Magnhild Meltveit Kleppa

Alder:
  RSS

Om Magnhild

Jeg ble innvalgt på Stortinget fra Rogaland i 1993.  Var sosialminister i Bondvik I- regjeringen og har i den rød-grønne regjeringen vært både kommunal- og regionalminister og samferdselsminister.  Er nå tilbake på Stortinget som medlem av finanskomiteen.

Følgere

Applausen i Sarons Dal

Publisert nesten 7 år siden

Eg frys på ryggen framleis når eg kjenner omen av forsamlinga sine klappsalver for ein meir liberal alkoholpolitikk.

Eg har brukt ein søndag i sommar i Sarons dal. Politikardebatt. Sten Sørensen stilte svært relevante spørsmål og leia debatten med stødig hand. I salen sat eit publikum som i stor grad sette pris på Ketil Solvik Olsen sin bodskap.

Eg frys på ryggen framleis når eg kjenner omen av forsamlinga sine klappsalver for ein meir liberal alkoholpolitikk . Solvik Olsen er enkel og tydeleg i språket. Når han blir utfordra på rusproblema i samfunnet vårt, brukar han mor si som døme. Ho har arbeidd innan rusfeltet i Sandnes i mange år og vert vitne på at dagens politikk ikkje fungerer. 

Mange av dei som arbeider mellom rusmiddelmisbrukarar kan gi gode råd om kva vi bør gjera meir av for å sikra fleire rusavhengige eit betre liv. Men er det ein einaste av dei som vil ha lengre skjenketider, vin i butikkane og større kvotar når du er ute og reiser enn det du kan bera med deg?

Dette var eit såkalla « kristeleg» stevne. Eg vart sitjande og tenkja på samtalar vi har hatt i den raudgrøne regjeringa om korleis vi kan ta betre vare på kvarandre, visa omsorg og ansvar overfor svake grupper, løfta fram verdispørsmål. Vi kunne gjort meir. Eg er audmjuk i høve det. Vi har likevel ei regjering som uavlateleg har letta byrdene for vanskelegstilte og gjerne vil fortsetja i den retninga. 

Eg er glad for kyrkjeforlik og finansiering av trusreform. Det er bra for landet at det no er større syn for at ideelle organisasjonar får driva skular enn i starten av det raudgrøne samarbeidet. Senterpartiet arbeider for at samfunnet vårt i langt større grad enn i dag skal kunna nytta erfaringa til Frelsesarmeen, Blåkors og andre, t.d. innan rusfeltet. Då må dei over på langsiktige driftsavtalar i staden for ei konkurranseutsetting vi aldri har vore for.

Eg har som statsråd hatt mange og gode samtalar med KrF. Det har også fleire av kollegaene mine. Eg kan visa til konkrete saker der KrF har hatt gjennomslag i regjeringa sjølv om dei ikkje sit der.

I Sarons Dal vart Knut Arild Hareide frå Krf nærast som ein gissel for eit langt større FrP. Han og partiet hans har trassa råd frå Dagfinn Høybråten og Kjell Magne Bondevik og satsa alle kort på regjeringsskifte. Dei skal anten inn i ei regjering der dei største partia vil føra ein meir liberal alkoholpolitikk, redusera bistanden og motarbeida andre sentrale spørsmål KrF er oppteke av, eller dei er uttalte støttespelarar til ei regjering samansett av Høgre og FrP.

Eg tek til etterretning at KrF sentralt har gjort eit slikt val. Eg vonar likevel applausen i Sarons Dal ikkje er representativ for det kristne veljarar med forvaltaransvar og solidaritet som grunnhaldning føretek seg den 9.september.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
25 dager siden / 1499 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
4 dager siden / 1288 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
15 dager siden / 1095 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
12 dager siden / 995 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
rundt 1 måned siden / 818 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
rundt 1 måned siden / 488 visninger
Alle eller ingen?
av
Knut Alfsvåg
21 dager siden / 453 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere