Avlogget Kjetil er avlogget
Alder: 27
Innlegg og kommentarer: 198
Bosted: BERGEN
rss
Kjetil har 8 følgere
Om Kjetil
Teologistudent med ein kjærleik for både tru og tanke.

Skrevet den 22.04.2009 kl. 17:04 - Kristenliv & kirke
#1

I den nikenske truvedkjenninga vedkjenner vi at vi trur på "éi heilag, ålmenn [katolsk] og apostolisk kyrkje." Og i Joh 17:21-23 ber Kristus at vi må vera eitt, slik at verda skal "skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg." (v. 23) Men kva er det som kjenneteiknar denne einskapen? Slik eg ser det, er det svært klart att Kristus snakkar om ein synleg, konkret og handgripleg einskap, ein einskap som folk kan sjå, jmf. v. 23. Dette ser vi også klart i 1. Korintarbrev der Paulus ein stad kallar kriste for ein kropp (1Kor 12,12-13), og ein annan stad knyt denne einskapen saman med nattverden: "Velsigningsbegeret som vi velsignar, gjev det ikkje del i Kristi blod? Brødet som vi bryt, gjev det ikkje del i Kristi kropp? Fordi det er eitt brød, er vi alle éin kropp. For vi har alle del i det eine brødet." (1Kor 10:16-17)

Men betyr ikkje dette at den protestantiske læra om at alle har einskap i Kristus, at einskapen er "usynleg," ikkje held vatn? Vil ikkje dette vere ein slags ekklesiologisk doketisme, dvs. eit kyrkjesyn som ser på det kroppslege som noko tilsynelatande? (Bryan Cross har skrive litt om dett her og her.) Kan vi som ikkje er med-lemmar i dei historiske kyrkjesamfunna, dvs. Den katolske og Den ortodokse kyrkja, seie at vi er lemmar på Kristi kropp? Vil ikkje det kroppslege ved kyrkja bety at ho skal vera synleg og konkret?

Skrevet den 16.04.2009 kl. 00:57 - Teologi
#2

I gårsdagens utgåve av DagenMagazinet (her er ei lenke til nettutgåva) står det at Ola Ohm "skriver kirkehistorie når han snart ordineres til prest i Den norske kirke og i Frikirken samtidig." Han seier at han med dette håpar å kunne bidra til meir einskap blant kristne. "Jeg har tenkt at det er på tide at noen beveger seg over de kirkelige skillelinjene og bygger dem ned" seier han. "Derfor er det naturlig for meg å ha prestejobb både i statskirken og i Frikirken."

 

Dei fleste kristne er vel, som Ohm, leie for dei splittane som fint i kyrkja. Kristus har jo kalla oss til å vera eitt. "Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt." (Joh 17:11) "Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg." (Joh 17:21-23)

 

Men kva skal denne einskapen stå i? I Bibelen vert det lagt eit stort trykk på einskap. Den mest kjende er kanskje Paulus si lange formaning i Ef 4:3-6:

Gjer alt de kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman: éin kropp og éin Ande, liksom de fekk éi von då de vart kalla, éin Herre, éi tru, éin dåp, éin Gud og Far for alle, han som er over alle og gjennom alle og i alle.

Og så har vi også ein annan tekst, 2Kor 13:11: "Til slutt, sysken, gled dykk! Ta imot både rettleiing og oppmuntring! Ha eitt og same sinnelag, hald fred med kvarandre, så skal kjærleikens og fredens Gud vera med dykk." Omgrepet "Ha eitt og same sinnelag" heiter, "Vis enighet" på bokmål.

 

Men kan vi seie at Dnk og frikyrkja har "eitt og same sinnelag"? Viss ikkje, så er det absurd å skulla tene som prest i begge to. Prestetenesta er ikkje ein kulturell greie, det er ei hyrdeteneste. Og korleis kan ein ha tillit til ein hyrde som tener to kyrkjesamfunn som står i motsetnad til kvarandre i forskjellige spørsmål? Kva ekklesiologi, kyrkjelære, er det som ligg bak dette?