Marita Bjørke Ådland

Alder: 45
  RSS

Om Marita

Tidlegare lektor ved Kristelig Gymnasium (norsk og religion). Nå sokneprest i Slemmestad og Nærsnes. Glad i å skriva, eigen blogg: maritabjorkeadland.wordpress.com

Følgere

Publisert over 8 år siden

Dette handlar om mange ulike faktorar. Kyrkja må ta inn over seg at mange har eit hektisk liv og at det difor nettopp på søndagar klokka 11 kanskje faktisk er meir attraktivt å slappa av med familien enn å oppsøka kyrkja. Det er kanskje trist, men det er i alle fall fakta. Det er også viktig å ikkje definera ein menighet berre som dei som møter kl. 11 på søndagar. Ein menighet består av alle dei som er døypt og som på ein eller annan måte benyttar seg av ulike tilbud i kyrkja. Eg trur mange har lett for å definera "menighet" som eins eigne vener over 55 som også går på gudsteneste klokka 11 på søndagar. Men ein del av menigheten er også ungdommane som samlast i kjellaren på fredagar, barnekoret som møtest onsdagar - og der alle desse "plagsomme" - som ein del vel å sjå på dei som - dåpsfamiliane møter opp og er ein del av menigheten. Eg trur, som Alf Inge Wang seier, at ein liberal form vil opna opp. For kva er ei gudsteneste? Er det eit mål at alle skal vera stille? At barna ikkje skal bli høyrt og lagt merke til? Stadig opplever eg som barnekordirigent at etablerte kyrkjegjengarar klagar på barnestøy på familiegudstenester. Då svarer eg tilbake! Kva vil ein med kyrkja? Er ein ikkje saman som kristne? Er ikkje poenget å finna og skapa ein fellesskap med plass for alle? Kva er det viktige? Form eller innhald? Av og til kjennest det så stivt i kyrkja at ein (nesten!) kan lengta tilbake til bedehusoppveksten på Vestlandet, den meir frie formen der fokus var å vera saman om Jesus. Eg opplever alt for ofte at formen på gudstenesta kjem i vegen for innhaldet, spesielt på familiegudstenester. Barna skal oppføra seg fint - sjølvsagt skal dei det. Men la meg no minna om kva Jesus sa; "lat småborna koma til meg...". Dåpsfamiliane er ikkje eit onde - dei er eit gode for kyrkja!! Sjølvsagt er dei det! Det er ein uting å klaga over dette som nokon gjer i innlegga her. Gudstensta er ein fellesskap der alle skal kjenna seg heime!

Gå til kommentaren

KrF - for kven?

Publisert over 9 år siden

Som eg seier, er det ikkje snakk om nødvendigvis å gi slepp på det ein har, men å la nye synspunkt komma fram og visa for omverda at ein er et parti med bra takhøgd. Dette kan vel til tider gå like mykje på form som på innhald. Eg er samd i mange av sakene til KrF, men eg tenker at det innanfor dei ulike sakene kan vera rom for ulike synspunkt, i t.d. homofilispørsmålet utan at dette på nokon som helst måte trugar partiet. Det må, slik eg er det, vera forskjell på den måten vi nærmar oss politikken og teologien. Eg meiner ikkje at KrF skal snu seg etter vinden på same måte som Ap, men eg meiner at KrF må bli flinkare til å lytta til ulike røyster innanfor partiet som ønskjer nytenking og som representerer det synet som mange unge meir liberale forfektar i dag innanfor mange ulike spørsmål, det vera seg bekjennelsesplikt eller homofili. KrF må vera eit parti for alle som kallar seg kristne - og også for dei som ikkje gjer det, eller dei som bekjenner seg til andre religionar. Om ein tenker at KrF skal vera eit parti berre for dei konservative kristne, ja då trur eg at KrF forsvinn etter kvart. Men dersom målet er å "stå i kampen" mot alt som trugar kristendommens posisjon i samfunnet, har jo KrF ein misjon som det det er, og som det det har vore. Men som politisk parti kan ein ikkje, om ein skal vera levedyktig, la vera å fornya seg. Det er her forskjellen på menighet og politisk parti kjem fram, slik eg ser det. Og den forskjellen meiner eg at for mange av dei eldre i KrF ikkje ser.

Gå til kommentaren

KrF - for kven?

Publisert over 9 år siden

Det er jo ikkje snakk om å fjerna det som er - og det som er bra - i KrF, men å våga å tilføya nye element som gjer partiet interessant for fleire. Og så må det jo vera toleranse begge vegar i så fall - både mot tradisjonane og mot det nye!

Gå til kommentaren

KrF - for kven?

Publisert over 9 år siden

Til det Odvar Omland skriv, har eg lyst å kommentera at det vel er viktig å sjå realitetane i augo - at ein er eit parti på vikande front på ein eller annan måte? Og då er det vel berre ein måte å berga partiet på: å tenka nytt. Eller er det eit poeng at KrF skal dø ut med "flagget oppe"? Er det betre? Då må ein vel berre innsjå at det til slutt dør, trur eg. Eg trur KrF som parti kan overleva, for mange av medlemmane har bakgrunn frå konservative miljø og tradisjonar og kjenner til og set pris på også denne sida av partiet, samstundes som ein ser verda og dagens samfunn på litt andre måtar enn tidlegare generasjonar. Og viss ein ikkje vil gi plass til nye tenkemåtar og synspunkt i partiet, og opnar for eit breiare syn på ulike spørsmål enn det som tradisjonelt har vore "KrF-synspunkt" (ikkje berre politisk, men også teologisk), så er det vel kanskje like greitt at det forsvinn som politisk parti? Ein kan lika samfunnsutviklinga eller ein kan la vera å lika det, men i politikken (om ikkje i teologien) må ein vel på ein eller annan måte forholda seg til samfunnsutviklinga?

Gå til kommentaren

Kvinner treng fedrekvoten

Publisert over 9 år siden

Fedrekvoten bør ikkje endrast. Det er jo ein grunn til at han akkurat er auka. Det er to gode grunnar til ikkje å fjerna han. Den første er at likestillinga nok ikkje er komen så langt som høgrekvinnene trur. Om ein ser seg rundt i sin eigen krins av vener og kjente, vil ein kanskje tenka at det kjennest unødvendig at nokon skal bestemma dette. Men jevnt over tenker eg at det i Noregs land er mange menn som ikkje frivillig ynskjer ein utvida permisjon, men som, dersom det blir pålagt dei, vil kunna sjå ein verdi i å investera i familien. Det er dessutan ei investering i likestilling fordi mannen dermed vil få eit betre innblikk i livet i heimen - om ein då ikkje vel å reisa ti veker på ferie - noko eg meiner er dårleg disponering av pappakvoten. Det er også ei anna side ved dette, og det er kanskje der eg mistenker høgrekvinnene for ikkje å vera heilt nøytrale: Mange kvinner ser på det som ein menneskerett at det er kvinna som skal vera heime lengst "når vi har vore gravide, skal vi sanneleg meg få nyta dette året i fulle drag". Eg meiner det er eit ganske stort problem, som forseinkar likestillinga, at ikkje kvinnene let mennene få sleppa til i dette året. Det er ei god investering dersom ein meiner at ein skal dela omtrent likt på både levering, henting, oppfølging og husarbeid. Mange kvinner klagar over at mannen ikkje deltek nok på heimebane - og mange av dei har nok seg sjølv å takka i stor grad. Kvinner må bli flinkare til å sleppa mannen til! Det er mest difor eg meiner fedrekvoten er viktig. Kvinner treng fedrekvoten!

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere