Marita Bjørke Ådland

Alder: 45
  RSS

Om Marita

Tidlegare lektor ved Kristelig Gymnasium (norsk og religion). Nå sokneprest i Slemmestad og Nærsnes. Glad i å skriva, eigen blogg: maritabjorkeadland.wordpress.com

Følgere

Publisert nesten 2 år siden

Vi er heilt einige. Eg seier at vi kan stå på hovudet og synga kven har skapt alle blomane. Men eg seier mest av alt at vi godt kan la vera. Du må lesa innlegget mitt ein gong til, trur eg.

Gå til kommentaren

Barnehage er ok!

Publisert over 6 år siden

Mange vil fortelja oss kva som er "barnas beste". Det er klart ein har eit godt kort på handa når ein kan gi småbarnsmødre dårleg samvit for at dei sender borna i barnehagen. Sjølv har eg tre barn som alle har vore heile dagar i barnehage frå dei var ca eitt år. Eg ser ingen teikn på at dei har hatt ein fæl barndom eller eit vanskeleg liv på nokon måte. Dersom barna går i ein god barnehage der ein kjenner seg trygg på at dei får både kjærleik, tryggleik, utviklar seg og får fysiske behov dekka, er det heilt ok. Det er jo ikkje slik at det berre er foreldre som kan gi kjærleik til barna? Alle våre barn har vore i barnehagar med gode vaksenpersonar som har vist stort engasjement i barna våre, og dei har utvikla seg til trygge, flotte barn med høgt trivselsnivå. Er det ikkje kvaliteten i barnehagen det først og fremst kjem an på?

For meg har det ikkje vore aktuelt å vore heime særleg mykje lenger enn eitt år, og det er eit val eg er særs nøgd med. Me vaksne skal jo også dekka både sosiale og intellektuelle behov. Slik eg ser det, er barna del av ein fellesskap som består av både arbeid og fritid - og det kan barna fint bli tilpassa til å takla. Og har dei nødvendigvis vondt av det? Det er veldig få oppegåande foreldre som er tilfreds med at ein ettåring går i ein barnehage der han ikkje har det bra. Då vil ein sannsynlegvis ta ut ungen og prøva å få ein ny plass ein annan stad. Eg synes det er å overdriva når ein skyver forskninga foran seg og hevdar at ein ettåring alltid har det best heime. Det blir for svart-kvitt. Det skjer mykje rart i mange heimar også... Eg meiner alle skal få bestemma sjølv, absolutt. Og som eg pleier å seia det; ein ettåring har ikkje nødvendigvis spesifikt godt av å vera i barnehage, men sannsynlegvis ikkje spesifikt vondt av det, heller. "Barnas beste" ser ein vel sjølv som foreldre. "Barnas beste" kan vera så mangt. For oss har både barnas beste og dei vaksne sitt beste vore barnehage - og glade og trygge barn!

For øvrig kjenner eg at det er stadig meir krevjande dess eldre barna blir, så eg synes til tider det er meir relevant å diskutera kor lenge ein elleveåring skal vera aleine heime på ettermiddagstid enn kor lenge ettåringen skal vera i barnehage!

Gå til kommentaren

Kven passa dine barn då dei var små?

Publisert nesten 8 år siden

Eg mislikar sterkt å bli sett på som ei som nedprioriterer mine eigne barn. Barna mine er i barnehagen frå ca kvart på åtte til kvart på fem kvar dag, fem dagar i veka. Der har dei det fint, der trivst dei, og dei er glade for å bli levert og glade for å bli henta. Barnehagen er ein del av barnas liv, med kjærlege, gode voksne og mange fine leikekameratar. Som foreldre jobbar vi fullt begge to. Det hadde vi sjølvsagt ikkje gjort dersom vi følte at det gjekk utover barna våre. Tidene har endra seg, vi ynskjer å jobba fullt begge to, og det er eit valg vi står fullt og heilt for. At enkelte mødre vel å trena før dei hentar i barnehagen, får stå for deira rekning. Det hender eg har teke det valget sjølv, utan at eg trur det skadar verken barnet eller meg (heller tvert imot). Kva samfunn er det eigentleg vi ynskjer? Ynskjer vi at mor skal tilbake til kjøkenbenken? Eg kjenner meg ikkje att i kritikken rundt sjølvrealisering, sjølv om eg jobbar fullt. Det å jobba handlar om å trivast, og det handlar om å få eit økonomisk leveleg liv i Oslo. Eg ville ikkje valt annleis. Og Helge Simonnes - kven passa dine barn då dei var små?

Gå til kommentaren

Ikkje utdatert!

Publisert rundt 8 år siden

For meg som jobbar som norsklærar på vidaregåande skule opplever eg ikkje at diktet blir oppfatta som utdatert. Det er tvert om eit dikt som mange unge oppfattar som innhaldsmetta og som ein tekst som formidlar meining også inn i vår tid, i likhet med ein del av dikta til Inger Hagerup og Arnulf Øverland, som også skreiv litt på samme måte. Dikta kommuniserer lett fordi dei er så lette i formen, men har samstundes ein substans. Eg opplever at dei mest meiningsfylte samtalane om litteratur ofte finn stad nettopp i møte med denne typen tekstar. Det er i alle fall heilt sikkert at det ikkje blir det samme å tolka "Til ungdommen" no som før - no er diktet fylt med nytt innhald og ny relevans for mange elevar i lang tid framover.

Gå til kommentaren

Publisert over 8 år siden

Eg lurer litt på kva dette betyr: "Men det er ikke uvanlig at verken pinsevenner eller baptister stiller opp som faddere." Skal det vera "både?" Eg meiner at dåpssynet er underordna med at det viktigaste er at fadrane er kristne og vil vera med og be for barnet og skapa gode vilkår for kristen tru og kristenliv for barnet.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
22 dager siden / 1828 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
14 dager siden / 1589 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
22 dager siden / 1566 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 1497 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
13 dager siden / 1395 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
15 dager siden / 1343 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
11 dager siden / 1257 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
26 dager siden / 1164 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere