Kjetil Kringlebotten

Alder: 36
  RSS

Om Kjetil

Sokneprest i Kvinnherad med ein kjærleik for både tru og tanke.
Bloggar på http://katolikken.wordpress.com/

Følgere

Publisert nesten 3 år siden

Ja, og? Begge liturgiane er vel autorisert av Den norske kyrkja.

Gå til kommentaren

Publisert nesten 3 år siden
Vi gir konservative prester og andre kirkeansatte mulighet til å reservere seg mot å delta i likekjønnet vigsel.

Du skal i alle fall ha takk for at du er ærleg i språkbruken, i motsetnad til mange andre, og innrømmer at det faktisk er snakk om å innføre ei ny lære som nokre kan reservere seg mot. For det er jo nettopp det som er faktum her. Eit kyrkjesamfunn kan ikkje lære to ting som ikkje heng saman, men kan innføre ordningar for dei som meiner det motsette. Mange trur derimot at Dnk etter neste kyrkjemøte vil ha to likeverdige syn i denne saka. Det stemmer ikkje, og kan aldri stemme. Det er nemleg liturgien – som theologia prima – som bestemmer læra i ei kristen kyrkje.

Gå til kommentaren

Publisert nesten 3 år siden
Norske styresmakter er fullstendig klar over at desse kanalane sender frå utlandet. Likevel kallar dei det  ulovleg marknadsføring. Kvifor? Jo, fordi den utanlandske verksemda rettar seg mot norske spelarar og difor bryt norsk lotteri- og pengespellov. Her er heile brevet frå Lotteritilsynet:  https://lottstift.no/wp-content/uploads/2014/10/Brev-til-spillselskap-norsk-okt14.pdf 

Ja, dei kan bruke det ordet så mykje dei vil, det blir ikkje meir sant for det. Ein kan jo vurdere å endre lovverket. Ein kan t.d. innføre reglar for at reklame sendt frå utlandet må halde seg til norsk lov. Men dette er altså eit av dei smutthola som eksisterer i dagens regelverk. Dette kan vi lese om i denne artikkelen: “Den største enkeltutfordringen for å gjøre noe hva gjelder markedsføring i dagens regelverk, er at det er lovene i avsenderlandet for tv-signalene som styrer reglene. Det gir fjernsynskanaler etablert i andre land i EØS-området adgang til å rette pengespillreklame mot norske tv-seere på en lovlig måte, sier [statssekretær Bård Folke Fredriksen i kulturdepartementet].”

Problemet er altså gjeldande regelverk. Men før det blir endra må vi slutte å bruke adjektivet ‘ulovleg’ om dette. I ein rettstat rettsforfylgjer ein ikkje folk med utgangspunkt i kva lovene kunne eller burde seie. Så nei, det er faktisk fullt lovleg å sende reklame for alkohol, tobakk, pengespel, osv. frå land der slik reklame er lovleg. Dette er sjølvsagt ikkje bra, men for å ha ein redeleg debatt må vi faktisk vere redelege i språkbruken.

Gå til kommentaren

Publisert nesten 3 år siden

Dette er også grunnen til at vi kan kjøpe utanlandske blad på, t.d. Narvesen, der det ofte er reklame for øl, sprit, tobakk, etc. Men blad produserte i Norge har ikkje lov til å innehalde slik reklame. Igjen må vi vere korrekte på språkbruken.

Gå til kommentaren

Publisert nesten 3 år siden
Eg har ikkje sett alkoholreklamen på Discovery, men eg har sett all reklamen retta mot barn og vore forbausa over at det ikkje blir stoppa. For det er altså ikkje lov å retta slik reklame mot norske forbrukarar. Men, som brevet frå Lotteritilsynet til Damli, Betsson osv. seier vidare, er det vanskeleg for norske styresmakter å handheva forbodet, «da våre virkemidler er begrenset. Dette innebærer ikke at spilltilbudet er lovlig.»

Grunnen til at dei ikkje kan stoppe det er at desse ikkje sender frå Norge. Dei sender frå andre land, ofte Sverige eller Danmark. Det er ikkje ulovleg å reklamere for alkohol, gambling eller leiketøy i desse landa. Og så lenge det ikkje er ulovleg å sjå utanlandske program i Norge så er det ingenting ein kan gjere med det. Difor er det misvisande å kalle dette 'ulovleg.' Dette er også grunnen til at mange norske nettsider med innhald som er (eller var) ulovleg her i landet har innhaldet sitt på utanlandske servarar. Eg seier ikkje at dette er bra, for det er det ikkje, men vi må bruke rett terminologi her. Ein kan ikkje skuldast for å vere lovbrytar når ein ikkje har brote noko lov.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Noen bør skamme seg
av
Espen Ottosen
19 dager siden / 5403 visninger
Kreftens krigsmetaforer
av
Aud Irene Svartvasmo
17 dager siden / 3733 visninger
Ingen skal leve med skam
av
Tor Håkon Eiken
19 dager siden / 1304 visninger
Nå må vi stå sammen
av
Berit Hustad Nilsen
14 dager siden / 1190 visninger
Småprathelvetet
av
Ann Kristin van Zijp Nilsen
4 dager siden / 1075 visninger
Skal vi forby det vi ikke liker?
av
Paul Leer-Salvesen
14 dager siden / 1025 visninger
Hva nå, Etiopia?
av
Ragnhild Mestad
6 dager siden / 950 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere