Kjetil Kringlebotten

Alder: 36
  RSS

Om Kjetil

Sokneprest i Kvinnherad med ein kjærleik for både tru og tanke.
Bloggar på http://katolikken.wordpress.com/

Følgere

Publisert rundt 1 år siden
Daniel Krussand – gå til den siterte teksten.

Jo, konfirmasjon er nemnt i Bibelen, i Apg 8. Apostlane reiste for å be om Den Heilage Ande. Dette utvikla seg vidare og fekk etter kvart namnet konfirmasjon (som tyder stadfesting eller styrking).

Gå til kommentaren

Publisert rundt 1 år siden
Tore Frost – gå til den siterte teksten.
Men eleven hadde jo et poeng, det må jeg innrømme.

Kvifor må du 'innrømme' det? Han hadde jo ikkje noko poeng. Du burde heller opplyst vedkommande om kva filosofi er og kvifor gudstru fullt ut er rasjonelt.

Gå til kommentaren

Publisert over 1 år siden
Jan Bøhler – gå til den siterte teksten.
En av dem jeg har regnet med som en åpenbar samarbeidspartner, er KrF. Men deres gruppeleder i Oslo bystyre, Erik Lunde, har brukt sine innlegg i Vårt Land, sist lørdag 23. juni, om temaet til å angripe meg. Han om det.
Gå til kommentaren

Publisert over 1 år siden
Daniel Krussand – gå til den siterte teksten.

Jesus er ikke religiøs, han er Gud.

Livet i troen på Jesus er ikke i en religion, det er å være borger i Guds Rike.

Då har du i så fall misforstått kva ordet ‘religion’ tyder, og du må samstundes avskrive Jakobs brev som ukristeleg, idet han skriv om den rette religionen. «Den som meiner at han er religiøs, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og religionen hans er utan verdi. Ein rein og feilfri religion for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.» Mange omsetjingar, inkludert bibelselskapet si omsetjing frå 2011, kamuflerer dette ved å bruke ordet ‘gudsdyrking.’ Men Jakob bruke to greske ord, adjektivet θρησκὸς (thræskòs, ‘religiøs’) og substantivet θρησκεία (thræskeía, ‘religion’). Så nei, det er heilt feil å påstå at livet i trua på Jesus ikkje er ein religion. Det vitnar berre om at du ikkje veit kva ordet tyder.

Går vi til ordboka, ser vi at ‘religion’ tyder “tru på at det finst andre eksistensformer eller høgare makter enn dei ein kjenner frå den sanselege verda, meir eller mindre blanda med kultus og etikk.” Vil du som hevdar at kristendommen ikkje er religion hevde at du ikkje trur at det “finst andre eksistensformer eller høgare makter enn dei ein kjenner frå den sanselege verda,” at trua ikkje har ein viss kultus (lovsong, bøn, etc.), og at trua ikkje har noko å gjere med det å leve eit etisk liv? Det tviler eg sterkt på.

Religion er altså det praktiske kristenlivet – med vekt både på etikk og gudsdyrking. Med vekt på teneste og tilbeding. Poenget mitt er dette: Når ein hevdar at kristendommen ikkje er ein religion, så snakkar ein usant, samstundes som ein også fjernar seg meir enn ein strengt tatt treng frå folk som har andre religionar. Og dét er vel ikkje akkurat eit misjonalt sjakktrekk.

Gå til kommentaren

Publisert over 1 år siden
Halvor Nordhaug – gå til den siterte teksten.
Det er Jesu handlinger til beste for marginaliserte mennesker, og hans lidenskap for Guds rike og for en forvandlet verden som for Borg utgjør grunnlaget for den guddommelighet som blir ham til del etter oppstandelsen.

Eg har ikkje lest boka til Borg, men dersom dette er representativt for Borg sitt syn så går problemet med hans teologi djupare enn det at han har ein feilaktig kristologi (lære om Kristus). Dersom han trur at det er mogeleg å bli guddomleg, ikkje berre å få fellesskap med Gud, men å faktisk bli Gud utan å vere Gud, så er gudsbiletet hans så langt frå ikkje berre kristendommen, men så og seie alle former for monoteisme det går an å komme. Det kristne gudsbiletet – og for så vidt også det jødiske eller muslimske (om vi skal tru teologar som den jødiske Maimonides eller eller den muslimske Avicenna) – held fast på at Gud er absolutt metafysisk simpel. David Bentley Hart har skrive ein del om dette i boka The Experience of God og Edward Feser har skrive om dette i boka Five Proofs of the Existence of God. Sistnemnde har også skrive ein del om dette på bloggen sin, mellom anna her.

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Idiotforklarer kristen høyreside
av
Espen Ottosen
29 dager siden / 1725 visninger
Servietter og skam
av
Merete Thomassen
22 dager siden / 1659 visninger
Ord som truer vår religionsfrihet
av
Trond Bakkevig
22 dager siden / 1505 visninger
Hva skjer Hanvold?
av
Bendik Storøy Hermansen
20 dager siden / 1455 visninger
En samfunnsskapende kraft
av
Berit Hustad Nilsen
24 dager siden / 1380 visninger
Tenåringstrass i regjeringen
av
Usman Rana
rundt 1 måned siden / 1362 visninger
Glansbilder av Sjømannskirken?
av
Arnfinn Eng
rundt 1 måned siden / 1273 visninger
170 år med misforståelser
av
Joanna Bjerga
10 dager siden / 976 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere