Knut Ødegård

Alder:
  RSS

Om Knut

Forfattar. Litteraturkritikar i Vårt Land

Følgere

Berre ein veg å gå

Publisert nesten 4 år siden

For å få orden og rettferd i rotet, er det – slik eg ser det – berre éin veg å gå: At alle medlemer av alle trussamfunn personleg gjev sitt samtykkje til medlemskap.

Frp-politikar Jon Helgheim vart til muntrasjon for oss alle, truleg òg på eige partikontor, då han melde seg ut av ei kyrkje han ­aldri hadde vore medlem av.

Det var meint som ein protest mot venstrepolitisering av Den norske kyrkje (Dnk), slik han ser det, ­men fekk vel ikkje nett den effekten han hadde tenkt.

Derimot fekk det meg til å tenkja: Er det verkeleg slik han seier, at han både hadde fått tilsend valkort og brev om at han er medlem frå det som vel framleis er ei slags «statskyrkje». Då tyder det på alvorleg medlemsrot i den same kyrkja.

Det er forståeleg nok at det kan vera ei krevjande øving å ha medlemskartoteket ajour i slike organisasjonar, men det er påfallande at det er berre Den katolske kyrkja som vert rettsforfylgd for upresist medlemskartotek.

I somme media har det vore ein føljetong med «dekning» av påståtte kriminelle aktivitetar hjå biskopen i Oslo katolske bispedøme (OKB). OKB hevdar at dei ikkje har gjort noko som kan råkast av norsk lov, og at dei ikkje har fått tilskot frå fleire enn dei som faktisk får sine kyrkjelege tenester der. Truleg har dei rett.

For å få orden og rettferd i dette­, er det ­slik eg ser det ­ berre éin veg å gå: At alle medlemer av alle trussamfunn personleg gjev sitt samtykkje til medlemskap.

Både dei lutherske og katolske og andre ­kyrkjer vil med rette kunne hevda at det er ­dåpen som er inngangen til kyrkjesamfunnet.

Men i vår tid, med aukande ­sekularisering og folkeflytting frå land til land, trengs det nok ei personleg tilkjennegjeving om kvar ein vil vera medlem for at medlemstalet skal bli nokolunde korrekt.

Dette kan gjerast ved at alle vaksne som er busette i Noreg og som er over til dømes 18 år, melder seg inn om dei vil tilhøyra eit trus- eller kyrkjesamfunn. Det må sjølvsagt gjelda for medlemer av Dnk på like fot med andre.

Ein kan med rette spyrja kvifor staten skal halda seg med eit religionsvesen. Men dei fleste er nok samde i at livssynsorganisasjonar bør kunne få offentlege tilskot på line med andre positive aktivitetar.

Då melder spørsmålet seg om kva aktiviteten inneber. Skal den som vart døypt som barn og som sidan berre set sine føter i kyrkja ved bryllaup og gravferder, og kanskje på julekvelden eller på ein konsert, utløysa statleg tilskot på like fot med den som kvar messesundag ­og gjerne oftare ­ er med i gudstenesta?

Det har nyleg vore debatt i Vårt Land om å vera «personleg kristen». Eg likar heller ikkje ordet, det smakar av fordomar og sjølvrettvise. Men om ein byter ut «personleg» med «praktiserande», vert dette meiningsfullt om ein vil koma fram til ein storleik på kor mange ein faktisk skal yta tilskot til.

Korleis ein i praksis skal få eit slikt system med «praktiserande» medlemer til å fungera, veit eg ikkje. Men eg har berre gode minne frå sundagsskulen i Molde, der vi fekk ei stjerne stempla inn i kortet ved kvart frammøte.

Det statlege religionsvesen har si økonomiske side. Så langt har lutherske Dnk ikkje vore råka av medlemstal som grunnlag for statstilskot. Men det kravet kan, og bør, koma.

Elles vert vi sitjande att med ein urett som med røter attende til den påtvungne reformasjonen på 1500-talet då kongen i Danmark røva til seg alt katolsk gods i Noreg – og der mykje framleis finst i form av Opplysningsvesenets fond: Etter lova av 1979 skal all avkasting av denne gamle­ ­katolske formua koma Dnk til gode.

Først publisert i Vårt Land 24.2.2016

Gå til innlegget

Frå ein hårsår katolikk

Publisert over 4 år siden

Vi norske katolikkar som er litt oppe i åra, hugsar altfor godt diskrimineringa.

Den skammelege «jødeparagrafen» i Grunnlova av 1814, kjenner vi godt til. Og korleis menn som Wergeland tok opp kampen for å få den diskriminerande paragrafen avskaffa.

Mindre kjent er det at heilt fram til 1950-talet hadde vi grunnlovsfesta at katolske kristne tilhøyrande jesutittordenen ikkje hadde tilgang til riket. Dersom ikkje paragrafen hadde vorte sletta (i 1956), kunne vi ikkje her i landet ha teke mot vitjing av pave Frans, som tilhøyrer den ordenen – om ei slik vitjing hadde vore aktuell.

Eg nemner dette fordi vi norske katolikkar som er litt oppe i åra, hugsar altfor godt denne diskrimineringa, også korleis «paragrafen» vart forsvara av kristenleiarar, jamvel av den seinare kyrkjestatsråd Kjell Bondevik. Og vi hugsar korleis katolikkar generelt vart omtala på negativt vis, som om vi ikkje var skikkeleg kristne om vi tilhøyrde «pavekyrkja».

Ikkje rart. Det er difor ikkje så rart at vi kan verka noko hårsåre når det stadig kjem kritiske artiklar i kristelege aviser om det beklagelege medlemsrotet i Oslo katolske bispedøme og om vår biskop Bernt - som dei langt fleste av oss meiner har vore til så stor velsigning for katolsk kristenliv i landet vårt.

Den stadige «oppsøkjande journalistikken» med sine gjentakingar om medlemsregistrering , dei stadige rapportane om uro i administrasjonen, er teken heilt ut av sine proporsjonar, og det verkar unødvendig mistenkeleggjerande. Som om den gamle antikatolisismen er på veg inn att.

Eg trur ikkje det er meint slik, men denne behandlinga vi får av kristne slektningar er djupt sårande - og bør vera til ettertanke for dei norske majoritetskristne lutheranar som inntil no har vore framfødde av ei statskyrkje.

Ein aktør som stadig vert skuva fram saman med skuldingane mot Kyrkja, er kommunikasjonssjef Agnieszka Bryn i Human-Etisk Forbund og historia om korleis ho feilaktig er registrert som katolikk.

Snu historia. Eg trudde fyrst at det var ein udøypt eller ein person tilhøyrande eit anna trussamfunn som protesterte så iherdig. Men no viser det seg at Bryn faktisk vart døypt katolsk i Polen.  Det er ikkje opplyst om ho melde seg ut av Kyrkja i Polen før ho flytta til Noreg.  Sjølv seier ho at det faktum at ho er døypt katolsk «er på ingen måte et aktivt samtykke til medlemskap».

Men denne historia kan ein snu i ei anna retning:  Kva då med alle dei som er døypte i Den norske kyrkja (tidlegare «statskyrkja»)?  Kvifor skal dei reknast som medlemer av det trussamfunnet – utan å gje «aktivt samtykke til medlemskap»?  

Medan det faktisk er slik at dei katolske kyrkjene er for småe og fåe for den stadig veksande tilstrøyminga til katolske messer og tenester i Noreg, er det motsette tilfelle i det lutherske Noreg.  Det er berre 38 prosent av dei spurde i ei fersk meiningsmåling som seier at dei trur på Gud. Det er eit mindretal i hovudstaden som fører borna sine fram til dåp, på landsbasis diltar ein etter hovudstaden. Eit stigande tal døypte ungdomar vel «borgarleg konfirmasjon». 

Ikkje statleg ansvar. Ein kan setja spørsmålsteikn ved om staten skal yta tilskot til noko så djupt personleg som religiøs tru og praksis. I prinsippet tykkjer eg det er ei sak for dei truande å finansiera sine religiøse institusjonar, ikkje eit statleg ansvar. I prinsippet er vel dei fleste av oss samde om at statsreligiøsitet med statskyrkje let seg dårleg sameina med grunnleggjande demokratiske prinsipp. 

Men om det no er slik at staten vil stø folks religiøse utøving på slik den same stat stør andre frivillige aktivitetar: Er det ikkje då rimeleg at alle truande i landet – inkludert dei luthersktruande - ved ein viss alder, t.d. ved fylte 18 år eller seinare, sjølv registrerer seg som tilhøyrande det aktuelle trussamfunnet?  Og at staten så fordelar sine pengar til dei ulike trussamfunn ut frå dei medlemstal som då kjem for dagen? 

Røva kyrkjegods. Opplysningsvesenets fond er ein stor økonomisk aktør i finansiering av kyrkjelege formål, grunnlovsfesta i paragraf 106. Dette fondet, som er ein av dei største grunneigarane i Noreg, vart oppretta med utgangspunkt i kyrkjegodset som vart røva frå katolske kyrkjer og kloster under den lutherske reformasjonen som vart tvungen fram av den danske kongsmakta. Det var ei drivkraft for reformatorane å få kloa i desse eigedomane – som i stor grad var testamenterte frå privatfolk til den katolske kyrkja.

Vi katolikkar har ikkje kravd å få dette tilbake, vi er smålåtne slik. Heller kjenner eg ikkje til at nokon katolikk i fullt alvor har kravd å få tilbake Nidarosdomen og andre kyrkjebygg som vart tekne frå oss.

Men eit historisk tilbakeblikk kan vera med på å skapa ei forståing for at vi norske katolikkar har problem med å sjå på oss sjølve som framandelement i norsk kristenliv. Vi har ein over tusen år lang tradisjon her i landet.

FØRST PUBLISERT PÅ VÅRT LANDS DEBATTSIDER 5. JUNI 2015
Gå til innlegget

Det heilage er neddøyvd

Publisert nesten 5 år siden

Det er noko som manglar i denne lange samtalen om ytringsfridom.

Alle som tek ordet er samde om at ytringsfridom er ein menneskerett og eit vesentleg element i ein demokratisk stat.  Dei fleste – men ikkje alle - er òg samde om at det er ei grense mellom ytringsfridom og trakassering. Alle er derimot samde der overskridinga mot trakassering går på rase, kjønn og seksualitet.  Nokre slike overskridingar blir òg i lovverket definert som kriminelle. Desse er då ikkje lenger ytringar i menneskerettsleg forstand, men overgrep.

Stadig oftare vert ytringsfridomen framheva som den viktigaste menneskeretten, og ofte gløymer ein at denne fridomen ikkje er den einaste menneskeretten vi skal forsvara og navigera våre ord og gjerningar etter. Eg for min del meiner at den grunnleggjande menneskeretten er retten til liv, til å bli fødd. Det er noko som manglar i samtalen.

I vår nordeuropeiske del av verda, har vi i løpet av ein generasjon eller to skjøve religion ut av sentralområdet for menneskelege verdiar: Det kom difor som eit sjokk på mange då dei oppdaga at slik er det ikkje i storparten av verda.  Gud finst framleis for mange.  For dei er religionen framleis ein så vesentleg del av individets identitet at det vert opplevd som like krenkjande å verte trakassert på grunn av religiøs identitet som etnisk identitet, kjønn, seksuell legning eller anna.

Sårande. I det sekulære debattklimaet i Noreg er det stadig færre som skjønar kor sårande det er for den truande at den gudstrua som ein byggjer livet sitt på vert latterleggjort gjennom karikaturar og  komikarar. Eg vedgår for eigen del som kristen: Det hadde vore betre for meg å få eit slag i andletet enn å sjå ei latterleggjerande framstilling av Kristus på krossen eller av Den heilage familien.

Det er sansen for det heilage som er så neddøyvd i vår kulturkrins. Eg trur ikkje at nokon meiner å gjera meg vondt om dei prentar slike «morosame» teikningar. Eg trur heller ikkje at nokon meiner å påføra meg smerte ved å banna, men dei gjer det. Fråveret av det heilage i den moderne kulturen fører til at mange «ytrarar» ikkje skjønar at dei faktisk gjer overgrep mot eit medmenneska når det driv gjøn med religionen.

Difor har eg som kristen ikkje vanskeleg for å forstå at muslimar vert djupt såra og krenkte når deira tru vert latterleggjort ved karikerte framstillingar og «morosame» opptrinn. Er det verkeleg ein «rett», ein menneskerett, å krenka medmennesket?

Grense. Det er, og det må vi halda fast på, ei veldig klår grense - som ikkje kan overskridast - mellom det å kjenna seg trakassert, såra, og det å ty til vald og drap. Det kan vi aldri akseptera, ikkje vi kristne, ikkje jødar, ikkje muslimar.

Men det som manglar i vår skandinaviske post-marxistiske debattklimaet, med understreking av ytringsfridomen som den viktigaste menneskeretten, er ei forståing av at det framleis er ganske mange menneske i verda som lever i djup kontakt med det heilage, og at det er eit vondt overgrep mot den truande når nokon driv gjøn med det vi trur på.

Dette har ikkje med kritisk journalistikk å gjera. For vi treng heile tida kritisk drøfting av religion og kvalifisert journalistisk rapportering også på dette området. Det har heller ikkje med meiningsytringar å gjera, for alle må ha rett til å ytra seg.  Vi treng ein open debatt om eit demokrati skal fungera. Nei, det har med fråveret av respekt for medmenneskets religiøse tru og identitet å gjera. Det har med ei grensesetting for ytringsfridomen å gjera, rettare sagt: Fastsetjing av ei grense mellom det som er ytring i menneskerettsleg forstand og det som er trakassering – og dermed overgrep.

Verdiar. Dette handlar slett ikkje om å gje etter for kristne, muslimske eller andre religiøse gruppers press å gjera, ikkje om redsle for konsekvensane av å teia:  

Det har med respekt for individets verdiar å gjera, ja, individets identitet, og ei erkjenning av at mennesket er ikkje berre fysisk-mekanisk og biologisk men òg eit sårbart åndsvesen. Vald er ikkje berre fysisk vald, men òg åndeleg vald.  Det eine treng ikkje vera mindre sårande enn det andre.

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 14.01.2015

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
24 dager siden / 5630 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
22 dager siden / 3747 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
23 dager siden / 1353 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
18 dager siden / 1251 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
9 dager siden / 1223 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
8 dager siden / 1157 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
7 dager siden / 1147 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
18 dager siden / 1131 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere