Kjetil Kringlebotten

Alder: 36
  RSS

Om Kjetil

Sokneprest i Kvinnherad med ein kjærleik for både tru og tanke.
Bloggar på http://katolikken.wordpress.com/

Følgere

RE: Søndbø

Publisert over 10 år siden

Eg stiller meg bak det Søndbø skriv her. Bra! Vi er ingen bokreligion, vi er eit tilbedande folk --- og vi er kroppslege vesen!

Gå til kommentaren

Gud handlar

Publisert over 10 år siden

Sidan alle andre her er einig, må vel eg vera ueinig. ;) Det er ikkje du som er aktiv i dåpen, det er Gud som handlar. Slik står det i Paulus sitt brev til Titus: "Han frelste oss, ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar, men fordi han er miskunnsam. Han frelste oss ved det badet som gjenføder og fornyar ved Den heilage ande." (Tit 3:5) Legg merke til mine uthevingar.

Det virkar som du meiner at Gud ikkje kan handla gjennom det konkrete, det materielle. Kan du forklara kvifor? For ser det ut som det ligg ein kvasi-gnostisk tankegang til grunn for dette. Det kan av og til virka som om du trur at Gud ikkje kan virka gjennom det materielle, ein tankegang som fakisk set spørsmålsteikn ved sjølve inkarnasjonen, at "Ordet vart menneske." Vi er kroppslege vesen, vi er ikkje "svavande ånder."

Gå til kommentaren

Canterbury eller Tronheim?

Publisert over 10 år siden

Etter eit lite søk i Google Maps fan eg ut at London ligg ca. 97 kilometer frå Canterbury, medan Oslo ligg ca. 496 km frå Trondheim. Du kan altså ikkje samanlikne desse. Det er ein viss forskjell å pendle 1,5 timar med bil eller å pendla sju timar. (Ein ville altså enda opp med å måtta ta fly mange gonger.)

Gå til kommentaren

RE: Hijab

Publisert over 10 år siden

Hijabsaka er noko heilt anna, med mindre det er snakk om skuleuniformar. Uniformar skal vera like. (Det heiter ikkje multiform.)

Gå til kommentaren

RE: Menneskelege skikkar

Publisert over 10 år siden

Og kan du forklara kva du meiner med "menneskelege skikkar"? Er nattverden ein "menneskeleg skikk"? Er tidebønene ein "menneskeleg skikk"? Og kan du også med det same forklare kvifor vi ikkje skal handla oss til "menneskelege skikkar"? Er vi ikkje menneske?

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere