Arne Reidar Hæåk

Alder: 56
  RSS

Om Arne Reidar

Lektor ved Sandnes videregående skole.

Følgere

Re:Ulogisk?

Publisert over 4 år siden
Olav Nisi – gå til den siterte teksten.
Hvis innvandring av en bestemt reigion eller etnisitet skaper ulevelige forhold for andre etnisiteter - hvilken løsning har du ?

For det første skapar ikkje innvandring av muslimar ulevelege forhold i landet vårt. Det r berre dei som behov for vern som får opphald. Du vil altså bryte med retten til asyl og sende menneske tilbake til krig og forfølgjing? 

Så er det inga enkel løysong på integrering, men noko av det viktigaste er at dei som kjem får bli kjend med nordmenn og på denne måten få innføring i kulturen vår. Det blir gjort mykje gost arbeid av frivioillige organisasjonar og enkeltpersonar. Me treng å skjøne at dei som kjem er menneske som meg og deg, ikkje potensielle kriminelle eller fanatiske personar som er ute etter å øydeleggje lande vårt.

Gå til kommentaren

Dette seier Skartveit:"Man kan ikke ønske et redusert jødehat, samtidig som man ønsker flere muslimer velkommen til Norge, det er rett og slett ikke mulig."  Det er tydeleg at han her koplar jødehat og innvandring av muslimar. Det er sjølvsagt at me ikkje ønskjer meir jødehat. Men det blir ulogisk å kople dette til innvandring av muslimar fordi opphaldsløyve må knyttast til heilt andre kriterium.  Det er klart at me alltid tolkar når me prøver å oppfatte kva andre seier, men for meg verkar det som Skartveit ønskjer tiltak for å hindre muslimer å kome hit fordi han meiner dei er jødefiendtlege.

Gå til kommentaren
Sverre Avnskog – gå til den siterte teksten.
Jeg kan heller ikke se at det ligger implisitt i en slik logikk, at man går inn for å nekte muslimer å komme til Norge!

Det Skartveit gjer er nettopp å kople innvandring av muslimar og jødehat. Eg er fullt klar over at undersøkingar som er gjort som for eksempel denne: http://www.klassekampen.no/article/20150522/ARTICLE/150529937 viser at antisemttisme er eit stort problem blant muslimar, men det blir meiningslaust å seie at difor bør me stengje grensene for muslimar (eller vdere spesielt restriktive når det gjeld muslimar). Når ein skriv om dette, er det òg viktig å unngå å generalisere. Det gjer ikkje Skartveit noko forsøk på å unngå. Då blir det stignmatisering av ei heil gruppe fordi det er et faktum at ikkje alle muslimar står for jødehat. 

Gå til kommentaren

Re. Vårt Lands hatretorikk mot Nordbø

Publisert over 4 år siden

Eg skal ikkje gå inn i debatten mellom Kjell Skartveit og Alf Gjøsund, men kommentere to prinsipielle sider ved innlegget til Skartveit.

1.Det ser ut til at Skartveit vil stengje Noreg for muslimar. når han skriv at me ikkje kan "ønske et redusert jødehat samtidig som man ønsker flere muslimer velkommen til Norge". Implisitt i Skartveits utsegn ligg at muslimar nærmast pr definisjon står for jødehat. Vidare vil han stengje ute ei bestemt grupppe på bakgrunn av dette. Slik stigmatiserer Skartveit muslimar som gruppe, noko som er totalt uakseptabelt. I dag er det slik at dei som treng vern av ulike grunnar får opphald. Opphaldsløyve er ikkje knytt til religiøs eller politisk bakgrunn. Slik må det vere. 

2.Skartveit seier at "islam representerer jødehat, kvinneforakt, angrep på ytringsfriheten og er en fare for demokratiet.  Kva islam er det Skartveit skriv om? Er det den varianten ISIS står for eller er det den islam Usmana Rana skriv om i si nye bok eller er det Skartveits eiga tolking av islam? Han viser i starten av innlegget sitt til eksempel som alle kan vere samde om er uakseptable.  Men me kan ikkje utifrå desse eksempla trekkja den slutning at dette gjeld islam og alle muslimar.  Det er himmelvid forskjell på den type islam valdelege erkstremistar står for og det til dømes Usmana Rana gir uttrykk for i den nye boka si. Det er utallige døme på at mange muslimar står for heilt andre haldningar enn dei Skartveit meiner islam står for. 

Gå til kommentaren

Svar til Runde

Publisert over 4 år siden

Eg seier ikkje at terroren ikkje har noko med islam å gjera. Det eg hevdar er at terroren har med islamsk ekstremisme å gjera, og me må gjera det klart at det ikkje er islam, men ytterliggående tolkingar av islam som er problemet. Viss ikkje spreier me frykt for alt som er knytt til islam. Som eg har hevda i andre innlegg her, meiner eg at me skal ta imot dei som treng vern pga forfølging og krig. Viss ikkje må me stengja grensene, noko som er i strid med menneskerettane og som strir mot grunnleggjande kristne og humanistiske verdiar.
Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
rundt 2 måneder siden / 3778 visninger
Sover heile regjeringa?
av
Lisbeth Marie Austnes
16 dager siden / 1242 visninger
Når fest blir dom
av
Kristine Sandmæl
22 dager siden / 897 visninger
Er jeg rett kalt prest?
av
Julie Schjøth-Jovik
14 dager siden / 846 visninger
Takk og farvel, KrF
av
Kristofer Olai Ravn Stavseng
14 dager siden / 642 visninger
Nei, Lægdene, vi er ikke i mot kvinner
av
Mikael Bruun
rundt 1 måned siden / 579 visninger
Det viktigste er et godt arbeidsmiljø
av
Martin Enstad
26 dager siden / 571 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere