Arne Reidar Hæåk

Alder: 55
  RSS

Om Arne Reidar

Lektor ved Sandnes videregående skole.

Følgere

Islam ei landeplage?

Publisert nesten 4 år siden

Neste veke kjem Hege Storhaugs bok "Islam den 11.landeplage". Eg har ikkje lese boka, berre det eg reknar med er eit kort utdrag og baksideomtale, men allereie tittelen viser kor Storhaug vil. Islam blir stilt på linje med landeplagene som råka Egypt, og islam ser for Storhaug ut til å vera ei like stor landeplage som kristendommen var det for Øverland.

Hovudproblemet med tittelen er at Storhaug generaliserer. I tillegg uttrykkjer denne eit fiendebilete av islam og dermed indirekte eit bilete av alle muslimar som er urettvist og usant. 

Det finst ikkje ei utgåve av islam, men mange. Det er likt for alle religionar. Då kan me ikkje skjera alle muslimar over ein kam slik Storhaug gjer iallfall i tittelen på boka. 

Hege Storhaug har på nettstaden til organisasjonen sin lagt ut eit lite utdrag frå boka om kva ulike kjende filosofar har sagt om islam opp gjennom tidene. Det er voldsomme utsegner om Muhammed og islam av mellom andre Thomas Aquinas, David Hume og Voltaire. Så avsluttar ho med spørsmålet om kvfor me ikkje kan snakka frå levra og hjernen i dag. Ho meiner altså at me i dag burde seia det same som mellom andre Voltaire som sa at Koranen lærer oss frykt, hat og forakt for andre. Det ho ikkje seier er at Voltaire ikkje berre var fiendtleg overfor islam, men og overfor jødane. Så når det gjeld synet på islam og jødar er ikkje Voltaire noko førebilete, og det er heller ikkje passande å uttrykke seg på same måte i dag som på 1700-talet.

Det er trekk ved islam me bør vera kritiske til som synet på fråfall frå islam og spørsmål knytt til likestilling. Det rettferdiggjer likevel ikkje å omtala islam som ei landeplage. Det nører opp under islamofobi og negative haldningar til muslimar og inviterer ikkje til dialog.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere