Johannes Morken

Alder: 60
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Desperasjonen er til å ta og føla på blant kyrkjeleierar i Irak. Det er dessutan djup mistillit til muslimar etter IS-barbariet. Bryr vi oss ikkje når Irak snart kan vera tømt for kristne?

På 1990-talet var det over 1,5 millionar kristne i Irak. I dag trur pessimistane at det berre er 150 000 igjen. Dei mest optimistiske seier at det kanskje er 250 000. Truleg er det færre. På slutten av 50-talet utgjorde dei kristne 3 prosent av folket, i dag under 0,1 prosent.

Profetisk rop

Ninive-sletta aust for Tigris i Nord-Irak er eit kjerneområde for kristendom i Irak. Vi er på bibelsk grunn. Til Ninive sende Gud ein motviljug profet, Jona, for å åtvara om undergangen dersom folket ikkje omvende seg. Ninive angra, og byen blei spart. Men så gjekk angeren over. Profeten Nahum måtte av garde med ny åtvaring. Den gongen vart Ninive øydelagd. Ruinane av Ninive, som også Jesus snakka om, ligg like ved dagens Mosul

Mosul, Iraks nest største by, skulle også oppleva øydelegging. IS-terroristane kom i juni 2014. Dei okkuperte Mosul og så landsbyane på Ninive-sletta. Mange muslimar flykta også. Men det gjekk brutalt utover alle minoritetar. 12 000 yezidiar blei drepne og over 6000 jenter tekne som sexslavar. Kristne blei jaga under trussel om å bli drepne, eller dei måtte konvertera til islam.

Mange kom seg ut av landet. Andre vart flyktningar i eige land, først og fremst i den sjølvstyrte kurdiske regionen. Dei kurdiske styrkane var dei einaste som stod imot IS.

Etter at IS til slutt blei nedkjempa frå 2016, har nokre tusen kristne  familiar vendt heim til landsbyane på Ninive-sletta. Men framleis er tusenvis av flyktningar.

Desperasjon
Under ei reise nyleg møtte eg ei djup fortviling. «Klarar vi ikkje raskt å byggja opp igjen landet og byggja bru over den djupe mistilliten mange kristne har til muslimar etter IS, vil håpløysa komme for alvor», seier Emanuel Youkhana. Han høyrer til den nestorianske kyrkja og  leier hjelpeorganisasjonen Capni – Christian Aid Program Northern Iraq. Capni er med på å byggja opp att kristne landsbyar og hjelper til med å skaffa arbeid. Dei hjelper også yezidi-flyktningar med utdanning.

Men det er ikkje berre knuste hus, øydelagde vegar og sundbomba straumforsyning som må byggjast opp att. Mistrua mot muslimar er sterk etter IS. Folk som hadde budd saman med muslimske naboar i tiår fram til IS, er no redde for at naboen er knytt til IS. «Det er fullt forståeleg», seier Youkhana.

Men Youkhana åtvarar mot å bli gislar for vonde minne. Han vil lækja såra. Det tek tid, som fortvilte flyktningar ikkje har. Endå meir tid tek det sidan Bagdad-regjeringa er passiv. «Snart fire år etter at IS slo til, er det ingen nasjonal debatt om kvifor tragedien hende og korleis vi kan hindra at noko slikt aldri skjer igjen. Regjeringa skrapar på overflata og gjer ingenting for å nå fram til grasrota og ofra for IS», seier Youkhana.

Han krev nytt skulepensum. Sidan Irak har skapt ein slik brutal ekstremistbevegelse, er det tid for å slutta å læra barna fundamentalisme og i staden læra toleranse, seier Youkhana. Nytt lovverk må sikra at minoritetane blir likeverdige borgarar og ikkje andre- eller tredjerangs.

Byggja bruer
Skal Irak ikkje enda opp som ei varig slagmark mellom sjia- og sunnimuslimar og mellom arabarar og kurdarar, må minoritetane sikrast. «Over heile Midtausten byggjer sekteriske grupper murar. Kristne kan byggja bruer», seier Youkhana

Storparten av dei attverande kristne i Irak bur i sjølvstyrte Kurdistan eller på Ninive-sletta. Fleire store kristne landsbyar ligg i område der Kurdistan og sentral-regjeringa i Bagdad kranglar om kven som skal styra. Krangelen vart krigersk etter den kurdiske folkerøystinga om sjølvstende i fjor haust då Bagdad-regjeringa tok kontrollen over nokre av byane Kurdistan hadde gjennomført folkerøystinga i. Youkhana krev dei kristne landsbyane i desse «omstridde område» innlemma i Kurdistan. Trass alt har livet der vist seg tryggare enn i resten av Irak – anten det er i sjia- eller sunnikontrollerte område.

Svikta
Andre kristne leiarar eg møtte, kjenner seg ikkje berre forfølgde av IS og lever i frykt for at IS kjem tilbake. Dei kjenner seg også svikta av Vesten. «Eg trur USA ønskjer å sleppa å ha kristne her, kristne som klagar på kva USA gjer», seier den syrisk-ortodokse erkebiskopen Nicodemus Daoud. Vi treng ikkje kjøpa forklaringa, men forstå desperasjonen.

Daoud har, sidan IS okkuperte Mosul, styrt kyrkja frå Erbil i sjølvstyrte Kurdistan. Kyrkja hjelper kristne som vil venda heim. Mange vågar enno ikkje dra heim eller dei kan ikkje fordi heimane ikkje er bygde oppatt. Mange vil helst forlata landet, dersom dei får sjansen. «Dagleg tek vi farvel med nye», seier erkebiskopen.

For Nicodemus Daoud er Irak heilagt land. Her har folk vore kristne i snart 2000 år. Han forstår dei som vil gje barna ei framtid utanfor Irak. Men han fryktar at identitet og røter blir borte.

Kanskje er det vanskeleg å ta innover seg tragedien. Skal vi stilla vi opp i ein fortvilt kamp mot klokka?

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 8. MAI 2018

 

Stefanusalliansen, starta som Misjon bak Jernteppet i 1967, er ein misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt fokus på trusfridom

 

Gå til innlegget

Påske med terror og håp

Publisert over 2 år siden

 I land som Egypt og Pakistan fyller folk kyrkjene sjølv om dei veit at faren for terror er ekstra stor nettopp i påsken. Slike historier burde riva oss ut av vår heimlege kos.

 

Biskop Per Arne Dahl summerte i ein kronikk (Aftenposten 18. mars) godt opp nordmenns forhold til påskehøgtida: Påskebodskapen er irrelevant for det store fleirtalet. Er det noko som er heilagt, så er det «starten på campingsesongen», som han skreiv med referanse til ein samtale han hadde høyrt.

Rett nok er det mange som går til messe, nokre deltek også i krossvandring. Men for nordmenn flest er «påskefeiring .... utmerket uten Jesus», skreiv Dahl. Han spurte: «Har vi prester sviktet?» og peika på ein veg fram til at Langfredag kan kallast «Good Friday» også hos oss.

Det er grunn til å utvida analysen av kva som kan løfta påskebodskapen. Vi kan venda blikket utover, mot land der påskebodskapen verkeleg er relevant.

Terrorpåske

Påsken er kanskje blitt den kristne høgtida der islamistiske og andre terroristar rettar dødelege angrep mot kristne.

Påskedag 2016. Minst 75 menneske vart drepne og over 340 skadde i eit sjølvmordsangrep ved hovudinngangen til ein av dei største parkane i millionbyen Lahore i Pakistan. Angrepet var uttrykkjeleg retta mot kristne, dei fleste offera var kvinner og barn. Men sidan det var både kristne og muslimar i parken, var mange av dødsoffera muslimar.

Like før påske i 2015 blei to kyrkjer i den største kristne bydelen i Lahore angripne av terroristar frå ein fraksjon av Taliban. Planen var å sprengja to kyrkjer samstundes. Over 20 blei drepne. Sivile vakter som kasta seg over angriparane, gjorde sitt til å redusera tragedien ved at angriparane ikkje kom seg inn i kyrkjene. Og folk let seg ikkje stogga av terroren.

Politiet i Lahore hindra eit større terrorangrep i påsken 2017. Kyrkjene var fullsette. Utanfor stod væpna og uvæpna vakter. Fleire av dei sivile vaktene var sjølve blitt skadde i angrepet påska før.

Palmesøndag 2017: Den ortodokse påsken kom samstundes som påsken hos oss, og meldinga frå Egypt var brutal. 49 menneske som feira påske i kyrkjer i byane Tanta og Aleksandria i Egypt, blei drepne av sjølvmordsbombarar. I eit år der IS-terroristar trappa opp angrepa mot kristne mål i Egypt, fekk vi dessutan drapa på nesten 30 pilegrimar på veg til eit kloster sør i Egypt på Kristi himmelfartsdag.

Avgrunn
I Egypt var mange kyrkjer fullstappa påskedag i fjor, trass i terroren palmesøndag. Livet for kristne i landet er heller ikkje berre prega av valdsangrep og terror. Kyrkjene i Egypt er livskraftige som aldri før, ja, meir livskraftige enn mange kyrkjer i vesten, fortel Ramez Atallah, som er generalsekretær i bibelselskapet i Kairo.

Dei sterke historiene om menneske som tek trua på alvor, bør kunna skapa uro og gjera påskebodskapen relevant. Noko er langt meir heilagt enn starten på campingsesongen.

Vi har mykje å gå på. Terroren gjorde eit sterkt inntrykk på mange, men sjølv møtte eg påskedag i fjor ivrige kyrkjegjengarar som ikkje eingong hadde fått med seg det blodige angrepet mot dei to kyrkjene i Egypt søndagen før. At kristne både i Nigeria og India opplevde terror og valdsangrep i påsken 2017, gjekk nok diverre endå fleire hus. Det er ein avgrunn mellom vår påskefeiring i eit land med ein trusfridom alle tek for gitt, og livet for kjempande kristne.

Martyrar
I februar 2015 blei 21 koptiske kristne frå Egypt drepne på ei strand i Libya av IS-terroristar. Videoen av dei 21, kledde i oransje kjeledressar, som blei førte over strand før dei fekk halsen skoren av, gjekk verda rundt. Mange i vår del av verda orka knapt å sjå dei grufulle scenane, og slutten på videoen vart ikkje vist i Vesten – av omsyn til offer og sjåarar. Mange kristne i Egypt såg derimot videoen til endes. Og like før dei 21 vart drepne, kunne egyptiske kristne lesa på leppene til dei 21: Dei uttalte namnet Jesus.

Dei 21 blei etter kort tid erklærte som martyrar, som menneske som ofra livet for trua.

Biskop Thomas i den koptisk ortodokse kyrkja har forklart at koptiske kristne som såg videoen, kjende både djup sorg over dei 21 drepne, og glede over bodskapen om Jesu oppstandelse påskedag. Og biskopen sender ein sterk appell til oss som om få dagar går inn i vår påske – i år ei veke før dei ortodokse gjer det:

Bera krossen
«Kyrkja i Vesten treng ikkje sjølv å bli krossfest for å forstå meininga med martyriet. Men kristne i Vest kan hjelpa oss å bera krossen slik Simon frå Kyrene i Bibelen. Han blei ikkje spurt om han var villig til å bera Jesus kross. Han vart henta ut av mengda og tvungen til å bera krossen utan å vita velsigninga som ville følgja. Å bera krossen kan vera ei velsigning for kyrkjene i vesten. Vårt ansvar for å kjempa for rettferd går på tvers av nasjonar, grenser og politiske parti. Martyrane ropar. Spørsmålet er om vi lyttar eller ikkje.»

Norske biskopar og prestar bør bruka denne påsken til å løfta fram trua til egyptiske og pakistanske kristne. Desse feirar påske med eit frigjerande håp henta rett ut av Bibelens påskebodskap. For dei er påske utan Jesus heilt utenkjeleg.

(Først publisert som kronikk i Vårt Land 27. mars 2018)

 

Gå til innlegget

Ned med Jesus, opp med Kinas nye diktator

Publisert over 2 år siden

Kristne i landsbyar Kina fekk klar beskjed frå lokale tenestemenn: «Jesus kan ikkje frelsa dykk, det kan derimot president Xi Jin Ping».

Tusenvis av menneske i kinesiske landsbyar søraust i Kina fekk klar beskjed då dei vart bedne om å fjerna bilete av Jesus og erstatta dei med bilete av president Xi Jinping.

«Jesus Kristus kan ikkje dra dykk ut av fattigdom eller lækje sjukdommane dykkar, men det kan det kinesiske kommunistpartiet, så ta ned Jesus-bileta og heng opp eit pent bilete av president Xi Jinping i staden.»

Lokale tenestemenn kom med beskjeden. Dette er eitt av fleire teikn på ein veksande personkult rundt president Xi Jinping. Det er Washington Post som fortel historia.

Ifølgje sosiale media i Yugan i Jiangxi-provinsen hadde innbyggjarane «frivillig» fjerna 624 bilete av kristne motiv og erstatta dei med 453 bilete av president Xi. Rett nok er dette førebels i liten skala, men det minner om den personkulten som ble bygt rundt Mao Zedong, den første, mektige kommunistleiaren i Kina, melder avisa. Vesten ser ikkje ut til å bry seg.

På livstid
Det kom urovekkjande meldingar frå Kina før folkekongressen som no er avslutta. Kinas president Xi Jinping som lenge har bygt seg opp som den sterke mannen, kan bli sitjande på ubestemt tid. Sentralkomiteen i kommunistpartiet har fjerna regelen om at ein president ikkje kan sitja meir enn ti år. Folkekongressen strødde sand på dette.

Men med den forsterka maktposisjonen Xi Jinping alt har skaffa seg etter at han overtok i 2013, er det liten grunn til å tru at forslaget blir nedstemt. Xi Jinping har bygt seg opp – og sentralisert makt. «Kina er ikke bare et diktatur, men et totalitært diktatur», seier professor Stein Ringen til Aftenposten. Han skreiv boka «Det perfekte diktatur – Kina i dag», og i vinter har han kasta atterhalda om kva slags maktsystem Xi Jinping byggjer opp.

Sprengde kyrkje
Ei av følgjene er den tydelege innstramminga for truande som ikkje innordnar seg statskontroll. 1. februar tok ei revidert religionslov til å gjelda. I opptakten jamna kinesisk politi to kyrkjer som ikkje var registrerte og statskontrollerte. Eit videoopptak viser korleis politiet med dynamitt og tunge maskiner la kyrkja Golden Lampstand (Den gylne lysestake) i Linfen i Shanxi-provinsen i grus i januar. Dette var ei kyrkje for innpå 50 000 menneske.

Leiarar for fleire uregistrerte kristne grupper er blitt utsette for opptil 20 timar lange avhøyr, og mange kyrkjer har fått påbod om å bytta ut kross-symbolet med det kinesiske flagget, melder organisasjonen China Aid.

Den nye tilstramminga har også ramma buddhistar. Larung Gar, verdas største tibetansk-buddhistiske lærestad er no tvangsunderlagt statskontroll, melder telegrambyrået AFP. Alle som bur der eller gjestar staden skal registrerast, og statsmaskineriet har sendt inn agentar for å halda oppsyn.

Døydde ikkje
Verken religion generelt eller kristendommen døydde med kommunismen. Kommuniststyret i Kina godtok på 50-talet ei kyrkje som var statskontrollert og utan band til aktørar i andre land. Tre-sjølv-kyrkja skulle vera ei nasjonal, patriotisk rørsle, underlagt statens kontor for religiøse saker. «Tre sjølv» dekte orda sjølvstyrt, sjølvforsørgjande og sjølvutbreidd, og i det kinesiske namnet var ordet «kyrkje» erstatta av «rørsle». Under den blodige Kulturrevolusjonen frå 1966 blei Tre-sjølv-kyrkja forboden. Mange kristne hamna i fengsel.

Ny opning
Etter Kulturrevolusjonen kunne kristne igjen samla seg i eigne gudshus, underlagt kontroll. Tre-sjølv-kyrkja kom tilbake på slutten av 70-talet. Og på 90-talet opna dessutan eit stort bibeltrykkeri i Nanjing, som vart senter for spreiing av mange titals millionar biblar i Kina i eit ope samarbeid med styresmaktene. Det var nye tider i Kommunist-Kina.

Men det store fleirtalet av kinesiske kristne samlast ikkje hos Tre-sjølv-kyrkja. Dei reknar denne kyrkja som reiskap for styresmaktene. Difor har det vakse fram svært mange små og større huskyrkjer. Den sterke veksten har skapt uro i kommuniststyret.

I 2005 fekk landet ei ny religionslov som mellom anna gav trussamfunn rett til å klaga si sak inn for rettsvesenet. Dette var i opptakten til OL i Beijing i 2008, og styresmaktene hevda at lova var eit framsteg for religionsfridommen. Men frå kristne, buddhistar og andre kom det meldingar om lokale overgrep. Og Human Rights Watch slo i ein rapport i 2006 fast at situasjonen ikkje var blitt betre – det skjedde både fengsling av religiøse leiarar og stenging av gudshus. Men situasjonen har variert frå provins til provins.

Ulike vestlege – og norske – misjonsorganisasjonar har gjennom åra funne gode måtar å arbeida på både inne i Kina og i møte med kinesarar utanfor landegrensene, til dømes på senteret som Tao Fung Shan som Areopagos driv i Hong Kong.  Det er viktig å finna ulike kanalar inn i autoritære og totalitære land. Det er ein viktig lærdom frå tida med Jernteppet.

 Ekstremisme?

Dei nye reguleringane frå 1. februar i år er ei tilstramming av den kinesiske 2005-lova. Lova skal «slå ned på det ulovlege, blokkere for ekstremisme, hindra infiltrering og angripa kriminalitet», heiter det i reguleringa som vart vedteken i fjor haust.

 Kyrkja Golden lampstand blei sprengt fordi ho ifølgje politiet ikkje hadde papira i orden. Kva trussel mot den nasjonale tryggleiken denne kyrkja utgjorde, er ikkje lett  sjå. Ekstremisme-omgrepet er så vidt og breitt som det passar ein moderne diktator. Det er uroa for forsterka press mot kristne.

 Gummisålar

Nett den dagen den reviderte religionslova blei sett ut i livet, gjesta den britiske statsministeren Theresa May Kina. Men ho var oppteken av handel og ikkje menneskerettar. Kina rosa, ifølgje statskontrollerte kinesiske media, ei «pragmatisk» May. Mektige Kina får vestlege land til å dempa kritikken eller rett og slett gå utanom

 Medan Xi Jinping strammar til det totalitære diktaturet, går Vesten på gummisålar. Så mykje for menneskerettar og religionsfridom, 70 år etter at FN vedtok Menneskerettsfråsegna. Det er skamfullt.

 (Dette er ein oppdatert versjon av ein kronikk som først blei publisert i Stavanger Aftenblad 6. mars.)

Gå til innlegget

Når Putin driv krig med kyrkjeleg støtte

Publisert over 2 år siden

Den russisk ortodokse patriarken Kirill må utførast både på menneskerettar og trusfridom og sin støtte til Putin og den blodige krigen i Syria.

(Først publisert som kronikk i Dagen 15. mars 2018)

Vladimir Putin brukar kampen mot ekstremisme som orsaking for å ramma trusfridommen. Han gjer det med ortodoks kyrkjestøtte. Den same høgst problematiske støtta har han når han bombar både opprørarar og sivile i Syria.

Søndag blir Vladimir Putin attvald som russisk president for nye seks år.  Den russisk-ortodokse patriarken Kirill har vore ein nær alliert av Putin sidan Putin kom tilbake til presidentmakta i 2012. Putin kviler seg på Den russiske ortodokse kyrkja når han byggjer staten. Patriark Kirill oppmodar sterkt folk om å delta i valet. Bak oppmodinga ligg det ei klar støtte til Putin. Kirill kalla nyleg Putins maktæra i Russland for «eit Guds mirakel». Det er heller ingen teikn til at patriark Kirill gjer det minste for å utfordra Putin i noko vesentleg spørsmål. Tvert imot.

Som ugras

Putins regime har innsnevra trusfridommen i Russland utan protestar frå Den russisk-ortodokse kyrkja. Prost Trond Bakkevig uttrykte det slik i eit intervju med Magasinet Stefanus før jul: «Kirken har vendt tilbake til sin kristelige nasjonalisme fra før revolusjonen i 1917 – da tett knyttet til tsaren, nå til Putin som ser seg som en ny tsar. Den russisk-ortodokse kirken ser på minoriteter nærmest som ugress.»

I 2016 godkjende Dumaen i Russland ei anti-misjonslov. Lova skulle opphavleg vera ei lov som skulle nedkjempa terrorisme. Men den enda opp med å kriminalisera «misjon» på ein måte som gjer at alle private religiøse ytringar som ikkje er godkjende av staten, i prinsippet kan straffast.

Bønemøter i private heimar, oppslag om bønetider på nettsida til eit trussamfunn og foredrag om yoga: aAlt dette er av Vladimir Putins politi vurdert å vera i strid med den snart to år gamle lova. I minst eitt kjent tilfelle er biblar blitt beslaglade fordi kyrkjelyden som delte dei ut, ikkje hadde merka dei med namn.

Frelsesarmeen i Vladivostok slapp så vidt unna den same straffa fordi Moskva-patriarkatet til Den russisk-ortodokse kyrkja for ein gongs skuld greip inn – til fordel for Frelsesarmeen i ankesaka. Ingen religiøs minoritet, verken muslimsk eller kristen, kan venta støtte frå Patriarkatet i Moskva.

Bryt menneskerettar
Lova forbyr «misjonsverksemd» utan skriftleg løyve frå ein offisielt anerkjend religiøs organisasjon. Dei vage og omfattande formuleringane gjer det nærast uråd for elles lovlydige borgarar å vita kva som er lov eller ikkje. Lovendringane tek frå menneske den grunnlovsfesta retten til religionsutøving og bryt Russlands internasjonale menneskerettsplikter.

Vi i Stefanusalliansen står sammen med våre danske og svenske søsterorganisasjoner bak Forum 18 Newsservice, oppkalt etter artikkel 18 i FNs menneskerettighetserklæring – artikkelen om trus- og livssynsfridom. 

Det første året med den russiske antimisjons-lova, frå sommaren 2016 til i fjor sommar, vart det reist straffesak mot 133 enkeltmenneske og 53 trussamfunn. I 138 dommar vart 15 trussamfunn ramma, alt frå pinsevener og baptistar til muslimar og Hare krishna. I fjor sommar blei Jehovas Vitne totalforbode. Forum 18 Newsservice rapporterer at ei rad regionale ministerium i vinter er i full gang med å selja unna eigedom og eigendelar som er konfiskert frå Jehovas Vitne. Og det er meldt om fleire tilfelle der medlemmar av Jehovas Vitne som av samvitsgrunnar vil nekta militærteneste, vert nekta å utføra sivilteneste i staden.

 Ekstremisme
Tilstramminga mot trusfridommen skjer altså under dekke av kampen mot ekstremisme. I den russiske republikken Dagestan blir fleire muslimar i desse dagar stilte for retten med fare for ti års fengsel, melder Forum 18. Årsak: Dei har hatt studiegrupper over skrifter av den avdøde tyrkiske teologen Said Nursi – som ville fornya islam ved mellom anna ville sameina Koranen og moderne vitskap.

Russland har opplevd dystre frukter av islamsk ekstremisme. Difor fell det i god jord på heimebane å demma opp for radikal islam blant Russlands 20 millionar muslimar, hovudsakleg i det sørlege Russland. Men innsatsen rammar altså langt fleire enn ekstremistar. Og tilstramminga rammar menneske innan mange religiøse retningar, også kristne minoritetar.

 Bombestøtte
Den russiske ortodokse kyrkja står også bak Putin når han har sett bombeflya inn på president Assad si side i krigen i Syria. Forholdet mellom kyrkje og diktatur er komplisert. Dilemmaet i Midtausten var lenge – også i Syria – at eit diktatur eller autoritært regime gav dei kristne det beste vernet.

Men i 2011 valde president Assad i Syria å ikkje gje ei flik av konsesjonar då det første ikkje-valdelege opprøret starta. Tvert imot slo han med blodig hand ned på alle protestar. Vi er alle forferda over terrorgrupper som IS og al-Qaida. Dei har stått bak ufattelege og godt dokumenterte overgrep og krigsbrotsverk. Det var svært viktig å stoppa desse.

Men som  Jon Nordenson påpeikar i boka «Fra opprør til kaos. Midtøsten etter den arabiske våren»: Dei langt fleste som er drepne i Syria, er drepne av regimet og deira allierte. Syria og Russland har til dømes ikkje brydd seg om å verna sivile i kampen om Aust-Ghouta. Assad-regimet er ansvarleg for grove krigsbrotsverk.

Propaganda
Russland har sett det som avgjerande for eigen tryggleik å halda Assad ved makta og opprørsgruppene unna sine eigne grenser. At denne kampen også har vore ført for å svekka USAs rolle i Midtausten er like tydeleg. Ass. professor Michael Sharnoff skriv i Washington Post: «Difor brukar Russland alle mogelege våpen i kampen, inkludert propaganda i russiske media og Den russisk ortodokse kyrkja.» Til telegrambyrået Tass sa patriark Kirill i januar at dei russiske flystyrkane verna kristne minoritetar i Syria.

Propagandaen for kampen mot terrorismen har også ei religiøse side, skriv Sharnoff. Den russisk ortodokse kyrkja er med på å framstella kampen som del av ein global heilag krig som utnyttar den skuffelsen og frykta som kristne i Vesten føler fordi dei meiner leiarane deira ikkje gjer nok for å nedkjempa IS og Al-Qaida og verna kristne minoritetar i Syria.

Men Putins styrkar har hjelpt Assad til å slå ned på langt fleire enn IS og Al-Qaida. Slik det no ser ut, syter Putin for at mannen som utløyste eit så langt sju års syrisk helvete, blir sitjande. Kva rom det blir for kristne og andre minoritetar etter at krigen ein dag er over, er ikkje godt å seia. Det Syria som måtte stå opp frå den blodige krigen, er eit heilt anna Syria enn det landet var før 2011. Flyktningar som har søkt vern i Libanon og er blitt bedne om å dra tilbake, har prøvd. Mange vender tilbake til Libanon igjen fordi heimstaden i Syria var uleveleg.

Russlands har gitt blodig støtte til Assads målretta krigsmaskin. Det er grunn til å frykta at omsynet til kristne minoritetar er eit vikarierande omsyn under blodig storpolitikk. Ingen propaganda eller kyrkjestøtte kan dekkja over dette. Putin brukar rå middel for å nå sine mål, både på heimebane og i Midtausten.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Gå til innlegget

Det forsømte folket i Nord-Korea

Publisert over 2 år siden

Bak sjarmen Nord-Korea viser under OL, løyner det seg eit like brutalt regime som før. Det fortel desperate flyktningar. Men ikkje alt er som før.

For sjølv om det brutale regimet i Nord-Korea ikkje endrar seg, endrar folket seg bak det nøye regisserte biletet regimet teiknar.

Sanksjonane må ikkje vera så harde at dei øydelegg denne utviklinga. Åtvaringa kjem i ein fersk rapport om Nord-Korea. Ein del, ikkje minst unge, i landet klarar nemleg i større grad enn før å prega eigne liv med inntekter frå privat handel, trass i regimet, konkluderer trusfridomsorganisasjonen Christian Solidarity Worldwide (CSW).

For å slå det fast: For trusfridom har det ikkje skjedd noko som helst positiv utvikling. Om vi ser bort frå fedredyrking og spådomskunst (og ørsmå statskontrollerte samfunn av buddhistar og kristne) er det svært avgrensa utøving av religion. Folk vågar ikkje, fordi straffene er så harde.

 «Eg høyrde aldri om Gud i Nord-Korea. Eg såg ein buddha i eit tempel ein gong, men eg møtte aldri kristne. Om nokon vart avslørt å vera kristen, ville vedkomande straks bli skoten,» seier ein flyktning som CSW har intervjua.

Slo alarm

Vi har vore gjennom ein periode med krigersk retorikk mellom USA og Nord-Korea og testing av nord-koreanske rakettar og atomvåpen. Men det er lett å gløyma folket i landet, også når Nord-Korea har slått på sjarmen under OL der det skjer ei viss politisk oppmjuking.

For ti år sidan slo CSW alarm om brutaliteten i Nord-Korea: det skjer brotsverk mot menneskeslekta i form av mord, forsvinningar, tvangsarbeid og slaveri, vilkårleg fengsling, tortur, forfølging og valdtekter.

Ti år etter har CSW, så langt det er råd utan å koma inn i landet, kartlagt endringar som elles går under radaren. Organisasjonen har intervjua kring 100: Folk som har flykta frå Nord-Korea og deira organisasjonar, FN-representantar i Sør-Korea, akademikarar, journalistar og internasjonale menneskerettsorganisasjonar som arbeider med Nord-Korea.

Eitt av dei slåande funna er at folk frå å vera totalt avhengige av staten for all varedistribusjon, har fått grå marknader for privat handel. Det er også blitt ein veksande illegal marknad med smugling frå Kina.

At folk som bryt reglane, har klart seg, vil påverka forholdet mellom folk og regime, heiter det. Men dei grå og svarte marknadane er ikkje i seg sjølv ein direkte trussel mot makta. Regimefolk er nemleg ofte sjølve involverte og ved å krevja pengar eller varer under bordet.

Ekstremt døme
I dette grå systemet er det dei som klarar å kjøpa seg fri frå straff. Andre klarar å smugla filmar ved bestikkelsar. I aukande grad har unge også fått tilgang på mediespelarar som dei enkelt kan kopla frå PC-en og gøyma dersom politiet brått kjem på døra for å sjekka om dei har ulovlege filmar på datamaskina. Det er underhaldning som blir smugla inn, ikkje samfunnsstoff. Likevel skaper dette ein viss kritikk av den omfattande statlege propagandaen.

 – Vi kan ikkje avvisa at det har skjedd små, positive utviklingstrekk i levekåra inne i Nord-Korea. Men det er farleg å seia at det har skjedd ei vesentleg utvikling til det betre, og definitivt ikkje når det handlar om dei mest alvorlege brota på menneskerettane, heiter det i CSW-rapporten.

Ikkje høyrt om menneskerettar
I 2009 blei ‘menneskerettar’ inkludert i grunnlova. Men lovgjevinga ligg langt under internasjonal standard, og det er langt mellom lov og realitet. Mange av flyktningane som Christian Solidarity har møtt, har aldri høyrt ordet menneskerettar. Andre har høyrt ordet knytt til FN-krav. Andre igjen seier at «menneskerettar er berre for dei privilegerte, ikkje for vanlege folk».  Dette er framleis eit land med sitt eige kastesystem som gjer at tilgang på tenester er basert på antatt lojalitet til regimet.

Det kjem ut enkelthistorier om betre behandling av fangar. Men frå leirar for politiske fangar er rapportane like illevarslande som før. Ein 50 år gammal respondent fortel CSW at fleire enn før blir sperra inne i politiske fengsel. Det gjeld også folk som har prøvd å flykta.

Kontrollen ved grensa mot Kina er blitt forsterka, også på kinesisk side, og Kina sender systematisk folk som prøver å flykta, tilbake til brutale fangenskap. Ein del av dei som klarar å flykta, får hjelp av Helping Hands Korea, partnar for Stefanusalliansen.

Derifrå får vi alvorlege meldingar både om at kvinner blir utsette for menneskehandel på kinesisk side – og om at færre enn før klarar å koma seg unna diktaturet i Nord-Korea.

Denne veka fekk vi melding om at ein innsamlingsaksjon i regi av Stefanusalliansen før jul, har gjort at 20 desperate flyktningar frå Nord-Korea er komen trygt ut av Kina.

Skadeverknader
Sanksjonar blir brukt for å pressa regimet til å stoppa atomprogrammet. Christian Solidarity Worldwide reiser tvil om bruken av sanksjonar. Potensielt kan dei kutta av dei banda som folk har skaffa seg til verda utanfor og ramma den private handelen som gir folk eit betre liv enn dei hadde då alle var totalt avhengige av staten, åtvarar CSW.

Det er difor viktig at dei som brukar sanksjonar, forstår den faktiske situasjonen inne i landet og dei følgjene sanksjonar kan ha på den humanitære situasjonen og menneskerettane. Dei sanksjonane som ein finn nødvendige, må vera svært målretta.

Det finst knapt ein einaste menneskerett som ikkje blir broten i landet. Men frå det internasjonale samfunnet er det få som verkeleg har protestert mot dette og mot den delvis grufulle behandlinga av flyktningar i Kina – det kan vera kostbart å ta dette opp i ei tid då handel med supermakta står høgt på dagsorden.

CSW ber dei som vil pressa Nord-Korea, om å samarbeida med folk som har flykta og med menneskerettsorganisasjonar som arbeider med Nord-Korea for å finna gode måtar å pressa regimet på..

Vi må ikkje godta diktaturet. Det nord-koreanske folket må ikkje lenger vera det forsømte folket. Vi ber igjen den norske regjeringa ta på seg rolla for å hindra at det skjer.

(Ei lett oppdatert utgåve av ein kronikk som først blei publisert i Vårt Land 14.2.2018)

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere