter kvart som rettigheitskampen for homofile, lesbiske og transpersonar har fått fotfeste, så har pressgruppa som ivaretar dei vaksne sine interesser på dette området, blitt sterkt utvida. Ettersom stadig nye grupper vert inkludert (no står dei einslege for tur) så er den rådande argumentasjonen blitt ; like rettigheiter og likestilling for alle når det gjeld barneproduksjon. 

At menn og kvinner frå naturen av er gitt ulike roller i reproduksjonen, er det visst ingen grunn til å problematisere? For ved bruk av likestillingsargumentet, så er det ingen grenser for inkludering. Resultatet blir overvekt av dei som har interesse av å gi vaksenperspektivet stor plass i debatten. Når det i tillegg er sterke lobbykrefter frå den internasjonale reproduksjonsindustrien som jobbar på mange frontar, så vert overmakta stor.

I forsøket på å foreine likestillingsargumentasjonen og barna sine behov, så har nokre viktige argument slått rot i debatten. Desse har fått gjennomslag langt inn i den norske Kyrkja og i Bioteknologirådet. Nemleg; at det viktigaste for barnet er å vere ønska og elska. Dette vert påstått å trumfe både behovet for å kjenne sine biologiske foreldre, og retten til, så langt som råd, å få vekse opp med dei  (ref. barnet sine rettar ifl. Barnekonvensjonen).

Det andre argumentet er;  at i omsorgsrolla så er foreldra sitt kjønn utan betydning for barnet sin identitetsutvikling  og den psykososiale utviklinga.

Det vert også stadig hevda at forskinga visar at donorbarn som veks opp hos likekjønna foreldre klarer seg godt psykososialt; ja endåtil bedre enn andre barn hevdar enkelte. MEN faktum er at vi idag ikkje veit nok om dette, og ingen kan hittil vise til forskingsresultat som grunnlag for slike påstandar.

Vaksne donorbarn som dei siste åra har stått fram med sine historier, har fortalt at saknet av den andre genetiske foreldreparten har skapt alvorlege emosjonelle vanskar og bidratt til ein tung identitetsprosess.  Dei fortel om tøffe kostnadar med å stå fram og om kraftige sanksjonar i deira oppvekstmiljø. Historia til australske Millie Fontana er eitt gripande eksempel på dette. Fordømminga og dei sanksjonane som donorbarna har blitt møtt med i LHBT- miljøet vitnar om kor "farleg" denne informasjonen er for deira rettigheitskamp i høve reproduksjonsspørsmålet.

I forhold til den norske offentlege debatten, er det interessant å lese journalist Anki Gerhardsen sitt innlegg i Aftenposten 16.februar iår der ho skriv under tittelen "Minoritetenes makt" ; " Den som vil beholde sitt gode navn  og rykte, stiller ikke spørsmål ved minoritetenes krav. Det gjør ikke pressen heller." Ho hevdar også; "... vår tids tabu i de progressive kretser, og der kryr det av journalister, er en problematiserende og kritisk holdning til minoritetenes krav og virkelighetsbeskrivelse."

Anki Gerhardsen visar til eit sjeldant unntak der T. Ulserød, som er homofil, i Aftenposten 13.februar hevdar at homoeliten, inkludert delar av den norske pressen, er intolerant og at meiningar utanfor eit smalt register blir møtt med sterke sanksjonar og hatefull respons.

Eg meinar at den skeive meiningsrepresentasjonen i debatten om eggdonasjon også handlar om debattkilmaet og vanskar med å komme til orde.

Gerhardsen tar utgangspunkt i systemteoretikeren Nassim Taleb sin påstand i essayet " The most intolerant wins"; at samfunnsvitere feilaktig går ut frå at fleirtalet i eit samfunn bestemmer. Ho refererar så til Klassekampen sin tidlegare omtale av dette essayet og deira slutning; at det ofte heller er minoritetar som får viljen sin, gjennom at eit lite mindretal av høglydte grupperingar får diktere norma i eit heilt samfunn.

Som deltakar i eggdonasjonsdebatten har eg erfart eit debattklima med velkjente hersketeknikkar som tausheit og neglisjering. Det har, med nokre viktige unntak, vore utfordrande å få sleppe til i media og har kravd tolmod og stå-på-vilje. Dersom andre har opplevd det same, så forstår eg at det er lett å miste motet for så å trekke seg som aktør i debatten. Stemplinga av meinigsmotstandarane som gamaldagse, bakstreverske og til og med som befruktningsmoralister og homofobe, gjer det heller ikkje enklare å stå fram.

Det er synd om angst for å bli stempla og frykt  for "å risikere sitt gode namn og rykte", held folk borte frå å delta i denne viktige verdidebatten. Mine erfaringar både privat og i yrkessamanheng, har gjort det påtrengande viktig for meg å ivareta og å framheve barneperspektivet i debatten; uavhengig av kva som vert utfallet når Stortinget mot sommaren skal evaluere Bioteknologilova. For dersom det blir fleirtal for eit ja til eggdonasjon, så vil dei etiske dilemmaene og utfordringane stå i kø vidare i debatten.

Utfallet av debatten om eggdonasjon (og surrogati) vil prege samfunnet vårt på så mange områder i tida framover.                                                 Det handlar ikkje berre om barna sine rettigheiter i høve Barnekonvensjonen (som Norge har skrive under på), men kor mykje vi vil vektlegge betydninga av slekt og kontinuiteten mellom generasjonane i vår kultur. I vår tid med så rask utvikling og forandringar på så mange områder i samfunnet, vil det å fasthalde slike viktige identitetsmarkørar bidra til å skape sterkare tilhørigheit og oppleving av samanheng for barna som skal vekse opp.

Nedtoninga av betydninga av biologisk opphav til fordel for betydning av sosialt foreldreskap, meinar eg er eit stort eksperiment. Idag veit vi ikkje kordan dette eksperimentet vil prege barna sin identitet.

Den ustabiliteten som vi ser i samfunnet med mange skilsmisser og skifte av sosiale foreldreskap, skulle tilseie at biologisk foreldreskap gir eit tryggare grunnlag for lovgivninga omkring barnet.

 

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
18 dager siden / 3214 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
24 dager siden / 2410 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
26 dager siden / 2345 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
12 dager siden / 2333 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
12 dager siden / 1794 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
9 dager siden / 1614 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
25 dager siden / 1480 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
6 dager siden / 1381 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere