Karl Johan Hallaråker

Alder: 75
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Den norske kyrkja og samfunnet

Publisert nesten 7 år siden

Stålsettutvalet si innstilling gir grunn til reflektert debatt. Her skal eg ta fram eitt felt - tankar om Den norske kyrkja sin plass i samfunnet

Stålsettutvalet si innstilling om det trus- og livssynsopne samfunn har gitt høve til ny debatt om vesentlege verdispørsmål for landet vårt. I denne kommentaren skal eg konsentrera meg om eit saksfelt, nemleg vurdering om Den norske kyrkja (Dnk) sin plass i samfunnet.

Utvalet (=fleirtalet) er oppteken av at tidlegare privilegier må bort, og at fellesoppgåver som Dnk har hatt med t.d. gravferdsforvalting, dødsbod og plass ved nasjonale minnearrangement m.m. må ta slutt.

Eg har stor sans for prinsipiell tilnærming til slike spørsmål som har å gjera med religions- og livssynsfridom. Det same gjeld respekten for at andre trus- og livssynssamfunn blir behandla likeverdig. Debatt om desse spørsmåla må helsast velkommen. Men det eg har registrert til nå, får meg til å reflektera over om korleis prinsipiell tenking kan skiljast frå skrivebordsteoriar? Det undrar meg særleg å registrera korleis ein del representantar for frikyrkjer og organisasjonar meir er opptekne av å svekka Dnk enn å sjå korleis effekten er i møte med verdiutfordringane i samfunnet.

Vi skal verna om trus- og livssynssamfunn sin integritet. Det gjorde ikkje Stålsettutvalet med å stilla lærekrav for økonomisk støtte. Men når representantar for utvalet argumenterer for sekulær stat - utan relasjon til vår kristne kultur og Dnk - med samanlikning med t.d muslimske land som Egypt, - er det noko meir som må seiast. Problemet i Egypt er ikkje relasjonen til islam i og for seg, men islams forhold til andre sin religionsfridom. Det er ikkje for sterkt å seia at det nettopp er vår kristne kulturarv som gir oss vern om respekt og likeverd for alle.

Eg veit at eg som tidlegare organisasjonsleiar nærast er "stigmatisert" for å forsvara kristne organisasjonar og kritiske uttalar mot mykje av det som kjem frå "Kyrkjeleg og særleg bispehald". Biskopar hadde hatt langt høgare respekt i folket om dei uttala seg meir samla klart om bibeltru lære enn alle synsinger om politiske spørsmål. Men det ér ikkje desse problema denne saka gjeld.

Eg kan også legga til at eg synest ikkje Dnk takla si oppgåve klokt i gudstenesta i Oslo domkyrke etter 22. juli hendinga. Offer og nattverd burde ikkje vore med. Nattverd er åndeleg styrkemåltid, men ingen nasjonal sørgemedisin. Slik framferd kan svekka kyrkja si samfunnsrolle. Sjølv synest eg gudstenesta 17 mai er god modell for nasjonale markeringar.

Den norske kyrkja kan sikkert greia seg utan "fellesoppgåvene" og offisielle funksjonar, men samfunnet vil tapa stort! Dnk har opparbeidd gjennom århundre kompetanse for å forvalta gravferdsopplegg med respekt for alle. Det same gjeld prestar sin kompetanse i kriseteam, dødsbod, og Sjømannskyrkja sin kompetanse på dei ulike felta. Det vil bli eit stort tap for det norske folk om dette skal skyvast ut for å ivareta nokre få sine skrivebordsteoriar.

Prestar i Dnk har stor kompetanse innan sjukehus og sjukeheimar. Dei inkluderer også andre trus- og livssynssamfunn med respekt for den enkelte dei møter. Eg har det råd både til frikyrkjer, kommunale etatar og andre som skal gje høyringsfråsegner: Kast ikkje lettvint vrak på Den norske kyrkja - og Sjømannskyrka - si samfunnsrolle. Det vil sletta stor kompetanse og gje folket vårt eit kaldere samfunn. Det vil langt frå auka respekten for kvarandre. Karl Johan Hallaråker, teolog og tidlegare generalsekretær

Gå til innlegget

Politisk aggresjon eller vannkunne?

Publisert rundt 7 år siden

Idag stod vi opp til oppslag i Afenposten:" kyrkjas første biskop" vier ikkje fråskilde. Dei parlamentariske leiarane i Arbeidarpartiet og Senterpartiet var straks på banen med sin aversjon mot biskopen. Utruleg at politiske leiarar kan opptre slik.

Ein kan ikkje slutta å undra seg over korleis politiske leiarar kan opptre. Eg tenkjer på angrepa mot den nye biskopen i Agder og Telemark frå dei parlamentariske leiarane i Ap, Helga Pedersen, og SP Lars Peder Brekk. Vi har nett fått markert kyrkja sitt sjølvstende, men politikarane finn det framleis for godt å blanda seg inn i teologiske vurderingar. Med det krenker dei indre tilhøve i kyrkja, og prinsipielt krenker dei religionsfridomen. Eg blei oppringt av ein radiostasjon for å debattera saka. Kva meiner du om vigsel av fråskilde? Er du samd med Biskop Reinertsen, var førebuingsspørsmålet. Eg kunne sjølvsagt svara, men måtte seia at spørsmålet om mi vurdering om vigsel av fråskilde er heilt uvedkommande i denne saka. Slik politikarane opptrer, må ein berre svara med klar røyst: Dette er eit saksfelt som de som politikarar må halda fingrane og tunga frå. Elementer regimentslære burde toppolitikarar kunna litt om. Med litt kyrkjekunnskàp veit ein også at dette er saksfelt som kyrkja har løyst med greie kjørereglar gjennom åra. Når eg høyrer korleis politikarar opptrer, kling ekkoet frå Statsministeren i fjor sommar: Meir raushet, meir toleranse. Tenk om vi fekk sjå døme på det? Så langt tyder visst både raushet og toleranse at alle må tenkja som Arbeidarpartiet ( og den raudgrøne regjeringa). Nåde den som tenkjer annleis! Dessverre fekk vi idag eit nytt vitnemål om den intoleranse mot folk som står for noko som vi så ofte har opplevd frå dei kulturradikale og prinsipplause. Skal det aldri ta slutt? - i alle fall takk til biskopen som står oppreist. Så får vi heller i andre samanhengar drøfta korleis ein best skal vurdera og løysa dei spørsmål som vigsel og ekteskap reiser. Det må ikkje blandast saman med korleis politikarar skal opptre. Karl Johan Hallaråker
Gå til innlegget

Utruleg invitasjon

Publisert rundt 7 år siden

Bergen skal arrangera minnemarkering 70 år etter deportasjonen av norske jødar under den andre verdskrigen. Inviterte talarar er to av dei sterkaste kritikarar av jødar og Israel. Forstå det den som kan. Eg gjer det ikkje!

Minnemarkeringa i Bergen etter deportasjonen av norske jødar i 1942 er viktig. Etter mi vurdering har ei slik markering minst eit trefaldig sikte: Æra deira minne som leid og bøtte med livet. Visa dagens jødar at dei har vårt vern og at vi ikkje har gløymt uretten. Gje eit tydeleg signal til unge og eldre at slikt aldri skal skje igjen! Når så jødar idag opplever talarvalet som smerteleg burde det vera god nok grunn til å avstå frå invitasjonen i år. Audun Lysbakken leier eit parti som oppmodar til norsk boikott av israelske varer. Forresten ei sak som forgjengaren har rekna med i sin tabbekvote! Kåre Willoch har lenge vore ein av dei som jødar opplever mellom sine sterkaste kritikarar. Ein kunnskapsrik jøde som Jan Benjamin Rødner uttalte nyleg at han opplever Willoch i grensa for antisemittisme. Liknande vurderingar har fleire andre uttalt før. Eg legg også til Willochs mange usaklege skuldingar om at Israel bryt folkeretten. Han gjentok det nyleg då han kommenterte Rødners respons på talarvalet, at Israel måtte trekka seg tilbake til grensa før 1967 og at landet braut folkeretten. Sanninga er at FN avviste dette arabiske kravet etter seksdagarskrigen. Det skulle forhandlast om område, ikkje (alle) områda! Grensa før 1967 - den såkalla "green line" (oppklara etter den grøne tusjpennen dei streka opp med på kartet på forhandlingsbordet.) Denne våpenkvilegrensa er historie og ingen folkerett. La meg presisera: Eg ønskjer sjølvsagt ikkje knebla korkje Willoch eller Lysbakken. Vi har mange fora til meiningsutveksling og dei kan vera aktuelle talarar i mange samanhengar. Men å bruka dei i ein samanheng som jødar opplever vondt og smerteleg. Det høver seg ikkje. Aller minst i eit år då vi fekk OSSE rapporten om jødehatet i Noreg. Karl Johan Hallaråker
Gå til innlegget

Slaget om Stiklestad

Publisert over 7 år siden

Det er tankevekkande: Stiklestad har ikke tid for Israel! Det er smerteleg at vi skal oppleva slikt ei veke etter at nasjonen har markert eittårsminnet for 22 juli!

VL`s Johannes Morken har ein tankevekkande kommentar med same overskrift i avisa for idag. Temaet gjeld kritikken mot Stiklestad kultursenter som har invitert den kjende palestinaarabaren og PLO politikaren Hanan Ashrawi og den palestinaarbiske biskopen Munib Younan til seminar under Stiklestaddagane. Eg vil be alle som er kritiske til invitasjonen om å lesa nøye Morken sin artikkel. Her vil eg støtta han på eit vesentleg punkt. Så vil eg forsterka eit anna punkt. Morken understrekar at det er viktig å vera sannferdig når ein omtalar Ashrawi. Ho er faktisk ikkje muslim, men har anglikansk kristen bakgrunn. Om vi er aldri så kritiske til henne, vil eg ikkje kritisera invitasjonen til henne. Eg skal heller ikkje kritisera invitasjonen til biskopen sjølv om eg er svært kritisk både til hans teologi og hans einsidige politiske ytringar. Han må gjerne koma til orde. Min hovudkritikk går på det skandaløse i at ingen jøde, ingen frå Israel eller israelsvenn er invitert. Eg er svært glad for at Morken peikar på dette. Han gjer det med sakleg tyngde. Det er ei stor skam og svært kritikkverdig av komiteen bak arrangementet. Eg vil også utfordra biskopen i Nidaros som stiller opp på dette einsidige arrangementet. Når komiteen sin talsperson seier at dei har ikkje tid til fleire innslag, er det lite truverdig. At dei ikkje tek sikte på å løysa konflikten, vil heller ingen kritisera. Men dei burde ha så pass sans for ballanse at dei ordna med tid i så fall. Her har både biskopen og Kultursenteret eit ansvar. Det er rett som Morken seier, at Trondheim har ei viktig historie når det gjeld jødane. Men uansett så er det svært kritikkverdig at ein stad som Stiklestad og ein arv som vi har der, gjev slike signal som det vi er vitne til i år. Det er kort og godt skamfullt! Karl Johan Hallaråker
Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Juleangst og julelettelse
av
Aud Irene Svartvasmo
22 dager siden / 1783 visninger
White Christmas
av
Hilde Løvdal Stephens
30 dager siden / 1386 visninger
Min drøm for 2020
av
Ragnhild Mestad
18 dager siden / 1137 visninger
Hva Ari Behn åpenbart gikk glipp av
av
Leif Knutsen
22 dager siden / 1080 visninger
Hvorfor jeg er kristen
av
Geir Tryggve Hellemo
2 dager siden / 844 visninger
Storpolitikk i religionens vold
av
Ingrid Vik
12 dager siden / 811 visninger
Smiths Venner på ville veier.
av
Gerard Oord
rundt 1 måned siden / 811 visninger
Selvgodt norsk snobberi
av
Espen Ottosen
rundt 1 måned siden / 767 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere