Karl Johan Hallaråker

Alder: 75
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Velferdsordningane under lupa

Publisert over 7 år siden

Det er eit tankekors at det er når velferdsordningane når til fattigfolk at det blir ropt om tetting av smutthol. Har regjeringa tenkt på signaleffekten?

Om ein er i ferimodus eller ikkje, ingen kan ha unngått å legga merke til debatten om romfolket som har komme til hovudstaden. På avstand skal eg vera varsam med å fordela skuld og ansvar. Situasjonen synest å vera vanskeleg. Eg vil berre håpa at folk tenkjer seg om før dei kjem med sterke utfall. Hugs det er mennesket det gjeld, lyder eit gamalt momento.- Det er høgaktuelt her. Eg har hug til å kommentera to poeng. Det første gjeld dei mange hatefulle ytringane som vi er vitne til. Dette er ei stor skam både for dei som kjem med slikt og for oss alle som nasjon. Her må vi stilla opp med å seia imot og ta avstand frå slikt grums kvar gong vi møter det. Kvart menneske er unikt og har same verdi kven dei enn er. Det er det einaste menneskesynet som kan forsvarast! Det andre er spørsmålet om velferdsordningane. Noreg har gode velferdsordningar. Det er ikkje overraskande at dei blir brukte og (mis)brukte. Det siste er det all grunn til å sjå nøye på. Dersom ordningane skal fungera og ikkje vekka harme og det som verre er, må ein passa på at bruken er rettferdig og at ordningane har respekt hos folk flest. Det eg likevel reagerer på nå er at spørsmålet om å tetta misbruk, kjem opp nå når det gjeld nokon av dei mest fattige og ei av dei mest utsette gruppene. Her har regjeringa ei utfordring. Når dei reiser temaet i situasjonen om romfolket, står dei i fare for å bera ved til bålet med dei hatefulle ytringane. Dette er ingen god opptakt til 22 juli markeringa denne veka. Karl Johan Hallaråker

Gå til innlegget

Ekteskap og samliv i lovverket

Publisert over 7 år siden

Det er ikkje lett å læra av historia. All PR er ikkje god PR. Det er kort oppsummering etter framlegginga frå programkomiteen i KrF av første utkast til neste stortingsprogram. Men godt vi har ein partileiar som hurtig evna å rydda opp.

Programkomiteen i KrF fekk sanneleg merksemd om sitt første utkast til neste stortingsprogram. Men det er eigentleg utruleg korleis ein kan rota det til både for seg sjølv og for andre. Men la det vera sagt: Vi skal syna respekt for komiteen sin intensjon om å finna løysingar på vanskelege dilemma omkring ektskapslovgjevinga.  Likevel må vi få lov å seia at resultatet var ikkje det største politiske handverket. Som tillitsvald i partiet får eg vera med å gje til kjenne mine vurderingar på fleire plassar i prosessen. Difor har eg venta litt også med å kommentera saka offentleg for mykje. Men eg tillet meg nå å leggja fram nokre av mine tankar. Dei er ikkje nye. Eg kommenterte på liknande måte før partnarskapslova blei vedteken.

Eg ønskjer at lovverket skal stadfesta den juridiske relasjonen mellom ei kvinne og ein mann med nemninga ekteskap, og dei følgjene det så må ha i lovverket på relaterte område. Både prinsipielle grunnar og tusenårig historie med ulike kulturar, tru og livssyn gjev gode grunnar for det. Difor er det ein prinsipiell skilnad mellom dette synet på ekteskapet og den kjønnsnøytrale lova vi har idag. Eg skal ikkje her ta med vurderingar om kva kulturpolitiske konsekvensar den nye lova vil få for generasjonar som kjem. Eg skulle ønskja at fleire politiske parti ville snu.

Ekteskapet er ei samfunnordning og ikkje ei kyrkjeordning. Vi lærde også i skulen (då eg var barn) at dette ekteskapet er grunncella i samfunnet. At ekteskapet må definerast i samfunnet og ikkje berre er ei trussamfunnssak, tør også vera klart. For KrF som kristeleg verdiparti, ville jo noko anna også vera sjølvutslettande. Eg håpar ingen finn på å rokka ved dette i partiet. Skulle folkemeininga vera annleis, bør ingen tru at oppheinga av ekteskapet mellom kvinne og mann blir valmagnet for KrF.

Staten må også finna ordningar i lovverket for to som vil leva annleis - sambuarar eller i lesbisk eller homofilt samliv. Her har ein diverre korkje i kyrkje og bedehus eller i deler av partiet tala like klokt alltid. Det vil ikkje skada å gå gjennom argumentasjon og premisser som har vore brukt gjennom åra. Vi kan ikkje overføra talen i det kyrkjelege rom - om kva som er kristeleg etisk rett - til statens lovordning. Då endar vi i det eg vil kalla kristeleg sharia-tenking. Både av omsyn til partnarane og born i forholdet er det viktig at staten har ryddig lovverk. I samfunnet skal vi alle leva i respekt for kvarandre utan diskriminering.

Norsk lovverk gjev trus- og livssynssamfunn rett til å føreta vigsel. Det er mange diskusjonar om det etter at landet fekk den kjønnsnøytrale ekteskapslova. Det er ein premiss ved innføringa av den lova som mange nå synest å gløyma: Fleire parti som utgjorde fleirtal for den nye lova, understreka den gong trussamfunns rett til å halda på sin to-kjønna vigselsliturgi. Etter mi vurdering er difor denne ordninga del av det norske vigselslovverket. Her håpar eg at fleire parti vil gå med KrF i kampen for å verna om denne retten utan å driva politisk press for å få endring.

Som sagt er dette vesentlege poeng i mine vurderingar om korleis kristen politisk tenking kan legga løpet for ekteskap og samliv i lovverket. Eg håpar at det endelege stortingsprogrammet endar opp med eit offensivt opplegg som klokt inkluderer alle.

Karl Johan Hallaråker, teolog og leiar i Bergen KrF

Gå til innlegget

Nabintu Herland bør beklage

Publisert over 7 år siden

Nabintu Herland bør beklage, ikkje bortforklare.

Eg konstaterer at Hanne Nabintu Herland i sitt svar til meg praktiserer den gamle regelen om at angrep er beste forsvar. At ho angrip meg for artikkelen min toler eg, også at ho prøver å fortelja kva ho meinte å seia.

LES MIN ARTIKKEL: På kollisjonskurs med kristne verdiar

LES NABINTU HERLANDS SVAR: Jeg har ikke noe å beklage

Eg kommenterte det ho faktisk sa, og i den samanhengen ho sa det, og slik ho rett blei oppfatta i debatten vidare. Det ho sa var altså at ho beklaga at ikkje politiet skaut massemordaren på staden for at pengane som går med til rettssaka, kunne vore brukt til gode formål. Ho hylla også fransk politi som drap seriemordaren i Toulouse. Den samanlikninga var forresten dårleg. Saka var at i Frankrike prøvde politiet å ta han levande, men med sjølvmordsbombe flykta han. Då var konklusjonen naturleg.  På Utøya overgav mordaren seg.

Godt ønskje. Det Herland skriv om at politiet skulle vore der før og stoppa han for å berga liv, er eit ønske som visseleg alle (inklusive politiet) deler. Vi skulle også ønskt at han blei avslørt før eit einaste liv gjekk tapt. Men evalueringa av både PST og politiaksjonen denne lagnadstunge dagen, får vi rikeleg høve til å koma tilbake til når 22. juli kommisjonen kjem med sine vurderingar. 

Herland si konstatering om massemordaren sin motsette posisjon i høve til kristne verdiar, bør ingen vera usamde om. Når ho prøver å seia at «Det er ytterst underlig at Hallaråker hevder at det er imot det kristne verdisyn å følgje Paulus «anmodning» (om at styresmaktene si oppgåve i rettsstaten er å verna lovlydige borgarar mot lovbrytarar), må eg seia er reine oppspinnet. Det er faktisk ikkje det denne saka handlar om. 

Beklage. Eg ønskjer Herland alt godt i engasjementet hennar. Men ho hadde tent på å beklaga sin opptreden i Debatten i staden for å bortforklara det ho faktisk sa. 

Med avgrensa spalteplass kommenterer eg kort Jan Pedersen (Vårt Land 20.04.) og Ivar Kristianslund (Vårt Land 21.04.) sine merknader til min artikkel. Til Kristianslund vil eg berre seia at spørsmåla han tek opp om administrering av abortlova har vore rikeleg debattert i KrF sidan landsmøtet i Tønsberg 1981 etter at abortlova kom. Lite nytt er å tilføya.

Om annonsen hans i Dagen viser eg til at sjefredaktøren klokt har beklaga at den kom på trykk. Det seier nok. Eg legg berre til at eg gjerne såg at Dagfinn Høybråten framleis var helseminister. Då hadde mangt vore positivt annleis i norsk helsevesen. Mellom anna hadde fastlegar hatt vern om sitt samvit. Eg skulle også ønskt at KrF hadde fleirtal i Stortinget for ufødde sitt livsvern. Det er smerteleg skamplett og uverdig vår rettsstat at det ikkje er slik.

Sjølvoppfyllande. Jan Pedersen spør (Vårt Land 20.04.) om KrF si saklege grunngjeving for støtte til den nye paragraf 2 i Grunnlova. Eg viser til kva partleiinga har sagt like frå kyrkjeforliket i 2008. Dersom Pedersen meiner det ikkje er sakleg, får eg ta det til etterretning. 

Men når vi påstår konsekvensar av ulike vedtak, bør vi passa oss for ikkje å koma med «sjølvoppfyllande profetiar». Vi bør vere varsame med å påstå at ting vil skje, som dei som står for nettopp det, i neste omgang kan bruka til å få gjennomslag for sine ønske. Når det gjeld den nye verdiparagrafen i Grunnlova paragraf 2 om «kristen og humanistisk arv»,  trur eg ikkje vi bør tala om opninga for at islam og andre religionar skal ta over, men heller fokusere på at den kristne forankringa og den «kristne» forståinga av humanismen er viktig premiss for sann religionsfridom og inkluderande toleranse. Det er all grunn til å merka seg at Humanetisk Forbund ikkje fekk gjennomslag for sine ønskje om paragrafen.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 24. APRIL 2012

Gå til innlegget

På kollisjonskurs med kristne verdiar

Publisert nesten 8 år siden

Hanne Nabintu Herlands innlegg i Debatten i NRK var uhyggeleg.

Vi skal vera glade for alle som engasjerer seg for kristen verdikonservativ forankring for landet vårt. Eg er overtydd om at det er beste basis for åndsfridom, toleranse og respekt for enkeltmenneske. Men korleis skal vi føra dette engasjementet på ein tenleg måte? Til vanleg er det naturleg å teia om ein ikkje synest alle utspel er like kloke. Men det finst situasjonar der det siste kjennest som feigt og å tola den urett som kan ramma andre. I det følgjande tek eg fram tre situasjonar der eg opplever det umogeleg å teia:

Forskrekka. Ein av dei store kulturkollisjonane i vår tid er forholdet mellom vår kristne kulturarv i Europa og den aukande påverknaden frå islamsk kultur. Her er store utfordringar både å syna respekt for det ukjende og det som er annleis, til å finna felles knutepunkt og til å drøfta det som er motsetnadsfullt. Men det blir meir og meir tydeleg at ikkje alle er naturlege samarbeidspartnarar i denne dialogen.

Nyleg var det oppslag i media om dei høgreekstreme organisasjonane knytt til European Defence League som møttest i Danmark for å protestera mot islamisering i Europa. Til mi store forskrekking kom det fram at representantar for det norske Kristent Samlingsparti deltok i arrangementet. Det er uforståeleg kva eit parti som vil verna kristne samfunnsverdiar hadde å gjera der. Det er heilt andre metodar og arenaer som bør vera aktuelle for utfordringa frå islam. 

Uhyrleg. Det andre temaet som det same partiet har engasjert seg i, er debatten om ny verdiparagraf i den norske grunnlova. I og for seg ein viktig debatt – der det er viktig å få fram ulike vurderingar. Men eg må tilstå at argumentasjonsmåten frå Kristent Samlingsparti – med Jesus ut or grunnlova  og liknande argument – verkar svært usaklege og svekkar truverdet i kritikken. KrF har gjeve ei sakleg grunngjeving om korleis det nye forslaget kom på plass med eit samla Storting  bak.

Eg trur ikkje mange bit på den usaklege propagandaen frå Kristent Samlingsparti i denne saka. I det same må eg ta med toppen av usaklege påstandar som nådde oss med innrykket i Dagen sist fredag 13. april signert Ivar Kristianslund: Her insinuerer han statskupp og kjem med uhyrlege injurierande angrep på KrF og særleg Kjell Magne Bondevik og Dagfinn Høybråten.

Ingen partnar. Både dei og partiet blir skulda for landssvik og fleire mord på samvitet enn sjølvaste Hitler og Quisling. Etter mi vurdering var innlegget (annonsen) på grensa for det som burde komme på trykk i ytringsfridommen sitt namn. Det er fullt lovleg å vera usamde med både partiet og dei to, men det bør vere grenser for uhyrlege angrep. Med respekt for andre, står KrF og dei to mellom dei fremste politikarane i vår generasjon til fremje av kristne verdiar i landet. Det einaste positive med innlegget må vera at folk flest forstår at Ivar Kristianslund er ingen naturleg samarbeidspartnar i verdidebatten.

Uhyggeleg. Det siste dømet hentar eg frå Debatten NRK 1 sist torsdag 12. april der temaet var den føreståande rettssaka etter terrorangrepet 22. juli. På mange måtar var det ein opplysande debatt godt leia av Erik Wold. Innlegget som mange opplevde som uhyggeleg den kvelden, kom frå Hanne Nabintu Herland. Ho kritiserte politiet for ikkje å skyta Breivik på staden, og moraliserte populistisk om skattekronene som går med til rettssaka. Både rettsstaten sine prinsipp og det kristne menneskesynet viser heldigvis ein heilt annan veg.

Etter starten av rettssaka har vi grunn til å vera stolte over rettsstaten vi lever i. Det var særleg trist at desse synspunkta kom frå Herland. Mange har stor sympati for engasjementet hennar i det offentlege rom for kristne verdiar. Men her var ho på total kollisjonskurs med dei same verdiane. Det vil dessverre framover kunna svekka truverdet hennar i verdikampen på andre område. 

Klok. Døma gjev meg enno sterkare overtyding om at vi skal vera takksame for at vi har eit politisk parti som KrF. Med fagleg tyngde og tydeleg kristen demokratisk tankegang og tilnærming kan vi vera ein sterk og klok reiskap for solid verdiformidling i landet vårt tufta på vår kristne arv. 

FØRST PUBLISERT I VÅRT LANDS PAPIRUTGAVE 18. APRIL

Gå til innlegget

Misjonsfolket og Den norske kyrkja

Publisert nesten 8 år siden

Oppslaget i Vårt land 15.02. og i Vårt Lands nettutgåve på bakgrunn av min artikkel i Indremisjonsforbundets hovudorgan, Sambåndet, denne veka gjer at eg legg artikkelen ut her. Det er ingen refs, men analyse og utfordring både til ImF, NLM og Normisjon som byggjer forsamlingar.

Artikkel frå Sambåndet 2/2005 i serien: Mennesket nær

Kva erfaring tek vi nær til mennesket?

Misjonsstrategi for forsamlingsbygging pregar bedehusland for tida. Sosiologiske og kulturelle faktorar spelar ei vesentleg rolle. I ein hektisk kvardag med store krav til effektiv logistikk for å få alt til å fungera saman, er det lett å forstå at den gamle bedehusstrukturen strevar i motbakke. Denne utviklinga må vi ikkje åndeleggjera eller legga ekstra skuldbører på unge familiar. Difor er eg glad for at eg i mi leiartid fekk vera med å leggja til rette for full nådemiddelforvalting og forsamlingsbygging i bedehuset. Om det starta med skepsis frå andre organisasjonar, er det godt å konstatera at dei kom etter Indremisjonsforbundet både med sakramentforvalting og andre såkalla kyrkjelege handlingar då vi justerte kursen i 1997, - og følgde opp med ImF trussamfunn inklusive vigsel i 2008. Eg er trygg på at vi kom menneske nærare på denne måten.

Når eg nå ei tid har fått reflektera over situasjonen frå utsida, er det noko som slår meg. Eg registrerer at i dei forsamlingsbyggande organisasjonane er det få leiarar med kompetanse og direkte erfaring frå Den norske kyrkja. Eg registrerer også at dei hentar mykje av kompetansepersonar til kurs og leiarsamlingar frå det frikyrkjelege miljøet. Organisasjonane har dyktige folk i administrasjon og styre og det er visseleg kompetente resurspersonar som dei hentar inn frå inn - og utland. Likevel trur eg det er noko vesentleg som går tapt om ein misser kontakten med den store folkekyrkja eller sluttar å dra vekslar på den erfaring og kompetanse som gode medarbeidarar har her.

Mykje av det lokale organisasjonsfolket i bedehusland lever i den folkekyrkjelege situasjonen i bygd og by. Dei treng gode rollemodellar og hjelp frå leiarar som dei merkar har erfaring med det dei snakkar om enten dei kritiserer eller støttar det som skjer i kyrkja. Det er ofte lett å merka om kritikken byggjer på skrivebordsteoriar eller er prega av erfaring frå levd liv. Misjonsfolket i Den norske kyrkja bør ha krav på å læra av gode rollemodellar frå sin eigen kyrkjesamanheng. Nå synest strategivegen å ha fått slagside motsett veg.

Med tanke på sakramentsforvalting, samtale med dåpsfamiliar, sorgsamtalar eller vigslesamtalar og rådgjeving vil dei forsamlingsbyggande organisasjonane og leiarane ha svært stor nytte av hjelp og erfaring frå prestar og andre i Den norske kyrkja. Det må også erkjennast at få åndelege leiarar er nærare folk flest i dag enn prestane i Den norske kyrkja. Vil vi koma folk nær, må vi heller ikkje gløyma at gudstenestene der det store fleirtalet søkjer med dåp og andre kyrkjelege handlingar, er viktige møtestader for å koma folk nær. Eg nøler ikkje med å be misjonsfolk vurdera om dei ikkje nettopp må vera der slik at naboane som kjem med dåpsbarnet, ser at dei har kristne naboar som er med i den åndelege omsorga for dei. Å koma menneske nær skal skje på bibelske premisser. Vi må likevel spørja oss om vi har blitt for redde for ”å skitna” oss til slik at vi sviktar å vera menneske nær. Eg spør…

Karl Johan Hallaråker, tidlegare generalsekretær

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Juleangst og julelettelse
av
Aud Irene Svartvasmo
22 dager siden / 1783 visninger
White Christmas
av
Hilde Løvdal Stephens
30 dager siden / 1386 visninger
Min drøm for 2020
av
Ragnhild Mestad
18 dager siden / 1137 visninger
Hva Ari Behn åpenbart gikk glipp av
av
Leif Knutsen
22 dager siden / 1080 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
2 dager siden / 844 visninger
Storpolitikk i religionens vold
av
Ingrid Vik
12 dager siden / 811 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
rundt 1 måned siden / 811 visninger
Selvgodt norsk snobberi
av
Espen Ottosen
rundt 1 måned siden / 767 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere