Johannes Morken

Alder: 60
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør og medierådgjevar i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Takk for formaning

Publisert 12 måneder siden
Magne Kongshaug – gå til den siterte teksten.

Viktig presisering, Magne Kongshaug. I eit anna forum vart eg kritisert for støtte til rohingyaer i Myanmar. Eg fekk spørsmål om det ikkje er legitimt for buddhister i Myanmar å ønskja muslimar ut av landet. Eg svarte mellom anna med å spørja om det er legitimt for buddhister i Myanmar å pressa kristne minoritetar som chin til å konvertera - slik det beviselig er mange grove døme på. Same med Pakistan der ikkje-muslimske barn vert pressa til konvertering, og blir haldne unna og diskriminerte om dei ikkje gjer det.


Gå til kommentaren

Publisert 12 måneder siden
Tore Olsen – gå til den siterte teksten.

Du skal uansett ikkje bruka makt eller press eller noko anna som undergrev fridommen til den du møter. Du skal ikkje «kjøpa» ei konvertering, til dømes.

Gå til kommentaren

Publisert 12 måneder siden
Tore Olsen – gå til den siterte teksten.

Hei

Det er eit større tema. Det finst ei rad døme på at representantar for ein majoritetsreligion meiner at deira tru krev at alle som trur på noko anna, må undertrykkjast. Ei viktig grense for trusfridom er at den gjeld alle. Den vernar menneske, ikkje ein guddom.

Gå til kommentaren

Her er Solbergs «uforpliktende pludring»

Publisert rundt 1 år siden

Eg skal ikkje leggja meg opp i debatten internt i KrF. Men det Enstad kallar «uforpliktende pludring» frå statsministeren er formulert skriftleg i Ernas blogg etter VG-intervjuet, i teksten «Grensen mot sorteringssamfunnet». Her er lenke til Ernas blogg.

Gå til kommentaren

Skamplett

Publisert rundt 1 år siden

Mykje viktig påpeiking frå Runde. Vårt Land framstilling tek Runde sikkert med Vårt Land. Eg skulle gjerne sett brei protest mot blasfemilova frå norske muslimar. Men det er heldigvis nokre stemmer. Shoaib Sultan har kalla den pakistanske blasfemilova ein skamplett.

Gå til kommentaren

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere