Kjetil Kringlebotten

Alder: 36
  RSS

Om Kjetil

Sokneprest i Kvinnherad med ein kjærleik for både tru og tanke.
Bloggar på http://katolikken.wordpress.com/

Følgere

Publisert rundt 2 år siden

Talet blir litt høgare dersom du snakker om 'health care' generelt. Men du snakka altså spesifikt om legemiddel.

Gå til kommentaren

Publisert rundt 2 år siden
Arne Skjærvik – gå til den siterte teksten.
Noen lurer på hvorfor transnasjonale farmasøytiske selskaper omsetter for flere hundre milliarder dollar hvert år og tilhører verdens mest lønnsomme virksomheter.

Dei ti største legemiddelfirma i verda er Johnson & Johnson (USA), Pfizer (USA), Roche (Sveits), Novartis (Sveits), Merck & Co. (USA), Sanofi (Frankrike), GlaxoSmithKline (Storbrittania), Gilead Sciences (USA), AbbVie (USA) og Bayer (Tyskland). Dei tente til saman 467,2 milliardar amerikanske dollar i 2016 (høvesvis 71,89; 52,82; 50,11; 48,52; 39,80; 36,57; 34,79; 30,39; 25,56 og 25,27).

Denne informasjonen fekk eg altså ved eit tredve sekundars søk på google (largest pharmaceutical companies). Sjå Wikipedia. Dersom du meiner at desse ti har større overskot enn alle andre selskap på Fortune 500-lista (som du kan finne her), så veit eg ikkje kva du kan ha søkt på. Øvst på Fortune 500-lista står Walmart som har 485,873 milliardar dollar i overskot. Walmart har altså 18,673 milliardar dollar meir i overskot enn alle dei ti største legemiddelfirma i verda kombinert. Det største legemiddelfirmaet, Johnson & Johnson, er på 35. plass.

Sjekk kjeldene dine betre neste gong.

Gå til kommentaren

Publisert rundt 2 år siden
Dag Løkke – gå til den siterte teksten.

Eg såg også dette delvis som ironi. Men ho sette eit ord på den forbrukar- og shoppingsmentaliteten som har blitt meir og meir gjeldande og som Ivar Bu Larssen med rette åtvarer mot.

Gå til kommentaren

Publisert rundt 2 år siden
Jeg har ikke lest alle innleggene om denne saken, men hvis det kun er teksten i Joh. 12:24 som legges til grunn for bestemmelsen om at det må være hvete i nattverdbrød, er det en meget tynn begrunnelse .

Ja, kanskje det, men no er det jo ikkje det tilfelle. Når vi les, 1 Kor 11,23, at Jesus "tok eit brød," så er det greske ordet ἄρτος (ártos) brukt. Det kan i nokre tilfelle bety brød generelt, men grunntydinga er brød laga med kveite og vatn. Dette var også det brødet folk brukte i påsken. På den andre sida har vi det greske ordet μᾶζα (maza), som betyr 'byggbrød.' Så ja, Jesus brukte kveitebrød og alkoholinnhaldig druevin.

Gå til kommentaren

Publisert over 2 år siden
Presten vil oftast vera den som har gravferd. Då er det vel oftast tenleg at han /ho har hatt den første kontakten og??

Slik er det ikkje lenger. Beredskapsområda blir berre større. Eg har heile Sunnhordland. Det er faktisk berre i ytterst få tilfelle at dødsbodskapen blir gitt av den lokale presten.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere