Johannes Morken

Alder: 59
  RSS

Om Johannes

Frå 1.2.2017 Redaktør i Stefanusalliansen. Alt eg har skrive før den tid vart gjort som tilsett i Vårt Land - frå 1987, skrivande i avisa sidan 1980. Var reporter på ulike felt innanriks (helse og etikk), utanriks (Midtausten) og kyrkjeliv i mange år til eg blei vaktsjef hausten 2003. Debattleiar frå hausten 2011. Debattredaktør frå hausten 2012 til 31.12.2016.

Følgere

Får du opp eit innlegg på Facebook om at kvart femte minutt vert ein kristen drepen i Midtausten – på grunn av trua si? Ikkje del innlegget med venene dine.

Erik Selle i Partiet De Kristne skreiv innlegg i Dagen 29. mai 2015. Det dukkar stadig opp i nye trådar på Facebook, det er på fire år delt over 10 000 gonger, ifølgje Dagens digitale debattforum. Det uroar meg.

 Overskrifta «En kristen drepes hvert femte minutt» var bygt på eit sitat av den ortodokse presten Gabriel Naddaf frå Nasaret: «Hvert femte minutt blir en kristen i Midtøsten drept for sin tro».

 Ikkje belegg
Det vert ikkje gitt det minste belegg for at over 100 000 kristne kvart einaste år vert drepne berre i Midtausten. På grunn av kristentrua. Eg har fått spørsmål om dette verkeleg stemmer og har prøvd å finna ut kvar talet kan koma frå.

 I 2011 det i International Bulletin of Missionary Research ut ein artikkel om «Martyrs and the Resurgence of Religion», oppdatert i 2014. Fagfolka bak talet har rekna med ein god del av offera i borgarkrigar i Sudan og Kongo og folkemordet i Rwanda for å landa på ein million martyrar mellom år 2000 og 2010. Dette overslaget for eit tiår har dei delt på ti og funne eit årleg tal på 100 000 martyrar, etter sin definisjon. Så har andre funne ut dette vert ein drepen kristen kring kvart femte minutt.

 I førre hundreår var talet endå høgare, med mange offer for fascistiske og kommunistiske regime i Europa. Forfattarane erkjenner at andre definisjonar fører til lågare tal. Eg går ikkje inn definisjonen, eg vil heller sjå korleis talet blir brukt – og misbrukt.

Flytta talet
Det går ikkje fram kvar Erik Selle og Gabriel Naddaf har talet sitt frå. Men det kan sjå ut om dei berre flytta det høge talet frå der det kom frå og plassert det i Midtausten. Utan eit ord til forklaring. Der har Selle/Naddaf – og for alt eg veit nokon før dei – gjort det til det som nærast blir ei «muslimsk naturlov»: Kvart femte minutt blir ein kristen drepen for trua si i Midtausten.

 Dersom Selle og Naddaf har kjelder som kan dokumentera dette, bør dei koma med dei. Tragedien for kristne – og trusselen frå islamistiske terroristar – er hjarteskjerande nok utan å bruka kjeldelause tal som difor kan sjå ut som dei rett og slett er usanne.

Stefanusalliansen har ikkje eigne tal. Open Doors/Åpne Dører har dokumentert 3-4000 tilfelle årleg av at kristne blir drepne for trua si, på verdsplan, etter heilt andre kriterier.

I Dagens digitale utgåve er innlegget til Selle framstilt som eit uomtvisteleg faktum og ikkje eingong som ei meiningsytring. Det er mildt sagt underleg.

IS-terror
I innlegget blir påstanden om at kvart femte minutt blir ein kristen drepen for trua si, brukt til å forklara den dramatiske nedgangen i talet på kristne. Selle skreiv at «i 2003 var det omkring 1,5 millioner kristne i Irak. I dag er det  omkring 250.000.» Tala er sanne. 

 Så heldt innlegget fram: «De øvrige er drept, har flyktet eller er blitt tvangskonvertert.» Her må vi halda tunga rett i munnen. Dei aller fleste kristne som vart truga på livet av IS, flykta internt i landet eller ut av Irak. IS drap også kristne, andre blei tvangskonverterte. Men drapsmaskineriet til IS gjekk hardast ut over jesidiane på Sinjar-fjellet, ikkje dei kristne.

 Diverre er det ingen vilje i Irak til å ta oppgjer med kvifor IS-vondskapen kunne oppstå der. Og muslimske lærde og andre må i endå sterkare grad ta avstand frå islamistisk valdsideologi etter IS.

Men Selle – og Naddaf – hoppa totalt bukk over den amerikanske invasjonen i 2003. Invasjonen utløyste borgarkrig. Minoritetane kom i skvis mellom sunni- og sjia-muslimske grupper og blei også utsette for terror. Hundretusenarar flykta lenge før IS. Heller ikkje Partiet De Kristne kan lata att augo for det tragiske bidraget av invasjonen. Diverre var det mange i Vesten som svikta dei kristne i Syria og Irak og først byrja bry seg då IS kom.

Håp
Oppgåva med å skapa ny tillit mellom det muslimske samfunnet og minoritetane i Irak er blytung etter IS. Det fire år gamle innlegget til Selle spinn av garde på Facebook og gjer sitt til å skapa inntrykk av at framtida er håplaus.  

Vi i Stefanusalliansen støttar i Irak lokale partnarar som ikkje har gitt opp håpet:

1. Hjelp til jesidi-jenter etter IS-fangenskap.

2. Gjenoppbygging av kristne landsbyar.

3. Endra skulepensum slik at imamar og lærarar skal læra sant om kristne og andre religiøse minoritetar. Læra om at alle andre religionar enn islam er falske, skapte eit farleg jordsmonn for IS. Det kan skapa jordsmonn for ny vald dersom ikkje Irak sjølv snakkar sant om minoritetane sine. «Volden kommer fra skoler og moskeer», seier ein av partnarane våre i Irak i eit intervju i Magasinet Stefanus.

Det er nok å ta tak i for å skapa nytt håp. Vi gjer det best ved å støtta dyktige, lokale krefter – og ved å snakka sant om tragedien. Kristne blir diskriminerte, forfølgde og drepne i mange land i Midtausten, det er mange døme også frå Egypt. Men det er ille nok utan farlege overdrivingar.


FØRST PUBLISERT I DAGEN 17. JUNI 2019. 

PS. Etter innlegget mitt har Dagens debattredaksjon merka innlegget til Erik Selle med ei lenke til mitt og ei opplysning om at eg har stilt spørsmål ved faktagrunnlaget. Dessutan har Dagen no utstyrt overskrifta med eit sitatteikn for å markera at dette er ei ytring og ikkje eit udiskutabelt faktum slik det har sett ut i fire år.


Gå til innlegget

I Kina, India blir det brukt truslar og vald for å knusa dei som vil samlast om trua si utan å bøyga kne for makta. Modige kristne står i dag i den kampen Hans Nielsen Hauges kjempa.

Oddbjørn Johannessen ved Høgskulen i Agder fortalde for tre år sidan om vemodet han kjende på då det gamle og nedslitne bedehuset hans frå barndommens søndagsskule i Strengereid vart lagt ut for sal på finn.no. Det var rett nok tiår sidan siste besøk. Men likevel vart han trist, mellom anna fordi dette markerte slutten på bygda som sosialt sentrum.

Johannessens tekst utløyste mange redaksjonelle saker om bedehus til sals. Også Fædrelandsvennen skreiv om bedehus som var selde.

Bedehusa har i mange bygder gått ut på dato. Kristenlivet er fornya. Eg skal ikkje her analysera dette. Men eg finn grunn til å dvela ved at retten til å samlast på det som blei frikyrkjer og bedehus, vart kjempa fram i ein hard og brutal strid. Det er viktig også når debatten no går om arven etter Hauge i dag.

Fengsla
Noreg var ved inngangen til 1800-talet religiøst sett autoritært. Hans Nielsen Hauge som grunnla rørsla som seinare bygde bedehus, utfordra den dansknorske statsreligionen. Han nekta å bøya seg for forbodet for lekpredikantar å forkynna utan løyve frå presten.

Så kom det vanheilage tospannet – presten med lensmannen på slep – til samlingane Hauge heldt i private heimar. På sju år, før 1804, hamna Hauge ti gonger i fengsel, nokre veker kvar gong. 

Ekstremist-trussel
I 1804 hadde biskop Peder Hansen i Kristiansand fått nok. I eit harmdirrande brev til Det Danske Kanselli åtvara han mot Hauges «fanatiske lære». Biskopen refsa «svermeren» og emissærane hans. Dei skapte «mistillit mot Statens øverste autoriteter og særlig lærerstanden». Det var prestane si makt biskopen var uroleg for. Faren var uhyrleg, for det ser «ut som Hauge har valgt å ligne muhammedaneren Abdul Vechab».

Abdul Vechab heitte eigentleg Muhammad ibn Abd al-Wahhab. Han grunnla wahabismen, den strenge og «reinsa» forma for islam som er statsreligionen i Saudi Arabia. Åtvaringane som sultanen i Istanbul spreidde mot wahabismen, stod å lesa i avisene på den tida Hauge verka.

Tek vi Kristiansand-biskopens samanlikning inn i vår tid, likna altså Hauge på mannen som vart ideologisk grunnleggjar av terrorrørsla IS. Så grovkorna og uhyrlege åtvaringar tydde altså ei livredd og kontrollerande religiøs makt til for å stogga ein strikkande predikant som forkynte Guds ord og skapte arbeidsplassar.

I 1804 blei Hauge dømt og sat i fengsel fram til 1811. I grunnlovsåret 1814 var Hauge midtvegs i eit to år langt slaveri. Hugs på det under feiringa av 17. mai. Først i 1842 vart konventikkelplakaten oppheva. Tre år etter blei det lov å etablera frikyrkjer.

Mørke flekkar
Den kristne arven har gjennom hundreåra gitt landet viktige bidrag til utviklinga av samfunnet. Men statsstyret har mørke og vonde flekkar i møte med minoritetar – både kristne med avvikande syn og menneske av anna tru, som jødar.

I mange norske bygder er det ikkje lenger trong for bedehus – kanskje treng ikkje folket Gud, eller kanskje har dei for mange hus. Kristne i land som Iran og India står i våre dagar i ein kamp som tidvis går på liv og helse laus, for retten til å tru og å samlast i heimar eller på bedehus.

Prestestyre

Det shia-muslimske prestestyret i Iran har godkjent historiske kyrkjer for etniske minoritetar som kan ha gudstenester og feira jul og påske. Men dei er andreklasses borgarar som må leve ut trua innandørs og bruka sitt eige etniske språk. Nasjonalspråket farsi må dei halda seg unna.

Folk som evangeliserer blant muslimar, vert taua inn i vekelange arrestasjonar, slik Hauge altså blei før 1804. Akkurat no sit fleire iranske kyrkjeleiarar fengsla med straffer på lengde med straffa som ramma Hans Nielsen Hauge i 1804: Pastor Yusuf Nadarkhani er dømt til ti års fengsel to to års indre eksil. Iran er ikkje eit «ferieparadis» for dei som opponerer. Bahaiar har det like ille som konvertittar.

Truslar og vald
India er midt inne eit nasjonalt val, vi får valresultatet 23. mai. Landet har lenge verdsett religiøs fridom. Men det hindunasjonalistiske partiet BJP, som har styrt sidan 2014, har fyrt opp ein farleg religiøs nasjonalistideologi: for å vera ein god indar, må du vera hindu. Politisk og religiøs makt går hand i hand, ekstremistane får ofte straffefritt driva med truslar og vald mot religiøse minoritetar.

2018 vart eit toppår for verbale og fysiske åtak på muslimar og kristne, melder organisasjonen Open Doors i rapporten «Vi er også indarar». Åtte indiske delstatar har dei siste åra vedteke forbod mot å skifta tru – frå hinduisme til kristendom eller islam, den andre vegen er derimot heilt i orden.

I delstaten Tamil Nadu braut politiet i eitt tilfelle og ekstremistar i eit anna nyleg opp bønemøte. 19. mars drog inntrengjarar bedande kristne ned trappene i ein heim som var gjort til bedehus. Dei sette fyr på biblar og songbøker, melder organisasjonen Christian Solidarity Worldwide.

Det er mange saker med vald mot og drap av muslimar som sel eller slaktar kyr.

Sviktar
Vi nordmenn kan feira 17. mai i fridom. Vi kan tru og la vera å tru – utan at religiøs og politisk makt eller ekstremistar brasar inn.

Mange regime, Kina ikkje minst, brukar truslar og vald for å knusa det som hos oss etter kamp blei retten til å samlast, først for menneske med avvikande kristen tru, seinare for minoritetar med anna tru. Den fridommen må vi kjempa for, same kva vi tenkjer om livet som for nokre tiår sidan utspelte seg på dei bedehusa som i våre dagar blir selde på finn.no.

Lett redigert utgåve av kronikk i Fædrelandsvennen 16.5.2019

Gå til innlegget

Når kristne spreier falske skremsler

Publisert 3 måneder siden

På nytt blir ei alarmerande melding om at 200 kyrkjer i India skal brennast ned av buddhist-ekstremistar neste natt og at 200 kristne drepast og at det hastar med å be. Sender du den vidare dersom du får meldinga?

To gonger sist veke blei eg som tilsett i Stefanusalliansen kontakta av norske kristne som uavhengig av kvarandre hadde fått formidla ei alarmerande melding frå India. Dei vart utfordra til å varsla og be, og det hasta! Varselet, på engelsk, var ille: «20 kyrkjer vart brende sist natt. I natt vil dei øydeleggja meir enn 200 kyrkjer i provinsen Olisabang. Dei vil drepa 200 misjonærar dei neste 24 timane. Alle kristne gøymer seg i landsbyane. Be for dei og send denne meldinga til alle kristne du kjenner verda over. (...) Be for dei 22 kristne misjonærfamiliane som er dømde til å bli avretta.» Meldinga var signert «With Love. Joyce Meyer».

Eg skal ikkje namngje norske kristne som sende meldinga vidare. Kristne kan bli redde og tenkja at det hastar med å varsla og be.

Eit anna alternativ er først å sjekka fakta, slik dei ville gjera som kontakta oss.

Eg gjorde eitt søk på nettet. Den same meldinga med det same talet brende kyrkjer og drepne misjonærar dukka opp: Den var spreidd i februar 2010. I april det året vart varselet faktasjekka og funne å vera falsk alarm.

Eg blei kontakta i fjor også. Svaret både då og no er: Vi veit ikkje noko som tyder på at dette er sant. I 2010 sa pastor Samuel Stephens i India Gospel Leauge (IGL) til faktasjekkar-nettstaden Snopes at han ville vore ein av dei første som fekk vita om det, dersom dette var sant, sidan IGL har eit stort nettverk av kyrkjeplantarar og pastorar.

Det falske ryktet hadde «gått viralt» også før 2010. Det vert spreidd i stor fart – på WhatsApp, Messenger eller Facebook-sider til enkeltpersonar eller kyrkjelydar med internasjonale nettverk. 

No er det i gang igjen. Ikkje skuld på internett. Det er kristne menneske som spreier falske rykte og trur dei gjer andre kristne ei teneste. Men hjelper det verkeleg å be dersom ein spreier grove løgner om andre samstundes?

Då eg torsdag kveld fekk spørsmål om dette kunne vera sant, hadde eg på TV nettopp sett bilete av syklonen som gjorde at ein million indarar måtte evakuerast. Det er nok å be for, om vi held oss til det som skjer.

Faktasjekkaren Snopes slo i 2010 fast at «provinsen Olisabang» finst ikkje. Faktasjekkaren Boom kontakta i april i år evangelist Joyce Meyer som skal ha signert varselet. Hennar folk seier at meldinga ikkje kjem frå henne.

2010-utgåva plasserte drapsviljen på «buddhistiske ekstremistar». Men det finst nesten ikkje buddhistar i India. I den versjonen eg har sett no, står det ingenting om kven «dei» – drapsmennene – er. 

Det er diverre mange hindu-ekstremistar som angrip kyrkjer, og det hender også at kyrkjer blir tende på. Det har vore urovekkjande vekst i verbale og fysiske angrep på kristne – og på muslimar – sidan 2014, då det noverande regjeringspartiet BJP kom til makta. BJP er eit hindunasjonalistisk parti, og dei har fyrt opp og legitimert ekstremistars angrep på kristne og muslimar. Muslimar blir angripne fordi dei slaktar kyr, som mange hinduar reknar som heilage dyr. Overgrepa er rapporterte av Human Rights Watch. Kristne blir angripne mellom anna fordi dei grunnlaust blir skulda for å bruka tvang til å konvertera hinduar til kristendommen, og Den evangeliske alliansen er uroleg for tilliten mellom den kristne minoriteten og staten. Like før påske blei to bønemøte i ein delstat brotne opp. Det er val i India fram til 19. mai.

Så kristne vener – ver gjerne i bøn, det trengst, men basert på sanning og ikkje løgner.

EI LETT UTVIDA UTGÅVE AV EIT INNLEGG I DAGEN 6.5.2019

Gå til innlegget

Hat vi ikkje såg før påsketerroren

Publisert 3 måneder siden

Den avskyelege terroren påskedag, så langt med minst 359 dødsoffer, har kasta lys på ein krevjande situasjon for både kristne og muslimar i Sri Lanka.

Trykt for kronikk i Vårt Land 25. april, skriven saman med Ed Brown, generalsekretær i Stefanusalliansen.


Etter at den langvarige borgarkrigen mellom regjeringa og tamil-tigrane blei avslutta i 2009, har mange av oss tenkt altfor lite på Sri Lanka.

At islamistiske terroristar skulle slå til i eit massivt angrep kom heilt uventa – dersom vi ser bort frå at eit viktig etterretningsvarsel tragisk nok vart lagt i politiskuffa i Sri Lanka.

Men same kor overraskande terroren kom: Diskriminering og mindre valdsangrep retta mot kristne og muslimar har vore i vekst dei siste åra, skriv Christian Solidarity Worldwide.

Angrep kvar søndag
Kvar søndag i februar, mars og april i år – fram til og med palmesøndag – vart gudstenester forstyrra i minst ei kyrkje i Sri Lanka. «Kristne i Sri Lanka lid regelmessig under angrep på trusfridommen, men dei fleste hendingane blir aldri fanga opp i nyhendestraumen, knapt nok på Twitter», skriv den katolske menneskerettsaktivisten Ruki Fernando frå Colombo i ein større artikkel.

Metodistkyrkja i Anuradhapura vart ramma palmesøndag. Ein mobb på 20-25 personar kasta steinar og slengde rundt seg med dødstrugsmål. Mobben heldt den vesle forsamlinga og to prestar som gislar i to timar fram til politiet fekk sett ein stoppar for mobben. Den same kyrkja vart angripen av steinkasting også den siste søndagen i mars. Søndag 7. april blei gudstenesta avlyst. Biskop Asiri Perera som var til stadesdå mobben slo til, sa at dei truande ikkje lenger hadde nokon trygg stad for å be og feira påske. Biskopen la til at angrepet ikkje var ei isolert hending, men den siste av ei rad episodar.

Før påskedag var minst 13 kyrkjer i ulike distrikt i Sri Lanka utsette for mindre, men like fullt hatefulle trugsmål og angrep i 2019. Minst 15 saker var melde til politiet. I nokre av sakene hadde politiet nølt med å ta imot meldingane, og jamvel i nokre saker tatt stilling for mobben, skriv Rudi Fernando. Folk som straffefritt slepp unna med hatkriminalitet er eit problem.

Rotfesta vald

I ein rapport frå mai 2017 skriv den uavhengige srilankiske tenketanken Verité at «religiøs vald er djupt rotfesta». Det verste angrepet radikale buddhistar har retta mot muslimar, skjedde i Aluthgama i juni 2014. Minst fire vart drepne, 80 vart skadde og tusenvis vart heimlause.

Verité skriv at angrep på kristne i Sri Lanka er mindre kjende enn angrep mot muslimar. Forskarane har ved å dukka ned i tala, gjort to observasjonar: For det første er valden i praksis usynleg. Få merkjer seg den utbreidde lokale kvardagsvalden. For det andre skjer valden mot religiøse minoritetar systematisk og kontinuerleg over heile landet, og den involverer statlege aktørar, uavhengig av regjeringa.

National Christian Evangelical Alliance dokumenterte 972 tilfelle av religiøs diskriminering av og vald mot kristne mellom 1994 og 2014, med ein sterk vekst i slutten av perioden. Minst 195 tilfelle skjedde mellom 2015 og 2017 – det er meir enn eitt tilfelle i veka. 

Ein muslimsk paraplyorganisasjon rapporterte om 450 tilfelle av intoleranse og vald retta mot muslimar mellom 2013 og 2015, går det fram av ein rapport frå Christian Solidarity Worldwide.

I 2015, etter valdsbølgja i Aluthgama, lovde president Maithripala Sieresena å styrkja kampen mot hatkriminalitet mot religiøse minoritetar. Men rapportane tyder på at dette ikkje har ført til noka endring, konstaterer Verité.

Ekstremistane
Bak mange av åtaka mot både kristne og muslimar står radikale nasjonalistiske buddhistar som vil gjera Sri Lanka til eit land berre for buddhistar. 

Dei siste åra er det blitt fleire evangeliske og meir karismatiske kyrkjer. Dette har ført til meir uro, både kyrkjeleg sett og i møte med radikale buddhistar. Eit buddhistisk nasjonalistisk parti har gjort fleire forsøk på å få vedteke lover som forbyr buddhistar å skifta tru.

Dei evangeliske kyrkjene har vore mest utsette for åtak, dei historiske kyrkjene har fått leva meir i fred. Dei evangeliske har ønskt seg meir solidaritet frå dei meir historiske kyrkjene, påpeikar Rudi Fernando. Dei siste har på si side kjent på skepsis til nye former for kristendom og har også mista medlemmar, ifølgje Iselin Frydenlund (Vårt Land 24. april).

Så kom den islamistiske påsketerroren som også rammar katolske kyrkjer. Same kva motivet var og om IS verkeleg hjalp National Thowheed Jamathble:

Internasjonal islamistisk terrorisme held fram med å spreia død, kaos og frykt.

Forsterka frykt

Den srilankiske frilansjournalisten Tasnim Nazeer skriv i den engelske avisa The Guardian at politikarar og politi i Sri Lanka lenge har gjort altfor lite for å stoppa diskriminering og forfølging av kristne og andre religiøse minoritetar. «Det vil endra seg no, men det er altfor seint», skriv ho.

Nazeer er fødd i Storbritannia med foreldre frå Sri Lanka. Ho vart oppskaka av terroren mot bedande muslimar i Christchurch 15. mars. Nazeer som sjølv er muslim, reagerte på same fortvilte måten etter terroren mot påskefeirande kristne i Sri Lanka.

Nazeer drog for ei tid sidan til Sri Lanka for å rapportera om anti-muslimsk vald, utløyst av den ekstremistiske buddhistiske nasjonalistgruppa Bodu Bala Sena. Ho merka frykta og kom over flygeblad med hatefulle angrep både mot muslimar og kristne.

Ho skriv at angrepet på metodistkyrkja i Anuradhapura palmesøndag forsterka frykta blant kristne. «Kvifor må vi venta på ein tragedie av dette omfanget for at dei mektige skal vakna opp og lytta til folket i Sri Lanka?» spør Tanzim Nazeer. Ho legg til: «Sri Lanka må stå saman mot dei som prøver å skilja oss.»

Fred og forsoning
Leiarar i ulike kyrkjesamfunn har lenge vore involverte i freds- og forsoningsarbeid etter borgarkrigen. Det er utbreidd vilje til å leva i fred. Muslimar er blant dei mange som protesterer mot terroren.

Forsoningsarbeidet etter borgarkrigen må halda fram. Regjeringa i Sri Lanka må innsjå at det er behov både for sanning og forsoning – og for vern om minoritetar. I motsett fall kan det som eingong vart kalla «gledas øy», gå ei ny mørk tid i møte.

 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Pride har nådd sin peak
av
Tonje Gjevjon
26 dager siden / 8366 visninger
Vi som ikkje forstår Pride
av
Emil André Erstad
27 dager siden / 6320 visninger
10 grunner for ikke å delta i Pride-parader
av
Øivind Benestad
rundt 1 måned siden / 5234 visninger
Sangens elv stopper opp
av
Harald Bjørkøy
21 dager siden / 3367 visninger
Isolerte menigheter
av
Vårt Land
16 dager siden / 2646 visninger
Det er normalt å bli eldre
av
Magne Nylenna
24 dager siden / 2165 visninger
Sant og usant fra Lomheim
av
Merete Thomassen
12 dager siden / 1985 visninger
Oase og snever kritikk
av
Vårt Land
10 dager siden / 1739 visninger
En verdig død for alle
av
Marie Aakre
14 dager siden / 1714 visninger
Den tunge arven
av
Ingrid Nyhus
10 dager siden / 1570 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere