Knut Hernes

Alder:
  RSS

Om Knut

Følgere

Kan ein stola på alt Lukas skreiv ?

Publisert rundt 1 år siden

Ein replikk til det Bernt Falkum skriv i Vårt Land 310718 om jomfrufødsel og at han stoler fullt ut på det Lukas skriv om dette i sitt evangelium, serleg etter Lukas sine "inngående studier". Eg er av dei som ikkje trur på jomfrufødsel, og hvis det var det, den gang, ville Jesus vore kvinne. Eg er meir skeptisk til Lukas sitt truverde enn Falkum, og vil peika på 2 mogelege feil i Lukas sitt evangelium. Han skriv at Jesus for opp til himmelen same kveld som han hadde stått opp frå dei døde. Men det er vel grei semje om at det også er Lukas som har skrive Apostelgjerningane, og der skriv han at det skjedde 40 dagar seinare. Eitt av dei må vera feil. Kvifor Lukas skreiv det så ulikt, må andre enn eg svara på.Så skriv Lukas i "Juleevangeliet" at Maria og Josef reiste frå Nasaret opp til Betlehem. Det må vera feil, dei reiste neppe frå ein by i Galilea, men heller frå ein stad i Judea, altså mykje nærare Betlehem. Frå Nasaret til Betlehem er det 120 km i luftline og 160 å gå eller ta seg fram. Den turen tek om lag 1 veke, eller i alle fall mange dagar. Når Lukas skriv at Maria reiste opp til Elisabeth, så forstår ein det slik at det ikkje var ein tur som tok mange dagar, men meir ein "snartur". Det passer vel best med at Maria også budde i Judea. Elisabeth og Sakarja må ha budd i Jerusalem eller nokså nær, for Sakarja gjorde teneste i tempelet. Det er ikkje langt mellom Jerusalem og Betlehem.Matheus er den einaste av evangelistane som fortel om flukta til Egypt. I 2. kapittel versa 19 - 23 fortel han om heimreisa derifrå. Han skriv det slik at ein forstår at Maria og Josef, med Jesus-barnet, helst ville slå seg ned i Judea, men at dei såg seg nøydde til å reisa vidare til Galilea og slo seg ned i Nasaret. Når Lukas skriv at dei reiste frå Nasaret, så kan det vera at han "i farten" tenkte at siden Jesus vaks opp der, så var det også derifrå at foreldra kom opphavleg. Eller at der var ein by i Judea med eit namn som likna på Nasaret, altså ei forveksling.Utifrå dette meiner eg at ein har grunn til å vera noko skeptisk til det Lukas skriv, uansett kor "inngående studier" han må ha gjort. Allternativet vil vera å lesa det som står romsleg, og ikkje ta alt svært bokstavleg.Falkum viser m.a. til noko Rune Larsen har sagt, og det vil eg også gjera. For i ein diskusjon om kva som står skrive og korleis det skal forståast, minnes eg noko han sa i ei morgonandakt i radioen for mange år siden: "det viktige er ikkje læra om Jesus, men læra til Jesus".VyrdsamtKnut Helge Hernes

Gå til innlegget

Oppstode av lekamen ?

Publisert over 8 år siden

I realskulen for meir enn 50 år siden, hadde soknepresten vår undervisinga i religion. Ein kjekk prest på alle måtar. Men me vart usamde om tolkinga, når kyrkja si mest brukte tru-vedkjenning i siste avsnitt seier ". . oppstode av lekamen og evig liv ". Han var svært klar på at vår jordiske lekam skal stå opp på ny, slik den var her, dvs alt som blir lagt i grava.

Etter at eg for nokre år siden vart truande, og gjerne deltek i gudstenester i kyrkja, har eg meir og meir streva med dette. Eg makter ikkje å frigjera meg frå kva presten sa den gangen, om tolkinga. Eg er med og les høgt heile vedkjenninga, men teier still når orda "oppstode av lekamen" skal seiast. Orker ikkje seia dei orda, og føler at eg då blir ståande litt utanom. Får ei kjensle av at ein ikkje er rett truande, når ein ikkje kan seia heile tru-vedkjenninga slik den lyder.

I 1. Kor. er Paulus i kap 15 tydeleg og klar på at det er ein jordisk lekam og ein himmelsk eller andeleg lekam. Står det i NT nokon stad ein motsetnad til det ? Om det ikkje gjer det, kvifor formulerer då Kyrkja seg som den gjer ? Kvifor ikkje seia at me trur på oppstode til ein "himmelsk" eller til ein "ny" lekam ? Kvifkr gjera det vanskelegare enn det må vera, for nokre av oss, å kjenna seg som rett truande ?

Først nyleg vart eg merksam på denne debatt-sida. Ser at emnet har vore oppe før, men vil vera takksam om einkvan vil ta bryet med teologien om det, ein gang til.

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
25 dager siden / 1878 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
16 dager siden / 1614 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
25 dager siden / 1579 visninger
Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
23 dager siden / 1559 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
15 dager siden / 1423 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
18 dager siden / 1356 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
13 dager siden / 1320 visninger
Stolthet er undervurdert
av
Magne Nylenna
28 dager siden / 1175 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere