Johannes Morken

Alder: 60
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Judith Horntvedt har utløyst ein grumsete debatt med påstanden om at media berre bryr seg om muslimar og ikkje om kristne som blir forfølgde.

Skrive saman med Ed Brown, generalsekretær i Stefanusalliansen

Judith Horntvedt i Asker Frp hevdar på nettstaden Document.no og i torsdagens Vårt Land (krever innlogging) at media berre bryr seg om forfølging av muslimar og ikkje om overgrep mot kristne.

Media får svara for seg sjølv. Vi stoppar ved Horntvedts bombastiske utgangspunkt, slik ho formulerer det på document.no: «Vi vet at 80 % av de religiøst forfulgte er kristne, enda de utgjør bare 30 % av jordens religiøse bevegelser. Mer enn 100.000 kristne blir hvert år drept, ofte på bestialsk vis (brent levende, f.eks.), og mellom 100 og 200 millioner er forfulgt, trakassert eller på annen måte nektet fri religionsutøvelse. Hvorfor vet vi så lite om denne kristofobien?»

Ingen faktasjekk
Document.no kunne med fordel brukt redaktøransvaret til ein faktasjekk. Høge tal kjem frå høgreorienterte, kristne organisasjonar. Men tala blir ikkje dokumenterte sjølv om mange spreier dei. Horntvedt har laga si eiga Facebook-gruppe. Dei fleste slike grupper får ikkje store medieoppslag. Det er ofte ein fordel.

Under Horntvedts tekst på document.no florerer påstandar frå anonyme debattantar, som denne: «Muslimsk terrorist er i mediene blitt en adelstittel». Både media og biskopar er, ifølgje ein annan, med på å snik-innføra sharia «der mindreverdige ikke-muslimer skal være slaver som skal forsørge det muslimske herrefolket.» På document.no er det fritt fram for å hevda at NRK har «konvertert til islam» og at kringkastinga er styrt av «Thor Gøbbels Eriksen».

Det er der den grumsete debatten Horntvedt har utløyst, går. Diverre.

Snakka sant
Stefanusalliansen starta som bibelsmugling til og opprop for undertrykte kristne bak Jernteppet. Som misjons- og menneskerettsorganisasjon med særskilt vekt på trusfridom, har vi i dag arbeid i fleire område. Vi kjempar for trusfridom som ein rett for alle. Det er viktig å løfta fram forfølging av kristne, og primæroppgåva vår er å styrkja kyrkjer og kristne lokalt. Men vi må snakka sant same kven overgrepa rammar. Det er ikkje alltid vi får fram heile biletet. Men vi prøver. 

I kristne forsamlingar får vi ofte spørsmål om kor mange kristne som er forfølgde. Vi må svara som sant er: Det veit ingen. Det finst fakta for nokre konfliktar, men ingen globale tal. 

Ferske tal frå Pew Institute viser at kristne og muslimar blir trakasserte omtrent like mange stader, men tala fortel ikkje noko om verkeleg omfang.

Det er aukande press mot trusfridommen. Kommunistregimet i Kina vil sikra makta. Innstramminga rammar kristne kyrkjer hardt – både godkjende og uregistrerte, men også muslimar og buddhistar. Aller verst i Kina har uigurane i omskoleringsleirar det, fordi regimet fryktar denne minoriteten. Dei aller fleste er muslimar. Bestialske overgrep mot Falun Gong må ikkje gløymast.

I India får hinduekstreme krefter som angrip kristne og muslimar, næring av eit hindunasjonalistisk parti ved makta.

 I Myanmar er kristne minoritetsfolk under press. Men rohingyane – dei fleste er muslimar – er utsette for etnisk reinsing og folkemord. Hatefull retorikk frå ekstreme buddhistar fyrer opp hærens angrep på dei statslause.

Smertefullt
I Midtausten og Nord-Afrika har kristne smertefulle erfaringar som andreklasses borgarar, og dei har også møtt blodige angrep gjennom historia. Også andre har lide. I Egypt har mange valdsangrep ramma kristne utan at media har brydd seg. Store terroråtak mot kyrkjer er derimot godt kjende. Men det klart største IS-åtaket ramma ein sufi-moské. IS reknar sufiane som vantruande. 

Den islamistiske terrorrørsla IS har angripe alle «vantruande». Jesidiane vart utsette for dei mest blodige angrepa i Irak. Fleire tusen jesidi-kvinner vart selde som slavar i IS-kalifatet. Langt mindre kjent er det det også er kristne kvinner blant IS-slavane.

I Iran har bahaiane det like ille som konvertittar i huskyrkjer. I Europa er det veksande hatefull kriminalitet – mot jødar og muslimar. 

Ingen konkurranse
Mange stader er kristne alvorleg forfølgde. Men vi skal ikkje laga konkurranse om kven som er mest forfølgde. Dersom vi dyrkar eit bilete av at «vi kristne har det verst», lukkar vi augo for grov urett som rammar andre.

Vi må stå saman. I Pakistan der kristne er ei svært sårbar gruppe for blasfemiskuldingar, tvangsgifting og tvangskonvertering, har vår partnar starta eit nasjonalt minoritetsnettverk. For fleire minoritetar er under press. Det trengst også i Irak. Der er sentralmakta ikkje på minoritetane si side. 

Vi skal støtta og protestera. Vi må snakka sant, ta omsyn til at menneskeverdet er likeleg fordelt og ikkje skapa nye konfliktar lokalt. Det tener også dei vi kjempar for.

KRONIKK I VÅRT LAND

Gå til innlegget

Ein radikal islamist og Jesus

Publisert 9 måneder siden

«Ahmed» var ein kompromisslaus muslim som kom til tru på Kristus som frelsar. Han måtte flykta for å berga livet. I dag samtalar han om Jesus med dei som ville drepe han. Kan historia læra oss noko?

Diskusjonen om islam er hissig både her i landet og mange stader i Midtausten og Nord Afrika. Der har mange kristne lenge levd som andreklasses borgarar. Så har bølgjer av vald og terror ramma. I Irak er det etter IS sitt terrorvelde ei djup mistru til islam. Smertene er ikkje til å snakka seg vekk frå. Erfaringane har fått kristne og folk frå andre minoritetar til å demonisera islam.

På den andre sida finn vi kristne som har eit idealistisk syn på islam,  ut frå trua på at alle vegar fører til Gud.

I staden for å diskutera dei knallharde ytterposisjonane, vil eg heller presentera ei stemme som har valt ein annan veg enn demonisering og tilnærma religionsblanding. Han gjer det med sitt eige liv på spel.

Overleva
I Midtausten handlar det for kristne nemleg ikkje berre om å diskutera islam teoretisk eller teologisk, men om å leva svært nær muslimske samfunn.

Til Libanon har det kome halvannan million flyktningar frå Syria og Irak. Krigane og det islamistiske skrekkveldet til IS har fått ei rekkje muslimar til å venda islam ryggen - mange er blitt ateistar eller agnostikarar. I Beirut er eit anna fenomen tydeleg: Søkjande muslimar og konvertittar fyller kyrkjer. Aldri før har det vore så stor interesse for Jesus blant folk med muslimsk bakgrunn. Dette ser vi også mange andre stader i Midtausten, slik Erling Rimehaug skriv i Vårt Land 5. mars.

Når konvertittar kjem inn kyrkjedørene pressar det fram spørsmålet om korleis kyrkjene viser den kristne trua si for muslimar. Ein god del kyrkjer har valt å møta desperate flyktningar med kjærleik og omsorg.

• Les også: ‘Aggresjon skaper bare fiendskap’

I Beirut møtte eg nyss «Ahmed». Av tryggingsgrunnar kan eg ikkje skriva det verkelege namnet hans eller kvar han kjem frå. «Ahmed» høyrde til ei militant islamistisk gruppe med fotfeste i heile Midtausten. Han vart oppdratt i ei  ytterleggåande form for islam som sa at alle andre går til helvete. Han skulle ikkje ha noko å gjera med andre enn muslimar.

Som islamist var jobben til «Ahmed» å overtyda dei mange muslimane som hadde konvertert i hans heimland, om å venda tilbake til islam. I jakta på gode argument, las «Ahmed» Bibelen grundig. Det fekk han til å stilla alvorlege spørsmål ved Koranen og profeten. Han mista trua på islam.

Truga på livet
Så kom «Ahmed» til tru på Jesus som frelsar – og vart straks rekna som fråfallen. Det var blodig alvor. Radikale muslimar prøvde å drepa han. Onkelen som ville forsvara familiens ære, sa at det å drepa «Ahmed» ville vera ei nådig handling. «Men far min sa at skamma ved å skada meg var større enn den skamma eg hadde påført familien ved å bli kristen.»

Han flykta og kom til Beirut. Der møtte han ein kristen teolog som driv undervisning om islam. Det blei timevis med samtalar og rådgjeving, også om korleis forholdet til familien kunne byggjast opp på nytt.

«Ahmed» var opprørt og skarp: «Ser du ikkje kva Muhammed har gjort? Islam drep kristne!» 

Men han kom til at oppgåva hans var å vinna andre muslimar for Jesus. Då måtte han gå annleis fram. Polemikk skaper ikkje kommunikasjon, tvert imot kan det vera farleg.

Konvertitt vender heim
«Ahmed» bestemte seg for å venda tilbake til der han vart truga på livet som konvertitt. Der fortalde «Ahmed» at han no var ein Jesu disippel. I dag samtalar «Ahmed» også med sjeikar, og han gjestar moskear når han blir invitert – ikkje for å be, men for å samtala.

 «Ahmed» hadde først trudd at dersom han skulle dra heim, måtte han kompromissa slik at han i praksis blei muslim igjen. Men i staden fekk han hjelp til å formidla trua «slik at reisa mi gradvis blei ei velsigning for samfunnet og ikkje lenger sett på som svik og forræderi».

«Ahmed» legg til: «Fordi eg kjenner islam, kan eg lettare forklara kristendommen for muslimar. Gjennom dialog med sjeikar, håpar eg at dei påverkar vanlege muslimar til å sjå annleis på Jesus.»

Om polemikken, seier han:  «I dag ser eg islam som eit tankesett som oppstod på Den arabiske halvøya i det sjuande hundreåret. Muhammed hadde ein idé om å sameina trua på éin Gud. Islam er ikkje ein satanisk religion. Men den er heller ikkje himmelsk.» Han legg til: «Dersom eg seier til ein sjeik at han tilber ein satanisk religion, stoppar all samtale». 

Kallar seg ikkje kristen

Han kallar seg ikkje lenger «kristen». Ordet får mange til å tenkja på vestleg imperialisme. «Ahmed» kjenner dessutan ankepunkta muslimar har mot kristen tru. Difor startar han ikkje med å proklamera at Jesus er Guds son som døydde og stod oppatt. Då stoggar også samtalen. «For ein muslim er det vanærande at Gud døyr, og Gud kan ikkje ha ein son,» seier «Ahmed».

Difor startar han med å seia at han trur på Jesus som også muslimar trur på. Så introduserer han gradvis nye idear om Jesus og forklarar kven Messias er. «Eg tek dei med på ei reise der dei byter ut sitt bilete av Jesus som profet med eit bilete av Jesus som Messias. Eg prøver etter kvart å visa kva som kan tala for at Jesus døydde for syndene våre og oppstod igjen.»

«Før nokon vil drepe oss»

Misjon handlar ikkje om å provosera slik at mottakaren straks stengjer døra. «Ahmed» vil visa at evangeliet er godt nytt også for muslimar. Så må politikarar og kyrkjefolk på si side vera svært tydelege på at islam må godta retten til å skifta tru – og ikkje truga med å ta livet av «Ahmed» og andre konvertittar.

Det vil alltid vera religiøse leiarar som blir sinte i møte med evangeliet – Jesus fekk som vi veit, tre år på seg. Ein kristen islam-kjennar seier det slik, med eit glimt i auga, i siste utgåve av Magasinet Stefanus: «Nøkkelen er å formidla evangeliet slik at det blir relevant for folk, på ein måte som gjev oss tid til å gjera det før nokon ønskjer å drepa oss for det.»

 PUBLISERT I VÅRT LANDS PAPIRUTGÅVE 11.3.2019

Gå til innlegget

Kyrkja forsvinn

Publisert 10 måneder siden

I landsbyar i Egypt er muslimske mobbar i stand til å tvinga tryggingsstyrkane til å stengja kristne gudshus.

I fader Karras-kyrkja i landsbyen al-Halila i Luxor, sør i Egypt, hadde kristne sidan 1990-talet halde gudstenester – i eit enkelt bygg. I 2015 utvida dei bygget og starta med gudstenester kvar sundag. Lokale muslimar og tryggingsstyrkane var godt informerte.

I god tru. 

Det er lett å få byggja moskear i Egypt, men det er og har alltid vore svært vanskeleg å gå godkjent kyrkjebygg.

I september 2016 blei det vedteke ei ny lov som skulle sikra tilgang på kyrkjer. Eitt år etterpå hadde nesten 3.800 kyrkjelydar søkt om godkjenning av bygg som dei – i mangel av godkjenning – hadde brukt til truslivet. Fader Karras-kyrkjelyden trudde at dei endeleg skulle få eit godkjent og vigsla gudshus.

Men 16. april i fjor kom dusinvis av lokale ungdommar. Dei ropte slagord mot kyrkja og presten. Tryggingsstyrkar oppløyste demonstrasjonen. Men dei stengde også kyrkja. For godt. 120 familiar var brått utan kyrkje. Straumen vart kutta 28. april.

Stor mangel på kyrkjer. 

Egypt har den klart største kristne minoriteten i Midtausten – innpå ti prosent av folket. Dei viser oss eit aktivt og livskraftig kyrkjeliv som vesten bør bli inspirert av. Bibelarbeidet viser også vekst og kraft. Kristne lever ut trua i diskriminering og tidvis forfølging.

Men i alle år har kristne lidd under stor mangel på kyrkjer. For ortodokse kristne spelar eit vigsla kyrkjebygg ei mykje større rolle i truslivet enn for mange andre kristne.

I Det ottomanske riket, som Egypt var ein del av fram til samanbrotet i 1923, skulle sultanen godkjenna kyrkjer. Egypt overtok systemet. Men når alle saker om reparasjon og kyrkjelege nybygg skulle inn til sentralmakta, stod eit enormt byråkrati klart til å stikka kjeppar i hjula – gjerne på vilkårleg grunnlag.

Dessutan har Egypt eit tryggingsapparat som kan nekta ei kyrkje der denne vil utløysa muslimsk uro. Lang nok avstand til næraste moské og fare for lokal motstand har vore pålagde sjekkpunkt i alle kyrkjebyggsaker.

Islamistiske angrep.

Valdelege åtak på kyrkjer vart ein del stader i Øvre Egypt trappa opp dei to åra Mohammad Morsi var president og Brorskapen prøvde å islamisera landet etter revolusjonen i 2011.

Etter militærkuppet i 2013 har president Abdul Fattah al-Sisi lovd kristne vern mot terror – og nye kyrkjer. I september 2016 kom ei ny lov som skulle gjera det enklare å få bygd kyrkjer og reparert gamle. Lova skulle også gjera det lettare å få godkjent bygg som er brukte som gudshus i mangel av godkjende kyrkjer.

Men enkelt er det ikkje blitt.

I september 2017 hadde nær 3.800 kyrkjelydar søkt om godkjenning. Ved utgangen av november var berre 508 av dei godkjende – og det berre mellombels, inntil dei har oppfylt strenge og dyre tiltak.

Stengde kyrkjer. 

Med ein slik fart vil det ta årevis å koma gjennom bunken. Desse 508 kyrkjene ligg dessutan i område der det er minst spenningar. Kva vil skje med i dei område der det er sterkast motstand?

Egyptian Initiative for Personal Rights har ein fersk rapport dokumentert 15 tilfelle av sekterisk vald mot kyrkjer som søkte om godkjenning – frå september 2017 til november 2018.

I ni av tilfella vart gudshusa stengde av offentlege organ eller tryggingsstyrkane. Fader Karras-kyrkja var ei av dei. «Føremålet med den nye lova er totalt underminert», skriv EIPR som kallar dette ei dårleg lov.

Trakassering. 

Framleis driv tryggingstenester trakassering under gudstenester. Og framleis vil tryggingsstyrkane «løysa» konfliktar gjennom lokale «forsoningsråd», utan å ta sakene til retten. Det er ein del av systemet mange stader, og ein viktig del av diskrimineringa.

I landsbyen Komir i Luxor marsjerte fleire hundre muslimar 31. mars 2018. Dei protesterte mot at Mar Girgis-kyrkja skulle bli godkjent. Dei kravde bygget stengt.

Dei kasta steinar og ropte: «Kyrkja fall og presten er død, vi vil ikkje ha noka kyrkje». Dei 1.000 koptiske kristne heldt seg inne. Ein tryggingsstyrke stogga demonstrasjonen og arresterte 15 muslimar og 7 kristne.

Ifølgje politirapporten hadde det gått rykte om at kristne gjorde eit gjestehus om til kyrkje. Kyrkjelyden svarte at dette ikkje var eit gjestehus, men ei kyrkje der det hadde vore gudstenester i 33 år.

Avmakt. 

Saka vart teken til eit lokalt forsoningsråd. Ifølgje rapporten drog partane der tilbake alle krav. I staden for å bli godkjent som kyrkje, blei kyrkja stengt.

Det er ein utbreidd praksis at tryggingsstyrkane tek valds- og konfliktsaker til forsoningsråd og ikkje til retten. Den svake parten vert der tvinga til å forsona seg med overgriparen.

Ein annan fersk rapport om kyrkjebygg, «Prayers Unanswered», frå Project on Middle East Democracy, fortel at berre åtte heilt nye kyrkjer er godkjende under al-Sisi. Ni er altså stengde.

I januar opna president al-Sisi Midtaustens største kyrkje utanfor Kairo – ei stor symbolsk handling. Men eg trur katedralen vil få lite å seia. Dei egyptiske kristne treng kyrkjer der dei bur – og tryggleik for at gudshusa ikkje blir øydelagde av ekstremistar eller stengde av regimet.

Gå til innlegget

Brutal iransk julehelsing til kristne

Publisert 11 måneder siden

Det går elendig med salet av boka til Per Sandberg og Bahareh Letnes, les eg. Derimot går det unna med arrestasjonar av kristne i Iran.

Medan kjærasteparet Sandberg/Letnes var på den omdiskuterte sommarturen til ferieparadiset Iran i juli, blei fire kristne taua inn for å starta soninga av lange fengselsstraffer – på ti år og meir.

No har Sandberg/Letnes vore i Iran igjen og dessutan i all hast publisert ei bok med oppgjer mot mange kantar – og brenning av ei Oslo-avis. 

Eg har diverre ikkje hatt tid til å lesa boka. Det er så altfor travelt med å følgja med på meldingar om nye overgrep mot muslimar som er blitt kristne i det shia-muslimske prestestyret. Vi i Stefanusalliansen prøver å følgje Iran tett sidan vi støttar utvikling av den iranske kyrkja i og utanfor Iran gjennom vår partner Pars Theological Center.

Påfallande mange
I november blei 142 kristne arresterte i 10 eller 11 ulike byar. På berre ei veke blei 114 arresterte. Det opplyser Manjour Borji i organisasjonen Article 18 til World Watch Monitor. Dette er del av ein kampanje for å «åtvara» kristne mot å evangelisera blant muslimar i julehøgtida, meiner Borji.

2. desember blei fire kristne til arresterte, dei vart henta av sivilkledde menn frå Revolusjonsgarden, melder Middle East Concern.

Det er lov å feira jul i Iran. Men det gjeld berre dei godkjende kristne minoritetane – armensk-ortodokse og assyriske kristne. Og det er berre i orden når dei held gudsteneste på sine eigne språk, ikkje på nasjonalspråket farsi. Og dei må halda seg i gudshusa eller heimane sine.

Arrestasjonane er altså prestestyrets julehelsing til muslimar som er blitt kristne og til leiarane deira. Dei arresterte visste frå før veit at dei har levd i fare med trua si. Men dei har ikkje visst om overvakingspolitiet faktisk var på sporet av dei. No veit dei det. Dei skal verkeleg ikkje få julefred, meiner prestestyret.

Omfanget av denne arrestasjonsbølgja er påfallande stort. Regimet har dei siste åra forsterka presset for å nøytralisera den veksande bevegelsen av muslimar som vender ryggen til statsreligionen. Dette er ein skrekk for ayatollahane.


Press           
Mange av dei arresterte fekk reisa heime etter nokre timar eller dagar. Dei fleste arrestasjonane i Iran er kortvarige, men meldinga denne gongen er ekstra klar sidan så mange er arresterte i samordna aksjonar: Regimet trugar dei kristne og overvakar dei og legg press på konverterte muslimar og leiarane deira.

Borji seier at dei arresterte så mange kristne at dei ikkje visste kva dei skulle gjera med alle. Men alle har fått beskjed om at dei kan venta å bli kontakta av overvakingspolitiet. Alle fekk mobiltelefonane inndregne. Leiarane er blitt verande i varetekt.

Det konservative og halvoffisielle iranske nyhendebyrået Mehr melde laurdag at styresmaktene hadde arrestert «evangeliske kristne, med band til sionistisk kristendom», melder Radio Farda.

Mehr kalla dei arresterte for «ei sekt sionistiske kristne», og det heitte at dei var trena til å bruka iranske namn for å skjula kva dei høyrer til.

Iran stemplar kristendommen som ein vestleg eller sionistisk fare, i alle fall når muslimar byrja å lytta og konvertera.

Dette er shia-politisk nytale.

Frykt
Dei arresterte denne gongen måtte skriva ned detaljar frå kva dei har gjort som kristne, og har fått beskjed om at dei ikkje må ha meir kontakt med andre kristne. 

Ute av fengsel kan dei ikkje ta sjansen på å kontakta andre kristne – då er overvakingspolitiet i hælane på dei og dei andre kristne.

Her skal nettverk kvelast.

Manjour Borji gjesta Oslo tidlegare i haust under ein konferanse om iranske konvertittar i norsk asylpraksis. Han sa han ikkje vill gå inn i norsk asyldiskusjon, men la til at «alle medlemmar av iranske huskyrkjer lever i fare for å bli arresterte». Borji sa også at forfølginga er aukande.

Lange straffer
Over tid har til dømes lengdene på fengselsstraffene til dei som vert dømde, auka frå kring 5 år til ti til 15 år. For tida er minst 12 kristne dømde til minst ti år i fengsel – fleire er i gang med soning, andre ventar på endeleg dom. 

Ein av dei som er i gang med soninga, er Yusuf Nadarkani som er dømt til ti års fengsel og to års indre eksil. Han og fleire andre starta soninga i sommar.

Det er dei mest modige og aktive som får så lange straffer – dei som mest aktivt deler trua med muslimar eller leier arbeid blant muslimar som er blitt kristne. Andre blir pressa ut av landet gjennom korte arrestasjonar, høge kausjonar, overvaking, press og trugsmål om fengsel.

Overvaka 
«Ron» som Stefanusalliansen møtte i sommar, var pastor i ei stor pinsekyrkje i Teheran fram til 2013. Han vart arrestert og truga med fem eller ti års fengsel dersom han blei verande i Iran. 

Ute av fengsel etter arrestasjonen vart han overvaka og pressa til å reisa frå Iran. Han og kona drog i 2013, med reiseløyve frå flyplassen i Teheran. Kyrkja – Teheran Assembly of God – blei stengt etter press frå regimet.

Vi må gjerne handla med Iran, men berre dersom vi ope og tydeleg protesterer mot undertrykkinga. Så langt har Iran utan internasjonale protestrop kunna heva straffene for kristne leiarar.

Den brutale undertrykkinga går hardast ut over muslimar som er blitt kristne – bahaiar. Når det går mot jul, må protestropet runga: Set fangane fri i Iran.

Oppdatert utgåve av kronikk først publisert i Dagen

Gå til innlegget

Å sjå fortida med to augo

Publisert 11 måneder siden

Skrevet av Ed Brown og Johannes Morken, Stefanusalliansen.

Takk til Arild Vøllestad («Et sprang i tiden», 
10.12.) for nyttig kommentar til kronikken vår («Tung arv av maktmisbruk», 5.12.).

Vi tok ikkje mål av oss til ei djup drøfting av ­arven etter Konstantin og forholdet mellom ­kyrkje, makt og samfunn. Men vi la vekt på ikkje å vurdera historia berre med eitt auga. Det er, som vi skreiv, viktig at Konstantin førte trusfridom inn i Romarriket. Det er viktig at forfølginga av kristne tok slutt, som Vøllestad framhevar Og vi henta fram alle dei viktige impulsane som kristen­dommen gjennom hundreåra har gjeve samfunnet. Vøllestad utfyller dette. Men er viktige salmar avhengige av makt for å bli til?

Vi skreiv ikkje at «katakombekristendommen» var einaste vegen, det har vi ikkje teke stilling til. Vårt poeng er at vi må sjå vår eiga historie med to augo:

Vi må sjå framstega vi har fått i ytringsfridom og trusfridom. Vi framheva også skilnaden ­mellom forteljingane i Det nye testamentet og Koranen og islams utfordringar. Og samstundes må vi sjå baksida av ei kyrkje i maktposisjon saman med staten.

Vi kunne skrive om Luther som pressa fram ytringsfridom i kyrkja. Men verken Luther eller Eidsvollsmennene sikra jødane. Kristne frikyrkjer blei det først rom for her i landet for drygt 150 år sidan. Og vi må heilt opp til i dag til vi får ein solid gjennomgang av overgrepa mot samar og kvenar.

Når vi legg press på regime som på til dømes nasjonalreligiøst eller anna autoritært grunnlag undertrykkjer trusfridom og minoritetar, skal vi ta med den gode arven i vår kulturkrins. Samstundes må vi vera opne og ærlege om dei vonde sidene ved vår eigen arv med ei kyrkje i makt­posisjon. Den lærdomen kan gjera oss audmjuke og samstundes gje oss skjerpa blikk for forholdet mellom religion, makt og minoritet.


Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere