Johannes Morken

Alder: 60
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Brutalt diktatur letter på trykket

Publisert 5 måneder siden

Den stille revolusjonen som opnar Usbekistan, eit av dei verste diktatura i verda, er påfallande og løfterik. Men varer den?

Ballongane hang framleis rundt inngangsdøra i eit lite forsamlingslokale i Samarkand, den vakre byen frå Silkevegen. Søndagen før eg kom, hadde den evangeliske kyrkjelyden hatt opningsgudsteneste. Det var fullt inne og benka til meir enn halvparten av dei frammøtte ute.

Eitt år tidlegare hadde kyrkja ikkje hatt noko von om å bli offentleg registrert. Men 30. september i år kom brevet. No kan dei halda gustenester i kyrkjebygget sitt – og slutta med ulovlege og risikable husmøte.

Ny interesse for religion
Religion fekk ei forsterka rolle etter Sovjetunionens kollaps i 1991. I dei første åra etter at Usbekistan vart sjølvstendig, kom det kristne misjonærar. Den russiske folkegruppa kunne halda gustenester på russisk. Etterkomararar etter koreanarane som Stalin deporterte hit for kring 90 år sidan, kunne utøva kristentrua. Så sant dei ikkje gjorde det på usbekisk og ikkje delte trua med muslimar. Det å vera usbek er det same som å vera muslim – moderat muslim. Fleire kristne pastorar vart fengsla. Om denne tida fortel pastor Daniel i dette intervjuet: «Då han vart kristen, bestilte mora hans time til han hos psykiater».

Også islam fekk ei oppblomstring. Men i møte med radikal islam og nokre terroraksjonar fekk regimet panikk. Religionslova vart hardt stramma til i 1998. Brota på menneskerettar møtte liten utanlandsk kritikk, særleg etter at USA fekk leiga militærbasar til krigen i Afghanistan, Usbekistans naboland i sør etter 11. september 2001. President George W. Bush hadde stor forståing for Usbekistans kamp mot islamsk ekstremisme.

Hardt diktatur
President Islom Karimov gjorde landet til eit jernhardt diktatur. Dei mest frykta opposisjonelle vart brende levande. I 2005 svarte tryggingsstyrkane i byen Andijan på ein folkeleg protest mot korrupsjon og vanstyre med ein massakre som kan ha kosta innpå 1000 livet.

Karimov svarte på den utanlandske kritikken som då kom, med å kasta ut utlendingar og stramma til endå meir. Politirazziaer, bøtelegging og fengsling ramma evangeliske kyrkjer. Men verst var det uansett for muslimske «ekstremistar» som vart fengsla i stor skala.

Erik Fatland gav i boka «Sovjetistan» frå 2014 ei glitrande skildring av Usbekistan som eitt av verdas verste diktatur. Ho spurte kva som ville skje den dagen det var slutt for Karimov. Hausten 2016 døydde han. Då kom svaret.

Fest i kyrkje
Etterfølgjaren Sjavkat Mirzijajev har teke Usbekistan nokre steg i positiv lei, ikkje minst samanlikna med nabolanda i Sentral-Asia som strammar grepet. Dette fekk eg koma tett på då eg i haust gjesta landet. Midt under planlegginga fjerna Usbekistan visumplikta for kring 60 land, Noreg inkludert. Landet vil ha turistar og investeringar.

Det var stort å gjesta den evangeliske kyrkja i Samarkand. Ei handfull andre kyrkjer har også fått registrering. Regimet godtek uformelt også at kristen forkynning vert tolka til usbekisk, og politiet har i alle fall teke pause i razziaer mot dei som framleis har samlingar i heimane. Regimet har sett fri mange muslimar som sona lange dommar. Tiltalte har fått bøter eller utsette dommar i staden for fengselsstraff. Bøneropa lyder frå nye moskear.

I mai i fjor vedtok parlamentet eit vegkart for å letta kåra for trusfridommen. Parlamentet lovde å endra den strenge religionslova frå 1998. Men lova er ikkje endra. Det er framleis ulovleg å ha religiøse samlingar i heimar, og det er mange hindringar for å registrera trussamfunn – fleire er nekta. Dei lokale Mahalla-styra har mange stader i praksis vetorett. Sensuren av religiøs litteratur varer. Staten kontrollerer kven som kan dra til Mekka.

Tortur
Den muslimske samvitsfangen Khayrullo Tursunov blei torturert i seks timar i april, fortel nyhendetenesta Forum18. Politifolk frå avdelinga for kamp mot ekstremisme og terrorisme gjennomførte razzia under ei baptistgudsteneste i Urgench i september. Pastor Stanislav Kim vart truga med utkasting. Baptistane – som ikkje vil søkja registrering, av frykt for statleg kontroll – er under hardt press.

Kva skjer vidare? USA har lovd investeringar dersom Usbekistan også lettar situasjonen for protestantiske kristne. I ein by hadde ein pastor eg snakka med, hatt møte både lokale styresmakter og med utsendingar frå Trump. Difor hadde han god von om å få registrert kyrkjebygget.

Håp – og uvisse
USA har i årevis hatt Usbekistan på versting-lista over land som bryt trusfridommen og andre menneskerettar. Men både i fjor og i år vart Usbekistan invitert til det store toppmøtet i Washington om trusfridom. Landet vart flytta ned i ein kategori som ikkje risikerer sanksjonar. Det siste var United States Commission on International Religious Freedom i sin siste årsrapport usamd i.

Då Trump i sommar la fram sin strategi for å kjempa for trusfridom, la han vekt på næringslivet si rolle. Kanskje er Usbekistan eit døme.

Nokre av dei evangelisk kristne leiarane eg møtte under ei reise til Usbekistan før jul, har stort håp for framtida. Andre fryktar at dei positive trekka mest er pynt for å sikra USA-investeringar.

Etter så mange år med razziaer i pastorheimar er det ikkje rart at ikkje alle er sikre på at trykket har letta for godt. Men vi får håpa og be om og kjempa for at Usbekistan held fram på ein lang veg frå brutalt diktatur til eit meir ope og fritt samfunn. 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 6.1.2020

Gå til innlegget

På tide å snakka sant om folkemord

Publisert 7 måneder siden

Det er på høg tid at Norge trør ut av gummisålane sine og erkjenner at armenarane og andre kristne for vel 100 år sidan vart utsette for folkemord i det som i dag er Tyrkia.

Det er godt dokumentert kva som hende med dei kristne folkegruppene i det osmanske riket. Men Tyrkia har i fleire tiår truga sine allierte til å vera tause om at det var folkemord.

Kongressen

Det er difor viktig at den amerikanske kongressen med overveldande fleirtal har erkjent at armenarane blei utsette for folkemord. Så får vi håpa at president Trump, som har vore unnfallande i møte med president Erdogans syriske krig, set vedtaket i verk. Erdogans raseri bør ikkje skremma oss.

I Vårt Land den 1. november spør Erling Rimehaug om det er av omsyn til NATO eller til oljeverksemda vår i Aserbajdsjan, Armenias nabo og hovudfiende, Noreg ikkje vågar å godta at det var folkemord. Det treff spikaren.

Under dekke av krig

Heile det austlege Tyrkia blei i praksis tømt for armenarar og assyriske kristne i åra frå 1915. Systematiske avrettingar, blodig deportering, dødskvadronar, flukt og iscenesett svolt var grufulle verkemiddel. Store landområde blei med makt overtekne av herskarane.

Tyrkia hevdar at det var krig der folk på alle sider døydde. Men nesten alle folkemord blir gjennomførte under dekke av krig. «Jødeproblemet» blei, som vi veit, også freista løyst ein gong for alle under dekke av krig, to-tre tiår etter folkemordet på armenarane.

Klort seg fast

Det er moskear og minaretar som dominerer horisonten i dei tyrkiske byane. Kyrkjespir er sjeldan å sjå. Men langt aust og sør i Tyrkia er det eit unntak. I ei bratt fjellskråning ligg byen Mardin med fleire kyrkjespir side om sida ved minaretane.

Vi i Stefanusalliansen prøver i dag å støtta dei 2-3000 syrisk-ortodokse kristne som har klort seg fast. For 100 år sidan var det fleire hundre tusen  kristne i området Tur Abdin. Minnet er sterkt hos desse om folkemordet og overgrep både før og etter.

Desse få kristne veit også alt om korleis det er å vera i hjelpelaus klemme mellom tyrkiske og kurdiske styrkar. Den klemma er no kristne nordaust i Syria igjen i etter at Tyrkia invaderte området for å fjerna kurdarane. Kristne søraust i Tyrkia følgjer dramaet i Syria med vake blikk og vonde minne.

Flaut av Noreg

I møte med dagens vesle kristne minoritet søraust i Tyrkia er det rett ut sagt flaut å tenkja på at Noreg ikkje vågar å tala sant om dei bestialske og systematiske brotsverka for 100 år sidan. Ved å nekta å erkjenna at det var folkemord, hjelper Noreg i praksis Tyrkia i det systematiske arbeidet for å dekkja til det som hende. I Tyrkia er det straffbart å bruka ordet folkemord. Når overgriparane – og deira etterfølgjarar – ikkje erkjenner ansvaret, blir folkemordet verkeleg vellukka, påpeikar Bård Larsen: Først fysisk utsletting, så fornekting.

Bortforklaring

Vel 20 land har erkjent folkemordet. Noreg har vike unna og sagt at dette må overlastast til historikarane. Og, heiter det i norsk diplomatisk bortforklaringskunst: Sidan omgrepet folkemord først vart nedfelt i FNs folkemordkonvensjon av 1948, er det «prinsipielt problematisk å anvende begrepet om hendelser som fant sted før konvensjonen ble vedtatt».

Etter denne merkelege logikken, kan heller ikkje holocaust reknast som folkemord. Men omgrepet folkemord vart utvikla under rettsprosessen mot nazi-toppane i Nürnberg. FN-konvensjonen følgde opp for å setja folkerettslege ord på bestialitet som alt hadde hendt.

Norges holdning er basert på pinlege bortforklaringar.

Gå til innlegget

Når muslimar får nok av islam

Publisert 8 måneder siden

Mange muslimar har fått nok av islam på grunn av bestialsk IS-terror. Kva gjer kyrkjene når desse vender seg til kristen tru? Viser dei fram i triumf?

Etter dei grufulle IS-brotsverka skjer noko som lenge har vore utenkjeleg i Midtausten der det er farleg, mange stader livsfarleg, å forlata islam. Menneske med muslimsk bakgrunn søkjer kristen tru. Andre blir ateistar. I Libanons hovudstad Beirut har flyktningar frå IS-terror og krigi Syria oppsøkt kyrkjer i hopetal. Hundrevis har konvertert.

Traumet

Mange muslimar tok av frykt eller overtyding parti med IS. Men storparten av flyktningane frå den sunni-muslimske IS-terroren er sunni-muslimar. Uventa mange orkar ikkje meir av islam etter alt som er gjort i islams namn. Sjølve har dei mista alt dei hadde.

Flyktningane har opplevd djupe traume og eksistensielle kriser. Eitt døme er ein familie på fire som for tre-fire år sidan kom seg frå Syria til Beirut og der til baptistkyrkja Resurrection Church (Oppstode-kyrkja), ei kyrkje vi i Stefanusalliansen samarbeider med. Familiefaren kunne fortelja at sønene på åtte og ti hadde sett menneske bli halshogde og kasta ned frå ein veranda. Den eldste tok traumet ut ved å bruka kniv på veslebroren. «Eg berre leika», sa storebroren då faren sette seg ned med han etter at det hadde gått bra med yngstemann på sjukehuset.

Fiendebiletet
Mange i Libanon er så trøytte av flyktningar at dei krev at syrarane snarast må dra tilbake dit dei kom frå. Men mange kyrkjer har derimot opna dørene på vidt gap med humanitær hjelp. Det har dei gjort utan krav til konvertering eller aktivitet. Flyktningane har ofte vendt ryggen til islam før dei kjem til ei kyrkje for å få humanitær hjelp. Fellesskap og omsorg i kyrkjene gjer så kristentrua attraktiv.

Teologen Martin Accad underviser kristne studentar – også konvertittar – frå Midtausten og Nord-Afrika ved Arab Baptist Theological Seminary i Beirut. At konvertittane kontant avviser islam, er eit faktum. Accad forstår også kristne studentar sin sterke skepsis mot islam etter at kristne i hundrevis av år har vore andrerangs borgarar og opplevd bølgjer av terror og vald.

Men kristne må ikkje overta det biletet konvertittane har av islam, meiner Accad som nettopp har publisert ei bok som tek oppgjer med mytar mellom kristendommen og islam. Kristendommen – som historisk institusjon – har sjølv i historiske epokar vald på samvitet, minner Accad om. Fiendebilete er dessutan elendig misjonsstrategi for menneske som ikkje treng argument, men som lengtar etter nye fellesskap.

Accad ber teologane gå i dialog om dei spørsmåla som skil muslimar og kristne, for å skapa fred og sameksistens mellom truande. Så ber han kristne om å vera medvandrarar for konvertittar.


Fiendebilete er elendig misjonsstrategi for menneske som ikkje treng argument, men som lengtar etter nye fellesskap.


Freistinga
Det er ikkje minst lett for kristne å falla for freistinga og bruka dei mange nye truande som soldatar i «den kosmiske krigen» mellom islam og kristendommen. Men der har dei ingenting å gjera. Martin Accadhar sett mange konvertittar få lokal pastorhjelp til å reisa til «kristne vener i Vesten», for å vera trygge. Ivrige amerikanske pastorar har feira konvertittane – som straks, jamvel utan opplæring, er blitt sende frå plattform til plattform for å vitna om reisa frå «islams mørke» til kristent lys.

Konvertittane blei kanskje trygge. Men mange har mista trua i kultursjokket i Vesten. Risikoen er også stor for at dei blir ståande utan sterke fellesskap – ein ny familie – som dei er heilt avhengige av.

Forsoninga
Accad vil at konvertittane skal bli i Midtausten. Arab Baptist Theological Seminaryvil hjelpa nye truande til meir innsikt i den kristne trua, og til å forsona seg med familien som dei har brote med. Konvertittar fortel gjerne at dei er forfølgde av familien. Accad seier at han utfordrar konvertittar til å be familien om orsaking – ikkje for den nye trua, men for den respektlause måten dei gjekk fram på dei fortalde om kristentrua.

Dei nye truande med muslimsk bakgrunn må, seier han, få hjelp til å visa kva eit liv i Kristus verkeleg er. For konvertittane inneber den nye trua kjærleik, fred og evne til å tilgje. Familien ser derimot føre seg at kristne er støttespelarar for vestleg politikk, at dei drikk alkohol og lever eit utsvevande liv. Det er ikkje berre viktige teologiske skilje som står mellom muslimar og kristne.

Velsigninga for Midtausten
 «Vi må hjelpa dei nye truande til å leva på ein slik måte at dei blir ein attraktiv modell for andre. Vi må unngå at dei automatisk blir oppfatta som forrædarar, som ein trussel. Dei må visa at dei er ei velsigning for samfunnet», sa Accad då han nyss gjesta Oslo for å snakka om korleis kyrkjer kan ta imot nye truande med muslimsk bakgrunn.


Bølgja av konvertittar frå islam kan vera med på å endra Midtausten.


Bølgja av konvertittar frå islam kan vera med på å endra Midtausten. Dei historiske kyrkjene er blitt svekka – tappa for folk som har utvandra eller flykta. Desse kyrkjene er på si side ofte svært skeptiske til konvertittar fordi dei – med rette – fryktar problem med politiet dersom konvertittane kjem til gudstenestene deira.

Skal konvertittane endra Midtausten, må dei – så sant råd – bli verande der. Det er både ei viktig og krevjande utfordring for kyrkjene i Midtausten og for alle som no må tenkja nytt om misjon i muslimske land.


Gå til innlegget

Når kristen vekst gjer makta redd

Publisert 9 måneder siden

Det iranske regimet skjelv i møte med veksten av muslimar som blir kristne. Men militær sabelrasling vil berre skjerpa Irans propaganda mot dei modige.

Tysdag møter to iranske kristne i retten i Teheran. Dei har anka straffer på fem og ti års fengsel. Sjansen for at dommane blir ståande er diverre stor.

Ekstra sterk blir tysdagen for ein pastorfamilie. Shamiram Issavi Khabizeh har ein dom på fem års fengsel. Ho får ankesaka opp tysdag. Shamiram og pastormannen hennar, Victor Bet Tamraz, har leia husgrupper for konverterte – det er eit åtak «mot den nasjonale tryggleiken», heiter det i dommane. Victor er dømd til 10 års fengsel.

Far, mor og son dømt
Shamiram er også dømt for å ha «trena kyrkjeleiarar og pastorar til å opptre som spionar». Sonen til pastorparet, Ramiel Bet Tamraz, er dømt til fire månader for «spreiing av kristen propaganda».

Familien hadde håpa at ankesakene til alle tre skulle koma opp samla. Organisasjonen Article 18 som kjempar for iranske kristne frå London, melder at det berre er saka til Shamiram som kjem opp tysdag – saman ei anna sak. Victor og sonen Ramiel må venta i det uvisse.

Dottera til pastorparet, Dabrina, er skuffa over at sakene til foreldra og broren ikkje kjem opp samstundes. Ho fryktar at regimet vil slita ut familien og pressa dei til det yttarste for at dei skal gje opp og dra frå landet. Det har mange opplevd før.

Farleg
Tamraz-familien er assyriske kristne som har grunnlovsfesta rett – som historisk minoritet – til å praktisera trua si i Iran. Men det må skje på assyrisk – dei må ikkje snakka om trua for muslimar, på nasjonalspråket farsi. Men pastorparet byrja å leia husgrupper for konvertittar. Då blei det bråk og fengselsdommar. Dei har vore ute mot kausjon sidan 2017 og 2018, før ankesakene kjem opp. 

Vekst
Då ayatollah Khomeiny kom til makta i 1979, var det knapt nokon konvertitt i Iran. Men det hardhendte sjia-styret har gjort at mange muslimar vender islam ryggen. Så sterk har veksten av konvertittare vore at regimet er blitt skremt.

Prestestyret og politiet deira skaffar seg informasjon, tvingar fram tilståingar, sperrar nokre leiarar inn i fengsel og pressar langt fleire til å dra frå landet. «Det er lettare å pressa folk ut enn å fylla fengsla», seier iranaren Mansour Borji som leier organisasjonen Artikkel 18.

Etter kvart som kyrkjeveksten kom, har regimet stramma til. I 2005 vart det slutt på at berre leiarar fekk straff, då risikerte også medlemmar av huskyrkjene å bli rettsforfølgde.

Deretter byrja regimet å slå til mot leiarar i dei godkjende minoritetskyrkjene fordi også dei tok imot konvertittar. I 2013 vart ei stor pinsekyrkje i Teheran stengd. 80 prosent av kyrkjelyden var då menneske med muslimsk bakgrunn. Gudstenestene blei haldne på farsi. 

For tre år sidan vart så straffenivået skrudd opp – frå 5-6 år til 10-15 år bak murane. «Regimet har oppdaga at dei kunne auka straffenivået utan protestar,» seier Mansour Borji i Artikkel 18. Minst 12 sonar for tida straffer på ti år eller meir. 

Modige kristne
Det har gjort sterkt inntrykk å høyra vitnesbyrda til iranarar som har konvertert eller er leiarar for konvertittar. Eg har møtt folk som er blitt arresterte, pressa for store kausjonar, overvaka og trakasserte – og i praksis blitt tvinga ut av Iran med trussel om mange år bak murane om dei blei verande.

I sjia-styrte Iran er det regimet som trugar dei konverterte, folk flest er ingen trussel. I land dominert av sunni-islam, kan derimot familien eller ekstremistgrupper bruka alt frå utfrysing til drap når nokon konverterer.

I somme land er det brutale straffer for fråfall frå islam. I Iran er det i praksis slutt på dødsstraff – pastor Yusuf Nadarkhani som no har sona det første av ti års fengsel, fekk dødsdommen oppheva i 2010.

Sabelrasling farleg

Vestleg politisk press mot Iran for brot på trusfridommen er viktig. Eg trur på den andre sida at det er svært farleg – også for dei veksande undergrunnskyrkjene i Iran – dersom Trump held fram sabelraslinga mot Iran. Blir det krig, kan sjia-regimet med ny styrke fyra opp den ugrunna, politiske propagandaforteljinga om at huskyrkjene er agentar for USA og Israel. Kristne konvertittar blir offentleg framstilte som farlege «sionistar» og «agentar» – jamvel om dei kristne ikkje er noko anna enn frimodige vitna for trua si.

Mange stader i Midtausten er kristne blitt heimlege skyteskiver etter vestleg maktbruk. Denne farlege dynamikken må kristne som ivrar for Iran-konfrontasjon, sjå.

Ny tid for kristent nærvær
I fleire land i Midtausten er det så sterk vekst av muslimar som konverterer at det kan bera bod om ei ny tid. Berre sjå Libanon – mange som har flykta frå krig og IS-terror, har funne ei ny tru i kyrkjer i Beirut.

Dei historiske kyrkjene er i fleire land svekka av flukt og utvandring. Men kristent nærvær kjem i ny form. Vår oppgåve er å støtta dei nye truande og hjelpa til med trus- og leiaropplæring – og kjempa for fred.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 2.9.2019

Gå til innlegget

Får du opp eit innlegg på Facebook om at kvart femte minutt vert ein kristen drepen i Midtausten – på grunn av trua si? Ikkje del innlegget med venene dine.

Erik Selle i Partiet De Kristne skreiv innlegg i Dagen 29. mai 2015. Det dukkar stadig opp i nye trådar på Facebook, det er på fire år delt over 10 000 gonger, ifølgje Dagens digitale debattforum. Det uroar meg.

 Overskrifta «En kristen drepes hvert femte minutt» var bygt på eit sitat av den ortodokse presten Gabriel Naddaf frå Nasaret: «Hvert femte minutt blir en kristen i Midtøsten drept for sin tro».

 Ikkje belegg
Det vert ikkje gitt det minste belegg for at over 100 000 kristne kvart einaste år vert drepne berre i Midtausten. På grunn av kristentrua. Eg har fått spørsmål om dette verkeleg stemmer og har prøvd å finna ut kvar talet kan koma frå.

 I 2011 det i International Bulletin of Missionary Research ut ein artikkel om «Martyrs and the Resurgence of Religion», oppdatert i 2014. Fagfolka bak talet har rekna med ein god del av offera i borgarkrigar i Sudan og Kongo og folkemordet i Rwanda for å landa på ein million martyrar mellom år 2000 og 2010. Dette overslaget for eit tiår har dei delt på ti og funne eit årleg tal på 100 000 martyrar, etter sin definisjon. Så har andre funne ut dette vert ein drepen kristen kring kvart femte minutt.

 I førre hundreår var talet endå høgare, med mange offer for fascistiske og kommunistiske regime i Europa. Forfattarane erkjenner at andre definisjonar fører til lågare tal. Eg går ikkje inn definisjonen, eg vil heller sjå korleis talet blir brukt – og misbrukt.

Flytta talet
Det går ikkje fram kvar Erik Selle og Gabriel Naddaf har talet sitt frå. Men det kan sjå ut om dei berre flytta det høge talet frå der det kom frå og plassert det i Midtausten. Utan eit ord til forklaring. Der har Selle/Naddaf – og for alt eg veit nokon før dei – gjort det til det som nærast blir ei «muslimsk naturlov»: Kvart femte minutt blir ein kristen drepen for trua si i Midtausten.

 Dersom Selle og Naddaf har kjelder som kan dokumentera dette, bør dei koma med dei. Tragedien for kristne – og trusselen frå islamistiske terroristar – er hjarteskjerande nok utan å bruka kjeldelause tal som difor kan sjå ut som dei rett og slett er usanne.

Stefanusalliansen har ikkje eigne tal. Open Doors/Åpne Dører har dokumentert 3-4000 tilfelle årleg av at kristne blir drepne for trua si, på verdsplan, etter heilt andre kriterier.

I Dagens digitale utgåve er innlegget til Selle framstilt som eit uomtvisteleg faktum og ikkje eingong som ei meiningsytring. Det er mildt sagt underleg.

IS-terror
I innlegget blir påstanden om at kvart femte minutt blir ein kristen drepen for trua si, brukt til å forklara den dramatiske nedgangen i talet på kristne. Selle skreiv at «i 2003 var det omkring 1,5 millioner kristne i Irak. I dag er det  omkring 250.000.» Tala er sanne. 

 Så heldt innlegget fram: «De øvrige er drept, har flyktet eller er blitt tvangskonvertert.» Her må vi halda tunga rett i munnen. Dei aller fleste kristne som vart truga på livet av IS, flykta internt i landet eller ut av Irak. IS drap også kristne, andre blei tvangskonverterte. Men drapsmaskineriet til IS gjekk hardast ut over jesidiane på Sinjar-fjellet, ikkje dei kristne.

 Diverre er det ingen vilje i Irak til å ta oppgjer med kvifor IS-vondskapen kunne oppstå der. Og muslimske lærde og andre må i endå sterkare grad ta avstand frå islamistisk valdsideologi etter IS.

Men Selle – og Naddaf – hoppa totalt bukk over den amerikanske invasjonen i 2003. Invasjonen utløyste borgarkrig. Minoritetane kom i skvis mellom sunni- og sjia-muslimske grupper og blei også utsette for terror. Hundretusenarar flykta lenge før IS. Heller ikkje Partiet De Kristne kan lata att augo for det tragiske bidraget av invasjonen. Diverre var det mange i Vesten som svikta dei kristne i Syria og Irak og først byrja bry seg då IS kom.

Håp
Oppgåva med å skapa ny tillit mellom det muslimske samfunnet og minoritetane i Irak er blytung etter IS. Det fire år gamle innlegget til Selle spinn av garde på Facebook og gjer sitt til å skapa inntrykk av at framtida er håplaus.  

Vi i Stefanusalliansen støttar i Irak lokale partnarar som ikkje har gitt opp håpet:

1. Hjelp til jesidi-jenter etter IS-fangenskap.

2. Gjenoppbygging av kristne landsbyar.

3. Endra skulepensum slik at imamar og lærarar skal læra sant om kristne og andre religiøse minoritetar. Læra om at alle andre religionar enn islam er falske, skapte eit farleg jordsmonn for IS. Det kan skapa jordsmonn for ny vald dersom ikkje Irak sjølv snakkar sant om minoritetane sine. «Volden kommer fra skoler og moskeer», seier ein av partnarane våre i Irak i eit intervju i Magasinet Stefanus.

Det er nok å ta tak i for å skapa nytt håp. Vi gjer det best ved å støtta dyktige, lokale krefter – og ved å snakka sant om tragedien. Kristne blir diskriminerte, forfølgde og drepne i mange land i Midtausten, det er mange døme også frå Egypt. Men det er ille nok utan farlege overdrivingar.


FØRST PUBLISERT I DAGEN 17. JUNI 2019. 

PS. Etter innlegget mitt har Dagens debattredaksjon merka innlegget til Erik Selle med ei lenke til mitt og ei opplysning om at eg har stilt spørsmål ved faktagrunnlaget. Dessutan har Dagen no utstyrt overskrifta med eit sitatteikn for å markera at dette er ei ytring og ikkje eit udiskutabelt faktum slik det har sett ut i fire år.


Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Ja vi elsker alle i dette landet
av
Jarle Mong
6 dager siden / 2881 visninger
Mel gir stabilitet
av
Ingrid Vik
29 dager siden / 1895 visninger
Er far og hans slekt uten betydning?
av
Øivind Benestad
3 dager siden / 1468 visninger
Hvem skal bli født?
av
Paul Leer-Salvesen
9 dager siden / 1027 visninger
Hjemlengsel
av
Joanna Bjerga
4 dager siden / 813 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere