Kjetil Kringlebotten

Alder: 35
  RSS

Om Kjetil

Sokneprest i Kvinnherad med ein kjærleik for både tru og tanke.
Bloggar på http://katolikken.wordpress.com/

Følgere

Kyrkjeleg embetstenking

Publisert over 8 år siden

Med utgangspunkt i ein kommentar på ein av Carissimi-diskusjonane vil eg skrive ned nokre tankar omkring kyrkjeleg embetstenking.

Arnt Thyve skreiv dette: “Bibelen snakker lite om biskoper, den snakker bare hyrder, og det er for så vidt både prester og biskoper.”

I Skrifta er hyrde eit generelt omgrep. Men så har vi to omgrep til: ἐπίσκοπος (epískopos) og πρεσβύτερος (presbyteros). Frå ἐπίσκοπος (som betyr ein overoppsynsmann) har vi fått omgrepet ‘biskop.’ Etter reformasjonen valte ein for ei tid å gå bort frå omgrepet ‘biskop,’ og valte å heller bruke omgrepet ‘superintendent.’ (Dette finn vi framleis igjen i t.d. USA, som ei nemning på den som har overoppsyn med t.d. ein bygning.)

Frå πρεσβύτερος (som betyr ein som er eldre, men ikkje nødvendigvis i alder) har vi fått omgrepet ‘prest.’[1] (Interessant nok kjem omgrepet prest frå πρεσβύτερος. Ein meinte altså at det var noko med πρεσβύτερος-omgrepet som gjorde at ein kunne bruke dette om prestar i GT.)

Det er ikkje heilt klart ut frå NT korleis ein skal sjå seg forholdet mellom ἐπίσκοπος og πρεσβύτερος, men vi ser tidleg indikasjon på at desse vart brukt som nemning på to forskjellige ting, der den eine hadde meir autoritet enn den andre. Vi kan t.d. sjå dette hjå Ignatius av Antiokia, som døydde som martyr rundt år 107-110. I eit brev til kyrkjelyden i Smyrna, i Vesle-Asia skreiv han:

“Ingen må utan samtykket åt biskopen ta seg noko føre i dei tinga som vedkjem kyrkjelyden. Den nattverden som vert leia av biskopen eller av den han sjølv har gjeve fullmakt til, skal ein halda for gyldig. Der som biskopen viser seg, må kyrkjelyden vera, liksom den katolske kyrkja er der som Kristus Jesus er. Det er ikkje tillate å verken døypa eller å ha kjærleiksmåltid utan biskopen.”[2]

Her ser vi at for Ignatius har biskopen ein klar autoritet. George Edmundson skriv at for Ignatius er bispeembetet «of the very esse and not merely of the bene esse of the Church.» For Ignatius er ei kyrkje utan tredelinga biskop, presbyter og diakon «no Church deserving of the name.»[3]

Kyrkja si esse er hennar vere, vesen eller eksistens. Kyrkja si bene esse er hennar velvere; det som er til beste for henne, men som ho kan overleve utan.

Einskilde vil her argumentere for at NT bruker ἐπίσκοπος og πρεσβύτερος om kvarandre, og at dette også er tilfelle i 1. Klementsbrev som kom før Ignatius. Sjølv meiner eg dette berre er semantikk. (Eg vil fyrst seie at eg tviler på at Ignatius var den fyrste til å setje dette skiljet, då tonen i breva hans indikerar at dette er ‘gamalt nytt.’ Men vi kan ikkje vite dette heilt sikkert. Det kan godt hende at dette berre var den fyrste gongen det vart skrive ned, sjølv om vi ikkje kan vite det heller.)

Poenget mitt er at dersom vi ser for oss at det ikkje er noko klar distinksjon mellom ἐπίσκοπος og πρεσβύτερος ser vi likevel hjå Ignatius eit framhald frå NT sin trefaldige distinksjon, men med andre namn. I NT (dersom vi seier at det ikkje er noko klar distinksjon mellom ἐπίσκοπος of πρεσβύτερος der) ser vi ein trefaldig distinksjon mellom apostel, biskop/prest og diakon. Dette vart då altså halde fram hjå Ignatius, men etterfylgjarane åt apostlane tok namnet ἐπίσκοπος, kanskje i ein slags age for apostlane. Så det vi ser er rett og slett at argumentet mot Ignatius berre kokar ned til semantikk.

--------------------

Noter:

[1] Πρεσβύτερος betyr 'eldre,' ikkje eldst. (Det er ein adjektiv som vert brukt substantivisk.)

[2] Ernst Baasland & Reidar Hvalvik (red.), De apostoliske fedre. I norsk oversettelse med innledninger og noter. Oslo: Luther 1997, s. 67. Omsett til nynorsk av underteikna.

[3] George Edmundson, The Church in Rome in the First Century. Grand Rapids, MI: Christian Classics Ethereal Library 2000, s. 153. [Pdf-fil henta frå ccel.org, 04.03.2011]

Gå til innlegget

Kropp og einskap

Publisert rundt 10 år siden

I den nikenske truvedkjenninga vedkjenner vi at vi trur på "éi heilag, ålmenn [katolsk] og apostolisk kyrkje." Og i Joh 17:21-23 ber Kristus at vi må vera eitt, slik at verda skal "skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg." (v. 23) Men kva er det som kjenneteiknar denne einskapen? Slik eg ser det, er det svært klart att Kristus snakkar om ein synleg, konkret og handgripleg einskap, ein einskap som folk kan sjå, jmf. v. 23. Dette ser vi også klart i 1. Korintarbrev der Paulus ein stad kallar kriste for ein kropp (1Kor 12,12-13), og ein annan stad knyt denne einskapen saman med nattverden: "Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet." (1Kor 10:16-17)

Men betyr ikkje dette at den protestantiske læra om at alle har einskap i Kristus, at einskapen er "usynleg," ikkje held vatn? Vil ikkje dette vere ein slags ekklesiologisk doketisme, dvs. eit kyrkjesyn som ser på det kroppslege som noko tilsynelatande? (Bryan Cross har skrive litt om dett her og her.) Kan vi som ikkje er med-lemmar i dei historiske kyrkjesamfunna, dvs. Den katolske og Den ortodokse kyrkja, seie at vi er lemmar på Kristi kropp? Vil ikkje det kroppslege ved kyrkja bety at ho skal vera synleg og konkret?

Gå til innlegget

I gårsdagens utgåve av DagenMagazinet (her er ei lenke til nettutgåva) står det at Ola Ohm "skriver kirkehistorie når han snart ordineres til prest i Den norske kirke og i Frikirken samtidig." Han seier at han med dette håpar å kunne bidra til meir einskap blant kristne. "Jeg har tenkt at det er på tide at noen beveger seg over de kirkelige skillelinjene og bygger dem ned" seier han. "Derfor er det naturlig for meg å ha prestejobb både i statskirken og i Frikirken."

 

Dei fleste kristne er vel, som Ohm, leie for dei splittane som fint i kyrkja. Kristus har jo kalla oss til å vera eitt. "Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt." (Joh 17:11) "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg." (Joh 17:21-23)

 

Men kva skal denne einskapen stå i? I Bibelen vert det lagt eit stort trykk på einskap. Den mest kjende er kanskje Paulus si lange formaning i Ef 4:3-6:

Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman: éin kropp og éin Ande, liksom de fekk éi von då de vart kalla, éin Herre, éi tru, éin dåp, éin Gud og Far for alle, han som er over alle og gjennom alle og i alle.

Og så har vi også ein annan tekst, 2Kor 13:11: "Til slutt, sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk." Omgrepet "Ha eitt og same sinnelag" heiter, "Vis enighet" på bokmål.

 

Men kan vi seie at Dnk og frikyrkja har "eitt og same sinnelag"? Viss ikkje, så er det absurd å skulla tene som prest i begge to. Prestetenesta er ikkje ein kulturell greie, det er ei hyrdeteneste. Og korleis kan ein ha tillit til ein hyrde som tener to kyrkjesamfunn som står i motsetnad til kvarandre i forskjellige spørsmål? Kva ekklesiologi, kyrkjelære, er det som ligg bak dette?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
rundt 24 timer siden / 3485 visninger
Kjønnsideologi på avveie
av
Marit Johanne Bruset
23 dager siden / 2347 visninger
Den verkeleg raude fare
av
Emil André Erstad
rundt 1 måned siden / 2069 visninger
Kunnskapsløst om «koranskoler»
av
Usman Rana
23 dager siden / 1650 visninger
KRIK og samlivsteologien
av
Aksel Johan Lund
10 dager siden / 1466 visninger
Slutt å gjøre kirken kul!
av
Merete Thomassen
rundt 1 måned siden / 1379 visninger
En fallende stjerne?
av
Vårt Land
23 dager siden / 1301 visninger
Kallmyrs tabbe
av
Vårt Land
26 dager siden / 1203 visninger
Pride har nådd sin peak
av
Tonje Gjevjon
rundt 6 timer siden / 1199 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere