Marita Bjørke Ådland

Alder: 46
  RSS

Om Marita

Sokneprest i Slemmestad og Nærsnes. Glad i å skriva, eigen blogg: kirkeblogg.com

Følgere

KrF - for kven?

Publisert over 10 år siden

Debatten går om kva som er årsaka til at KrF har så låg oppslutning for tida. Eg trur svaret på det er ganske enkelt. KrF er inne i ei brytningstid. På ein eller annan måte må Krf velja kva dei skal vera; eit politisk parti eller ein slags menighet for kristne med politiske interesser.

Partiet har eit komplisert dilemma om dagen; skal det appellera til nye veljarar, som kanskje er meir liberale enn stamma i partiet, eller skal dei tekkast den, nok etterkvart, aldrande gruppa av konservative kristne kyrkje- og bedehusfolk. KrF er, naturleg nok, redde for å mista denne gruppa ved å komma med for kontroversielle forslag, men då er det grunn til å opplysa desse menneska om at det er snakk om eit politisk parti og at det ikkje er gjennom politikken ein skal disktutera kva som fører til frelse og kva som fører til fortaping.

KrF er eit parti med verdiar som appellerer til mange ulike mennesketypar, og kanskje til og med ulike religionar. Det er desse verdiane partiet må fokusera på - og profilera. Dette er verdiar som me som kristne må kunna stå saman om på tross av at ein er usamde i andre religiøse spørsmål, og det er verdiar som mange andre også må kunna slutta seg til utan å ha problem med det, sjølv om ein skulle ha ei anna - eller inga - tru.

Leiinga og andre som representerer partiet i media, må vera medvitne på kva saker dei frontar i aviser og i tv-debattar (i den grad dette let seg styra av politikarane sjølve - media er ei sterk makt). KrF har definitivt eit uutnytta potensiale som verdiparti i vår tid, medan mange elskar å framheva det som har mest å gjera med "mørkemannskristendom" - anten det har å gjera med Israel eller homofili. Me såg det seinast på "Norge i rødt, hvidt og skrått", dokumentarserien om homofili i Noreg som har ein klar front mot både kyrkja og KrF. Der blir eit gammalt bilete av Kjell Magne Bondevik trekt fram, som tydeleg gjev assosiasjonar til "gamle dagar" og eit sitat av Bondevik som er 10-20 år gammalt. Eg tenker han hadde svart på ein annan måte om han hadde blitt konfrontert med dette spørsmålet no. Eg synes det var uredeleg.

KrF får altså tydelegvis ingen hjelp frå media - beståande av representantar for det politisk korrekte Noreg - til å profilera det positive ved partiet, verdiar i vår tid som mange ser på som viktige anten det er snakk om menneskesyn eller miljøvern. Her må KrF gjera jobben sjølv. Eg trur difor det viktigaste for KrF framover er å trekka til seg nye krefter og ikkje vera redd for at medlemmene meiner litt forskjellig. Ein må tenka som Martin Luther; sentrum og periferi. Kva er sentrum, kva er kjerna i politikken vår? Kva er mindre viktig, kva kan vi legga litt til side i ein politisk samanheng? Det nyttar ikkje å driva med teologi i eit politisk parti der det er storleiken (i ei viss grad) det kjem an på! Krf er ikkje ein menighet, det er eit politisk parti som syslar med politikk og ikkje teologi. Dette er eit av dei viktigaste spora å komma ut av, slik eg ser det, i  tillegg til å vera open for ulike synspunkt og mennesketypar i partiet. Berre slik kan Krf framstå som eit framtidsretta parti som kan vera relevant for menneske i 2010 også.

KrF er rett og slett komme i ei klemme, og eg ser berre ein veg ut av dette. Gi slepp på kreftene som vil sementera partiet i gamle former, på sikt vil dette leia til den sikre død. Då er det viktigare heller å ha ein periode med dårleg oppslutnad der ein bruker tida til å bygga opp eit nytt parti som kan trekka til seg eit større mangfald og som kan leva lenge med mange ulike synspunkt og meiningar, men der ein står saman om dei store kjernesakene som menneskeverd og miljøvern.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere