Johannes Eggen Mundal

Alder: 50
  RSS

Om Johannes Eggen

Kristen småbarnsfar. Økobonde. Skribent. Utdanna innanfor media, forfattarutdanning frå Bø, agronom. På Twitter: @MANNmedGREIP

Følgere

Ufin kamp om kristne veljarar

Publisert rundt 5 år siden - 2010 visninger

Kva for paradis blir det i Norge om Hanvold får det slik han vil med Frp som styrande makt? Først og fremst blir det eit samfunn der kapitalismen legg alle føringar.

Alle som les aviser har fått med seg ufine kampar mellom og innanfor mange politiske parti denne valkampen. Meir usynleg for dei fleste føregår ein kamp om dei kristne veljarane. Ein kamp som ofte er prega av sterke skuldingar og fantastiske konspirasjonsteoriar.

Mange skuffa Krf-veljarar søker mot Frp som eit frelsande parti som skal stoppe avkristninga av Norge. Men på den blåblåaste sida dukkar det gong på gong opp konkurrentar om dei kristne veljarane. I år stiller til val eit parti med det monopoliserande namnet «Dei kristne», som om dei hadde guddommeleg einerett på å vere politisk kristne. Eg møtte ved eit tilfelle ein av stortingskandidatane deira i sommar. Då forstod eg namnetvalet til partiet. Ho var full av forakt og negativ omtale av Krf og namngjevne Krf-politikarar, på ein måte eg slett ikkje assosierar med kristendom og kristen nestekjærleik. Dei kjenner seg kalla av Gud og Han sjølv skal syrgje for at dei kjem inn på Stortinget, hevdar dei. Eg tykkjer det då er undarleg at dei sjølve trur så lite på denne visjonen at dei er nøydde til å bruke valkampen til å rakke ned på Krf og alle andre (bortsett frå Frp) på ein måte som er heilt framandt for mitt bilde av kristendom.

Eg spurde «Dei kristne»-førtekandidaten om fleire politiske emne. Kva slags klimapolitikk har dei? Eg fekk då vita at klimapolitikk har vorte ein religion, at dei ikkje har noko punkt om det i programmet sitt, og at eg som kristen bør vite at jorda er som eit laken som etter kvart blir utslite, og at det er det som skjer med jorda. Tanken om at klimaproblema har med menneska å gjere, eller at dei kan vere menneskeskapt, er ein idè oppfunne av FN og norske sosialistar med eitt føremål: å vri mest muleg skattar og avgifter ut av norske skattebetalarar. Ein meir tydeleg konspirasjonsteori har ikkje eg møtt denne valkampen, ikkje ein gong hos Frp. Men ein ting trur eg felles med det politiske partiet «Dei kristne», og det er at Gud vil plassera dei der dei skal vera etter 9. september.

Grunnleggjaren av den kristne tv-kanalen Visjon Norge, Jan Hanvold, brukar facebook aktivt for å påverke folk til å stemme Frp. Om Frp og «Dei kristne» får styre vil Norge bli eit paradis, hevdar han. Då han blei frelst forstod han kva åndsmakter som driv sosialistane. Det er antikristelege straumar som fornektar Gud og evangeliet. I ein nabostatus skriv han: «Krf er sosialister, som vil ha opp bensinpriser og skatte folk ihjel. Krf er et parti som ikke er å stole på.» I andre statusar skriv han: «Ikke kast bort stemmen dine på Krf. Det var med å avkristne Norge i 2012 og har avkristnet sitt selv selv i 2013.» og «Krf har lenge nok manipulert sine velgere. Det er godt at flere og flere skjønner dette.» Eg reknar med at kristne flest forstår korleis Hanvold prøver manipulere sine fylgjarar.

Jan Hanvold avslører sjølv at det han skriv om norske politikarar byggjer på forakt. I ein status skriv han: «Igår var vi samlet i Hokksund Rådhus. Der fikk vi ennå større politiker forakt.» Og eg trudde at kristne skulle be for og velsigne dei som styrer i landet, ikkje forakte dei eller spreie hatfulle ord om dei!

I nesten kvar einaste status ser det ut som målet er å rakke ned på Krf og sosialistar grovast muleg, med tal og skuldingar som er meir eller mindre sanne. Dei raudgrøne, desse antikristelege sosialistane, har i det heile mykje på samvitet. Det er dei som har skulda for at det oppstod brann i Gudvanga-tunnellen, og for at bilistane måtte lide i bilkøar på grunn av omkøyringane etterpå. Det er dei raudgrøne sin feil at folk køyrer seg i hel på norske vegar, fordi vegane er for smale. I heile tatt har sosialistane ikkje gjort anna enn å bygge opp byråkratiet dei siste åra, og gitt blaffen i alt anna som skulle vore gjort.

 Men kva for paradis snakkar Hanvold eigentleg om? Ein kan få inntrykk av at eit samfunn utan sosialistar eller Krf er ein god start. Det er visst ikkje så ille her på Vestlandet forresten: «Det er befriende å være på vest-landet. For her er det lite sosialister, å mange kristne,» skriv Hanvold. For han er nok kombinasjonen kristne sosialistar utelukka. Dei tilhøyrer nok ikkje hans målgruppe.

 Kva for paradis blir det i Norge om Hanvold får det slik han vil med Frp som styrande makt? Først og fremst blir det eit samfunn der kapitalismen legg alle føringar. Det blir ikkje mykje paradis av at Mammon styrer landet! I tillegg vert desse punkta gjennomført: Aktiv dødshjelp. Prostitusjon likestillast med «andre sørvisyrke». Staten skal ikkje setje grenser for porno. Sekskjøpslova skal opphevast. Tobakk og alkohol skal bli meir tilgjengeleg. Grovt sett skal det bli meir liberalistisk politikk på alle områder som dei kristne veljarane vil ha mindre liberalisme. For meg liknar ikkje dette på noko bibelsk paradis. Det liknar på eit samfunn som ikkje skil seg mykje frå dagens Norge.

 

Johannes Eggen Mundal

Gå til innlegget

Samfunn med psykopatiske trekk?

Publisert over 6 år siden - 590 visninger

Kvar er den norske solidariteten vi skryt av i det sosialdemokratiske, sokalla raudgrønt styrte landet vårt, når vi kastar ut uskuldige born som snakkar perfekt norsk og har budd heile livet i Norge?

Og det gjer vi medan den eine representanten for regjeringa etter den andre fråskriv seg ansvaret for den totalt empatilause handaminga av borna, og seier det er foreldra si skuld.

Då eg for to år sidan i eit innlegg i BT skulda den norske regjeringa for å bryte FN sin barnekonvensjon, hadde eg venta å få motstand mot den påstanden. Det var berre slike som Nina Karin Monsen som hadde skulda regjeringa for slikt før det. Eg fekk berre gode tilbakemeldingar for det innlegget, og ingen stilte spørsmål ved påstanden om at Norge bryt Barnekonvensjonen. No står fagperson etter fagperson frå ulike fagområder og etatar som har med barn å gjere fram i media og seier det same: Norge bryt Barnekonvensjonen og andre internasjonale konvensjonar i si handsaming av barn.

Den hjartelause og kalde måten norske styresmakter har godkjent som metode for å bryte ned menneskeverdet, sjølvbildet og sjølvkjensla til barn er svært likt psykopaten si bereknande, kalde og empatilause nedbryting av menneske dei ikkje likar, eller som berre tilfeldigvis står i vegen for at psykopaten skal oppnå det han ynskjer i sine egoistiske ambisjonar.

Uansett kva einskilde foreldre har gjort feil så har ikkje den norske stat rett til å handsame uskuldige barn på ein slik måte! Bortforklaringane og det å overføre skulda for brotsverka til andre er også typisk psykopaten, på same måten som det å setje seg over lovverk og reglar, i dette tilfelle Barnekonvensjonen, er typisk for psykopaten.

Psykopatar i skikkelse av einskildpersonar vert dømde for ugjerningar dei har gjort. Det hadde ikkje vore feil om ein slik praksis med psykiske overgrep mot barn gjort av ein stat vart straffa av eit internasjonalt regelverk. Og internasjonalt er det vel ikkje så lett å få gjort om ein diagnose til schizofren paranoid heller…

Gå til innlegget

VIL HA!-samfunnet

Publisert over 6 år siden - 663 visninger

Dessverre får samfunnet vårt sterkare trekk av narsissisme, kall det gjerne «Vi vil ha!-samfunnet». Og sjølv om barn sine rettar vert styrka på papiret, så er det barna og deira rettar som tapar når dei vaksne kjempar egoistisk for sine rettar.

For i den kampen vinn grupper heilt eller delvis fram med sine vil-ha-saker, medan barna ikkje når fram. Slik kan det i alle fall sjå ut. 5-6-åringar som har budd her i landet heile livet blir kasta ut på ein umenneskeleg måte, trass i at Norge har dom mot seg for å bryte Barnekonvensjonen i slike saker. Vi vil ikkje dele alt det gode vi har. Men heldigvis er det nokon som seier frå at statleg empatiløyse burde ha grenser.

Vi vil ha barn! I debatten om folk sin rett til å få barn er det ikkje lett å stå fram med argument om barna sitt beste. Eg har lagt merke til at når nokon viser til forskning og rapportar om at barn treng både far og mor (kven treng forskning til å forstå det?), så vert ikkje argumentasjonen tilbakevist, men dei som kjem med argumenta vert avfeia med at dei talar mot einslege kvinner, lesbiske og homofile sinRETTtil å få barn. Kven har bestemt at det er ein menneskerett å få barn? Og korfor skal ikkje barna sitt beste få plass i den diskusjonen?

Vi vil ha psykologen! Barna tapar den kampen også! «I psykiatrien er pengeressursane så knappe,» sa ein lege ein gong til meg, «at det er ofte slik at det er dei som står på mest for å få hjelp som får det.» Dei mest ressurssvake tapar i dette systemet. Og oftast er det barna her også. Det betyr ikkje at dei som står på for å få hjelp ikkje treng hjelp, men det kan bety at det er barn og unge som treng det like mykje, men som ikkje når fram i systemet og får den hjelpa dei burde hatt, fordi pengane ikkje strekk til.

Vi vil ha kommunepengane! Barna tapar! I Sogndal er pengane tilPPT-tenestene i kommunen skore ned slik atPPThar gitt melding til Helsestasjonen og andre om at det ikkje vert teke inn nye tilfelle til vurdering dei næraste tre månadane. Om eit barn lir av psykiske lidingar eller «berre» har alvorleg nedsett språkutvikling så har Sogndal kommune ikkje råd til å ta desse inn til vurdering. Tre-fire-fem månadar er alvorleg lenge for eit lite barn. Den køen som vert lagt i skuffa i tre månader vil komme til å vekse så lenge Sogndal kommune nedprioriterer å bruke pengar på barn som treng hjelp. Dette er starten på å bygge opp ein veksande kø både i tal barn og tal månader ventetid. Eg tvilar på at Sogndal kommune har lov å gjere dette både ut frå norsk lov og ut frå FN sin barnekonvensjon. Korfor ikkje bygge ned tilbodet på Helsestasjon for barn og unge også? Korfor skal Helsestasjonen bruke tid og ressursar på å kartlegge barn sine behov og skrive brev om alvorleg uro for barn når kommunen ikkje har råd å fylgje dei opp i neste nivå?

Narsissistar i form av enkeltindivid vert sett på som problematisk for samfunnet. Likevel er vi i ferd med å skape eit narsissistisk vi-vil-ha-samfunn. Frp-politikaren Frank Willy Djuvik set ord på dei narsissistiske trekka når han seier på twitter at «Enkeltindivid sine rettar til eige liv, eigen eigedom og ytringar skal alltid gå føre andre sine behov!» Sjølvsagt har enkeltindividet rett til eige liv, eigedom og ytringar, men når desse rettane alltid skal gå før andre sine behov, til dømes barn sine behov, så er ein viktig menneskeleg dimensjon borte, og narsissismen står naken att. For våre barn si skuld må vi styre i ei anna retning!

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere

Siste kommentarer

Sigurd Eikaas kommenterte på
Matematikk og evolusjon
10 minutter siden / 5206 visninger
Åge Kvangarsnes kommenterte på
En trist nyhet om Smiths Venner
14 minutter siden / 1453 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Matematikk og evolusjon
19 minutter siden / 5206 visninger
Svein Ausland kommenterte på
Klassisk miljøvern vs. klima
21 minutter siden / 44 visninger
Gjermund Frøland kommenterte på
Matematikk og evolusjon
37 minutter siden / 5206 visninger
Hermod Herstad kommenterte på
Matematikk og evolusjon
42 minutter siden / 5206 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Matematikk og evolusjon
rundt 1 time siden / 5206 visninger
Øyvind Hasting kommenterte på
Kjønnsforskning som skyteskive
rundt 1 time siden / 373 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Matematikk og evolusjon
rundt 1 time siden / 5206 visninger
Sigurd Eikaas kommenterte på
Matematikk og evolusjon
rundt 1 time siden / 5206 visninger
Gunnar Søyland kommenterte på
Kjønnsforskning som skyteskive
rundt 1 time siden / 373 visninger
Are Karlsen kommenterte på
Matematikk og evolusjon
rundt 1 time siden / 5206 visninger
Les flere