Karl Johan Hallaråker

Alder: 76
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Vårt Lands samfunnsredaktør skriv i ein komentar 30 mai om KrFs "hilsen hjem " til dei konservative veljarane i samband med KRLE i skulen. Her kjem helsing tilbake.

Vårt Land har eit underleg oppslag på førstesida fredag 30. mai: "KrF ga seg på reservasjon -skifter kurs i ny verdisak: Åpner for å snu om kristendoms-K."

Når det gjeld det første, kan ein håpa at VL snart får det med seg: KrF fekk forhandla fram ein avtale der fastlegar ikkje skal skriva under abortsøknad, og Regjeringa skal oppnemna eit utvalg som skal vurdera samvitsspørsmålet i breidt lys. Det å ha fått meir enn først avtala, er vel ikkje å gi seg.

Når det gjeld K'en i religion og livssynsfaget samt i lærarutdanninga, er det underleg å lesa om VL og Berit Aalborgs røyndomsforståing om snevert livssynsparti, symbolsak og "hilse hjem til partiets mest konservative velgere". Utsegna fortel meir om VL si røyndomsfantasi enn tilhøva i KrF.

Eg kan forsikra VL og samfunnsredaktøren at KrF -inklusive vi verdikonservative - vurderer spørsmåla på sakleg seriøs måte ut frå kva vi meiner best tener den oppveksande slekt i landet vårt - med respekt for alle med ulik religiøs og livssynsmessig bagasje frå heimen.

Sidan det er dei verdimessig konservative som VL stigmatiserer som dei problematiske for partiet, tillet eg meg - som VL tidlegare har utpeikt som representant blant desse - å grunngje kortfatta kvifor eg meiner at KRLE er viktig skulefag og i lærarutdanninga for alle lærarar.

Etikk og moral skulle dei fleste meina er viktig ballast for den oppveksande slekt både for å utvikla gode relasjonar til andre menneske, for arbeidslivet, og for det globale forvaltaransvaret. Livssynskunnskap gir viktig refleksjonsmateriale til å forstå ulike tankemodellar (ikkje berre sekulære) og skaffa seg innsikt i bakgrunn for haldningar og handlingar. Religionskunnskap er ikkje mindre viktig allmennskunnskap i vår tids fleirreligiøse samfunn. Skal vi møta folk frå ulike miljø med respekt og innsikt, og byggja eit livssynsope samfunn, er faktakunnskap om dei respektive religionar heilt nødvendig. Kristendomskunnskap seier seg sjølv med våre historiske røter og dagens røyndom. At K'en kjem tilbake, burde vera enkel logikk.

Kristendommen har to spor i vårt land: Som kyrkje og trussamfunn, men også som "sivilisatorisk betydning" og med det sjølve livsnerva i heile vår kulturhistorie. KRLE gir både kunnskap, danning og haldning. At den forrige regjeringa tok bort K'en, vil eg karakterisera som forsøk på historieforfalsking.

Prosentsatsen har ikkje vore det avgjerande for meg, men realiteten med halvparten krd burde vera sjølvsagt. At den forrige regjeringa tok faget bort frå lærarutdanninga, var eit feilgrep som er enno meir uforståeleg.

Ein snakkar om eit fleirkulturelt samfunn, og at vi skal møta kvarandre med forståing, respekt og toleranse. Den offentlege skulen blir ofte hylla som sjølve møteplassen for ulike kulturar med tru og livssyn i bagasjen. Då skulle det vera ekstra viktig at lærarane kan møta dette verdimøtet på ein fagleg grundig måte.

Den raudgrøne regjeringa gjorde derimot lærarane til faglege analfabetar som rettleiarar i dette verdimøtet. Forstå det den som kan!

Dyktige fagmiljø i høgskulane er påført stor skade. I og med den raudgrøne regjeringa si omlegging, har desse miljøa begynt å forvitra. Det er på høg tid at regjeringa nå set stoppar for dette, og gjev KRLE seksjonane den sjølvstendige plassen dei fortener i høgskulane. Etter mi vurdering kan faget med kristendomskunnskap og religionskunnskap gjerne byggjast med t.d. idéhistorie, kulturkunnskap, sosialantropologi og litt sosiologi.

Det fleirkulturelle samfunnet treng eit slik eige fag med 30 vekttal. Den oppveksande slekt fortener det!

Gå til innlegget

Historieforskyving 17. mai

Publisert rundt 6 år siden

Grunnlovsjubileet på jubileumsdagen fekk ingen tilknyting til kristendommen. Slik historieforfalskning tener ikkje dei ansvarlege til heider.

17 mai og grunnlovsjubileet er historie. Det er tid for evaluering og ettertanke. Her kjem min første reaksjon.

Vi har vore gjennom ei storslått feiring av grunnlovsjubileet og nasjonaldagen. Mykje av feiringa er det grunn til gleda seg over. Men det står ikkje å nekta at ein må undra seg over noko som mangla både i stortingspresident og statsminister sine talar, så vel som i festmøtet på Eidsvoll som blei sendt på NRK TV.

Det same har vore mykje fråverande i førehandsreportasjar i store deler av media. Det undrar meg at våre fremste leiarar ikkje nemnde eit ord i talane sine om våre kristne røter som nasjon og som viktig sitament bak grunnlova og i utviklinga av demokratiet. For meg blei det eit historieforfalska jubileum når dette var fråverande.

I veka før 17 mai fekk vi høyra om ei ny bok, Gud i Grunnlova. Den kom tydeleg for seint til å gje hjelp mot rotløysa. Det blei naturleg nok nemnt om Menneskerettane og ytringsfridommen sin plass i Grunnlova. Menneskerettane sine kristne røter blei derimot ikkje nemnde med eit ord.

Fakta er at det er kristendommen sin "sivilisatoriske betydning" som har vore den sterkaste drivkrafta i vårt land til utvikling av demokratiet og gitt oss religionsfridom, trusfridom og respekt for andre. Vegen fram mot allmenn røysterett og ikkje minst kvinneleg røysterett har også bakgrunn i haugianismens åndskraft. Det er ikkje islam eller sekularismens intoleranse som har skapt eitt rausare samfunn. Det siste fekk vi eit godt døme på i den nylige reservasjonsdebatten.

Det andre som undrar meg er deltakarane i festmøtet eller rettare sagt - dei som mangla. Igjen var det mykje flott kulturpresentasjon. Det var presentasjon både av innvandrarar, og fleire såkalla rikskjendisar med treffande kommentarar. Nydeleg song av Bergens sangfugl, Sissel Kyrkjebø. Men eg spør: Kvifor var den kristne kyrkja totalt fråverande?

Den norske kyrkja har fått ny relasjon til staten, men har samtidig eigen plass i Grunnlova som vår folkekyrkje. Det burde vore sjølvsagt at det var eit innslag med t.d. Den norske Kyrkja sin preses i festmøtet på Eidsvoll. Kvifor ikkje?

Grunnlovsjubileet fortel oss diverre at det er sterke og historielause krefter som har sterk stilling i det norske samfunnet. Våre røter er visst ikkje lenger sjølvsagde. Det har blitt sagt om Stålsettutvalet, at dei einsidig presenterte kristendommen berre i trussamfunnsperspektiv. Kristendommens sivilisatoriske betydning var fråverande i NOU-innstillinga som bar programmatiske namnet Det livssynsopne samfunn.

Det same må vi seia om grunnlovsjubileet denne jubileumsdagen. ingen tilknyting til kristendommen på jubileumsdagen. Slik historieforfalskning tener ikkje dei ansvarlege til heider.

Gå til innlegget

Samvitet i fokus

Publisert over 6 år siden

Det er underleg å høyra reaksjonane på saka om høve til reservasjon for fastlegar. Dei som framstiller dette som nederlag for KrF, kan ikkje ha følgd med i timen. Partiet fekk faktisk full utteljing på begge punkta i avtalen frå Nydalen.

Den 7 mai 2014 var ein merkedag i norsk politikk. KrF og regjeringa signerte ein avtale med to prinsipielt viktige punkt:

1.Legar skal ikkje lenger underteikna søknad om abort som tek livet av barnet i mors liv. Legar får konsentrera seg om sitt medisinske arbeid.

2.Regjeringa skal oppnemna eit offentleg utval som skal sjå på samvitet sin plass på eit overordna plan. Resultatet blir eit NOU-dokument.

Det første var viktig. Det andre ikkje mindre. Det bør vera i alle si interesse i eit moderne samfunn med alle sine utfordringar at ein får stoppa opp for eit slikt livsviktig tema. Når eg kommenterer saka, er det fordi eg reagerte spesielt på to uttalar.

Den første kom frå venstresida: Dei var nølande positive, men var bekymra for at legar som var mot abort skulle få rettleia kvinner. Men i forkant av den nye situasjonen var kampen om at slike legar ikkje skulle kunna reservera seg. Dobbeltmoral for å slå populistisk mynt, er visst god latin i slike krinsar.

Så reagerte eg ekstra sterkt i går på Vårt Land sin kommentator Åshild Mathisen sine uttalar i NRK om saka. Eg oppfatta det nærast som om ho latterleggjorde KrF sitt gjennomslag for samvitsutvalet. Det var visstnok berre til invortes bruk.

Det kan vera grunn til å spørja: Har ho avisa i ryggen for ei slik haldning? Samvitet er eit stort og viktig tema. Det gjeld så visst ikkje berre legar og abortskjema.

Det skulle vera nok å minna om kva som skjedde under andre verdskrigen. Nazistyresmaktene gjorde totalt krav på innbyggjarane. I eit brev frå Nazidepartementet den 17.02.1942 heiter det: Den verdslege makta skal ”ha den høyeste øvrighet og den største makt over hver enkelt borger.”

Det var særleg mynta på born og unge mot foreldreretten. Ein ville altså nekta samvitsfridom for den enkelte! Då fekk vi som kjent klart svar frå Kyrkjas grunn påskeafta 1942: ”Kirken har ikke noe med å være herre over staten i timelige ting. Dette ville være brudd på Guds ordninger. – På samme måte er det synd mot Gud om staten gir seg til å tyrannisere sjelene og vil bestemme hva de skal tro, mene og kjenne som samvittighetsplikt.

For om staten vil tvinge og binde sjelene i overbevisningssaker, da kommer derav ikke annet enn samvittighetsnød, urett og forfølgelse. Da blir dommen i Guds ord aktuell: at hvor staten skiller lag med retten, der blir staten ikke Guds redskap, men en demonisk makt.” (Luk 4:6 Joh. 14:30 Åp 12-13.

Eg håpar at vi får eit fordomsfritt sakleg og fagleg sterkt dokument på bordet som kan gje oss alle godt grunnlag for å arbeida vidare med dette livsviktige temaet - ikkje minst i eit sunt demokrati og ein verdig rettsstat. Både regjeringa og KrF fortener stor ros for godt prinsipielt skjønn og dyktig politisk handverk. Karl Johan Hallaråker

Gå til innlegget

Underleg bispestrategi

Publisert over 6 år siden

Biskopane er ikkje dei lettaste å bli klok på. Utspela er ofte meir politisk korrekte enn forankra i Bibel og vedkjenning som er deira eigentlege mandat. Slikt gjev ikkje den største respekt.

Eit av samarbeidspunkta med regjeringspartia var å få tilbake K i RLE faget og at kristendommen skulle ha 55% av innhaldet. Kompetansemåla i faget blei elles ikkje endra.

Dette har blitt utlagt som symbolsak for KrF og opposisjonen som elles bidrar med svært lite ny politikk, utnyttar situasjonen så godt dei kan. Biskopane i Den norske kyrkja henger seg på sutretoget. Nå er det tid for dialog og ikkje ekstra fokus på kristendommen, er visst tankegangen.

Dette er underleg av fleire grunnar. For det første er det som er avtala, å gå tilbake til det som er naturleg grunnlag for respekt og dialog. Kristendommen har nemleg to perspektiv i vårt land - som trusfellesskap og som sivilisatorisk betydning i samfunnet. ( Sjå KrF-innstillinga om Stålsetutvalet sitt NOU 2013:1 Det livssynsopne samfunn. Her har vi gjort greie for dette.)

For det andre står engasjementet til biskopane i denne saka i underleg kontrast til biskopane sine uttalar i ei enno større prinsippsak ut frå kristen vurdering, nemleg saka om reservasjon for fastlegar og vernet om den enkelte sitt samvitsansvar. Då er siste ordet frå bispehald - dette er nå ei politisk sak, og då er det ikkje aktuelt å delta. Å delta i den politiske debatten om K i RLE, er det altså naturleg å delta.

Eg seier: Forstå det den som kan.

Reservasjonsrettsaka er jo ei sak med store prinsipielle perspektiv. Tok biskopane seg tid til å lesa Kirkens Grunn frå oppgjeret med nazistyresmaktene, ville dei få nyttig lærdom om kva samvitsansvar er for noko og kvar grensa for staten si makt går.

Saka om KRLE burde eigentleg vera ei enkel og heilt naturleg sak. Det går ikkje på manglande respekt for andre. Det er ikkje ei enkel symbolsak for KrF, men ser faktisk ut for å vera negativ symbolsak for biskopar og politisk oposisjon. Håpar at folk ikkje let seg manipulera og tru det motsette av det som er fakta.

Så vil eg leggja til: Eg ser ikkje dei store reelle endringane i denne saka når det kjem til stykket. Difor har eg i mange fora teke til ordet for ei anna sak som eg ser langt viktigare: KRLE må tilbake som obligatorisk fag i lærarutdanninga. Når vi snakkar om å ta det fleirkulturelle samfunnet på alvor og vektlegga dialog og verdimøtet i skulen, må vi gjera lærararane i fagleg stand til å meistra denne oppgåva. Det er ikkje tilfelle idag.

Eg vågar den påstanden at det er dei kristne frie skulane som er mest flinke og fagleg i stand til å takla verdimøtet. I den offentlege skulen er det meir unntak at dei gjer det slik den generelle lærarutdanninga er idag.

Difor håpar eg at KrF og regjeringspartia kan gå saman om å gje landet ei ny framtidig lærarutdanning som tek høgde for å møta verdisamfunnet. Det er nødvendig både for å hjelpa born og unge til integritet, toleranse og respekt for kvarandre. Det er også nødvendig for at vi får eit livssynsope trygt inkluderande samfunn i framtida. Her er også plass for biskopane sitt engasjement om dei har meir på hjarta enn det politisk korrekte.

Gå til innlegget

Når skal Israel få fred?

Publisert over 6 år siden

Per Einar Sønnesyn har med sin utrettelege debattinsats teke seg tid til å kritisera min utanrikskommentar i Dagen idag. Artikkelen min kritiserer KFUK/ KFUM si oppmoding til boikott av israelske varer. her kan VL sine lesararar sjølve lesa teksten

Igjen har vi fått negative symbolske angrep på Israel. KFUK/KFUM oppmodar til ikkje å kjøpa israelske varer. Med det går dei eit steg lenger enn Den norske kyrkja, som ikkje vil kjøpa varer produserte i dei såkalla okkuperte områda. Denne oppmodinga har vakt reaksjonar. Til og med biskopar som elles uttrykkjer stor sympati med palestinarane, set med rette foten ned og kritiserer utspelet. Det har nemleg berre negative konsekvensar både for dei som ein ønskjer å støtta, så vel som hjelp til å løysa konflikten mellom partane. Dei einaste som får "medisinsk" hjelp av dette, er dei som føler at dei har gjort noko for å hjelpa sine venner. Frukta for det palestinske folk om boikotten skulle få effekt, er tap av arbeidsplassar og med det inntekter både til familien og samfunnet si felleskasse. Ein kan spørja om ein slik politikk er framtidsretta? Frukta for konfliktløysinga er - om det ikkje uventa utspelet frå KFUK/KFUM i det heile blir registrert - at frontane blir enno hardare og vegen til løysing blir enno lenger. Fabrikken SodaStream er ei av dei bedriftene som ligg på den såkalla Vestbredda. Her arbeider jødar og palestinaarabararar (som mange andre stader) side om side. Dei har god løn og arbeidsplassane skaper møteplassar som byggjer relasjonar mellom to folk og mellom ulike religionar. Men boikottast skal dei, fordi det er i pakt med den norske kristne ungdomsorganisasjonen sin sjølvmedisin. Forstå det den som kan. Boikotten blir kalla velmeint. Ein ønskjer utvilsamt å hjelpa sine venner og med det også ramma dei som ein meiner har skulda for problema. Til det er det fleire ting å seia: Ingen bør bebreidast for å visa vennskap med det hardt trengte palestinske folket. Ingen bør kritisera dei som stiller opp for palestinarane. Det er mange spøsmål som treng politisk løysing og vilje til kompromiss. Det inkluderer også Israel. Israel har medansvar for å medverka til løysingar som kan gje folk framtid og håp i eit område dei har budd i århundre. Men det har sanneleg også den andre sida og deira internasjonale støttespelarar. Vil ein hjelpa det palestinske folket, har ein mykje å gjera i møte med krenkinga av menneskerettane som skjer i dette området, og ikkje minst korrupsjonen, og propagandaen og forherleggjeringa av sjølvmordsbombarar som blender deira unge. Dei som følgjer med i dei palestinske styresmaktene sin mediapropaganda, ser korleis situasjonen verkeleg er. Det skjer faktisk ei systematisk krenking av det jødiske folket og oppbygging av hat mot jødane. Det er eit gamal uttrykk som seier at ein først bør feia for eiga dør, før ein feier for andre si. Her har tydeleg KFUK/KFUM litt å læra sine venner. KFUK/KFUM som har gode kontakter i det palestinske miljøet, oppmodar eg til å bruka posisjonen sin til å påverka dei til å endra denne hatpropagandaen. Det vil vera eit stort fredsbidrag. Eit anna stort kompleks er det palestinske og muslimske dobbeltspråket. Vi kjenner det frå historia og Arafat sitt "meisterverk" - han sa noko i Vesten, noko anna til sine eigne. Vesten ser ut til å lita på at Fathah-rørsla sin leiar Mahmoud Abbas vil fred med Isarel. Hamas i Gaza og Hisbollah i Libanon er dei stygge som vil ha Israel på sjøen. Sanninga er at dei politisk leiande rundt Israel ikkje anerkjenner Israel som jødisk stat. Vil KFUK/KFUM medverka til fred, er det betre om dei startar her med å leggja press på sine venner i staden for å sverta det fredssøkande demokratiet i området. Boikott av Israel er trist til alle tider. Det er ekstra trist i jubileumsåret for den norske grunnlova. Vi takkar Gud for landet og demokratiet. Men vi løyner ikkje den første grunnlova sin skamplett- paragraf som til 1851 held jødane borte frå landet vårt. Jødehatet treng ikkje nye former anno 2014! Karl Johan Hallaråker
Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
rundt 1 måned siden / 2934 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
18 dager siden / 1131 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 796 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
11 dager siden / 635 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
17 dager siden / 593 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
9 dager siden / 477 visninger
Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
2 dager siden / 414 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere