Karl Johan Hallaråker

Alder: 76
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Reservasjonsrett og politisk samarbeid

Publisert over 6 år siden

Debatten om reservasjonsrett for legar når nye høgder - for ikkje å snakka om djupner.

"Ein skal høyra mykje før øyro fell av". Utsegna høver godt når vi sist torsdag høyrde debatten i Dagsnytt 18 mellom KrF og Venstre sine representantar i helsekomiteen: Nå må KrF roa seg ned (sic!), var Venstre sitt utgangspunkt.

Eg måtte klypa meg i armen. Kva røyndomsmanipulering er dette? Her har KrF inngått ein avtale med Høgre og Frp i samtalane etter valet. Som seriøse parti reknar vi med at dei står ved det underskrevne.

Venstre må ha underleg fantasi som kallar slik forventning for høg støy! Det er jo Arbeidarpartiet og SV som har gått i bresjen med høglydt stormangrep. Heile opposisjonen sin politiske kreativitet etter valet ser ut til å dreia seg om dette eine.

Høgreordførarar har populistisk hengt seg på med utsegner som - det offentlege betaler jo, då kan ein ikkje reservera seg. Kor langt kan ein koma bort frå verdikonservativ ikkje-sosialistisk tenking? Venstre var ikkje med på avtalen. Det må vi ta til vitande.

Men det er lov å undra seg over kor langt eit parti kan koma bort frå forsvar av enkeltmenneske sin integritet! Men utsegna nå om at det er KrF som må roa seg ned, tek kaka! Det tør vera klart: Avtalen inneber nasjonale vedtekter som sikrar høve til reservasjon. Slik må det også vera. Kommunane skal så på sakleg grunnlag tilsetja og føra tilsyn med fastlegane i samsvar med lov/vedtekter.

Skulle ein kommune velja yrkesforbod mot legar som brukar reservasjonsretten, vil det bli eit lovfesta intolerant samfunn med uante politiske konsekvensar. Er det dette Venstre sitt frisinn ønskjer? Slik utvikling er heilt unødvendig: Tenkjer ein roleg gjennom fakta - utan den populistiske ideologien som nå styrer debatten, - skulle saka vera enkel: Kvinner får aborthjelp på legekontor eller direkte i sjukehus. (Denne saka dreier seg ikkje om abortspørsmålet. Det er gjentatt så mange gonger at det snart må gå inn!)

Dei legar som vil reservera seg ut fra sitt samvit i relasjon til liv og død, må framleis bli respektert. Det viser eit etisk medvite samfunn og kan bidra til refleksjon i heile samfunnet. I praksis veit vi også at legekontor ofte har felles ventelister og brukar den fagekspertisen som er i legefellesskapet, på ulike felt. Abortspørsmålet treng ikkje vera unntak. Vi er mange som undrar oss over Venstre. Sjølv er eg faktisk i sterk tvil om det er eit aktuelt samarbeidsparti framover.

I KrF har ein lenge - med mange gode grunnar- fokusert på problem med Frp. Sjølv har eg då i fleire samanhengar spurt om kva med Venstre? Det blir meir og meir eit aktuelt spørsmål. I siste landskonferanse i KrF tok eg til orde for å følgja med utviklinga i Senterpartiet.

Eg ser det slik at skal vi utvikla eit sterkare sentrum i åra som kjem, ser det ut for at KrF har langt meir igjen for å bygga ut relasjonen til SP enn til eit liberalt (les: meir og meir liberalistisk) Venstre. Det har sjølvsagt sine utfordringar. Signalet frå avtroppande leiar og landsstyret sitt nei, er problemfyllt også her. Men det var då godt at stortingsrepresentantane ikkje blei bundne opp til denne triste konklusjonen.

Vi får håpa at Kjersti Toppe, legen i gruppa, med sin sterke faglege og dyktige politiske vurdering får gjennomslag. I alle fall - slik situasjonen nå er, vil det vera svært uklokt å gå inn i regjeringa med det nyliberalistiske Venstre på vippen saman med den uavklarte verdiliberale delen av Høgre. Etter mi vurdering er situasjonen nå slik at KrF aller mest treng utvikla sin eigen verdipolitikk på ein fagleg sterk måte.

Kombinerer vi nå røter og fornying på ein klok måte, trur eg fleire vil oppdaga at partiet har stort potensiale. Storting, fylkesting og kommunestyre/bystyre treng eit reflektert etisk medvite verdiparti. 

Gå til innlegget

Organisasjonskultur og teologi

Publisert over 6 år siden

Eg er ikkje medlem i Presteforeininga, men denne saka vedkjem oss alle . Undring er stor, og forståinga for og respekten for dei to gamle biskopane Lønning og Grønningsæter har sanneleg ikkje minka.

Etter å ha lese Pf leiaren sine innlegg og høyrt hans kommentar, er det særleg to forhold eg kan ha lyst til å kommentera: Det første gjeld organisasjonskultur. Eit sentralstyre på fem (!) medlemmer har altså offentleggjort totalt skifte i det mest drøfta teologiske og etiske tema på lange tider. Ei organisasjonsleiing som slik ikkje hentar premissene frå siine medlemmer, håpar eg ikkje høyrer til vanleg praksis. Det burde vera totalt uhøyrd!

Eigentleg skulle eg håpa at også folk som støttar deira konlusjon, tenkjer prisnipielt slik eg gjer. Ellers må det vera at målet helgar alle midlar uansett. Det andre momentet mitt gjeld læreansvar prest - biskop. Det som Pf- leiaren her seier at bispemøtet har læreansvaret og med deira fleirtal, er saka avgjort. Kort sagt slik vurdering er kjemisk fri for luthersk embetsteologiske og læreansvar - som kvar og ein i det allmenne prestedømmet ikkje kan løypa frå.

Det er trist at Presteforeininga sin leiar satsar på reindyrka ordningsfundamentalisme utan kontakt med sitt eige læreansvar både som prest og kristen. Eg reknar med at denne saka for tydeleg etterspiel. Men stor skade har alt skjedd, diverre. Eg tenkjer ikkje minst på det nye sterke presset som mange prestar nå vil oppleva. At det var deira eigen fagforeining som fall dei i ryggen, er ekstra trist.

Karl Johan Hallaråker

Gå til innlegget

"Gjengangerne" er visst framleis eit aktuelt uttrykk. Denne gongen får vi det i kravet om å gje frislepp til opne butikkar på søndagar. Det er framleis eit dårleg forslag. Grunnane er mange.

For ein del år sidan deltok eg i innringingsprogrammet NRK fredagar, Rett på. Temaet var debatt mellom Einar Gelius og underteikna: Utgangspunktet var Gelius sitt forslag om å ta bort 2. dagane og dei ekstra heilagdagane i høgtidene. Folk måtte få velja fridagar når dei ville. Programleiaren opplyste til slutt at 87 % støtta meg, 13 % den dåverande vålerengaprest. Hovedpoenget mitt i den debatten var allment: Det er positivt for eit folk å ha felles fridagar og slik høve både til å møtast frå landsende til landsende, og høvet til sosiale og kulturelle samlingar. Det var mange innringarar som støtta dette. I tillegg hugsar eg spesielt ein innringar: Han dreiv einmannsfirma, og hadde ikkje høve til fri utanom dei dagane det var felles fridagar. Blir slike dagar variable, ville han aldri få fri. Det er mange grunnar til å halda mest mulig stengd ein dag i veka. Arbeidstakarorganisasjonar argumenterer dyktig for sine medlemmers rettar. Slikt er det all grunn til å lytta til. LO sin nestleiar sa tydeleg at det var positivt å halda på søndagen som annleis dag. Han har så rett. Eg vil igjen slå eit slag for dei sosiale og kulturelle aspekta. Den nye regjeringa og samarbeidspartia har understreka sterkt at dei vil støtta og styrka frie organisasjonar og frivilligheten. I den samanhengen er også vekerytmen og søndagen viktig faktor. Å gjera alle dagar like er å gje frivilligheten sterk motvind og slå beina under mykje ueigennyttig innsat i folket vårt. Eg kan ikkje la vera å tenkja på Israel. Å vera i det landet og oppleva vekerytmen med sabbatsro, kan berre opplevast. Ingen kan påstå at ikkje effektivitet og framdrift er høg i det samfunnet. Kanskje er det nettopp kviledagen og den tydelege vekesyklusen som er ei vesentleg årsak til det? "Bibelens kviledagsbod er verdas første og beste arbeidsmiljølov". Utsagnet skal stamma frå den svenske ateisten Herbert Tingsten. Poenget er ikkje dumt - for å seia det forsiktig. Det er nok av allmenne argument til å grunngje kvifor det er viktig å halda søndagen som felles fridag for folk flest. Som kristen kan eg heller ikkje løyna at eg trur det er ei god livslov å syna respekt for Guds skaparordning i Bibelens vekerytme. Difor håpar eg at forslaget om generell søndagshandel blir stoppa i Stortinget. Det blir til rik velsigning for folk og land. La difor heller helgedagsfreden få større plass i folket vårt. Karl Johan Hallaråker
Gå til innlegget

9 september er deadline

Publisert nesten 7 år siden

Valgdagen står for døra. For KrF peikar pila i positiv retning. Det inspirerer. Men sanneleg treng vi stå på over heile landet, men særleg i Trøndelag:Dykkar beste representant, Øyvind Håbrekke, KrF er i faresona i Nidarosdomen sitt fylke!

9 september - er deadline Vi les valgmålingar dagleg nå. Vi møter folk på stands. Det har vore oppløftande å samtala med alle som et opptekne av tydelege verdiar og som seier at denne gongen røystar vi i alle fall KrF. Vi vil ha regjeringsskifte, seier mange, men då treng vi KrF på vippen. Vi vil ha eit Storting med sosialt samvit, menneskeverdet i sentrum, ein god miljøpolitikk og ikkje minst ein god familiepolitikk. Slikt varmar eit KrF hjarta. Fleire målingar peikar også i positiv retning for KrF. Men vi kan ikkje sjå forbi nokre men. Vi treng sterk innspurt i heile landet og ikkje minst i Sør-Trøndelag. Det katastrofale kan skje at KrFs familiepolitiske talsperson som er ein av Stortingets dyktigste representant både for sitt parti og sitt fylke, kan falla ut. Eg håpar inderleg at gode trøndarar nå engasjerer seg med gassen i botn for å sikra Håbrekke sitt mandat. Biskop Finn Vagle skreiv med stor rett i ein kommentar tidlegare i vår om "kristendommens sivilisatoriske betydning". Eg håpar inderleg at Nidarosdomen sitt fylke mobiliserer for partiet og representanten som tek det på alvor. Eg kjenner ikkje alle i Trøndelag, men er du oppteken av å styrka Midt-Norge, kristne grunnverdiar, familieverdiar, klima og miljø for å nemna viktige saksfelt, så er eg overtydd om at ingen frå ditt fylke vil representera deg betre i Stortinget enn Øyvind Håbrekke. Eg veit ikkje korleis det er i Trøndelag, men møter ein del rundt om som vurderer det nye partiet De Kristne. Vel, ingen skal dømmast på partipolitiske valg. Men eg seier i alvor: Høyr ikkje på den propaganda og manipulering som lyder mot KrF og om alt dette nye partiet seier dei skal få til. Det er å kasta blår i augo på folk. Det partiet kjem ikkje inn på Stortinget. det veit alle som vurderer seriøst. Det einaste ein kan oppnå er at motsett verdiside får hjelp og KrFs kristne verdityngde blir svekka i det nye Stortinget. Ingen bør bidra til noko slikt. Karl Johan Hallaråker, sentralstyremedlem KrF
Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
rundt 1 måned siden / 2934 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
18 dager siden / 1131 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 796 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
11 dager siden / 635 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
17 dager siden / 593 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
9 dager siden / 477 visninger
Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
2 dager siden / 414 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere