Kåre Fuglseth

Alder:
  RSS

Om Kåre

Beskriv deg selv her

Følgere

Dei nye læreplanane i KRLE-faget

Publisert 14 dager siden - 66 visninger

Dei nye læreplanane i KRLE-faget og dei andre kultur- og danningsfaga i skulen skal fremje fagleg konsentrasjon og djuplæring, men står fram som relativt overflatiske og difor rimeleg lett å kritisere. Logikken eller prinsippa bak læreplanarbeidet er konsistent nok. Problemet med prinsippa er heller at dei sannsynlegvis ikkje vil fungere i praksis.

Fleire kommentatorar og fagfolk skriv om utkastet til dei nye læreplanane i grunnskulen og den vidaregåande skulen, slik som Arne Borge i Vårt Land 29. november eller Bernt Hagtvet i Dag og Tid 30. november. Kritikken mot planane for KRLE-faget og andre kultur- og danningsfag er at dei reduserer innhaldet kraftig i høve til det vi er vande med i slike planar. Heilt klårt viktige emne er ikkje nemnde. Poenget med reforma er jo nettopp å redusere stoffmengda i skulen. 

Vi som arbeider med KRLE-faget, er glade for at faget i det heile overlevde utvalsprosessen, for det er lett å tenkje seg at dette faget kan gå inn i samfunnsfag. 

Det er fullt ut mogleg å redusere stoffmengda ved å fjerne nokre kompetansemål slik vi har dei i dag. Men det som no skjer, er ei større omlegging. Ein av arkitektane bak læreplanreforma, Sten Ludvigsen, forklarer prinsippa bak reforma i eit intervju i Morgenbladet. 30. november. Forklaringa er logisk nok, og utan denne logikken, blir òg mykje av kritikken feilslått. Problemet for kulturfaga er korleis vi får kulturhistorie frå 2500 år inn i ein liten læreplan? I utgreiingane som låg til grunn for planarbeidet (NOU 2014:7 og 2015:8), og som presenterer grunnlaget og prinsippa, kan vi skimte ein klassisk danningspedagogisk tankegang for å løyse dette problemet. Denne tankegangen var mykje framme i Tyskland på 1960-talet der ein òg arbeidde med å redusere stoffmengda i skulen og med kriterium for utvalet. Dei gjorde grep vi kjenner att i det norske ordskiftet i dag: Defineringa av kjerneelement, utpeiking av nøkkelproblem og ønsket om ein sjølvstendig og relativ fri lærar. 

Eit viktig poeng i danningspedagogisk teori frå t.d. Wolfgang Klafki, ein tysk pedagog som ofte vert sitert i slike ordskifte om læreplanar, er samanhengen mellom formelle og materielle lærings- og danningsteoriar. Det går ikkje an å lære reint formelt, dvs. å lære å lære, utan ein lærer seg noko. Vi kan ikkje reflektere utan at nokoblir reflektert osb. vi finn aldri form utan stoff. Det er såleis alltid eit materielt eller substansielt fundament over undervisning og læring. Når kjerneelement vert definerte, når ein skal prøve med eitt eller to ord å samanfatte kva kunnskapen er, er det altfor lett å ty til reint formelle karakteristikkar, som «innsikt, forståing, utforsking» som kjerneelement og kompetansemål. Slike formuleringar finn vi òg i forslaget til KRLE-planane som no ligg føre. 

Men i klasserommet er slike formuleringar til lita hjelp, noko vi kan sjå både som ein fordel og som ei ulempe. Fordelen er at det gjev stort rom for den sjølvstendige og fagsikre læraren, medan ulempa er at det gjev lite hjelp til dei som er usikre. Det er ein god tanke at den sjølvstendige læraren kan tilpassa både innhald og form til dei elevane ein faktisk møter. 

Spørsmålet er om alle lærarane i KRLE-faget er i stand til det. Utdanningsnivået i grunnskulen er lågt og mange underviser i faget utan noko utdanning, slik det gjerne er i «småfaga» i grunnskulen der ein lærarstudent no berre skal ha utdanning i tre (5-10) eller fire (1-7) skulefag. Å ha god oversikt over kunnskapskjelder til faget og til ulike religiøse rørsler og livssynstankar er ei mykje større oppgåve i dag enn tidlegare. Ikkje berre finst det så utruleg mange fleire retningar og løysingar enn før på grunn av sekulariseringa og pluraliseringa som følgde med denne, men vi har òg ein enorm tilgang til informasjon om alt. Dette gjer at det er vanskeleg nok for teologar og andre religionsforskarar å følgje med på utviklinga. Kva som er djuplæring vil vere ulikt frå fag til fag. Kor mange religionar må du t.d. kjenne til for å «forstå religion»? 

Alternativet i KRLE-faget som i dei andre kulturfaga vil vere at vi overlét utvalet av stoff til lærebøker og forlaga, til nettstader og dominerande fagtradisjonar og personar. Det kan òg fort bli store variasjonar og ein mindre sams nasjonal kunnskapsplattform. Vi gjer det lettare for alle å gje meir hjelp i den nasjonale planen, og planen må tydeleg frå fram samanhengen mellom den overordna delen og kompetansemåla. Dette kan ein gjere utan å skade den danningspedagogiske grunntanken i reforma.

Gå til innlegget

Forslaget til den nye 5-årige grunnskulelærarutdanninga (GLU) frå regjeringa er i desse dagar ute til høyring. Forslaget inneber ei klar fagleg styrking med vekt på innhaldet i læringsprosessen. Dette er det ikkje vanskeleg å støtte.

Forslaget til den nye 5-årige grunnskulelærarutdanninga (GLU) frå regjeringa er i desse dagar ute til høyring. Ei utviding av lærarutdanninga med eit heilt år er eit stort løft, både økonomisk og fagleg. Forslaget bryt med dagens lærarutdanning på nokre punkt, noko vi meiner er positivt. Statsråden har i praksis vald ei line med fagleg styrking i den nye lærarutdanninga, dvs. at ein ikkje skal kunne ta master i pedagogikk, men berre i skulefagets didaktikk eller med fagdidaktisk profil. Dette er i tråd med ein gamal fagdidaktisk tese som framhevar innhaldet i undervisninga og læringa som sentrum i didaktisk praksis og teori.

Formale læringsteoriar (som i ”å lære å lære” eller klasseleiing generelt) og materiale læringsteoriar (lære noko) går alltid hand i hand, og det nyttar ikkje å ta bort korkje det eine eller det andre, som den tyske didaktikaren Wolfgang Klafki poengterte så sterkt på 1960-talet. Fagdidaktikk som eige fag innanfor pedagogisk tenking er ikkje gamal, i Noreg kan ein finne ordet først nemnd tidleg på 1970-talet. Når han i dag står sentral i lærarutdanninga, er det nettopp av di ein har innsett kor viktig nettopp innhaldet er i refleksjonen kring læringsprosessane. Didaktikk eller undervisningslære er kjernen i all pedagogikk og har ofte konsentrert seg om forholdet mellom innhald, mål og metode. Men innhald har ein tendens til å falle ut. Klasseleiing og teoriar om organisering av undervisning skjer ikkje, eller burde ikkje skje, i eit tomrom. Det skjer alltid i arbeidet med eit fag eller eit emne. Ein lærer å lære ved å lære noko. Dette er i heilt samsvar med logikken i forslaget til 5-årig GLU, for pedagogikk og fagdidaktikk blir her sett til å samarbeide, både i FoU-oppgåva (som svarer til bacheloroppgåva i dag), i vitskapsteori og metode og i sjølve masterarbeidet.

Somme meiner at det på denne måten blir mindre pedagogikk i den nye lærarutdanninga enn i den gamle, som Utdanningsforbundet og andre har gjort det, t.d. i Klassekampen 14. mars og i eit opprop påopprop.net. Totalt sett er ikkje dette korrekt, sjølv om forslaget inneber ein reduksjon i prosent. Det er heller ikkje så lenge sidan pedagogikkfaget i lærarutdanninga vart dobla frå 30 til 60 poeng (2009). I dagens forslag får først pedagogikkundervisninga ein ressurs tilsvarande 15 studiepoengpoeng som før gjekk til drifta av bacheloroppgåva, for denne ressursen vert no lagt til masterfaget eller eit anna skulefag. Så får pedagogikk meir tid og ressursar til undervisninga gjennom samarbeidet med dei fagdidaktiske miljøa om masteroppgåva. Eit slikt samarbeid kan til dømes vere felles kurs og rettleiing. Alt i alt vil difor pedagogikkfaget på lærarutdanninga kome styrkt ut. Vi veit òg at lærarstudentar er blant dei som brukar minst tid på studia sine, så det burde vere mogleg å auke krava til personleg arbeidsinnsats og eigalesing på alle område.

Forslaget til namnet på det nye faget er ei anna sak. Å kalle dette faget for profesjonsfaget er å seie at kunnskap om faga og faginnhaldet ikkje er ein del av profesjonsfaget. Det er litt uheldig, så det enklaste er kanskje å gå tilbake til namnet pedagogikk.

Kritikken mot forslaget har særleg dreidd seg om ein ny modul i RLE-emne (religion, livssyn og etikk) som skal vere ein del av pedagogikk (profesjonsfaget). Statsråden har rett i at mykje av denne modulen alt var inne i det PEL-faget (pedagogikk og elevkunnskap), og i tillegg ønskjer han å innføre nokre nye studiepoeng i meir direkte RLE-kunnskap. Det er i dag innført generelle reglar for fritak på religiøst- og livssynsbasert grunnlag i alle skulefag og skulens meir allmenne kulturtiltak, som skulegudsteneste. Dette er nytt i dagens skule og i heim-skulesamarbeidet krev dette ei var hand med stor RLE-innsikt. Men mykje av den typen kunnskap om RLE ein her har føreslått har òg alltid vore ein del av pedagogisk tenking, for å drive skule har alltid ei verdiretning. Han er alltid intensjonal, dvs. med eit mål som inneber visse verdiar som igjen er alltid basert på eit menneskesyn med ulike religiøse eller livssynbaserte førestellingar. Å seie at RLE ikkje har noko med pedagogikk å gjere, er å gjere pedagogikk til eit instrumentalistisk fag med eit særs reduksjonistisk kunnskapssyn. Kunnskap kjem alltid i ein kontekst, og denne konteksten må ein lærar kjenne til, òg dei religiøse – og livssynsbaserte aspekta. I dagens fleirkulturelle situasjon er desse aspekta viktigare enn nokon gong.

Den polariseringa av debatten som vi no ser er uheldig. Det er to grøfter vi kan hamne i når vi diskuterer lærarutdanning. Den eine er å seie at alt dreier seg om fag, altså innhaldet. Den andre er at pedagogikk i lærarutdanninga kan drivast utan fag eller i samband med eit skuleemne, altså innhaldet. Begge delar er like gale. ”Fagidioti” er like uheldig for ein lærar som mangel på fagkunnskap. Dette krev samarbeid i lærarutdanninga, noko forslaget legg opp til. Men tufta, grunnlaget, vil alltid vere innhaldet.

 

Kåre Fuglseth

Per Jarle Bekken

Idar Kjølsvik

Kathrine Moen

Raymond Lillevik

Tryggve Andreassen

Even Næss

 

v/ RLE-seksjonen, Nord universitet (Bodø, Nesna og Levanger)

Gå til innlegget

Mest leste

Hareides nødvendige veivalg
av
Ole Paus
2 måneder siden / 77593 visninger
Et barn er født, et barn er dødt
av
Magne Raundalen
rundt 2 år siden / 43574 visninger
Etter fallet kommer hevnen
av
Berit Aalborg
10 måneder siden / 34898 visninger
Stormløpet mot Israel er i gang.
av
Roald Øye
7 måneder siden / 27893 visninger
Kanten av klippen
av
Åshild Mathisen
9 måneder siden / 22467 visninger
Et sosialt ­eksperiment
av
Bent Høie
4 måneder siden / 22168 visninger
Mens vi sover
av
Erik Lunde
10 måneder siden / 20079 visninger
Ord er handling
av
Hilde Frafjord Johnson
3 måneder siden / 19083 visninger

Lesetips

Helliget det Qvindelige
av
Heidi Karlsen
rundt 17 timer siden / 87 visninger
Jødehatets gåte
av
Arne Øgaard
rundt 17 timer siden / 135 visninger
Kristendom – rett og slett
av
Ståle Johannes Kristiansen
rundt 17 timer siden / 128 visninger
Kirken er politisk
av
Andreas Masvie
1 dag siden / 196 visninger
Kontrastenes jul i Frankrike
av
Tom Holta Heide
1 dag siden / 136 visninger
Hatet mot miljøbevegelsen
av
Eivind Trædal
1 dag siden / 194 visninger
Når staten misbruker makt
av
Øyvind Håbrekke
3 dager siden / 196 visninger
Trangere og farligere
av
Wenche Fone
4 dager siden / 422 visninger
Les flere

Siste innlegg

Makt, privilegier og julens budskap
av
Jarle Haugland
rundt 15 timer siden / 93 visninger
Jødenes rett til landet Israel
av
Svein Grav
rundt 15 timer siden / 163 visninger
Angående "Statsfinansiert hatblogg"
av
Robin Tande
rundt 15 timer siden / 172 visninger
Identitet og miljø
av
Leif Halvard Silli
rundt 15 timer siden / 55 visninger
Stemmerett for 6-åringer?
av
J.K. Baltzersen
rundt 15 timer siden / 155 visninger
På lag med Listhaug
av
Vårt Land
rundt 17 timer siden / 289 visninger
Våpen og verdier i Jemen
av
Hilde Frafjord Johnson
rundt 17 timer siden / 336 visninger
Helliget det Qvindelige
av
Heidi Karlsen
rundt 17 timer siden / 87 visninger
Jødehatets gåte
av
Arne Øgaard
rundt 17 timer siden / 135 visninger
Kristendom – rett og slett
av
Ståle Johannes Kristiansen
rundt 17 timer siden / 128 visninger
Les flere