Jens Thoresen

Alder: 65
  RSS

Om Jens

Eg er pastor i Kristkyrkja på Stord, og dessutan lærar på Stord ungdomsskule. Er gift med Tove, har 5 barn og etter kvart 2 barnebarn. Syslar ein del med teologisk litteratur, og er m.a. oppteken av apologetikk. Elskar Jesus, og det store i livet er å tena han.

Følgere

Anklagekultur og offerrolle

Publisert rundt 4 år siden

Den siste tida har Stephan og Anne Christiansen vore under tunge åtak frå VGTV og frå leiarhald i pinserørsla. Det må ha vore svært ubehageleg. Eigentleg burde desse to tapre og sjølvoppofrande menneska heller vore heidra.

Folk som brenn for Gud og som prøver å nå dei fortapte med evangeliet, er ikkje så vanleg i Noreg. Dei som gjer det, bør løftast opp og støttast.Også Anne og Stephan Christiansen.

I staden vert dei angripne frå mange kantar, sverta og meir eller mindre gjort æreslause. Ikkje bra. Det verkar på meg som om det gjennom magen år har utvikla seg ein anklagekultur i kristen-Noreg.

Også Aril Edvardsen fekk midt på 70-talet så hatten passa frå pinseleiinga si side. Seinare endra tonen seg radikalt.

Så har det sikkert føregått feil som bør beklagast. Folk er blitt såra. Ingen tvil. Folk blir alltid såra. Men her vil eg gjerne åtvara mot all den sjølvemedkjensle som pregar mykje av det som vert skrive og sagt. Å framstilla seg sjølv som eit såra offer kan vera freistande, men betre er det å sjå hen til han som ofre seg for oss alle og vart såra for våre brot og knust for våre synder. Fridomen ligg i Jesus, og ikkje i å knusa sin neste, om han/ho har vore aldri så uviselege.Lettvist tale? Nei. Krevjande.

Det vert tala om maktovergrep. No sist frå leiinga i UIO på 70-talet. Men det er ikkje så lett å få tak på kva dette handlar om, korleis ordet maktovergrep blir definert, for det blir det ikkje. Me som les skal berre godta at det skjedde maktovergrep fordi det opplevdest slik. Eg vil oppmoda skribentane å vera meir konkrete og presise når dei skriv om den urett som har skjedd mot dei, om dei då føler dei må skriva om det.

Eg er pastor, og sit i glashus. Er nok blant dei som har såra. Ja, det har eg nok. Og eg er blitt såra. Det har eg. Meir enn godt er. Kan ikkje det vera greitt å vita for alle at me som pastorar ofte er så skjelvande og redde at me ligg vakne i timar om nettene og tenkjer over kva me har sagt både frå talarstolen og i samtalar med folk. Men ingen grunn til å føra klagemål mot nokon. Jesus bar det alt. Me må stola på han og frikjenna kvarandre i hans namn. Me er jo kristne, og vera kristen er å vera frikjent av Gud, og å frikjenna sin neste.

Gå til innlegget

Kven var det me skulle elska?

Publisert nesten 6 år siden

Kven var det me skulle elska? Familiane våre? Slekta vår? Men det er jo ingen kunst. Det å elska dei snille når nokon er vonde, kan vel ikkje kallast å møta hat med kjærleik, kan det vel?

Ingen er så hata i dette landet som terroristen Anders Behring Breivik, vart det sagt i NRK radio nyleg.

Det er sikkert sant.

Likevel stiller denne uttalen seg i eit underleg lys når me tenkjer på alt som vart sagt om kjærleik og hat like etter terrorhandlinga. Både biskopar, kronprins, statsminister og mange andre sto fram og sa at me som bur i dette landet er eit folk som møter hat med kjærleik.

Men problemet var at ingen sa kven me skulle elska. Eg tenkte: Dei meiner sikkert at det er Breivik me skal elska. For det ville jo ha samsvart med Jesu ord om å elska fiendane og slikt. Men dei sa ikkje det, berre at me skulle møta hat med kjærleik.

Og no står det klart for meg: Det kunne ikkje vera Breivik dei meinte. For han er jo hata meir enn nokon annan nordmann etter krigen. Og når Desmond Tutu kjem til Noreg for å fortelja oss at me bør tilgje denne mannen, nærast på afrikansk vis, så er det ingen som vil det. Og den nyutnemnde biskopen i Tunsberg, Per Arne Dahl, seier at det vanskeleg let seg gjera. Men då må eg spørja: Kven var det me skulle elska? Familiane våre? Slekta vår? Men det er jo ingen kunst.  Det å elska dei snille når nokon er vonde, kan vel ikkje kallast å møta hat med kjærleik, kan det vel? Skal det vera noko meining i dette uttrykket må me ausa kjærleiken ut over den vonde, og gjera alt godt for han. Det var denne kjærleiken Gud møtte oss med. Slik vart vart me frelste. 

Mange vart råka den 22.juli. Sorga er djup og varig i mange familiar. Tanken på å elska Anders Behring Breivik må opplevast umogeleg. Men det er ikkje noko framtid i hatet heller. Kva skal folk gjera?

Han som snakka om dette i si tid, Jesus Kristus, demonstrerte kjærleik til fiendane, og han fordrar av oss at me gjer det same. Men dette kan me ikkje i eiga kraft. Tanken på hemn melder seg fort, og hatet er naturleg. Men når me slepp han som bad for fiendane sine inn i liva våre, får me kraft til å tilgje og elska den djupt uverdige, slik som me sjølve er blitt tilgjevne og elska av Gud, heilt utan å ha fortent det, av nåde, fordi Kristus gav livet sitt for oss på ein kross. Når me opnar hjarto våre for han, får me del i hans kraft og kvalitetar. Då blir me overraska over at me sjølve er elska av Gud, og han fyller oss med ein overflod av kjærleik som rekk fram til den djupast falne og til den som på den mest brutale og feige måte frårøva oss dei kjæraste me hadde. Det er lækjedom og erstatning å få hos Han, og berre hos han. 

Gå til innlegget

Påskebodskapen i vinternatta

Publisert over 7 år siden

”Eg er ateist,” seier ho, ”eg trur ikkje på Gud. Men når eg høyrer på dykk, er det noko som treff meg, og eg tenkjer: Dette gjer inntrykk på meg, dette kunne eg faktisk ha trudd på!”

Det er seint  påskeafta på Leirvik torg. Temperaturen nærmar seg minus fem, og over oss ser me planeten Jupiter (som akkurat i desse dagar passerer gjennom stjernebilete Tyren) og Capella, hovudstjerna i Kusken. Klårværet varer og varer, og med det vinteren. Me har rigga oss til med campingvogn, kristen musikk, bålpanne, to bord, ei steiketakke og ei eske med kristne traktatar. Me er ute på evangelisering, vil så gjerne få fortelja folk denne påska at Jesus har stått opp frå grava, at han lever, elskar oss og vil ha personleg fellesskap med oss.

Det er mange som er ute denne kvelden. Unge menneske som pendlar mellom utestadane. På vegen kjem dei gjerne bort til oss. Dei vil gjerne ha kaffi og lappekaker, gjerne med syltetøy og rømme. Nokre kjem for å varma seg ved elden. Ikkje alle er kledde for ei kald vinternatt.

Nokre lurer på kva det kostar med ei lappekake.Ingenting? Gratis? Det går ikkje an. Jo, det går an. Guds frelse har me fått gratis.Den betalte Jesus for. Då må me vel kunne gje bort litt kaffi og nokre lappekaker. Skulle berre mangla.

Ungdomane et med god appetitt. Me steiker i eitt sett. Godsakene vert borte etter kvart.  
Det er påske. Påska handlar om Jesus og Gud. Me vil gjerne prata. Er ute i dette ærendet denne kvelden, i embets medføre, som det heiter.

Trur du på Gud? Kva plass har han i livet ditt? Kva tyder påska for deg?

Dei snakkar. Nesten alle har ei tru, eller i det minste besteforeldre som trur. Nokre få trur på Jesus, at han er Gud og verdas frelsar. Mange er temmeleg uklåre,og har vanskeleg for å uttrykkja kva dei trur på. Det store fleirtalet trur det er noko der, ei kraft, ein åndeleg energi eller noko slikt, noko som styrer på eit vis.  Andre trur meir på vitskapen, får ikkje dette med Bibelen til å stemma med eit moderne verdsbilete. Like mange trussystem her som det er folk, har me inntrykk av.

Så, midt i samtalen, er det som om Gud kjem nær. Jo visst har han vore der heile tida. Gud er det. Men så melder han seg på. Gjev eit ord som treff hjarta. Så kjem tårene. Godt me har serviettar. ”Skal me be for deg?” ”Ja, gjerne. Eg treng det”. Personen er ikkje åleine. Mange vil at me skal be for dei. Behova er store mellom unge menneske i dag. Mykje løynd liding. Me er imponerte over kor skånsellaust opne dei er.

”Eg er ateist,” seier ho, ”eg trur ikkje på Gud. Men når eg høyrer på dykk, er det noko som treff meg, og eg tenkjer: Dette gjer inntrykk på meg, dette kunne eg faktisk ha trudd på!”

Evangeliet har kraft, Guds kraft til frelse. Ordet skaper tru. Det fungerer jo. For ei glede.

Èin er kristen.Tydeleg kristen, men har hamna utanfor fellesskapet. Er einsam med trua si. No står han og studerer oss.  ”Det eg ser her har eg lengta  heile mitt kristne liv,”  seier han, og før me veit ordet av det har me fått oss ein ny medarbeidar. Han går inn for oppgåva med liv og lyst, går rundt og tilbyr folk lappekaker og deler Jesus med dei. Ein ny start på noko?

Me likar å feira påske slik. Ja, ikkje berre påska. Mange andre laurdags netter brukar me på same måte. Dei kjenner oss no. Det er såtid. Snart skal det haustast. 

Gå til innlegget

Radikal endring av syndsbegrepet

Publisert over 7 år siden

Den lesbiske presten Hilde Raastad vil bli løst fra ordinasjonsløftet. Hun kan ikke leve og tjene sammen med biskop som hun åpenbart mener lever i synd.

Den nye synden kallar Hilde Raastad homofobi. Den står ikke omtalt i Bibelen. Der leser vi derimot at det er selve homofilien som er syndig. Men hvem leser Bibelen i våre dager, og hvem innretter seg etter den? Vi er sannelig i ferd med å få nye autoriteter. Hvem er det som framover skal definere hva som er synd? Dersom Bibelens syn på en sak blir syndig, blir det da synd å lese høyt fra den? 

I følge kristen lære vil den som lever i synd bli dømt av Gud på dommens dag,  og gå fortapt. Det var i alle fall det vi lærte i vår ungdom. Skal det nye syndsbegrepet legges til grunn er alle vi som forfekter kirkens gamle lære fortapte mennesker, og kan bare bli frelst ved å endre mening. 

Men så er det selvfølgelig et spørsmål om de nye autoritetene i det hele vil forkynne og hevde at det er en dom der framme. Dersom Bibelen tar så grundig feil i etikken, kan det vel være grunn til å mistro den også i dogmatikken. 

Etter mitt syn er det  bra om Hilde Raastad blir løst fra ordinasjonsløftet. Det har hun nemlig selv løst seg fra for lenge siden. Hun har ikke levd og forkynt etter Skriften, ei heller etter Kirkens bekjennelsesskrifter. Gjennom liv og lære har hun diskvalifisert seg fra å tjene Jesus, og hun forfører de menneskene hun skal lede. Hun og alle som støtter henne. 

Gå til innlegget

Kva er biskopane si oppgåve?

Publisert rundt 8 år siden

Bispekollegiet har vore samla på Svalbard. Der såg dei spor av global oppvarming. Det uroa dei så kraftig at dei fann grunn til å uttala seg om klimaforliket som nett er inngått på Stortinget.

Dei norske biskopane er opptekne av klima, og dei refser partia på Stortinget for ikkje å gå langt nok i Klimaforliket. Biskopane er utålmodige og vil meir enn politikarane for å berga jorda frå undergangen.


Dette er problematisk. Eg meiner at biskopane si fremste oppgåve er å forkynna Guds ord til frelse for menneske. Men så langt eg kan forstå er det lenge sidan dei har gjort det. No  fungerar dei meir som ein politisk tenketank for miljørørsla.

Eg meiner ikkje at engasjement for miljøet er uviktig. Men det er ikkje biskopane si oppgåve å berga miljøet. Dei skal berga menneske frå den evige domen.

Hadde dei slik synt omsorg for sjelene, kunne det vera meiningsfullt å gje frå seg nokre profetiske ord om grådigskap. For det er denne synda som driv fram øydelegginga av miljøet, og ikkje berre av miljøet, men også av menneskesinnet. For Gud seier at hugen etter pengar er ei rot til alt vondt, og det både i samfunnet og i den enkelte av oss. Det øydelegg gode seder, tru og samliv, og pengehugen blindar oss slik at me taper perspektivet og lett syndar for å skaffa oss meir rikdom.  Det er denne synda som utarmar kloten, og som lett fører mennska under Guds evige dom.

Når bisopane er så lite engasjerte i å berga menneska frå fortapinga, kan det forresten koma av dei ikkje lenger trur at denne vanlagnaden kan råka folk?

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
21 dager siden / 1484 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
rundt 1 måned siden / 1290 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
11 dager siden / 1068 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
8 dager siden / 964 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
30 dager siden / 626 visninger
Alle eller ingen?
av
Knut Alfsvåg
17 dager siden / 433 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere