Kjetil Kringlebotten

Alder: 36
  RSS

Om Kjetil

Sokneprest i Kvinnherad med ein kjærleik for både tru og tanke.
Bloggar på http://katolikken.wordpress.com/

Følgere

Publisert nesten 2 år siden
Men hvordan kan du vite at Matt 10.28 handler om Gud?

Fordi djevelen ikkje har makt til å øydeleggje sjela. Å hevde at han innenar ei slik makt er å guddomleggjere han. Han er ein skapning som alle andre skapningar. Han er ikkje Gud.

Gå til kommentaren

Publisert rundt 2 år siden
Mikael Bruun – gå til den siterte teksten.
Det er helt sant at Gud aldri gir fra seg navnet sitt. Men når Jesus så konsekvent kaller Gud for sin Fader, da er vi ikke fryktelig langt unna et navn

Det er faktisk eit ganske viktig poeng som eg også har poengtert andre stader. Namna Fader og Son er namn på same måte som ‘far,’ ‘pappa’ ‘mor,’ ‘mamma,’ etc. er det namnet eit barn bruker om sine foreldre. Dette er ikkje metaforar, verken når vi bruker dei om Gud eller om menneske. Dette er NAMN som faktisk seier noko om personen. Dette kan ikkje reduserast til metaforar eller funksjonar. (Det skal også seiast at ifylgje Paulus er det menneskelege fedrar som er ein metsfor på Faderen og ikkje omvendt. Dette heng sjølvsagt saman med det faktum at vår eksistens berre er ei deltaking i Guds eksistens. For meir om dette, sjå her, spesielt s.13-24.)

Ta t.d. omgrepa ‘skapar,’ ‘frigjerar’ og ‘livgivar’ som nokre har brukt som alternativ til ‘Fader,’ ‘Son’ og ‘Heilag Ande’ i dåpshandlinga (eller rettare sagt ei såkalla dåpshandling). Sjå t.d. her. Problemet med slike omgrep er dei er utsagn om Gud og hans verk. Nemningar for Gud og hans verk blir ikkje trinitariske formlar berre fordi vi nemner tre av dei i lag. Ord som ‘far’ og ‘son’ er som sagt namn på lik linje med t.d. ‘far’ og ‘mor’ eller ‘mamma’ og ‘pappa.’ Dei betoner ein personleg relasjon som går tapt idet vi bruker andre nemningar. Dei betoner fyrst og framst relasjonane i treeininga. Eg bruker ‘mamma’ og ‘pappa’ som tiltaleform overfor foreldra mine. Eg ville aldre funne på å heller kalle dei for ‘klesvaskaren’ eller ‘kokken.’

Når du kallar mor eller far for ‘kokken’ eller ‘klesvaskaren’ (eller andre liknande funksjonar) så har du redusert dei frå å vere ein person til å vere ein funksjon og du har sementert dei i den rolla. Og når ein overfører ein slik funksjonalisme på Faderen, Sonen og Den Heilage Ande – t.d. ved å bruke ‘skaparen,’ ‘frigjeraren’ og ‘livgivaren’ som trinitarisk formel – har ein på same måte reduseret dei frå personar til funksjonar og vi har sementert dei i kvar sin ‘funksjon.’ For det er ikkje berre Faderen som er skapar. Det er ikkje berre Sonen som er frigjerar. Det er ikkje berre Heilaganden som er livgjevar. Dei arbeider alltid saman. Så resultatet blir altså ein form for trinitarisk heresi, nemleg ein modalisme der personane berre blir funksjonar ved Gud.

Og grunnen til dette, til at ein ikkje kan bruke ein generell metafor som NAMN på ein guddomleg person er at namna på dei guddomlege personane nemner relasjonane mellom desse. Faktisk så ER desse relasjonane dei guddomlege personane. Dette heng saman med korleis vi kan seie at det er éin Gud i tre personar. Å tru på den treeinige Gud er ikkje å tru på tre gudar. Men det er heller ikkje å tru på tre personar på same måte som vi er personar. Dei tre guddomlege personane står i relasjon til kvarandre og når vi bruker ordet ‘person’ er dette ei nemning for desse relasjonane. For meir om dette, sjå her og her.

Når vi då seier at Faderen er Fader, så seier vi samstundes at Sonen og Anden IKKJE er Fader. Når vi då seier at Sonen er Son, så seier vi samstundes at Faderen og Anden IKKJE er Son. Når vi då seier at Anden er Ande, så seier vi samstundes at Faderen og Sonen IKKJE er Anden. Men morsmetaforen er brukt både generelt om Gud og spesifikt om Jesus (då i form av ei hønemor). For som vi ser oppfor vil metaforar om Gud kunna brukast om alle dei tre guddomlege personane. Så dersom vi bruker slike metaforar som namn på desse så reduserer vi altså dei, relasjonane i guddommen, til funksjonar eller modusar av den éine Gud. Det er altså den trinitarisk heresien modalisme, som vi såg oppfor.

Gå til kommentaren

Publisert rundt 2 år siden
Dualisme er klassisk kristendom, det gode og det onde, rett og galt etc. Vedr. det ondes problem, er dette en hypotese. For øvrig kjenner jeg godt til de mange forklarelsemodellene. Og jeg finner at det onde som noe ontologisk meget sannsynlig. Om ikke det er tilfellet, så er Gud spaltet-det onde har da i ditt syn opphav i Gud.

Dualisme, slik du her presenterer det, har aldri vore klassisk kristendom. Å postulere at det vonde er ein ontologisk storleik på sida av Gud og det gode er å hevde at det vonde har ein uavhengig eksistens utanfor Gud. Uansett kor ofte du påstår at det ikkje er det så er dette manikeisme (evt. mormonisme som eigentleg berre er ein slags ny-manikeisme). Det inneber ei absoluttering av vondskapen. Det er rett og slett ei guddomleggjering av djevelen. Ved å påstå at han er evig og sidestilt med Gud blir du rett og slett ein polyteist (om enn av den monolatriske avarten, slik som mormonarane). Dersom djevelen ikkje er skapt av Gud så er han ein ontologisk storleik på sida av Gud. Og dersom han er det, så er ikkje Gud Gud.

Gå til kommentaren

Publisert rundt 2 år siden
Joanna Bjerga – gå til den siterte teksten.
For de tidlige kristne var dette kjent stoff, men etter hvert som det ble lagt mer og mer vekt på avstanden mellom Skaperen og det skapte, forsvant guddommeliggjørings-tanken gradvis fra den vestlige kristendommen, selv om den faktisk levde videre i den øst-ortodokse kirken.

Den austkyrkjelege guddomleggjerings- eller theosis-læra er omtrent så langt frå mormonismen det er mogeleg å komme. Sjå gjerne her: https://en.m.wikipedia.org/wiki/Theosis_(Eastern_Christian_theology)

Gå til kommentaren

Publisert over 2 år siden
Årsaken til hvorfor forholdet mellom arbeiderbevegelse og kristendom ble som det ble, er langt på vei glemt. Likevel er det viktig å løfte det fram for å forstå. Det er ingen tilfeldighet at det er Erna, ikke Jonas og Bjørnar, som er på kaffebesøk hjemme i stua til Knut Arilds foreldre. Kristendom og klassebakgrunn er noe som svært sjelden snakkes om i vår tid.

Vel, no er vel verken Moxnes eller Støre akkurat frå arbeidarklassen.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
21 dager siden / 5509 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
19 dager siden / 3738 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
21 dager siden / 1327 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
16 dager siden / 1217 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
6 dager siden / 1169 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
16 dager siden / 1080 visninger
HVILKEN ELEFANT?
av
Rikke Grevstad Kopperstad
5 dager siden / 1077 visninger
Den eneste du skal og kan omvende, er deg selv
av
Joanna Bjerga
rundt 1 måned siden / 999 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere