Magne Tolo

Alder: 57
  RSS

Om Magne

Maskiningeniør, sjølvstendig næringsdrivande

Følgere

Publisert over 1 år siden

Først sette ho, med si ukloke og trassige framferd, heile Solberg-regjeringa i fare, før ho til slutt og i siste liten, etter at Krf hadde signalisert mistillit, sette partiet og regjeringa framfor eigne interesser, i frykt for å tapa og få skulda for eit regjeringsskifte, - og få Støre til statsminister. 

Gå til kommentaren

Listhaug felt av eigen oppførsel

Publisert over 1 år siden

Det ein kan læra ev denne saka er at litt audmjukheit og sjølvinnsikt, evne til å innsjå,  innrøma og orsaka eigne feil, tabbar og uheldige utsegner i tide, i staden for hardnakka å stå på sitt, sjølv om ein har rett, kan hindra utvikling og eskalering av konflikter.

Sjølv om mange har vore samde i og nøgde med politikken Listhaug har ført som innvandrings-minister, og set pris på klar tale, er det grenser for kor dårleg oppførsel ein kan tillata av ein statsråd. Saka og innlegget i seg sjølv var neppe så kontoversiell eller alvorleg at den åleine skulle vera grunnlag for regjeringskrise. Hadde det ikkje vore for biletet og "Lik og del"-oppmodinga, som Listhaug burde ha fjerna og orsaka så snart ho oppfatta kritikken og at mange tok seg nær av det, kunne dette gått over.

Det som gjorde at saka eskalerte, sjølv om Støre & Co har mykje av skulda, var Listhaug si trassige oppførsel, uvilje mot å etterkoma signal frå Statsministeren, og lite overtydande "unnskyldning". Det endelege provet på at ho nok er ueigna som statsråd kom i hennar eigen pressekonferanse der ho prøvde å leggja all skuld på andre og oppførte seg som den trassigaste og minst sympatiske ungen i barnehagen, som ikkje vil oppføra seg og lyda dei vaksne, uansett...

Gå til kommentaren

Religionen må vera underordna lova

Publisert over 4 år siden

Ingen tvil om at NRK-intervjuet var en skandale. At mannen, som vel kan norsk, fekk svara på arabisk, gjorde intervjuet endå meir eigna til å publiserast som propaganda, over heile verda.

Politiet skal vurdera om Krekar sine utsegner er straffbare... Høyrde me ikkje direkte oppfordring til drap på dei som har eller kjem til å vanæra islam? Sjølv om han viser til koranen og skubbar islam føre seg, er dette hans ord, og han uttrykkjer klart at han er glad for og støttar terrorisme og drap mot dei som vanærar religionen. I min naivitet trudde eg slike direkte oppfordringar til drap utan tvil var straffbare, også i snille, rettferdige Noreg?

Denne mannen fortener sjølvsagt ikkje å bli handsama med respekt og å vera beskytta av våre lover og menneskerettar. Noreg har derimot eit ansvar for å verna folket og resten av verda frå potensielt fatale konsekvensar av slike haldningar, ytringar og oppfordringar.  Han burde derfor aller helst uskadleggjerast ved til dømes å bli sett i forvaring med besøks og kommunikasjonskontroll på ubestemt tid. Om så er, utan lov og dom! Det fins sjølvsagt mange fleire av same slaget der ute, og det må vera kvart land sitt ansvar å hindra desse frå vidare ugjerning.

Men det er vel mot alle våre gode prinsipp om ytringsfridom og rettferd, og ikkje minst har det kanskje alt blitt for farleg ...

Alle teologiske diskusjonar om islam, kva som står eller ikkje står i koranen osv., er fånyttes og vil aldri føra til noko som helst. Religionen greier me aldri endra, og å omvenda nokon av desse fundamentalistane er sjølvsagt utopi.

Det som likevel burde væra klart, og som burde skjerpast inn med lov er likevel at; Den som set sin religion og religiøse lover og overbevisning over våre nasjonale lover og menneskerettar, og ikkje respekterer vår kultur og vårt levesett, har ingenting i Noreg eller andre vestlege demokrati å gjera. Dermed bør også all propaganda, forkynning og alle ytringar av slik art kunna straffast med utvisning eller på andre måtar.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

KRIK - NYE spilleregler
av
Trond Andreassen
12 dager siden / 1309 visninger
Jeg lever ikke lenger selv
av
Merete Thomassen
14 dager siden / 1275 visninger
170 år med misforståelser
av
Joanna Bjerga
30 dager siden / 1157 visninger
Ingen Disco på Roser
av
Øyvind Hadland
26 dager siden / 850 visninger
Stjernedialektar
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
13 dager siden / 812 visninger
Disco, kirken og kreativiteten
av
Henrik Peder Govertsen
20 dager siden / 687 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere