Kjetil Kringlebotten

Alder: 35
  RSS

Om Kjetil

Sokneprest i Kvinnherad med ein kjærleik for både tru og tanke.
Bloggar på http://katolikken.wordpress.com/

Følgere

Publisert over 2 år siden

Siden du Kjetil fokuserer på eksegese, undres jeg på:

Vet du hvorfor det ved siste Bibel-revisjon i Norge ble videreført en upresis, villedende oversettelse av 1. Mos 1,27:

Der står det: «..til mann og kvinne skapte han dem».

Vel, dette er nettopp ikkje ei upresis og villeiande omsetjing. For det fyrste vil du jo sjå at på norsk er det ein heilt direkte kopling mellom ‘mann’ og ‘mannleg’ og mellom ‘kvinne’ og ‘kvinneleg.’ Det er berre ein suffiks som skil dei, og denne suffiksen gjer ikkje noko anna på norsk enn at den abstrakterer ordet og gjer det meir generelt. Men vidare ser vi at i 1. Mosebok skal dette forståast konkret som skaping av éin mann og éi kvinne – ikkje skapinga av det ‘mannlege’ og ‘kvinnelege’ som karakteristika ved alle. Dette ser vi klart i 1Mos 2, der skapingasoga knyt skaping av den mannlege og den kvinnelege direkte til skapinga av éin mann og éi kvinne. Der ein i 1Mos 1 bruker dei hebraiske substantiva zâkâr (‘mannleg,’ ‘male’) og  neqebah (‘kvinneleg,’ ‘female’), fordi ein generelt skriv om skapinga av mennesket tek ein i 1Mos 2 i bruk substantiva ish (‘mann’) og iš·šāh (‘kvinne’). Så nei, den norske omsetjinga er verken upresis eller villeiande, men omset eit ord ut sin kontelkst og den måten det blir brukt. Det er altså heilt standard i all omsetjing.

Men eit anna poeng som også er av interesse her er måten Jesus bruker dette, og som kyrkje må vel det vere det mest interessante. I Mark 10,6-9, som eg siterte oppfor, held nemleg Jesus saman to tekstar frå 1. Mosebok; 1Mos 1,27-28 og 1Mos 2,24: «Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann* og kvinne.** Difor skal mannen*** forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna**** si, og dei to skal vera éin kropp.» (Mark 10,6-8a) Her held han altså saman desse to tekstane og seier difor at det som vart skapt i opphavet ikkje var eit menneske med «både mannlige og kvinnelig karakteristika,» men éin mann (målbore ved zâkâr og ish på hebraisk og ársen og ánthråpos på gresk) og éi kvinne (målbore ved neqebah og iš·šāh på hebraisk og gynaiká og gynaiká på gresk).

* Gr. ársen, ‘mannleg,’ ‘male.’

** Gr. thæly, ‘kvinneleg,’ ‘female.’

*** Gr. ánthråpos, ‘mann.’

**** Gr. gynaiká, ‘kvinne.’

Gå til kommentaren

Publisert over 2 år siden
At det som splitter Den Norske Kirke i dag er spørsmål som handler om kjønn og familieforhold er underlig sett i lys av at vår kirkes eneste klippe og grunnlegger, Jesus aldri var opptatt av slikt.

Du skriv at Jesus ikkje var oppteken av dette spørsmålet, men det avslører ein viss teologisk og eksegetisk metode, men fyrst litt om påstanden. Det stemmer ikkje at Jesus ikkje var oppteken av dette. Det er jo nettopp Jesus som, i Matt 19 og Mark 10, forankrar ekteskapet i skapinga og i sameininga av éin mann og éi kvinne: “Men i opphavet, då alt vart til, skapte Gud dei som mann og kvinne. Difor skal mannen forlata far sin og mor si og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. Så er dei ikkje lenger to; dei er éin kropp. Og det som Gud har bunde saman, skal ikkje menneske skilja.” (Mark 10,6-9) Men kanskje meiner du at dette ikkje er godt nok, og det er her vi kjem til den problematiske teologiske og eksegetiske metoden din.

Når du påstår at “det som splitter Den Norske Kirke i dag er spørsmål som handler om kjønn og familieforhold er underlig sett i lys av at vår kirkes eneste klippe og grunnlegger, Jesus aldri var opptatt av slikt,” så ignorerer du altså alt det Paulus skreiv om kjønn og familieforhold. Ja, Paulus er ikkje Jesus. Men det er heller ikkje Matteus, Markus, Lukas og/eller Johannes. Jesus skreiv aldri noko brev eller evangelium sjølv. Kva er den teologiske, historiske og/eller eksegetiske grunngjevinga for at akkurat Matteus, Markus, Lukas og/eller Johannes er meir truverdige som Jesus-vitne enn Paulus? Kan du utdjupe dette? Heile argumentet kviler altså på dette. Og kva gjer vi med det faktum at både Markus og Lukas var nære medarbeidarar til Paulus?

Gå til kommentaren

Publisert over 2 år siden

Ordet 'established' er nok litt avslørande her, ja. Nokre har sagt at vi framleis har ei statskyrkje, men som no har blitt eit eige rettssubjekt og blitt forankra i grunnlova (§16). Då blir det altså ei konstitusjonell kyrkje, liknande det som skjedde i Frankrike under revolusjonen (forskjellen var vel at det ikkje varte så lenge, fram til 1801).

Gå til kommentaren

Publisert over 2 år siden

Men vi gjer jo det. Til dømes nekter vi pinsevennar å vere faddarar i barnedåp, fordi dei ikkje held seg inne med den økumeniske forståinga av dåpen som nådemiddel. Og kritikken mot Den romersk-katolske kyrkja sine særdogmer er nettopp forankra i at dei er særdogmer. Den lutherske teologien er i sin natur økumenisk.

Gå til kommentaren

Publisert over 2 år siden

Dette handlar ikkje om usemje. Vi kan leve godt med usemje i kyrkja. Dogmatisk sett, om ikkje nødvendigvis personleg, er det faktisk totalt uinteressant kva den einskilde måtte meine om eikvar sak, uansett om ein er biskop, prest eller lekmann. Men kva meiningar den einskilde måtte ha er faktisk er noko heilt anna enn eit lærestandpunkt. Og i dette tilfellet ser vi at ein har konstituert to motstridande og gjensidig utelukkande syn som lærestandpunkt i ei og same kyrkje. Problemet er berre at Den norske kyrkja ikkje er friteke frå non-kontradiksjonsprinsippet.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere