Johannes Morken

Alder: 60
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Bøn for terroristen

Publisert nesten 9 år siden

I eit debattinnlegg i dagens papirutgåve av Vårt Land formulerer teologen August Bolstad ei bøn for ugjerningsmannen frå Utøya.

Bolstad skriv: «I tiden etter 22. juli har det vært formulert og bedt mange bønner, både i og utenfor kirken. Gode bønner. Nødvendige bønner. Spesialutformede deler av kirkebønnen under gudstjenensten. Medfølende omsorgsbønner for de døde, de skadede, pårørende, hjelpemannskaper, alle som på en eller annen måte har støttet og prøvd å hjelpe de som er rammet. Bønner til Gud. Bønner om trøst og lindring. Det har vært lett å «være med» i disse bønnene.»

Han legg til at han ikkje har høyrt ei einaste bøn for gjerningsmannen, i alle fall ikkje offentleg. Han viser til Jesu ord om å be for dei som forfølgjer dykk og at vi skal elska våre fiendar.

«Er dette genuine budskapet blitt borte i all medlidelsen med de rammede? Isolasjon og straff for en uhyrlig handling er både fortjent og rettferdig, men skal ikke den skyldige likevel være gjenstand for forbønn? At Gud må være til stede hos ham. Eller tror (praktiserer) vi at bønn bare gjelder ofre og ikke forbrytere?»

Her Bolstads eige forslag til bøn for gjerningsmannen:

«Kjære Far, du som ER!

Du ser han som nå sitter i isolat, skyldig til straff og soning for en ufattelig forbrytelse. Du kjenner ham; du vet om hans tanker og følelser. Vi tror at du gråter over ham. Vi ber deg: vær til stede hos ham, la ham ane eller kjenne ditt nærvær, slik at han kan ha den kontakt med deg som han behøver. Amen.»

Er det andre syn på dette - og andre forslag til bøner?

Gå til innlegget

Dette er eit slags ope brev til NRK, Dagbladet, TV 2 og andre offentlege forvaltarar av dei sterkaste kraftuttrykka i det norske språket.

Kong Harald trefte ein viktig sorgnerve under den nasjonale minneseremonien søndag. Monarken let tårene komme, og han slo fast: No er nesten alle orda brukte opp.

Katastrofen. Katastrofen var så overveldande. Vi fekk sjå 77 bilete av levande menneske som brått er meiningslaust borte. Kva ord har vi igjen for å setje ord på ein slik katastrofe?

Eg veit ikkje.

I tida etter bombeangrepet og massakren er mange samde om å prøve å dempe den hatefulle ordbruken i debatt om innvandring og religion, utan å undertrykkje debatten. Kanskje er det også ei tid for å vaske det daglege språket om alle slags emne i lys av tragedien i regjeringskvartalet og på Utøya.

Kvar enkelt som tek sterke ord i bruk i annakvar setning, kan kanskje ha fått noko å tenkje på. Her skal det handle om det offentlege språket.

Helvete. I vinter og vår gjorde ramnane på baksida av denne avisa intense forsøk på å oppdra Dagbladet i omgangen med kraftuttrykk. Det vil seie: Å oppdra den liberale tabloiden er eit langt i overkant ambisiøst prosjekt for to spede ramnar, så det var vel like nyttelaust som velmeint. 

Dagbladet gjorde nemleg, som vanleg: Avisa pøsa på med ordet «helvete» så snart det var ein ørliten motgang på ein idrettsarena. Svensk smørebom i ski-VM eller ein skadd akilleshæl på ei fotballbane etter seriestart: Det skulle ikkje meir til for å smelle til med ordet «helvete» i kraftige typar. Dagsavisen kunne ikkje vere dårlegare under ski-VM og skreiv om «Marit Bjørgens smertehelvete» då ho fortalde at ei hard tremil på ski gjer vondt kroppen.

Kanskje har private og offentlege forvaltarar av ord kunna tillata seg slik omgang med kraftuttrykk sidan vel noko av det verste vi har trudd vi kunne bli utsette for her i landet, er ein nedtur i sport.  Og for å bli synlege i det gneldrande informasjonssamfunnet blir det eine sterkare ordet enn det andre teke i bruk anten det er sport eller politikk det er snakk. Det skal ikkje mykje politisk tautrekking til bak stengde dører i ei omstridd sak før eit presseorgan kan avsløre at det er «krig» på kammerset.

Kongen. Kongen fekk i grunnen rett for lenge sidan: No er snart alle orda brukte opp. På tøv og tant.

Statsminister Jens Stoltenberg sa på si side så kraftfullt om Utøya-massakren at hans «barndoms paradis var gjort om til eit helvete». Men kva ord skulle Dagbladet nytte for å skildre denne svartaste dagen då ordet «helvete» der i garden for lengst var brukte opp på feil skismøring og vondt i hælen?

Vi som ikkje er blant dei overlevande og pårørande, har prøvd å komme oss tilbake til meir normale dagar. På fjernsynet rullar fotballkampane. Og, ser det ut til, alt er tilbake til slik det var før.

For nokre dagar sidan tapte Molde ein cupkamp etter å ha hatt bøttevis med sjansar til å vinne. NRK-veteranen Arne Scheie utbraut minst ein gong i ei slag medlevande fortviling: «Hvorfor klarte ikke Molde å drepe kampen?» 

Hæ? 

Drepe. Eg blir så uvel når eg framleis tenkjer på at Scheie – truleg i innøvd tankeløyse – slengde ut ordet «drepe» at eg slit med å hugse kven Molde tapte mot. Ikkje spelar det noka rolle heller. I staden ser eg føre meg Anders Behring Breivik på Utøya - med gevær eller med ladegrep på eit VG-foto frå rekonstruksjonen. Grufulle inntrykk trengjer seg fram hos meg midt under ein, får vi tru, uskuldig fotballkamp. Måndag kveld fekk vi høyre det igjen, no var det ein TV 2-kommentator som etterlyste kvifor Molde ikkje tidleg klarte å «drepe kampen» - no mot Lillestrøm.

I mitt enkle sinn tenkjer seg at det finst mange tydelege ord som på variert vis kan forklare kor viktig det er for eit lag å få taket på ein fotballkamp enn ordet «drepe». Kraftuttrykk som er tømde for innhald ved å bli misbrukt til det meste, er etter 22. juli igjen fylte med så mykje gru, blod og død at dei fleste bør ha fått nok av utidige kraftsalver. Kan ikkje minst offentlege forvaltarar av ord klare å vaske språket i lys av ein verkeleg katastrofe?

For det kan då ikkje ha vore meininga at journalistane, straks dei første sørgjedagane var over, skulle ta alle kraftorda tilbake?

Denne kommentaren stod på trykk i Vårt Lands papirutgåve 24. august.

PS. Heldigvis tyder noko på at somme i media etter 22. juli har dempa bruken av blodige uttrykk i utrengsmål anten det er sportsjournalistar eller finansjournalistar.

Gå til innlegget

Også kristne jenter opptatt av kroppen sin

Publisert nesten 9 år siden

Kristne jenter må ikke bare være fine og flinke. De må også leve opp til forventninger om å bidra på møter og menighetens aktiviteter. Og de er dessuten like opptatt av kropp som andre jenter.

Det fortalte veilederne Lene Notland Harnes og Gunhild Rotvik Tunestveit på et jenteseminar på Ung Landsmøte.

– Alle jenter i vestlige land er misfornøyd med sin kropp. Kroppsidealene som kvinnene blir presentert for er for tynne. Det er bare én til to prosent som ser slik ut, og derfor er det viktig å realitetsorientere jenter, sier ifølge psykolog og førsteamanuensis på Psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo, Ingela Lundin Kvalem. 

LES MER PÅ VL.NO

HVA MENER DU OM KRISTNE JENTER OG KROPPSIDEALENE? SI DIN MENING.

Gå til innlegget

Kopi av gamlekyrkja, eller moderne praktbygg?

Publisert rundt 9 år siden

Debatten er i full gang om Østre Porsgrunn kirke skal erstattast av ein kopi eller av ei ny, moderne kyrkje.

Redaktøren i lokalavisa TA vil ha ein kopi av den 251 år gamle korskyrkja i tre som brann ned til grunnen natt til måndag, skriv Vårt Land.

Andre vil byggje nytt og moderne for samtid og framtid. Kva meiner du?

Gå til innlegget

Guds straff over Japan?

Publisert over 9 år siden

Pastor David Yonggi Cho trur at tsunami og jordskjelv kan vere ei åtvaring til Japan.

– Fordi det japanske folket vender ryggen til Gud med si tru og fordi dei tilber ateismen og materialismen får det meg til å lure på om ikkje dette er Guds åtvaring til dei, sier Yonggi Cho til ei nettavis. Han er pastor emeritus i megakyrkja Yoido Full Gospel Church i Seoul i Sør-Korea, den største kyrkjelyden i verda.

Den amerikanske høgresidas TV-vert Glenn Beck sa i eit radioprogram i mediekonsernet Fox måndag at jordskjelvet kan vere ei melding frå Gud.

Guvernøren i Tokyo har måtta beklaga at han måndag sa at tsunamien kom for å vaske vekk japansk egoisme.

TV-pastor Pat Robertson fekk saftig kritikk då han sa at Haiti vart straffa for si «pakt med djevelen» for å bli kvitt det franske kolonistyret på slutten av 1700-talet.

Les meir i Vårt Land

Kan naturkatastrofar vere straffedom for synd? Eller bør pastorar, TV-vertar og guvernørar halde munn med slike påstandar?

Diskuter saken videre i tråden Japan.

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Slik jeg ser det
av
Magne Nylenna
18 dager siden / 1473 visninger
Med vandreskoene på
av
Anita Reitan
28 dager siden / 1286 visninger
Sekulariseringen av Rumi
av
Usman Rana
9 dager siden / 1050 visninger
Slappe konspirasjonsteoretikere
av
Øivind Bergh
5 dager siden / 938 visninger
Stopp banningen, Vårt Land!
av
Terje Tønnessen
27 dager siden / 597 visninger
Morna, Facebook!
av
Heidi Terese Vangen
rundt 1 måned siden / 538 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere