Karl Johan Hallaråker

Alder: 75
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Ein skule for framtida

Publisert nesten 8 år siden

Nå er tida inne for ein fordomsfri og kreativ skuledebatt. Betre skule, betre løysing av tidsklemma og meir kvalifiserte lærarar for verdimøtet i skulen er nokre av mine poeng i denne artikkelen.

Arbeidet med å forma ut politikken for neste stortingsperiode er i gang. Utdanningspolitikken vil vera eit sentralt område. Tillet meg å peika på nokre viktige felt til drøftinga:

1. Vi treng drøfta eit meir heilskapleg undervisningsopplegg. I dag har vi meir enn eit tredelt opplegg for borna våre – skule , foreldrebetalt skulefritidsordning (SFO) og foreldrebetalt kulturskuletilbod pluss pluss. Heile opplegget kombinert med dei mange kulturelle fritidstilboda gjer at familien og borna kjem i ein sterk skvis og har store utfordringar til logistikken for å meistra tidsklemma. Mange har lite tid for kvarandre. Eit meir heilskapleg opplegg kan både bli betre for borna og gje betre tid for familien samla. Vi må vera villige til å tenkja nytt om ”heildagsskulen”. Vi må også erkjenna at foreldra sine føresetnader for å gje borna leksehjelp og pedagogisk oppfølging, har store skilnader. Det er trong for fagleg pedagogisk hjelp som på elevane sine premisser kan koma alle til gode på likeverdig måte. Eg trur at det er ikkje spørsmål om vi får ”heildagsskule”, men når og korleis han skal formast. Det er trong for nye kreative grep. Gamle kjepphestar må ikkje hindra konstruktive løysingar for framtida.

2. Frie skular må få likeverdig status i høve til både anlegg og innhald. Ein offentleg skule utan slik gjennomførbar rett, har diktaturet og einsrettinga som endestasjon! Retten til frie oppsedings- og utdanningsinstitusjonar er eit viktig barometer på åndsfridom og toleranse i eit samfunn. I dag er denne retten innsnevra m.a. på eit vesentleg felt. Dei frie skulane får ikkje støtte til anlegga. Det går ikkje an å seia at frie skular har likeverdige vilkår når staten oppfører seg som om dei kan undervisa under open himmel. Den såkalla husleigekapitalen må inn for fullt. Dagens ordning favoriserer dei ressurssterke! Slik verkar den raud-grøne utdanningspolitikken.

3. Vi må få tilbake kristendom, religion og livssyn som obligatorisk fag i lærarutdanninga. (RLE er heller ikkje godt nok.)Det er å ta det fleirkulturelle samfunnet på alvor. Det er tragisk at i dag snakkar alle om toleranse og integrering som honnørord, men dei som skal oppseda dagens og morgondagens unge til gagns menneske i samfunnet, får ikkje med seg den faglege ballasten som dei treng for oppgåva. Eg trur faktisk at mange av dei frie skulane handterer verdimøtet mellom elevane på betre fagleg måte enn mange av dei offentlege skulane. Det har lenge vore friskulemotstandarane sine argument om at det er så viktig at alle går i den offentlege skulen der ulike verdisett møtest. Det er sjølvsagt manglande innsikt i at også dei frie skulane har born og unge frå ulike livssyn og religionar. Men det blir ekstra underleg når vi ikkje har ei lærarutdanning som kvalifiserer for dette verdimøtet på fullgod måte. Det hastar med å gjera nye grep her først og fremst for elevane si skuld. Men det er også eit moment til: Den endringa som skjedde for nokre år sidan med at faget blei ute av den obligatoriske delen av lærarutdanninga, har gjort at mange av høgskulane byggjer ned og salderer bort viktige fagmiljø som det har teke årtider å byggja opp. Dette er langsiktig kapitaløyding i norsk skulehistorie som kan få store både faglege og økonomiske konsekvensar å byggja opp på nytt. Difor hastar det! Vi treng ein ny kreativ, fagleg og verdibasert skuledebatt fram mot neste val.

Karl Johan Hallaråker, tillitsvald KrF

 

Gå til innlegget

Israel, Gud og vegen mellom dei to grøftene

Publisert nesten 8 år siden

Eg har tidlegare kort kommentert debatten etter Per Haakonsen sitt foredrag i Sarpsborg KrF. Det er tid for å utdjupa litt meir. Difor dette nye innlegget.

Di meir eg følgjer med i debatten etter foredraget i Sarpsborg KrF, kjenner eg trong til å utdjupa eigen ståstad etter den første korte kommentaren min. Oppmodingane til å skriva har også komme frå mange hald. Vegen går mellom to grøfter. Kritikken frå fleire politiske hald og dei store sekulære media har eit tydeleg sekulært preg. Gud har ingen ting å gjera med livet. Om han i det heile finst, får han halda seg i ro og opptre som den snille bestefar han bør vera. På den andre sida har vi altså Haakonsen si konkretisering der han meiner seg å kjenna Guds domshandling.

LES HEILE FOREDRAGET TIL PER HAAKONSEN HER

I denne situasjonen er det viktig at vi både som kristne og kristne samfunnsengasjerte menneske held oss på vegen, og ikkje let oss fanga inn i nokon av grøftene. Vi må halda fram at Gud er vår skapar og oppehaldar av alt liv. Vi har å gjera med den levande Gud både i truslivet og livet vårt i denne verda. Ingen ting er framand for han. Den kristne forkynninga har også som si oppgåve å forkynna overfor samfunnet. (Sjå utfyllande i mine to bøker – ”Kristen politisk tenking” (Sambåndet forlag) og ”Vi tror sammen” (Lunde forlag).

Overfor samfunnet har forkynninga ei rettleiande og profetisk oppgåve: Når styresmaktene fører folket på gal veg, skal dei høyra ordet som både rettleier, refsar og fortel kva konsekvensar den feile vegen kan føra med seg. Etter mi vurdering må bibeltru etisk forkynning tala styresmaktene imot når dei handlar i direkte strid med Guds openberra vilje. Om det aldri så mykje vekkjer motseiing, kan vi ikkje teia. Lova som gjev rett til å ta ufødd liv (lova om fri abort) og lova som set Guds skaparordning om ekteskapet mellom kvinne og mann til sides, er tydelege døme på trongen for slik tale. Det er også viktig at kristne politikarar ikkje på den eine sida markerer skilje mellom politikk og kristendom, men straks nokon blandar det for mykje, argumenterer dei straks som politikarar imot med teologisk (dårleg) argumentasjon. Her må vi som kristne samfunnsaktørar halda tunga beint i munnen når vi opptrer i det verdslege regimentet.

Etter mi vurdering er det også rett å halda fram tilhøvet til det jødiske folk i forkynninga. Vi kjem ikkje forbi at ordet om velsigning og forbanning ( 1Mos. 12) relatert til Guds augnestein (Sak. 2:12), framleis er gyldige. Gud vaker over ordet sitt. Men så er det viktig at ein ikkje hamnar i grøfta med sin refs. Det er mange av oss som meiner at Håkonsen gjorde nettopp det med å konkretisera Guds dom med tragiske hendingar i vår nyare historie med å nemna at tragedien med Aleksander Kjelland ulukka og tragedien 22. juli i fjor. Teologisk går ein då over ein fundamental og prinsipiell strek der ein meiner seg å ha innsikt i ”den skulte Guds” vilje og handling. ”Det dulde høyrer Herren til”, seier Bibelen. 5Mos.29:29. Det er mykje som tyder på at dette har å gjera med grunnleggjande ulik forståing av den bibelske gudsopenberringa/forståinga, og ikkje berre gjeld ulik vurdering av Guds handling i verda. Dette er spørsmål vi bør sjå nærare på etter denne debattrunden. Vi må ikkje gløyma at det er grunnleggande skilnad mellom kristen og islamsk gudsforståing og mellom den bibelske Guds og Koranens Allahs handlemåte. Folkepedagogisk må eg også seia at den konkretiseringa som Håkonsen tok fram, blei ekstra uheldig rundt halvårsmarkeringa for den tunge tragedien som ramma oss alle. Det kan også få den konsekvens at fleire blir enno meir tilbakehaldande med å ta fram den nødvendige forkynninga retta mot samfunnet.

Som venner av Israel skal vi med stort frimot tala Israels og det jødiske folks sak både i kyrkje og samfunn. Sjølv har eg gjort det i fleire bøker og i utallege foredrag. Vi skal også med stort frimot konfrontera styresmaktene med våre ideal. Vi kan nok aldri venta applaus frå media. Men det er også viktig å ta med eit momento til oss israelsvenner. Vi må vera varsame med å bruka Gud imot kvarandre i våre politiske vurderingar av staten Israel og partifloraen av politiske løysingar. Å ta Gud til inntekt for standpunkt langs høgre/venstre skalaen i israelsk politikk tener lite kampen for auka respekt for omsorg for det jødiske folk utafor eigne snevre rekker. Vegen går alltid mellom dei to grøftene.

Karl Johan Hallaråker, teolog og KrF-tillitsvald

Gå til innlegget

Den store testen

Publisert rundt 8 år siden

Rettspsykiatarane sin konklusjon utfordrar utan tvil. Men nå skal rettssamfunnet prøvast.

Sjølv var eg ikkje overraska over denne faglege konklusjonen. Eg har stor forståing for at det kan krevjast ein ny rapport for å bli enno meir sikker i eit så alvorleg tilfelle. Det kan vera viktig både for Breivik sin rettstryggleik og den generelle rettstryggleiken i samfunnet. I alle fall må vi mana alle til å førehalda seg til faglege medisinske og rettslege vurderingar. Politikarar må særleg halda seg i skinnet for å kommentera for mykje. Deira oppgåve blir i ettertid å sjå på lovverket ut frå den allmenne lærdom ein kan trekkja på objektivt grunnlag. Eg må tilstå at eg reagerer særleg på Per Sandberg sin hurtige uttale som tydeleg er blotta for fagleg innsikt. 

Karl Johan Hallaråker 

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Juleangst og julelettelse
av
Aud Irene Svartvasmo
22 dager siden / 1783 visninger
White Christmas
av
Hilde Løvdal Stephens
30 dager siden / 1386 visninger
Min drøm for 2020
av
Ragnhild Mestad
18 dager siden / 1137 visninger
Hva Ari Behn åpenbart gikk glipp av
av
Leif Knutsen
22 dager siden / 1080 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
2 dager siden / 844 visninger
Storpolitikk i religionens vold
av
Ingrid Vik
12 dager siden / 811 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
rundt 1 måned siden / 811 visninger
Selvgodt norsk snobberi
av
Espen Ottosen
rundt 1 måned siden / 767 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere