Kari Veiteberg

Alder:
  RSS

Om Kari

Biskop i Oslo bispedømme

Følgere

Kjære Sofie Braut

Publisert 4 måneder siden - 516 visninger

Noko av det eg har undra meg over i den norske samtalen om ekteskap og seksualitet er omgrep som «bibelsk ekteskapssyn»

Takk for svar! Det er fint å høyre at vi er samde om at Bibelen må bli tolka og at dette er eit første nødvendig skritt for ein fruktbar samtale om bibeltekstar og kristen praksis i dag. Alle tolkar og det må vi gjere. Dessutan er det eit viktig premiss for ein slik samtale at vi ikkje fråkjenner kvarandre kristennamnet. Dersom vi deler desse to utgangspunkta, trur eg ein vidare samtale om bibeltekstar og kristen tru kan romme eit stort spenn av meiningar og tolkingar. Det føreset vel også at vi tør å spørje når det er noko vi ikkje skjønar heilt i det samtalepartnaren seier?

Lese varsamt. 

Slik du altså gjer det i ditt siste innlegg. Du undrar på kva eg meiner med å lese Bibelen «varsamt». Betyr det at det dreier seg om ei «skjør tekstsamling?» Nei, det gjer ikkje det. For meg dreier det varsame med ei kvar bibellesing seg om å ta omsyn til sårbare menneske, til dømes folk eg har snakka med som på ulike måtar har blitt skada og krenka i møte med kristne. Kall dei gjerne Guds brente barn, eller ei av «desse minste».

I svært mange år har eg lese søndagens bibeltekstar saman med ei samansett gruppe i Tøyenkirka. Det har lært meg å vere varsam. Ikkje av omsyn til bibeltekstane. Dei greier seg nok. Men av omsyn til dei ulike erfaringane, også av vald og overgrep, som kan kome til overflata i møte med bibeltekstar. I samtale med enkeltmenneske som slit med livet, er det viktig å hente fram bibeltekstar som kan formidle anerkjenning, livsmot og kjærleik. Det finn eg framfor alt i det Jesus gjer og seier, men også i forteljingar, salmar og profetutsegn i Det gamle testamentet.

Sjølve innhaldet. 

Og ja, eg er heilt samd i at vi bør kome vidare og snakke om det du kallar «sjølve innhaldet». Noko av det eg har undra meg over i den norske samtalen om ekteskap og seksualitet er omgrep som «bibelsk ekteskapssyn». Eg meiner det er ryddig å klargjere kva bibeltekstar ein viser til og også kva som fell utafor. Ingen vil vel påstå at Salomos mange koner og føljekoner, eller forteljingane om vald mot kvinner på noko vis skulle vere ein del av det bibelske ekteskapssynet?

På same måten er det knapt nokon i den kyrkjelege samtalen som går inn for å handheve dei gamaltestamenlege straffene for utuktig åtferd. Akkurat det, tenkjer eg, fortener også å bli sagt slik at ikkje omgrep som «klassisk» eller «bibelsk ekteskapssyn» blir ståande som noko eintydig og uproblematisk.

Grunnen til at eg har brukt og stadig bruker mykje av mi tid på å lese bibeltekstar kritisk, grundig, varsamt, undrande og saman med andre, er evangeliet om Jesus. For meg er Ordet på ingen måte ein underordna storleik. Ordet med stor forbokstav peikar først og fremst på Jesus Kristus. Her opplever eg meg absolutt på line med det kyrkja har oppfatta som eit klassisk bibelsyn.

Samanfatta det. 

Som min kollega i Borg, Atle Sommerfeldt konsist samanfatta det i ein annan samtale for ikkje lenge sidan: «For Luther er evangeliet om Jesus Kristus og det som driver mennesker til ham for tilgivelse, håp og trøst det eneste som gir bibelboken gyldighet som Guds Ord.» Så derfor, ja! Ja til vidare spørsmål og samtale om bibeltekstar, evangelium og korleis vi skal etterfølgje Jesus i dag. Men kanskje vi skulle la samtalen gå føre seg også utafor avisenes debattsider? For eksempel over ein kopp kaffi og ein open bibel?

Trykket i Vårt land 12. mai 2018

Gå til innlegget

«Klassisk» er eit tvitydig ord

Publisert 5 måneder siden - 1105 visninger

Utganspunktet mitt er at eg opplever at eg sjølv er bibeltru og godt kan underskrive på at eg også deler eit klassisk bibelsyn. Derfor synst eg det er spennande å finne ut av kva andre legg i slike omgrep.

Kjære Sofie Braut, takk for sist under Kyrkjemøtet! Takk også for ope brev til meg i etterkant (Vårt Land, 20. april) og til ein invitasjon til vidare samtale om bibelsyn. Eg ser fram til ein slik offentleg samtale med mindre strenge tidsrammer enn det vi har under Kyrkjemøtet.

Utganspunktet mitt er at eg opplever at eg sjølv er bibeltru og godt kan underskrive på at eg også deler eit klassisk bibelsyn. Derfor synst eg det er spennande å finne ut av kva andre legg i slike omgrep.

«Klassisk» er eit tvitydig ord i seg sjølv.
 Sonen min, som er klassisk songar, ville spurt om kva historisk epoke ein tenker på som klassisk. Han studerer sjølv såkalla gamal
musikk som er musikk frå renessansen til tidleg romantikk, men er open for at ein kan nytte omgrepet klassisk om både eldre eller nyare musikk. Eller er det det eit omgrep som dreier seg om kvalitet?

Ordet «bibelsyn» er heller ikkje eintydig og det er knapt forståeleg utanfor det skandinaviske språkområde. Ulike bibelsyn vil vel vise seg i praksis, når vi tolkar bibeltekstane, vil eg tru. Eg er glad for at du inviterer til vidare samtale. Målet må jo vere at vi kan kome vidare slik at ikkje ulike «bibelsyn» blir argument i seg sjølve, men at vi saman kan lese dei ulike bibeltekstane og prøve å finne ut kva dei kan bety i vår samanheng.

Alle som les Bibelen, tolkar. Skal vi samtale vidare, vonar eg at vi kan vere samde om det. Dei av oss som har studert kristendomskunnskap eller teologi veit at bibeltekstar må bli tolka: Vi har lese gresk og hebraisk og veit at Bibelen er eit stort bibliotek. Vi har å gjere med ei mengde manuskript, kopiar og fragment.

Bibelen må lesast grundig, kritisk og varsamt. Vi kan ikkje forstå tekstane utan å sjå dei i samanheng med den tida og kulturen dei blei skrivne i. For alle oss som har lese og les i Bibelen er det ikkje alltid så greitt å finne ut kva denne teksten og dette skriftordet skal bety, no, i mitt liv.

Så ja, eg vil gjerne samtale meir om dette, kanskje på eit seminar med dei som arbeidar med bibeltolking og truslære på dei ulike teologiske lærestadene?

Varme helsingar, 
Kari Veiteberg


Trykket i Vårt land 24. april 2018

Gå til innlegget

På veg mot éin vigselliturgi

Publisert over 2 år siden - 474 visninger

Erfaringane frå dei nordiske søsterkyrkjene viser at arbeidet med å lage tenlege ordningar for par av ulikt kjøn, kan ha som bonus at ein sit igjen med betre vigselliturgi for alle.

Debatten på Kyrkjemøtet og framover kjem ikkje til å dreie seg om likekjønna par skal kunne gifte seg i kyrkja, men korleis og når dette kan skje.

Den norske kyrkja vil bli den siste av dei lutherske søsterkyrkjene i Skandinavia som har ei slik ekteskapsordning. Det er god grunn til å sjå nærmare på ordningane i våre naboland.
Dei som giftar seg i kyrkjene i dag, har til felles at dei har ulikt kjønn. Men elles er forskjellane store: Mange par har allereie barn, enten felles eller kvar for seg, fleire par kan ikkje få barn eller ønskjer å leve saman barnlause, nokre par har ikkje budd saman, mange har brotne parrelasjonar bak seg og ein ­aukande del har ulik religion eller­ livssyn og også ulikt første-språk.

Ei eller to ordningar? Skal Den ­norske kyrkja tilby ei felles ordning for ekteskapsinngåing? Det gjeldande borgarlege ritualet er i dag felles og kjønnsnøytralt. Det er også forsøksordninga for kyrkjeleg vigsel i Svenska kyrkan og i den islandske folkekyrkja. Alternativet er å halde fast på ordninga for kyrkjeleg vigsel av ulikekjønna par og lage eit alternativ for likekjønna par, slik Folkekirken i Danmark har gjort.

Kor stor valfridom skal vigselsliturgiane gi? Må alle liturgiske formuleringar og også bibellesingar vere likelydande ved kyrkjelege vigslar? Eller kan ein tenkje seg at sjølve den borgarlege delen er felles og obligatorisk og at ­resten kan bli utforma ut i frå parets behov og lokale forhold.

Her finst det også ulike mellomstandpunkt som det vil vere bryet verd å undersøk.
Sverige. Gjennombrotet i Sverige kom i 2009. Etter at Riksdagen dette året vedtok ei kjønnsnøytral ­ekteskapslov, blei det frå og med den 1. ­november same år mogeleg å vie par av same kjønn i Svenska kyrkan.

Ordninga for vigselsgudsteneste for likekjønna er likestilt med den som finst i den gjeldande handboka frå 1986. Desse to ordningane gjeld til ein vedtar ny kyrkjehandbok i 2016. Men i forsøksordninga frå 2012, som 500 kyrkjelydar no prøver ut, fins det éin, og berre éin, vigselliturgi. Ordninga er ei vigselgudsteneste som fungerer både for like- og ulikekjønna par i alle aldrar.

Høyringssvara frå dei kyrkjelydane som har nytta 2012-ordninga, som er lik for alle typar ulike par, er svært positive. Høgst truleg blir dette den gjeldande vigselsordninga i Svenska kyrkan (den svenske modellen).

Andre trussamfunn i Sverige som i dag tilbyr vigsel av likekjønna, er Stockholms Judiska församling, ­Liberala Katolska kyrkan, eit par forsamlingar i Svenska Missionskyrkan og to forsamlingar i Svenska Baptistsamfundet.

Island og Danmark. Neste land til å endre lovstiftinga i Norden var Island, der Alltinget 27. juni 2010 vedtok ei kjønnsnøytral ekteskapslov. Den islandske, evangelisk-lutherske kyrkja godkjende allereie same dagen eit kyrkjeleg vigselritual for likekjønna. Ritualet frå 2010 fungerer for alle kombinasjonar av ektefolk.

Også Folkekirken i Danmark var tidleg ute. Folketinget vedtok 15. juni 2012 at homofile har rett til å gifte seg. Åtte av dei elleve danske biskopane stod bak eit vedtak om at frå og med den dagen kunne likekjønna også vie seg i kyrkja. Konsekvensen er at Folkekirken i dag har to ritual for vigsel. Den tradisjonelle vigselliturgien er til bruk for par av ulikt kjønn, mens det nye ritualet­ gjeld for vigsel mellom to kvinner ­eller to menn.

I den nye liturgien er «ægtemand» og «ægtehustru» erstatta med «ægtefeller». Førebels har ikkje biskopane opna for at heterofile kan bruke den nye ­liturgien. Oppbygginga er den same i dei to ordningane, men ordet «ekteskap» er ikkje nemnt i ritualet for likekjønna. Dette vart truleg gjort av omsyn til mindretalet, dei tre ­biskopane som var motstandarar mot å utvide ekteskapsforståinga.

Det interessante frå Danmark er at også heterofile par ber om å bli vigd med den nye liturgien. Mange teologar meiner at det nye vigselritualet har ­betre språk og bøner enn det gamle. På same vis oppfattar mange av dei ­aktuelle brukarane både av likt og ulikt kjøn, at den nye ordninga er meir velegna til å feire den store dagen.

Betre. Enten den norske Kyrkjemøtet vel å gå inn for ei ordning som liknar den svenske eller den danske modellen, vil det rettslege resultatet av ei kyrkjeleg vigselshandling vere det same. Erfaringane frå dei nordiske søsterkyrkjene viser også arbeidet med å lage tenlege ordningar for par av ulikt kjøn, kan ha som bonus at ein sit igjen med betre vigselliturgi for alle.

En lengre versjon av kronikken finnes i tidsskriftet Kirke og kultur 4/2015.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 6.4.2016

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Stortrommetakter
av
Gulla Nyheim Gramstad
rundt 4 timer siden / 48 visninger
0 kommentarer
Det glemte bibelverset
av
Petter Mohn
rundt 9 timer siden / 175 visninger
2 kommentarer
Liten tillit – skjør fred
av
Richard Skretteberg
rundt 10 timer siden / 556 visninger
0 kommentarer
Vi som spar møkka
av
Levi Fragell
rundt 14 timer siden / 673 visninger
2 kommentarer
Spa møkk eller bygge?
av
Vårt Land
rundt 16 timer siden / 1354 visninger
14 kommentarer
En fot i bakken
av
Usman Rana
rundt 16 timer siden / 709 visninger
1 kommentarer
Rapport fra Oslo-skolen
av
Lars Gule
1 dag siden / 741 visninger
0 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Gjermund Frøland kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
7 minutter siden / 677 visninger
Kjell Haugen kommenterte på
Hva skal vi med treenigheten?
8 minutter siden / 1436 visninger
Roald Øye kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
15 minutter siden / 677 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Jordan Peterson om ortodoksien.
17 minutter siden / 442 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
21 minutter siden / 677 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Hva er vann?
32 minutter siden / 1239 visninger
Toril Søland kommenterte på
Hva skal vi med treenigheten?
33 minutter siden / 1436 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Hva er vann?
41 minutter siden / 1239 visninger
Roald Øye kommenterte på
Stormløpet mot Israel er i gang.
rundt 1 time siden / 18412 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 1 time siden / 677 visninger
Anders Ekström kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 1 time siden / 677 visninger
Kjell G. Kristensen kommenterte på
“Etter oss kommer syndfloden ?”
rundt 1 time siden / 677 visninger
Les flere