Marita Bjørke Ådland

Alder: 45
  RSS

Om Marita

Tidlegare lektor ved Kristelig Gymnasium (norsk og religion). Nå sokneprest i Slemmestad og Nærsnes. Glad i å skriva, eigen blogg: maritabjorkeadland.wordpress.com

Følgere

Gudstenesta som formidlingsarena

Publisert nesten 2 år siden

Kva skal vi finna på 11. søndag i treeiningstida når alle er på ferie og presten er aleine? Korleis kan vi laga gode gudstenesteopplevingar med enkle ressursar? Kva ønskjer menneske å oppleva når dei kjem i kyrkja?

Må Jesus stilla stormen kvar gong det er meir enn 10 barn på ei gudsteneste? Må preika forenklast kvar gong det er fire dåp? Må vi synga barnesongar som ingen lenger kan, kvar gong det er barn i kyrkja? Etter to år som prest og 13 år som lektor i ungdomsskule og vidaregåande skule har eg gjort meg nokre tankar om korleis det står til med pedagogikken i Den norske kyrkja sånn i det daglege, på travle dagar, i det vanlege livet. For ikkje lenge sidan var eg på kurs for nyutdanna prestar. Mange av prestane der sa at dei sakna det pedagogiske aspektet i utdanninga. Som lærar formidla eg kunnskap. Som prest formidlar eg noko anna. Barn må gå på skule. Men barn må ikkje gå på gusteneste. Men vi vil jo gjerne at barn skal gå på gudsteneste. Ergo; pedagogikken som reiskap til å få barn til å trivast i kyrkja, er særdeles viktig.

 

Som prestar kan vi stå på hovudet mens vi syng Kven har skapt alle blomane. Vi kan få med oss pedagogar, trusopplærarar og ungdomsleiarar. Vi kan dramatisera, vi kan dansa, vi kan ha det artig. Og det fungerer bra. Og vi har allereie arenaer der vi får utfolda oss slik, der vi får vist at vi er opptekne av barn, og der barn får vera med og medvirka. Kvaliteten på t.d. Lys våken-gudstenestene og Tårnagent-gudstenestene er høg, og som kyrkje skal vi vera stolt av det vi har fått til i trusopplæringa. Menigheten, både dei som går fast, og dei som følger barna på desse gudstenestene, gir god tilbakemelding. Her lykkast vi som inkluderande kyrkje, her er det plass til alle, her er det på barnas premisser – med plass for dei vaksne også.

 

Men så er det 11. søndag i treeiningstida. Lys våken er ikkje før desember. Tårnagenthelga endå lenger fram i tid. Det er ingen trusopplærarar i sikte, og kateketen har framleis ferie. Teksten handlar om israelsfolkets motvilje mot å lytta til Guds stemme. Og det er fire dåp. Og ein prest. Og ein kantor. Eller eit band. Og ein kyrkjevert. Og ein kyrkjetenar. Det ligg altså, ytre sett, an til ei heilt ordinær gudsteneste, der presten må gjera det meste sjølv, mens ho står i spagat mellom israelsfolket og dåpsfamilien, mellom kvalitet (fylla gudstenesta med godt innhald) og kvantitet (men det må ikkje vara for lenge). Det er mange slike søndagar, for enkelte prestar er kanskje bortimot alle søndagar slik, enten det heiter ellevte søndag i treeiningstida eller Lys våken. Kva kan vi prestar ta med oss frå pedagogikkens verd og inn i gudstenesta? Min påstand er at det vi tenker på som viktig – enten det er barnegudsteneste eller vanlig gudsteneste (treng vi eigentleg desse termane?) kanskje ikkje er det dei som kjem, ser på som viktig.

 

Pedagogikk er så mangt. Men det er ikkje nødvendigvis at alt skal skje «der nede», på barnas nivå. Å vera pedagogisk handlar om evna til å skapa nysgjerrighet, og evna til å legga fram det ein vil formidla, på ein måte som gjer det interessant (difor heng retorikk og pedagogikk også saman). Ikkje minst handlar det om å løfta barns forutsetningar for kva dei er i stand til å ta imot. I kyrkjerommet ligg alt til rette for å skapa nysgjerrighet, for orda som blir høyrt, men like mykje for rommet vi er i, for tinga vi gjer, for det som blir sett og det som blir gjort. Kva stader blir det elles tent lys – mange små lys rundt eit stort lys, forma som ein jordklode? Og kva andre stader får små barn vatn på hovudet? Kva andre stader kan ein høyra så høg musikk (kanskje på Mini-øya)? Kva andre stader syng vi saman og ber? Kva andre stader står vi i kø for å få brød og vin? Alt vi gjer i kyrkja; liturgien, songen, det vi festar blikket på, har jo si kjelde i ein pedagogisk tankegang, så vel som ein teologisk? Før var kyrkjene fylt med fresker på veggane i skipet, slik at dei som ikkje kunne lesa, skulle kunna sjå bibelforteljingane (ein slags oldkyrkjeleg Power Point, altså). Martin Luther nummererte og forkorta, så det skulle vera mogleg å forstå. Petter Dass skreiv på rim så det skulle bli lettare å hugsa.

 

Kva kan vi gjera i dag? Min påstand er at kvalitet og pedagogikk handlar om å ivareta eit heilskapleg syn på gudstensta. Fordi; det vi gjer i ei gudsteneste, kan like godt fanga merksemda til ein fireåring som ein femtiåring. Det vi gjer i gudstenesta – og det som skjer i gudstenesta, kan like godt fenga ein femtenåring som ein åttiåring. Vel å merka om ein gjer det på ein formålstenleg måte. Kyrkjefaderen Augustin snakka i sin retorikk om å «movere». Eg trur dette ordet er det heilt sentrale stikkordet for all gudstenesteplanlegging og gjennomføring. Difor begynner vår gudsteneste 11. søndag i treeiningstida allereie heime hjå familien Hansen på dåpssamtale; når vi snakkar med storesøster til dåpsbarnet, når vi diskuterer oppussing, når vi snakkar om kor utruleg slitsomt det kan vera å vera mor, når vi snakkar om uroa for barnehageplass (og sjølvsagt om dåpen, om nåden og om barnets plass i Guds rike). Og så held det fram i våpenhuset 11. søndag i treeiningstida kl. 10.55. Når storebror får bera korset, når bestemor fortel om den gamle dåpslua. Når onkel kjem for seint og blir tatt godt i mot av kyrkjeverten. Og så held det fram når vi går inn saman medan vi syng ein salme med ein kjent melodi som menigheten har fått beskjed om at står på nr. 320.

 

Duoen Erik og Kriss syng i ein av sine sommarhits frå 2017: «Det er alle de små tingene som gjør livet stort». Slik er det i kyrkja også. Det er summen av det dåpsfamilien, og menigheten elles, opplever, som avgjer om gudstenesta blir ein stor opplevelse eller ikkje. Difor må presten gjera som alle lærarar veit dei bør (men ikkje alltid gjer, meg sjølv inkludert); møta opp i god tid, ha tid til litt small talk med dåpsfamilien og ha ro og tid til å hjelpa den litt nervøse niesa på 15 som skal lesa bibelteksten under dåpen. Vi må vera ferdig med oss sjølve i god tid, slik at vårt fokus som prestar kan vera på menigheten. Vi må hugsa at vi skal movera. Gjennom veremåte, gjennom liturgi, gjennom bibellesing, gjennom preken, gjennom dramaturgien skal vi movera. Og kva skal vi movera til, eller mot? Jau, det er nattverdbordet. Min jobb som prest er, etter mi meining, at alle som er der, anten dei er der ofte eller sjeldan, skal kjenna at kyrkja er ein heim. Då må vi som kyrkje i 2017 ta nokre grep. Her er tre enkle tips til ein god totalopplevelse:

 

Det er fint å annonsera første salme under informasjonen før bønneslag og prosesjon. På den måten har alle same føresetnad for å delta heilt frå starten. Det er ikkje lenger opplagt at det for dei som er der, er ein samanheng mellom numra på veggen og den raude boka (og er det eigentleg så rart?).

 

Det er fint å læra litt av liturgien utanat slik at vi kan legga vekk boka av og til. Petter Dass meinte det var viktig å kunna ting utanat. Sikkert fordi mangelen på bøker var meir prekær i 1680 enn i 2017. Men kanskje ikkje berre difor. Ingen moverer tilhøyrarane ved å sjå ned i ei bok.

 

Det er fint og viktig å vera fokusert. Å ha gudsteneste er å vera skikkelig «på» i minst (og kanskje max) 60 minutt, til nød 75 når det er fire dåp). Kanskje er det ein grunn til at ein skuletime aldri varer meir enn 60 minutt? I klasserommet foregår den beste og mest dynamiske undervisninga når vi kastar ball med elevane. Vi kastar ikkje ball i kirka på same måte. Men kommunikasjonen og samspelet mellom prest og menighet er likevel avgjerande for både prestens og menighetens totalopplevelse. Gudstenesta har ein leiar, og den leiaren er presten. Når vi som prestar står framme og leier gudstenesta, kviler det difor ein del forventningar til oss; til kroppspråk, bevegelse og stemmebruk. Det er ikkje noko hokus pokus, det handlar berre om enkle grep som gjer gudsteneste til gudsteneste. For: vi kan ikkje stå på hovudet og stilla stormen kvar søndag. Vi kan ikkje ha med matboks og fem brød og to fiskar kva søndag. Vi får ikkje til å ha barn som dramatiserer kvar søndag. Men det vi kan få til kvar søndag, er å føra vaksne og barn inn i det dramaet som gudstensta er. Det har ikkje noko å gjera med korleis vi er som personar. Det handlar om medvit og planlegging, fokus og nærvær. Kanskje er det slik: Om vi klarer å bruka alle dei reiskapane vi har for å laga ei gudsteneste som kan engasjera både store og små, så kan vi godt tala om israelsfolket som snur seg bort, om falske profetar eller om andre vanskelege tema. Erfaringa mi var at det gjekk fint fordi resten av dei 50 minutta blei barna sett og møtt, dei fekk delta, dei fekk praktisera tru.

 

Dette handlar om å halda på vår eigenart og våga å tru at dei som kjem, synest det er flott å vera med på noko som er heilt annleis! Kanskje synest barna til og med at det er godt å komma til ein stad der det ikkje handlar om å prestera, visa seg fram og få applaus, men om å skapa noko saman i eit fellesskap? Kanskje kan kyrkjerommet på den måten også bli ein fristad og ei omvendt-verd? For var det ikkje ein som sa at Guds rike høyrer barna til?

Gå til innlegget

Det blikket du ikkje ser

Publisert rundt 2 år siden

Av og til skal vi legga vekk den kritiske stemma. Og møta det hellige alminnelige blikket til ein konfirmant.

 

 

Veit du at det er eit blikk du aldri ser, du kritiske debattant, du kronikør, du lesarinnleggforfattar? Veit du at det du seier og det du skriv, aldri blir heilt sant? Det du skriv om konfirmanten, veit du. Som berre er ute etter pengar. Som bryr seg katten om budskapet. Som lar seg døypa berre for så å bli konfirmert og håva inn pengar frå rike tanter og onklar. Som ikkje er interessert i å pugga Vår Far (eller Fadervår som det heitte då du var ung). Eller dei ti boda. Eller Johannes 3,16. Du var heller ikkje interessert i det då du var 15? Eg var heller ikkje så veldig interessert i det då eg var 15.  Men det er noko anna. Noko meir. Noko du ikkje ser frå der du sit. Frå din synsvinkel. Frå ditt skrivebord på ein kul kafé i Oslo. Eit blikk som ikkje er ein del av din radius. Som er utanfor din rekkevidde, utanfor ditt synsfelt. Som du ikkje veit noko om fordi du ikkje ser det. Og som derfor betyr at du må moderera det du seier. Du må kanskje også innrømma at du tar feil. For eg har sett eit anna blikk.

 

Eg har sett blikket til konfirmanten som for første gong går til nattverd. Som ikkje fniser det bort som kanskje du og eg gjorde på åttitalet. Det blikket som inneheld både skjemt og djupt alvor slik ein femtenårings blikk gjerne skal. Det er ingen av nattverdgjestane ellers som ser på meg med det samme, faste blikket som ein konfirmant. Visste du det? Har du sett det frå min synsvinkel, der framme ved alteret, der framme der det aller helligste er og skjer. Der framme i kyrkja der konfirmanten tar imot brødet og vinen? Har du sett det?

 

Du har vel kanskje heller ikkje vore med på ein dåpssamtale og høyrt kva ein konfirmant seier om dåpen? Kanskje var det slik då vi var unge, at vi ikkje var så nøye på det. Kanskje hadde vi så mye berøringsangst med det religiøse at vi berre tøysa det bort. Veit du kva, du kjære kritiske kronikør? Det er eit alvor i det å døypa seg. Og eg har møtt meg sjølv i døra, der eg kanskje litt avmålt i møte med konfirmanten i dåpssamtalen meiner og kjenner at eg skal sjekka motiva, sjekka at det er i alle fall eit snev av ærlighet inne i bildet. Litt tilbakelent. Og så får eg det midt i fleisen, med full tyngde: «Jeg vil døpes fordi jeg tror på Gud». Ferdig snakka. Den satt! Fantastisk! Velkommen! Det faste blikket og dei klare orda. Med eit alvor berre ein femtenåring kan visa.

 

Og så på den store dagen. Møta det samme blikket. Fastheten. Alvoret i stunda. Litt nervøs. Men blikket fast. Med det samme, gode smilet. Det som skjer her, gir meg den største tru og visshet om at det er riktig og viktig at femtenåringen blir minna om at dåpens lys varer gjennom heile livet. Og at korset som blei tegna i dåpen, også kviler over urolige ungdomsår, urolige kroppar, usikre og keitete kroppar. Det betyr noko for den som opplever det. Ein femtenåring treng også eit rom for store ord, for store øyeblikk, treng eit språk for sin lengsel  og ei adresse for si uro. Alle treng det.

 

Det er så mange stemmer i dag som vil meina noko om konfirmasjon. Vi er generelt så flinke til å trekka andres motiv i tvil uansett kva det handlar om. Vi er så flinke til å problematisera, kritisera, vurdera, diskutera, provosera. Men femtenåringens blikk talar for seg. Prøv, kjære debattant, å sjå det frå konfirmantens synsvinkel. Prøv du sjølv å møta verden, dåpen, brødet og vinen med det gode blikket. Ikkje det kritiske. La pennen ligga, sjå opp og møt blikket, du også. Møt menneske rundt deg, møt kyrkja, møt dei som trur og meiner noko anna enn deg med det gode blikket. For slik ser verda ut frå min synsvinkel. Det blikket som møter deg når du lar stengslene falle, det er kjærleikens blikk. Og det er det verda treng. Ikkje gidd å la deg provosera av noko som ikkje er sant. La oss heller dela gleda med konfirmanten. Gleda over dagen, over festen, over fellesskapet, over gavene og over dei gode orda. Og over bønna som blir bedt for konfirmanten. For det skjer noko der oppe ved alteret når blikka møtest og livet blir lagt i Guds hender. Også for ein femtenåring. Noko er framleis hellig.

Gå til innlegget

Ein prest, ein plage og ein folkefiende

Publisert over 5 år siden

Filmen om Børre Knudsen er ikkje ein film for tilhengarane hans. Filmen er for oss som lever i den tempererte, politisk korrekte mentaliteten.

For tida synes eg livet rommar så mange spanande tankar og tendensar. På kino rullar og går noko så sært som ein film om Børre Knudsen. Både filmen og han som person – og ikkje minst møtet med familien hans – vekker sterke kjensler i meg. Sjølv ville eg aldri teke i bruk dei same verkemidla som han gjorde. Det er heilt framand for meg. Eg tenker det var feil måte å møta menneske i ein sårbar situasjon. Men det betyr ikkje at eg er usamd med Børre Knudsen i sak. Eg er tilbøyeleg til å vera samd med han i at kyrkja burde ha gripe sjansen til å kjempa for menneskeverdet saman med Børre Knudsen. Kanskje ville metodane og aksjonane sett litt annleis ut då – og fått fleire støttespelarar.

Ein kan knapt vera i mot lova om sjølvbestemt abort, det tenker eg er eit slags nødvendig onde i samfunnet, det er må ein måte ikkje noko alternativ. Samstundes går det an å tenka at aborttala er svært høge. Ingen er vel eigentleg for abort? Det handlar litt om kva samfunn vi har blitt og kva enkeltindivid vi har blitt. Kva tenker vi om fridom, ansvar, forplikting og lykke? Kva forventningar har vi til livet? Skal egoismen styra oss? Skal den kompakte majoritet, den tause, kompakte, unnvikande og vinglete majoriteten som aldri vågar å ta stilling til noko, bestemma kva vi skal meina, korleis samfunnet skal utvikla seg og kva som skal få lov til å vera vondt og vanskeleg? Eg er redd for å seia at eg støttar Børre Knudsen i sak. Eg er redd for å legga ut linkar til intervju o.l. med han via Facebook. Eg er redd for at folk skal tru at eg er klin gærn.

Likevel gjer eg det. Og det handlar ikkje primært om abortsaka. Men det handlar om at eg ønsker eit samfunn der vi – også i andre situasjonar og saker – kan framsnakka dei kompromisslause, dei som vågar å vera upopulære, dei som vågar å stå last og brast med si eiga overbevisning, som ikkje snur seg etter vinden, som talar dei svakes sak, som seier dei upopulære tinga, som fortel sanningar vi helst ikkje vil høyra. Og så synes eg faktisk det er eit poeng at slike menneske blir sett på som noko meir enn skrullete, konservative (menn) som vi med våre fordommar kan skapa, med full rett, i vårt eige skrekkbilete. Og tru at vi kjenner sanninga fullt og heilt. Og ingen krev at vi skal prøva å forstå. Vi berre kastar rundt oss med fordommar og fine formuleringar, vel vitande at vi har dette vidunderlige i ryggen, slik Thomas Stockmann formulerer seg i Ibsens En folkefiende, som heiter “den kompakte majoritet”.

Dottera til Børre Knudsen seier at for henne er filmen først og fremst ein film om ytringsfridom. Det er eg einig i. Filmen er god fordi han viser oss ein kompromisslaus folkefiende som sette alt på spel – til og med sin eigen familie – akkurat som Thomas Stockmann. Så kan ein kanskje seia det samme om Børre Knudsen, som Stockmann seier om seg sjølv heilt mot slutten av dramaet; “Den sterkeste mann i verden, det er han som står mest alene”.

Så må ein vidare spørja seg; kampen for sanninga, for det ein trur på, for verdiar og for menneskeverd – er det ein viktigare kamp enn å ta vare på sin eigen familie og sitt eige liv og ekteskap? Kor går grensa mellom idealisme og idioti? Ansvar og ansvarsfråskriving? Sak og sanning? Kamp og kjærleik? Og kva hjelper det Børre Knudsen og kampen hans om han til slutt står igjen aleine? I dette spennet tenker eg at han har levd sitt liv. Silk eg ser det, bomma han på enkelte av prioriteringane.

På 1600-talet sa den britiske diktaren John Donne at “no man is an island”. Nei, ingen mann er ei øy. Ingen mann kan fråskriva seg ansvaret for familie og barn – sjølv om det var ei anna tid. Samstundes tenker eg at mange menn gjorde som Børre Knudsen og let jobb og kall gå framfor familien – det ser vi eksempel på innanfor både børs og katedral, for å seia det slik. Eg trur ikkje vi skal dømma han for hardt for det – eller det skal vi – men då skal vi dømma mange andre hardt også – menn som prioriterte “gamaldags” etter våre målestokkar. Heldigvis har verda gått framover! Så er vel Børre Knudsen eit døme på ein som let kallet og kompromissløsheten gå framfor alt – og det til ein pris som dei rundt han først og fremst måtte betala. Og det ser vi også ei erkjenning av i filmen; han seier noko slikt som “jeg har jo lurt på om det var jeg eller de (motstandarane hans) som var gale”. Men han seier altså, gong på gong, at han ville gjort det samme om igjen. Går det an å forstå det når vi veit kva det har kosta hans næraste? Knapt. Om nokon skulle få medalje for lang og tru teneste, må det vera kona til Børre Knudsen.

Eg trur vi med fordel kan bli litt mindre redde for å gjera oss upopulære. Børre Knudsen er ein av våre siste folkefiendar, eit “gnagsår”, som han kallar seg sjølv. Og det spørs om vi ikkje treng slike gnagsår på våre velstelte, litt vinglete bein? Vi ser det i abortdebatten som har vore den siste tida; frykta for å ta innover seg kva det er som skjer, snakka om dei vanskelege sidene ved det. Det kan virka som frykta for å tapa ansikt dersom ein innrømmer at det kan vera vanskeleg og komplisert, gjer at vi pakkar det heile inn i teknologiske termar og medisinsk svada. Vi må våga å snakka om det vanskelege også i vår tid, anten det er abort, klima, fattigdom, homofili eller kva det måtte vera… Vi må våga å kjenna litt på gnagsåra, høyra på dei stemmene som vågar å pirka borti alt vi har i oss som ligg i skjeringspunktet mellom eksistensielt og praktisk. Vi må gi rom for det kompliserte, for det som utfordrar oss og som tvingar oss til å tenka ein gong til. Det skuldar vi oss sjølve, opplyste som vi er.

Filmen om Børre Knudsen er ikkje ein film for tilhengarane hans der dei kan sitja og kosa seg og mimra om alle aksjonane hans på åttitalet. Filmen er for oss som lever i den tempererte, politisk korrekte mentaliteten. Som fryktar det ubehagelege når vi ser at det å ta stilling i ei sak kan få negative konsekvensar for oss sjølve. Det kan til og med bli ubehageleg, og det kan føra med seg visse omkostningar, slik det gjorde for innbyggarane i kystbyen til Thomas Stockmann. Om det gjer det, er det brått ikkje så interessant å meina noko lenger. Det er desse menneska, inkludert meg sjølv, som utgjer det fantastiske fenomenet “den kompakte majoritet” som Ibsen snakkar om i En folkefiende.

Eg foreslår at den kompakte majoritet tek seg ein tur på kino for å sjå vår eiga tids folkefiende – og for å oppdaga at han også er ein mangefasettert, manfoldig, mjuk og modig mann. Såpass må det vel gå an å seia – utan å skjena for langt ut i det fundamentalistiske?

Innlegget er først publisert på bloggen min "Om stort og smått",  på maritabjorkeadland.wordpress.com. 

Børre

Gå til innlegget

Eg – ein draumelærar

Publisert over 5 år siden

Kva Høgre tenkjer om oss, er ikkje så farleg. Kva elevane tenker om oss, er livsviktig.

Eg har gått grundig til verks. Eg har vore innom Høgres heimesider og partiprogram. Eg har lese gjennom alle punkta. Og om nokon skulle vera i tvil: Eg er ein draumelærar! Eg har lang utdanning, kan faga mine godt, er engasjert i og brenn for faga mine og førebur meg godt til timane mine. Eg snur bunken på det som fungerer og kastar det andre.

Eg klarar til dømes å få elevane engasjert i essay av Voltaire frå 1780. Eg klarar å gjera det relevant for dei. I slike timar veit eg at eg er ein draumelærar. Erna Solberg kunne ha banka på når som helst. Kunnskapsministeren kunne stukke innom. Og kva hadde dei funne der, på rom 402 på Kristelig Gymnasium? Draumelæraren.

Finst. Draumelæraren finst altså allereie. I røynda. Ikkje berre i Høgres partiprogram. Og definitivt ikkje berre på rom 402 på KG. Draumelæraren finst i mange klasserom der eg jobbar, han og ho finst der barna mine går på skule, han og ho finst blant mine vener, han og ho finst på vestkanten, på austkanten, på store skular og på små skular.

Det er utruleg mange draumelærarar her i landet. Nesten alle lærarar er draumelærarar. Draumelæraren knyter skoa til førsteklassingen, draumelæraren legg armen rundt femteklassingen, draumelæraren trøystar tiandeklassingen som har det vanskeleg heime, draumelæraren tar ein ekstra samtale med syttenåringen når det røyner på. Draumelæraren er ein kombinasjon av fagperson og omsorgsperson, anten han er på barneskule eller på vidaregåande. Det er det som er det morosame og givande med å vera lærar. Ein betyr noko for andre menneske. Tenk tilbake på eigen skulegang. Draumelæraren fanst sjølvsagt allereie då, lenge før han blei eit omgrep i Høgres partiprogram.

Handslag? Eg let meg ikkje provosera av Høgres bruk av omgrepet «drømmelærer». Men det ligg nokre haldningar bak bruken av dette omgrepet. Lat oss prøva å overføra omgrepet til andre yrkesgrupper: Draumesnekkar? Draumeprest? Draumelege? Draumesivilingeniør? Draumeheismontør? Draumerøyrleggar?

Eg håpar Høgre har tenkt at dette omgrepet er eit slags handslag til oss lærarar, ei slags verdsetjing av at vi som er lærarar, er på god veg, eller i alle fall har potensial i oss til å bli såkalla draumelærarar. Men kva er det som er verd å kommentera på ved dette omgrepet? Kvifor blir dette av enkelte oppfatta som ein provokasjon?

Provoserande. Eg trur at det som mange opplever som provoserande, er at vi lærarar kan få ei kjensle av at Høgre ikkje verdset oss eksisterande lærarar som vi er, gode fagpersonar og omtenksame vaksne i møte med elevane, men at dei skal avla fram eit overmenneske av ein lærar som ingen av oss kan leva opp til.

Høgres «drømmelærer»-retorikk kan opplevast som urettferdig fordi det verkar som det blir sett urimelege krav til ei spesiell yrkesgruppe, og det med ein retorikk som ein aldri ville bruka i møte med andre yrkesgrupper.

Samstundes tenkjer eg at vi må tola at nokon meiner noko om jobben vår. Vi er van med ein flat struktur. Det er lærarane. Og så er det leiinga. Vi er svært solidariske, og vi står saman mot både individuell avløning og favorisering lønnsmessig av fag som det er bruk for i skulen.
Solidariteten oss lærarar imellom vil ingen ende ta. Og så er vi kanskje ikkje så flinke til å opna opp. Vårt privilegium er, i stor grad, å stengje døra til klasserommet når arbeidet vårt tek til. Vi må tola at nokon kikkar inn i klasserommet vårt og presenterer nokre nye tankar for oss. Vi må tola å høyra at nokon kanskje kan læra oss noko nytt.

Framsnakka. Eg trur at noko av det viktigaste vi lærarane sjølve kan gjera, er å framsnakka jobben vår. Viss vi heile tida klagar over stilbunken eller karaktermøta, foreldresamtalane eller umotiverte elevar, trur jo folk at dei skal synast synd i oss.

Det er sikkert kjedelege sider ved frisørjobben også. Ein jurist må sikkert skriva reiserekningar. Ein fastlege må sitja på kontoret sitt og høyra på utslitne midtlivskriser som er i ferd med å møta veggen. Ein kokk må kutta opp grønsakene og ein prest må kanskje skifta ei lyspære i kyrkja i ny og ne.

Apropos kyrkja. Eg bannar sikkert i kyrkja, skit i eige reir og sit i glashus, men eg vil påstå at ein del av grunnen til all den negative omtalen som læraryrket har fått dei siste åra, botnar i korleis vi sjølve snakkar om jobben vår – sikkert ofte utan at vi tenker over det. På mange lærarrom er det ein slags eigen lærarretorikk som vi på ein måte gir oss sjølve lov til å dyrka.

Unik jobb. Eller, lat meg forklara litt betre kva eg meiner. Vi har ein unik jobb. Men det er det mange andre som har også. Eg trur det er viktig at vi ikkje trur vi har ein altfor unik jobb. Det er morosame sider ved jobben, og så er det slitsame og kjedelege sider ved jobben. Slik er det heilt sikkert på mange andre arbeidsplassar også. Eg tippar at dei sporvegstilsette klagar litt, sjukepleiarane klagar i alle fall litt, prestane er overarbeidde og frisøren har vondt i ryggen. Sånn er det. Men inst inne er vi vel veldig glade i jobben vår? Vi er vel der frivillig? Få det ut, snakk det fram, løft det opp! La oss gjera oss sjølve til draumelærarar, for inst inne veit vi at vi er gode!

Det er sjølvsagt ikkje nok å berre framsnakka jobben. Det aller viktigaste for å komma i nærleiken av å kjenna seg som ein draumelærar, er fagkunnskap. Skal ein føla seg på høgda, må ein kunna faget sitt. Skal ein føla seg trygg, må ein kunna faget sitt. Skal det bli moro i klasserommet, må ein kunna faget sitt.

Der eg jobbar, har så godt som alle hovudfag/master i eitt av faga dei underviser i, også i ungdomsskulen. Eg er ikkje i tvil om at det aukar kvaliteten på undervisninga. Betre utdanning og høgare krav til lærarutdanninga er tvingande nødvendig for både auka status og høgare kvalitet.

Klapp på skuldra. Framsnakking og fagkunnskap altså. Og så det vesle klappet på skuldra, armen rundt ein trist elev, smilet i trappa. Alt det ekstra. Som gjer oss til verkelege draumelærarar. For det er jo det det handlar om. Kva Høgre tenkjer om oss, er ikkje så farleg. Kva elevane tenker om oss, er livsviktig.

Først publisert i bloggen min  og som kronikk i Vårt Land 17. januar 2014.

Gå til innlegget

KrF - for kven?

Publisert over 9 år siden

Debatten går om kva som er årsaka til at KrF har så låg oppslutning for tida. Eg trur svaret på det er ganske enkelt. KrF er inne i ei brytningstid. På ein eller annan måte må Krf velja kva dei skal vera; eit politisk parti eller ein slags menighet for kristne med politiske interesser.

Partiet har eit komplisert dilemma om dagen; skal det appellera til nye veljarar, som kanskje er meir liberale enn stamma i partiet, eller skal dei tekkast den, nok etterkvart, aldrande gruppa av konservative kristne kyrkje- og bedehusfolk. KrF er, naturleg nok, redde for å mista denne gruppa ved å komma med for kontroversielle forslag, men då er det grunn til å opplysa desse menneska om at det er snakk om eit politisk parti og at det ikkje er gjennom politikken ein skal disktutera kva som fører til frelse og kva som fører til fortaping.

KrF er eit parti med verdiar som appellerer til mange ulike mennesketypar, og kanskje til og med ulike religionar. Det er desse verdiane partiet må fokusera på - og profilera. Dette er verdiar som me som kristne må kunna stå saman om på tross av at ein er usamde i andre religiøse spørsmål, og det er verdiar som mange andre også må kunna slutta seg til utan å ha problem med det, sjølv om ein skulle ha ei anna - eller inga - tru.

Leiinga og andre som representerer partiet i media, må vera medvitne på kva saker dei frontar i aviser og i tv-debattar (i den grad dette let seg styra av politikarane sjølve - media er ei sterk makt). KrF har definitivt eit uutnytta potensiale som verdiparti i vår tid, medan mange elskar å framheva det som har mest å gjera med "mørkemannskristendom" - anten det har å gjera med Israel eller homofili. Me såg det seinast på "Norge i rødt, hvidt og skrått", dokumentarserien om homofili i Noreg som har ein klar front mot både kyrkja og KrF. Der blir eit gammalt bilete av Kjell Magne Bondevik trekt fram, som tydeleg gjev assosiasjonar til "gamle dagar" og eit sitat av Bondevik som er 10-20 år gammalt. Eg tenker han hadde svart på ein annan måte om han hadde blitt konfrontert med dette spørsmålet no. Eg synes det var uredeleg.

KrF får altså tydelegvis ingen hjelp frå media - beståande av representantar for det politisk korrekte Noreg - til å profilera det positive ved partiet, verdiar i vår tid som mange ser på som viktige anten det er snakk om menneskesyn eller miljøvern. Her må KrF gjera jobben sjølv. Eg trur difor det viktigaste for KrF framover er å trekka til seg nye krefter og ikkje vera redd for at medlemmene meiner litt forskjellig. Ein må tenka som Martin Luther; sentrum og periferi. Kva er sentrum, kva er kjerna i politikken vår? Kva er mindre viktig, kva kan vi legga litt til side i ein politisk samanheng? Det nyttar ikkje å driva med teologi i eit politisk parti der det er storleiken (i ei viss grad) det kjem an på! Krf er ikkje ein menighet, det er eit politisk parti som syslar med politikk og ikkje teologi. Dette er eit av dei viktigaste spora å komma ut av, slik eg ser det, i  tillegg til å vera open for ulike synspunkt og mennesketypar i partiet. Berre slik kan Krf framstå som eit framtidsretta parti som kan vera relevant for menneske i 2010 også.

KrF er rett og slett komme i ei klemme, og eg ser berre ein veg ut av dette. Gi slepp på kreftene som vil sementera partiet i gamle former, på sikt vil dette leia til den sikre død. Då er det viktigare heller å ha ein periode med dårleg oppslutnad der ein bruker tida til å bygga opp eit nytt parti som kan trekka til seg eit større mangfald og som kan leva lenge med mange ulike synspunkt og meiningar, men der ein står saman om dei store kjernesakene som menneskeverd og miljøvern.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 3348 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
27 dager siden / 2443 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
15 dager siden / 2441 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
29 dager siden / 2363 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1822 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
12 dager siden / 1657 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
28 dager siden / 1501 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
9 dager siden / 1399 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere