Syslar ein del med teologisk litteratur, og er m.a. oppteken av apologetikk.
Elskar Jesus, og det store i livet er å tena han.
Sensur er ein god og naudsynt ting. Stundom skulle ein tru at all sensur er av det vonde. I alle fall høyrest det slik ut når festivalsjefen m/styre får krass kritikk for at dei ikkje ville ha stands på arrangementet som rakka ned på statsministeren, eller som hadde eit innhald i strid med festivalen sine verdiar.
Skjærgårds Music and Mission Festival er ingen politisk eller teologisk diskusjonsklubb, men ein plass det unge menneske kjem saman for å prisa Jesus, få bibelundervisning, nyta god musikk og ha fellesskap med kvarandre, og det må vera opp til leiinga å definera kva som er festivalen si sjel, og ingen andre. Alle organisasjonar som hadde stand på Skjærgårds var gjester, og bør i ettertid oppføra seg deretter. Det er ganske uhøyrt at gjester kritiserer vertsskapet for ikkje å få lov å gjera som dei sjølve har lyst til i andre sitt hus. Slik går vel berre i Noreg, vil eg tru.
I skrivende stund sitter 5 nordkoreanske flyktninger i forvaring i Nord-Kina og venter på å bli returnerte til NK. De ble tatt da de forsøkte å krysse grensen til Vietnam. I NK venter det dem en tung skjebne, trolig dødsstraff. Det er nå viktig at noen ber for dem.
Det er vanlig at kineserne sender nordkoreanske flyktinger tilbake til tortur og død. La oss utfordre norske myndigheter om å protestere mot denne praksisen som bryter alle konvensjoner og internasjonale avtaler.
Berre 2% av nordmennene går i kyrkja kva søndag. Me ligg i så måte lågast i Europa. Det er naturlegvis fleire grunnar til denne sviktane interessen for gudstenester. Den engelske presten David Watson sa då han var tilsett som i den nedleggingstruga i St. Cuthbert kyrkja i York i 1965 at "dersom nokon kjem her til kyrkja og forkynner det enkle evangeliet om Kristus, trur på bønas makt og stolar på Den Heilage Ande, vil kyrkja bli full på kort tid!" Han fekk eitt år på seg, og det hende som han hadde sagt. Kyrkja fyldest, ikkje berre med mennesker, men med mennesker som elska Jesus og kvarandre, og vart utrusta til å nå sine medmenneske med dei gode nyheitene om Jesus.
Om ikkje dette er heile svaret for Noreg, er eg ganske sikker på at det er ein god del av svaret. Det er heva over tvil at "ordet som går ut frå Guds munn ikkje vender tomt tilbake." Men mykje av forkynninga inneheld lite av ord fra Guds munn. Det blir helst ord frå forkynnaren sin eigen munn, tankar han/ho har klekka ut i sin eigen hjerne. Det duger ikkje. Tome kyrkjer indikerer rett og slett tom forkynning. Det er ei stor naud hos oss.
Det andre eg vil påpeika er at det føregår lite medvite og målretta arbeid for å nå menneska med det enkle evangelium om Jesus Kristus i landet vårt. Her må kristne leiararar setja seg ned saman og søkja Gud i lag for å få del i hans strategi for rekristninga av Noreg.
Skal kyrkjene fyllast, må folk ha ei overtyding om at dei har noko ufatteleg verdfullt å henta der som dei ikkje kan henta andre plassar: frelse, fred med Gud, evig liv, overnaturleg lækjedom, sikker rettleiing, meiningsfullt liv, kvalitetsfullt fellesskap, himmelsk kraft og sikkert meir. Men dersom dette ikkje er å henta, vil folk bruka tida si på andre måtar.
Difor er denne undersøkinga ransakande for oss som forkynner ordet og gjæter Guds barn, og responsen vår må vera å trenga på Gud og be han om å gripa inn og bringa oss i harmoni med Den Heilage Ande i alle ting, både når det gjeld liv og lære.
Me lever i ei folkevandringstid. Fødselsratene i dei vestlege landa ligg langt under 2 per kvinne, for Italia sin del faktisk heilt nede i 1,2. Dei er under "the point of no return." I Noreg er fødselsraten for norske kvinner 1,7. På sikt vert det færre etniske nordmenn. Likevel aukar folketalet. Det skuldast, som i restena v Europa, innvandring. Ein stor del av dei som kjem til Noreg (og Vesten) og får opphald her kjem frå muslimske land. Desse har ein langt høgare fødselsrate enn andre nordmenn. Dette inneber at prosenten muslimar i Noreg aukar. Men har me som kristen kyrkje gjort noko nemneverdig med ei slik utfordring? Berre sporadisk. Men skal me vera true mot Kristus, må me på eitt eller anna vis møta desse menneska med evangeliet. Det kan me ikkje utan å blanda oss med dei, kommunisera med dei og vinna tillit hos dei. Me forventar at alle som kjem til landet skal læra seg norsk. Men skal me kunna trenga inn i muslimsk kultur og tenkemåte, trur eg det vil vera naudsynt for oss som kristne etniske nordmenn å læra oss arabisk, kurdisk eller persisk. Kanskje bør det bli ei viktig sak for norske kyrkjelydar i framtida og arrangera språkkurs med tanke på å nå våre nye landsmenn, menneske som erfaring ofte vil kunna revitalisera norsk kristenliv, og Gud veit at det trengst.
Me får 4 nye år med sosialisme i Noreg. Det er ikkje bra. Eg ser for meg at regjeringa Stoltenberg vil halda fram med å gjennomføra ein politikk som undergrev Bibelens verdiar, og dermed grunnlaget for folket si framtidige lukke.
Likevel er det vår jobb å be for regjering og Storting, at Gud må halda si gode hand over dei, at dei må læra seg å kjenna og respektera Guds sanningar og at Gud leider tankane deira i rettferdig og gudfryktig retning.
Vidare må me som kristne gå inn i ei profetisk teneste andsynes dei styrande, og stadig minna dei om Guds veg og vilje. Her må det bedast, tenkjast og skrivast.
Eg er leiar for kyrkjelydsrådet i Kristkyrkja på Stord, og i går fatta me vedtak om fylgjande fråsegn:
"I ei undersøking seier 48% av det norske folket at dei er for aktiv dødshjelp. Bak dette ønske om å kunna avslutta livet før tida ligg det truleg ei redsle for smerte og mangel på kontroll over eige liv når ein skal ut av det.
På landsmøtet sitt i vår vedtok Framstegspartiet å gå inn for aktiv dødshjelp, dvs. assistert sjølvmord i terminal fase. Men etter reaksjonar frå resten av det politiske miljøet og frå kristne FrP-veljarar, har partiet bestemt seg for å leggja heile saka bort. Det er godt.
Men når me no høyrer at så mange som 48% av nordmennene likevel synest at dette er ei fornuftig løysing på eit smerteproblem, er det grunn for å ottast at denne saka om ikkje lenge kjem opp i alle politiske parti, og at framkalla død vert programfesta som meir humant enn smertelindring og god omsorg i den siste livsfase.
Men å ta liv, eller å hjelpa andre til å ta livet sitt, er inga heroisk handling. Å byggja opp under det moderne menneske sin tendens til å velja raske og lettvinte løysingar, vil vera ein stor feil i ei så stor og prinsipiell viktig sak. Me vonar difor at ansvarlege politikarar vil stå fast i sin motstand mot aktiv dødshjelp, trass i dei galluptala som no føreligg.
Ordet dødshjelp er besnærande. Å hjelpa nokon er etisk høgverdig. Men å drepa nokon er etisk lågverdig og knapt grunn til å feira. Å kopla desse orda er å heva drapet opp til noko etisk høgverdig, og ordet bør difor ikkje brukast i det heile. I staden bør ein bruka ordet pasientdrap om saka.
I heidenske kulturar har det ikkje vore uvanleg at eldre menneske avslutta livet sitt sjølve for ikkje å vera ei bør for den neste generasjonen. Det var ei plikt som dei hadde over seg. Men då evangeliet kom og slo rot i kulturane, vart det jamt slutt med slik praksis. Då vart det markert at den unge generasjonen hadde plikt på seg å ta vare på dei gamle inntil Gud fann det rett å ta dei ut or livet, og vona som den oppstadne Kristus kom med gav folk kraft til å møta smerte og død med forventning.
At folk flest i Noreg ikkje lenger tenkjer slik, er eit teikn på at me er på veg inn i ei nyheidensk tid der menneske ikkje lenger set si lit til Han som vann over døden. Det moderne menneske vil gjerne vera sin eigen gud som tek dei store avgjerdene i livet sjølv i staden for å følgja Kristus.
På slutten av 70-åra tilkjempa norske kvinner seg retten til fri abort. Då gjorde heidenskapen seg gjeldande i startfasen av livet. Kyrkjefedrane på 200-talet kalla abort (som forresten var vanleg i Romerriket) for ”det store mordet.” Då kristentrua vann gjennom, vart abort ulovleg. Livet sto og står alltid øvst på sakskartet hos Kristus, og særleg er han vàr for at skuldlaust blod vert spilt.
Men ”aktiv dødshjelp” i alle former er som sagt ikkje anna enn drap. Hadde det føregått med skytevåpen, ville alle protestert. Men når ein gjer det med gift, er det mindre søl, og den brutale døden blir kamuflert for gjerningsmenn og vitner, og det som er feil, synest rett.
Me lever i ein kultur der det å leva utan smerte vert sett på som ein menneskerett, og me høyrer titt at eit liv i store smerter ikkje er noko verdig liv. Dette er løgner som ganske sikkert styrer mange menneske sine tankar om pasientdrapet. Men å leva med smerter er normalt, og eit menneske med smerter og funksjonshemming er like verdfullt som eit funksjonsfriskt menneske som lever utan smerter. Det er vel både ein kristen og humanistisk grunntanke.
Livet i sin aller siste naturlege fase har faktisk ofte kvalitetar i seg av nærleik og forsoning som langt sjeldnare dukkar opp til andre tider. Når døden nærmar seg, pressar dei store spørsmåla seg på, og folk finn fram til kvarandre, og nokre finn fram til Gud. Desse kvalitetane vert borte når livet vert avslutta før tida på eige initiativ.
I den kristne trua står menneska over dyra, og skal ikkje avlivast når dei lir, men få omsorg og lindring, sjelesorg og forbøn. Det er den oppstadne Kristus som har fått nøklane til døden og dødsriket, og menneske gjer lite lurt i å gå han i næringa. Det materialistiske menneskesynet som kjem til uttrykk gjennom nydarwinismen og den moderne ateistisk humanismen fornedrar mennesket til eit dyr, og tanken på pasientdrap er eit ektefødd barn av dette. Her er det ingen Gud og ikkje noko livsansvar utover det juridiske.
Legeforeningen er lukkelegvis klår i sine uttale i denne saka: Ingen i Noreg bør ha rett til å ta liv. (Det burde dei forresten også ha sagt i abortspørsmålet). Men saka er den at skal nokon ha rett til å døy, må andre ha plikt til å drepa. Me trur ikkje alle dei 48 prosenta som svara ja til aktiv dødshjelp i undersøkinga har tenkt gjennom det etiske dilemmaet som oppstår når legar som elskar livet og jobbar for lindring og livsforlenging, blir utnemnde til bødlar.
Me ser det slik at god smertelindring og omsorg for heile menneske i den vanskelege sistefasen er det einaste forsvarlege alternativet for oss som bur i Noreg. Og det å gje den type behandling er heldigvis mogeleg, og det er gjennom dei siste åra vore gjort mykje for å utdanna fagpersonar med tanke på å utvikla gode miljø der menneske kan møta døden på ein trygg måte utan redsle for umogelege smerter og manglande verdigheit. Snarare tvert om. Slike miljø bør utviklast vidare, ikkje minst med tanke på at den såkalla eldrebylgja alt er over oss. Me er redd at ”retten til å døy” fort framkallar ei kjensle av ”plikt til å døy”, og då har me bevega oss langt inn i ein dødskultur som ingen av oss eigentleg ynskjer.
Ein ting er det enkelte individ i dette, men dette gjeld meir enn individet. Det er ein samfunnsspørsmål som rører ved mange partar, også Gud. Korleis me handterer saker av etisk/ åndeleg art, vil har meir å seia for framtida til dette landet enn mange forstår seg på. Alle Guds bod er gode og dei vernar oss mot det vonde. Og 5.bodordet seier: ”Du skal ikkje slå i hel!” Me bør ikkje tulla meir med dette bodet enn det me alt har gjort, for gjer me det fjernar me endå meir av det Guds vern me er så avhengige av når alt kjem til alt.
Det er på tide at me får ein open og gjennomgripande debatt om dette kjenslevaret emnet slik at folk kan gjera seg opp meiningar ut frå fakta og ikkje ut frå eit følt subjektivt behov for ei enkel løysing for å koma seg raskt ut av den siste krisa. Dersom me ikkje får denne debatten no, er me redde for at landet vårt innfører enno ei lov som strir mot Gud og dei prinsippa han legg til grunn for korleis me skal leva liva våre."
Kristkyrkja på Stord
Kyrkjelydsrådet
Det er ikkje til å tru, men nokre muslimar har på ei utstilling i Oslo laga til ein monter med headingen JESUS, ISLAMS PROFET, og dronning Sonja var på plass i hijab for å opna denne utstillinga som visstnok har til hensikt å opplysa vanlege folk om kva islam er for noko.
Og eg må spørja: Kvifor let dronning Sonja seg bruka til slik historieforfalsking som dette? Jesus er jo ikkje islams spesielle profet. Islam vart jo grunnlagt 600 år etter Jesu himmelfart.
Jo visst veit eg at Isa (Jesus) har ei høg stjerne i islam. Mellom profetane er han nr. 7 i rang. Men islams Isa er ikkje vår Jesus. For me sannar at Jesus er Guds levande Son, sann Gud komen i kjøt og blod for å frelsa oss menneske. For oss er Jesus desidert nr. 1, og hans namn er over alle andre namn som nemnast kan i denne verda og i den som kjem, det er nok ikkje denne Jesus som er islams profet.
For sanninga er at kristne som hevdar at Jesus er den einaste vegen til Gud blir forfølgde, fengsla, torturerte og trakasserte i mange, mange muslimske land i dag. Dei viser ingen sann respekt for vår Jesus korkje i Iran, Nord-Sudan og Nord-Nigeria, ei heller i Saudi Arabia, berre for å nemna nokre plassar der kristne lid.
Hadde Jesus verkeleg vore islams profet ville verda sett annleis ut. Muslimane ville lest Bibelen og ikkje Koranen, og dei hadde vore forløyst frå syndene sine og fødde på nytt til eit liv i sjølvoppofrande kjærleik til alle menneske. Dei ville audmjukt ha falle ned for Jesus og bede han om nåde og ope teke avstand frå hat, hovmot og løgn som no i stor grad pregar tilhengarane av denne religionen.
Så lat oss vona at det ein dag skjer at Jesus verkeleg blir profet deira, og ikkje berre profet, men Herre, frelsar, konge og Gud. Då vil det vera von om ei betre verd.
Eg leikar med tanke: Kva ville hendt om me som kristne på ein eller annan måte stal Muhammed frå islam og sa at profeten deira eigentleg var vår og ikkje deira, at han eigentleg var kristen og trudde på Jesus? Ordet blasfemi ville ikkje vore langt unna, og det hadde vorte ein svær diskusjon om såre kjensler osv.
Men ytringsfridomen er jo viktig. Det har me forstått. I ytringsfridomen sitt namn kan ein presentera kva det skal vera, lygn eller sanning. Men dronninga vår treng no vel ikkje setja to strek under fanteriet!

Me er komne til Kristi himmelfartsdag. Få frikyrkjer feirar denne. Heller ikkje me i Kristkyrkja. Det burde me vel helst ha gjort. For dette var den største dagen i Jesu liv, dagen han under heile sitt jordeliv såg fram til, dagen då han skulle sameinast med Far sin som han elska over alt. Tenk for ein fest det vart i Guds himmel då Jesus kom tilbake. Det var som tusen julekveldar. Englane hadde gledd seg til dette heilt sidan Jesus steig ned på jorda. Lydig og viljug hadde Jesus gjort opp for syndene våre, og no kunne han reisa heim i triumf. For ein dag det var for han og alle himmelske skapningar. Han seier sjølv at englane feirar stort når ein syndar vender om til Gud. Kva måtte det vel då bli når sjølve frelsaren kom heim? Det må ha vore fantastisk for dei.
Har denne dagen så noko meining for oss? Ja, avgjort. 1) Jesus er no vår talsmann hos Faderen, ei soning for våre synder, skriv Johannes i sitt første brev. Han er i sin eigen person mi og di frelse. Heile vår framtid er forankra i himmelen hos Jesus. Det er viktig at du fattar dette, for her har du ei god hjelp mot mang ei anfekting. Djevelen kan lett vippa deg og meg av pinnen, men han kan aldri få gjort noko med Jesus, og di og mi frelse er forvart i han og ikkje i oss sjølve. 2) Jesus ber for oss. Dersom me hadde fortsått verdien av Jesu bøneliv, ville me ha blitt forundra. For saka er den at hadde det ikkje vore for hans bøner, ville kyrkja for lengst vore historie. 3) Han er no innsett som konge over kongane og Herren over herrane, og alle med styringsansvar gjer rett og lurt i å bøya seg for han og prisa han som står over alle, og som alle skal stå til ansvar for, frå mødre og fedre til presidentar og statsministrar.
Som kyrkje er det vår business å hevda Jesu herredøme. Me skal kalla folk og folkeslag til tru og etterfylging. Det er ikkje ei oppfordring, dei fleste kristne ser ut til å tru det, og då let dei oppfordringa liggja, det det er ei befaling gjeven av kong Jesus. Det verkar for meg som om me som kristne treng ei heilt ny forståing av dette. Må Den Heilage Ande koma over oss og gje oss den rette forståing av kven Jesus er og kva han har befalt oss å gjera.
Heilt frå Eva og Adam åt av frukta av treet til kunnskap om godt og vondt, har djevelen freista menneska til å ta snarvegar til suksess. Poenget med treet som Gud hadde planta var jo at Adam og Eva skulle veksa i kunnskap om det gode ved lydig å følgja Herrens bodord i det daglege. Men djevelen peika i sin kreativitet på ein snarveg til målet: èt av treet og bli som Gud.
Snarvegen til lukke er djevelens fremste varemerke. Men han er ein lygnar. Lukka er derimot å finna som eit resultat av sjølvoppofrande teneste, ikkje i forlenginga av dei kjappe løysingane.
Mange unge lurer på kvifor dei ikkje kan nyta den seksuelle lukka utan å vera gift. Sex opplevest jo godt og positivt. Men sex før ekteskapet er ein djevelsk snarveg til det gode, ein snarveg som vil fremja meir sorg enn glede. Å leva i ekteskap fordrar den sjølvoppofrande livsstilen som Jesus sjølv gjorde seg til talsmann for då han sa at den som ikkje vil ta krossen sin opp og følgja han, er han ikkje verd. Sjølvfornektinga er Kristi veg, og nokon annan veg fører ikkje til Guds mål.
Den som kjedar seg i ekteskapet kan bli freista til utruskap mot ektefellen for å finna att litt av spenninga og glansen med livet. Men det er ein djevelsk snarveg. Guds veg er meir strabasiøs, men den fører oss alltid inn i ein god vekst. Den som fornektar seg sjølv, vil berga både seg sjølv og andre.
Den som er komen i økonomiske vanskar kan fort la seg freista til ein snarveg ut or uføret. Men det er ein einsam veg mot undergangen. For Gud går ikkje med. Hans veg kan verka lang, men den er god, og Gud sjølv går alltid saman med den som jobbar langsiktig og ærleg. Judas Iskariot valde snarvegen til rikdom. Han tapte alt.
Difor skal du vera på vakt når det melder seg snarvegar i livet ditt. Det kan vera ein djevelsk blindveg.
Det er ikkje så lenge sidan han kom til oss. Men eg la merke til han med ein gong. Augo hans var varme og andletet så ope og godt. Paulus snakkar ein plass om at me truande er ei vellukt for Gud, og denne mannen gav frå seg mykje god duft som til og med eg kjende. Etterkvart er me blitt gode vener, og det var som er tenkte: denne mannen brenn av kjærleik til Jesus. Og når du no les ein absolutt kortversjon av historien hans, skjønar du kvifor. Dette fortalde han oss på gudstenesta i går:
"Eg møtte kristendomen første gongen gjennom ein god ven i Iran. Dette var for 8 år sidan. Han fortalde meg om Jesus, og eg likte det eg høyrde. Men på denne tida var eg i oppbrot, måtte bort, og eg valde å flykta frå landet til Tyrkia. På grunn av min kristne ven, oppsøkte eg ein kristen kyrkjelyd i byen der eg kom. I denne kyrkja var det ein pastor som heitte Mohammed, som no forresten verkar i ein persisk kyrkjelyd i Finland, han gav meg ein bibel. Eg las litt i han, men så kasta eg han frå meg.
Etter kvart hamna eg i Hellas, og då høyrde eg at Jesus sa til meg at eg skulle oppsøka ei kyrkje, og det gjorde eg. Denne kyrkja hadde det talande namnet "Hjelpande hender", og det var eit namn som høvde godt på desse menneska. Dei hjelpte verkeleg folk. Det var i denne kyrkja eg fekk sjå Jesusfilmen. Den greip meg djupt. Eg såg ikkje så mykje på sjølve filmen, berre lytta til Jesus. Det var så godt å høyra på. Det gav meg ei god kjensle. Og då bestemte eg meg for å ta imot han.
Igjen begynte eg å lesa i Bibelen. I i laupet av dei neste to åra las eg alt som står der. Eg ville gjerne vita alt som er å vita om Jesus.
Men så møtte eg folk frå Jehovas vitner og vart med dei. I starten trudde eg at dei var alminnelege gode kristne, og eg var saman med dei i 8 månader. Men etter kvart fekk eg ei kjensle av at det var noko som ikkje stemte. Eg vart uroleg, og uroen dreiv meg tilbake til Bibelen.
Så dukka det opp nye problem. Eg oppdaga at kristne er så ulike. Nokre er protestantar, andre katolikkar og atter andre ortodokse. Kva skulle eg velja? Skulle eg vera prostestant? katolikk? ortodoks? Det gjekk heilt rundt for meg og det enda med at eg ikkje kunne tru på noko som helst meir, og eg
slutta eg å lesa i Bibelen og gå i kyrkja. Gav opp alt.
Men det var ikkje så lett. Eg vart veldig ulukkeleg. I to år hadde eg lese Bibelen, og så skulle det enda slik? Eg vart heilt stressa, og eg ikkje kunne leva lenger.
Ein kveld då eg kom heim, sa eg til kona mi at ho måtte la meg få vera åleine. For du veit kvinner vil gjerne vita kva som er gale, og gir seg ofte ikkje før du seier noko. Det var veldig interessant at kona mi ikkje sa noko, og gav meg fred, og eg gjekk og la meg. Då skjedde det noko. Etter 5 minuttar vart det svært tronge rommet mitt plutseleg omgjort til ein stor salong. Det opna seg i det uendelege, og i dette rommet var Jesus. Eg sa til han at eg har aldri sett deg før, og han sa: "Eg er Jesus!" Og dette var den beste stunda i mitt liv, og eg gret i 2 timar, ikkje av sorg, men av glede. Alt fordi Jesus sa: "Eg er Jesus!" Og då sa eg: "Ja, du er Jesus!" og der og då vart eg ein skikkeleg kristen. Dette er 6 år sidan no.
Men eg vart ikkje berre kristen den kvelden, eg vart ein radikal kristen. Det sto så klårt for meg: Eg må dela Guds ord og Jesus med andre menneske. Og kona mi og eg fekk ein draum, og den handlar om å verkeleggjera det Jesus seier i Matteus 28,19-20. Og me begynte å dela det me las i Bibelen med andre. Me fekk elevar som me lærte om Jesus. For du veit: Når Jesus gjev oss ei gåve så er det for at me skal dela den med alle andre. Eg er her no fordi eg opplevde at Jesus fortalde oss at me skulle reisa hit til Noreg. Be for oss. Tusen takk!"
Gud gjer eit unikt verk mellom iranarar på flukt. Over alt møter han dei med evangeliet, og dei er mottakelege som få andre. Det er eit viktig poeng no at kristne menneske engasjerer seg for iranske konvertittar. UDI vil senda dei alle attende. Nokre av dei vil nok tola både tortur og fengsel, men ikkje alle. Og særleg tenkjer eg på kva lagnad borna vil få når foreldra vert tekne av omsynslause styresmakter. Kan me gjera noko i lag her?
Så lenge det finst kristne politikarar, har Gud ein plass i politikken. Å vera kristen er jo å ha Jesus til Herre, fremja han og æra han i alt me held på med, anten me er sjukepleiarar, røyrleggjarar, husmødre, husfedre, lærarar, pastorar eller politikarar. Me kan ikkje forventa av kristne politikarar at dei ikkje skal fremja Guds meiningar i politikken. Då undergrev dei jo si eiga tru. Me er jo heile menneske.
Etter mitt syn er politikk og etikk sterkt overlappande områder, og etikken vil alltid for ein kristen vera grunnfesta i Bibelen sin bodskap om Guds kjærleik til menneska og hans gode vilje for og med oss.
Difor vil ein kristen politikar alltid kjenna seg forplikta innfor Gud til å jobba for det ufødde barns livsrett, for enkjer, farlause og framande (flyktningar), for ekteskap og familie, økonomisk fridom og for rettferdig fordeling av godene, for å nemna noko som eg finn sentralt i Bibelen si etiske tenking.
Som kristne vedkjenner me oss Guds allmakt. Det må då også bety at Gud skal ha makt i politikken.
Martin Luther lærte oss å tenkja i to regiment, den åndelege og det verdslege. Men han sa at Gud er Herre i dei begge, og alle leiarar, om dei er åndelege eller verdslege, står til ansvar innfor han med korleis dei har skjøtta verva sine.
Nestleiar i KrF Inger Lise Hansen, sa i eit TV intervju i samband med årsmøte i KrF at me må skilja politikken frå kristendomen. Dette er rimeleg spesielt for ei som skal styra eit kristeleg parti. Eg synest det er mange gode grunnar for at ho tenkjer gjennom dette synspunktet ein gong til.
Ei ung kurdisk kvinne spurde meg her om dagen: "Kan du snakka med mor til......Den siste tida har eg prata med henne om Jesus. I starten var ho avvisande. Men så har ho møtt Jesus i to draumar, og han sa til henne at ho skulle ta kontakt med pastor Jens for å få svar på spørsmåla sine."
Slike ting blir meir og meir vanleg å oppleva mellom muslimske flyktningar. Gud talar til dei gjennom draumar, og når det skjer, vekkjer det interesse for evangeliet hos dei. Jesus vert i høgste grad eit aktuelt alternativ. Ikkje så å forstå at dei tvert vert kristne, men dei vil gjerne læra meir om Jesus, kven han er og kva han har å gje.
To gongar har eg vore på besøk hos kvinna no. Ho fortalde meg i detalj om draumane sine, og ho har no fått eit nytestamente på sitt eige språk. Andletet hennar lyste opp då ho begynte å lesa. Dette var nytt for henne. Muslimane sin Allah kan jo berre snakka arabisk. Men vår Gud kan uttrykka seg på alle språk. Augo hennar stråla då ho sto der med boka i handa og las.
Ved mitt siste besøk (i går kveld) var dei to sønene hennar også heime. Dei er i tenåra, og på veg til å bli høgreiste flotte unge menn. Me kosa oss saman over ein kopp te, og mora fortalde dei om kvifor dei hadde ein gjest. Då ville dei gjerne høyra kva eg hadde å fortelja dei, og det synte seg at døra inn til hjarto deira var vidopen. Dei hadde aldri før høyrt slike ting som dette. Dei visste litt om Jesus, men ikkje at han kunne hjelpa dei mot Guds dom. Ikkje ein gong Muhammed hadde vilja påta seg ei slik rolle då han ein gong fekk spørsmålet om saka frå ein nevø.
Dei ville gjerne sleppa Jesus inn i hjarto sine med ein gong. Men me vart samde om at dei først skal sjå Jesusfilmen, lesa saman i Jesusboka, og bestemma seg når dei har fått tenkt seg skikkeleg om.
Kvifor deler eg dette med dykk? Fordi eg vil at me som kristne skal sjå Guds finger og plan i dei folkeforflytningane som skjer i denne tida. Han sender mennesker til oss frå muslimske land for å tala til dei gjennom oss som kjenner Han. Me (Kristkyrkja på Stord) har dei siste åra invistert mykje tid og ressursar i å arbeida med flyktningar, og har fått døypt 9 av dei, og av dei var 6 muslimar.
Det byr både på gleder og sorger å ha med desse menneska å gjera, mange er treumatiserte og dessutan har norske utlendingsstyresmakter ein lei tendens til å leggja steinar til børene deira. Men Gud har ein agenda med dei, og den er det fantastisk kjekt å få vera med å fremja.
Det er sikkert eit asylmottak ikkje så langt frå der du bur.....
