Arve Kjell Uthaug

Alder:
  RSS

Om Arve Kjell

Blogg: www.kokelur.blogspot.no

Følgere

Det er - til og med i 2019 - ein forskjell på opprør og det å gå i takt.

Er pønk-musikk opprør?

Det er i alle fall ikkje mykje opprør i å illustrera omslaget på plata «2019: Pønk i Norge» med ein demonisk Ropstad med regnboge ut av munnen og to smådjevlar på skuldra, slik det er omtala i Vårt Land. Ein illustrasjon kan tolkast på ulike måtar, men to tankar slår meg når eg ser plate-omslaget og les intervjuet med kunstnaren.

Ropstad ville som kjent ikkje gå i PRIDE-tog. Slik skil han seg ut frå nesten heile den politiske eliten i Norge, som anten uttrykker at dei er positive til PRIDE eller som sjølv går i marsjen. Og pønkarane ser til at alle skal gå i takt. Ropstad har jo «arkaiske holdningar som ikkje høyrer heime i 2019». Her skal ingen skilja seg for mykje ut frå den aksepterte, norske 2019-standarden.

Så er det dei to smådjevlane på skuldra. Her forklarar artikkelen at dette heng saman med at Ropstad i ein debatt slapp ut av seg at klarar du bera fram eitt barn, så klarar du to òg. Med andre ord, han ser det ikkje som ein rett å slå i hel ein av to ufødde tvillingar. Dette endar altså opp som to smådjevlar på skuldra. Slik kan òg dei svakaste i samfunnet framstillast.

Her er det berre å tilby plysjsofaen. Pønkarane vil neppe søla den dyre raudvinen.

Gå til innlegget

To syn, ei vindretning

Publisert 3 måneder siden

Viss viss kyrkja har «to syn», og biskopen aksepterer dei begge, kvifor skal då folk flest slå seg til tol med at nettopp dei får ein prest med det kjipe synet?

Avisene fortel at prest Børge Ryland seier frå seg prestevikar-stillinga på Osterøy. Det skjer etter at lokalavisa valde å gjera det til ei viktig sak i «velkomstintervjuet» at Ryland ikkje vil via to av same kjønn. Deretter balla det på seg med oppheta debatt i kommentarfelta, Osterøys første Pride-marsj, der den lokale kyrkjeverja inviterte seg sjølv til å halda appell, og store bølgjer lokalt. Biskopens støtte til presten sin sette heller ikkje stoppar for den hissige debatten. Så langt eg kjenner til, står dei fleste prestane i denne regionen, dvs. Nordhordland, for akkurat det same synet som Ryland. Men no var det han som var ny i jobben, som fekk eit lokalavis-intervju med vigsels-vinkling, og som dermed vart treft av bølgja.

Osterøy går glipp av ein god prest. Ein prest som på ingen måte er ute etter å gjera livet vanskeleg for nokon. Slik eg kjenner Børge, ville han møtt alle med både raus varme og rettleiing basert på evangeliet. Eg er sikker på at det er mange på øynæ som òg hadde gledd seg til å ta imot han, men slik blir det altså ikkje.

Etter mi meining er det éi gruppe som først og fremst bør gå i seg sjølv etter denne saka frå Osterøy. Biskopane i den norske kyrkja. Fleire av dei står visstnok på det tradisjonelle synet på ekteskapet. Men biskopane sto i 2017 samla om å legitimera ei ordning med «to syn», dvs. to motstridande lærer og praksisar for ekteskapet. Der den nye læra og praksisen er i strid med evangeliet og Bibelen.

Kva er det som då skjer?

Jau, biskopane – og fleirtalet i kyrkjemøtet – har trekt demninga til sides slik at bølgja strøymer vidare forbi. I ordna og forsvarlege former, sjølvsagt. Men dermed treff bølgja neste demning, som kanskje er den nytilsette presten som blir intervjua av lokalavisa. For viss viss kyrkja har «to syn», og biskopen aksepterer dei begge, kvifor skal då folk flest slå seg til tol med at nettopp dei får ein prest med det kjipe synet?

Eg etterlyser biskopar, om det så berre var éin, som går i seg sjølv, tenkjer langsiktig og vel det tydelege evangeliet i staden for kompromisset frå kyrkjemøtet.

Gå til innlegget

Vern på papiret

Publisert 6 måneder siden

Biskopane burde ikkje skrive at fosteret har krav på vern, viss dei ikkje meiner det.

Halvor Nordhaug går i rette med kritikarar av bispeuttalen om abort (Dagen, 22.2.19). Sjølv gjer han seg til talsmann for den tyske varianten, der det er nedfelt i lova at fosteret har krav på vern, og der det er obligatorisk med ein samtale mellom kvinna og legen før kvinna vel om ho vil ta abort. Men dette er ikkje vern av det ufødde livet, dette er ein variant av fri abort. Dette blir tydeleg om ein prøver å overføra den same tankegangen til andre grupper menneske. Og ein kan gjerne gjera tankeeksperimentet med andre som er heilt avhengige av menneska omkring seg for å overleva: ufødde born i slutten av svangerskapet, nyfødde, sterkt funksjonshemma, menneske med langt utvikla demens. Ville ei papirformulering om rett til vern, og ein samtale med legen vera godt nok vern?

Ei abortlov med ein slik innlagt tanke- og samtalepause ville sannsynlegvis vera litt betre enn dagens norske lov. Dersom ho fører til at fleire vel å bera fram barnet. Det er likevel to problem her. Det første, som er det minste, er at sjølv ei slik endring verkar heilt urealistisk i dagens norske debattklima. Ei utviding av abortlova ser faktisk meir realistisk ut enn ei innskrenking. Så viss det er realistiske, dagsaktuelle løysingar bispane prøver å finna, trur eg ikkje dei kjem nokon veg. Det største problemet er likevel at òg ei lov etter tysk mønster på det mest grunnleggjande underkjenner det ufødde barnet sin verdi, og fråkjenner det vern. Kyrkja ville måtta peika på kontrasten mellom denne lova og praksisen på ei side og Guds vilje på den andre.

Det finst ingen kvikk-fiks. Men kva er det kyrkja, trass alle våre feil, har vist seg å vera god på opp gjennom historia? Det er å be, forkynna Guds vilje, gje evangeliet vidare og gjera gode gjerningar. Her treng vi at biskopane går framfor oss. Kyrkja har forandra menneske, lover og samfunn før. Kanskje kan det henda igjen? Det finst neppe nokon annan og betre veg. Eit lite steg i rett retning ville vera om biskopane oppmoda alle kyrkjelydane i bispedømet sitt om å hugsa barnet i mors liv i kyrkjebøna kvar søndag. Saman med alle andre vi bed for.

Gå til innlegget

Forventningar til biskopane

Publisert 6 måneder siden

Biskopane har sikkert hatt gode intensjonar om å få i gang ein meir konstruktiv samtale om abort, det trur eg dei på. Men når nokon hevdar at det ikkje også har skjedd eit linjeskifte, er det lite truverdig. Ikkje når ein les det det bispane faktisk skriv og seier. Her er det både linjeskifte og dobbeltkommunikasjon.

Barnet

I 1978 vart abortlova innført, og biskopane kom med eit hyrdebrev. På ein truverdig måte forkynner dette brevet menneskeverdet til det ufødte livet. Samstundes løfta det fram omsorga for mødrene. Det var slett ikkje noko hardt og kaldt bispebrev, det var tvert om både tydeleg og omsorgsfullt på same tid.

No skriv riktig nok òg dagens biskopar at fosteret «er fra unnfangelsen et liv med verdi og krav på vern». Problemet er at denne setninga blir overdøyvd av det andre biskopane skriv og seier. I bispefråsegna heiter det m.a. at biskopane ikkje har som fokus «å reise spørsmål om lovens berettigelse». Og biskopane skriv at eit samfunn med tilgang til legal abort er betre enn eit samfunn utan. Då sit eg igjen med spørsmålet om kva slags «verdi» biskopane meiner det ufødde barnet har, kva slags «vern» dei meiner det har krav på og kor det er blitt av barneperspektivet. Eit ufødt barn kan ifølgje norsk lov drepast utan nokon spesiell grunn dei tolv første vekene av livet. Men biskopane vil altså ikkje fokusera på lova som tillet dette. Kan ein tenkja seg ei slik haldning frå biskopane dersom det var ei anna gruppe medmenneske som var heilt utan vern i lovverket? 

Bispane si formulering om vern og verdi blir i stor grad motsagt av resten av fråsegna deira. Som om ikkje det var nok, er det nokon av biskopane som støttar dagens friabortlov, som tek frå barnet alt vern dei tre første månadene av livet. Dei same biskopane har altså skrive under på at dei ufødte borna «frå unfangelsen» har «krav på vern». 

Derfor er det god grunn til å spørja kva biskopane meiner:

(1) Har det ufødde barnet same verdi som oss andre?

(2) Kva slags konkret vern meiner biskopane at fosteret har krav på?

Dialogen.

Biskopane har som uttalt mål å få til ein betre dialog om abort. Det er alltid godt å søkja den gode samtalen først. No har vi det siste halve året hatt nokre rundar med abortdebatt. Då har det handla om tvillingabortar, og dels om abort av menneske med funksjonshemming og sjukdomar. I tillegg har det heile vore vikla inn i det politiske spelet rundt regjeringssamarbeidet.

Noko av det mest slåande i denne diskusjonen har vore intensiteten i motstanden mot sjølv svært små endringar i norsk abortlov og -praksis. Forsøk på å reisa desse spørsmåla har møtt ein mur av indignasjon og makt-feminisme.

På same måten var det òg då diskusjonen gjekk om fastlegar skulle kunna reservera seg mot tilvising til abort. Reaksjonane var sterke og harde, og det var lite som vitna om vilje til lyttande dialog.

Eg trur sjansane er svært små for at biskopar eller andre kan få til ein reell og respektfull dialog om abortspørsmålet i samfunnet slik klimaet er no. Endå mindre sannsynleg er det dersom dei vil utfordra det norske samfunnet si frårøving av ufødte born sitt menneskeverd. Ingen ting tyder på at dei som forsvarar dagens abortpraksis, ønskjer ein open dialog der òg den grunnleggjande kritikken av norsk abortpraksis får sleppa fram.

Surdeigen.

Med lov skal landet byggjast, heiter det. Eg forventar ikkje at biskopane skal forma ut desse lovene, den børa treng dei ikkje bera. Derimot skal dei forkynna det ukrenkelege menneskeverdet som er gitt oss av Gud, og dei skal tala tydeleg når dette menneskeverdet blir krenka. Sjølv når det blir krenka av staten og lovene. Dei norske biskopane greidde det i 1978. Den katolske kyrkja greier det i dag. Dagens norske biskopar har dessverre ikkje greidd det. Biskop Nordhaug skriv at han sjølv har sans for ei abortlov meir av den tyske typen, der den abortsøkjande kvinna må ha ein rådgjevande samtale med legen før ho bestemmer seg. Men den tyske abortlova er berre ein variant av fri abort, ho gjev ikkje noko eigentleg vern av det ufødte barnet.

Ingen kan heller forlanga at biskopar eller andre skal kunna leggja fram ei lov som i dagens situasjon både gjev fosteret vern og har ein realistisk sjanse til å bli vedteken. Vi lever i eit demokrati der eit klart fleirtal av opinionen og dei politiske partia er imot å gje det ufødde barnet vern dei første månadene av livet. Det er nakne fakta. Ingen kan krevja at biskopane finn ei løysing på dette på kort sikt. Men både biskopar og andre kristne kan be om forandring, forkynna Guds vilje tydeleg, forsvara dei minste små, og gjera godt mot alle. Så må vi satsa på at surdeig-effekten vil påverka samfunnet slik at det veks fram eit nytt og meir humant syn på ufødte medmenneske. I mellomtida blir det altså å gå mot straumen og våga å tenkja langsiktig. Straumar kan snu.

Gå til innlegget

Vårt Land tutar med ulvane

Publisert 7 måneder siden

Så vidt eg veit, blir det ikkje ein gong stilt krav til statsrådar om å gå i den mest samlande fellesmarkeringa av alle om norske verdiar, nemleg 17. mai. Og godt er det. Kvifor skal då statsrådar pressast til å gå i Pride-marsj?

Vårt Land-kommentator Håvard Nyhus ytrar seg om Kjell Ingolf Ropstad, som ikkje vil gå i Pride-tog. Men artikkelen «Innbuet med mening» heiar ikkje fram ein statsråd som vågar å stå imot presset. Her er det ingen oppmodingar til Ropstad om å ta vare på integriteten og stå for det han trur på. Heller ikkje er det mange spor i artikkelen av at den kristne trua og evangeliet– slik vi har fått det frå apostlane – faktisk set heilt andre rammer for seksuallivet enn det Pride og arrangøren FRI står for. 

Nei. Om eg forstår Nyhus rett, er det i orden at privatpersonen Ropstad avstår frå å gå i Pride-tog. Men når han no er blitt statsråd, er det tydelegvis blitt problematisk at «33 år gamle Kjell Ingolf fra Evje» vegrar seg mot å marsjera.

Ein ting skal Nyhus ha ros for; at han står klart og tydeleg fram med det han meiner, han skjuler det ikkje i ulne formueringar. Det er alltid bra. Takk for det.

Når det er sagt, synest eg likevel artikkelen er trist. For det første kan Ropstad utmerka godt la vera å gå i Pride-tog utan å gje ein einaste grunn for det. Så vidt eg veit, blir det ikkje ein gong stilt krav til statsrådar om å gå i den mest samlande fellesmarkeringa av alle om norske verdiar, nemleg 17. mai. Og godt er det. Kvifor skal då statsrådar pressast til å gå i Pride-marsj? Er verdien av PRIDEbrått blitt eit felles nasjonalt dogme som alle statsrådar må bøya seg for? I så fall vil eg aller først sparka ballen tilbake til Vårt Land: Er det eit krav at alle redaktørar i avisa går i Pride-marsj? Ein redaktør representerer som kjent ikkje berre seg sjølv lenger, men òg avisa ho eller han er redaktør for. 

For det andre er det flott om Ropstad, viss han ser det slik, forklarar at han ikkje vil gå i Pride rettog slett fordi han meiner det kolliderer med kristen tenking og kristne verdiar. Det er sjølvsagt opp til statsråden sjølv om han vil gjera dette. Eg meiner heller ikkje nokon kan krevja det av han. Men for min del ville eg ha stor respekt for ein statsråd som direkte og prinsipielt markerer det han meiner, også når det går på tvers av det «alle» prøver å pressa han til.

Til sist. Ein gong var det nattverdtvang her i landet. Ja, alle var i lovpålagte å gå marsjen fram til altarringen for å ta imot brødet og vinen. Heldigvis har vi det ikkje slik lenger. Vil vi ha det slik at statsrådar skal pressast til å marsjera under fanene og slagorda til Pride? Nei. Vi vil ha statsrådar med integritet nok til å avvisa å gå i eit tog dei ikkje ønskjer å gå i. Det høyrer ikkje til ein statsråd sine «seremonielle forpliktelser» å gå i Pride-tog. Ikkje gjer meiningsrommet i dette landet trongare enn det er.

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Kristen kamelsluking
av
Espen Ottosen
22 dager siden / 3370 visninger
For kort for Jesus?
av
Øyvind Hadland
28 dager siden / 2454 visninger
En prest og en gave
av
Anita Reitan
16 dager siden / 2452 visninger
Om Gud vil
av
Vårt Land
30 dager siden / 2366 visninger
Fem om dagen: en sunn tro
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1826 visninger
Politikk og religion sauses sammen
av
Helge Simonnes
13 dager siden / 1661 visninger
Å trene motstandskraften
av
Knut Arild Hareide
29 dager siden / 1504 visninger
Jakt og offer
av
Hilde Løvdal Stephens
10 dager siden / 1401 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere