Karl Johan Hallaråker

Alder: 76
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Kloke bisperåd i ein vanskeleg situasjon

Publisert nesten 5 år siden

Eg kan ikkje sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine.

Biskopane i Den norske kyrkja har vore samla sist veke for å sjå om dei kunne finna ein veg saman etter kyrkjevalet i september.

LES VEDTAKET FRÅ KYRKJEMØTET OG FØLG DEBATTEN

Spørsmålet om homofilt samliv og liturgi for slik inngåing av ekteskap var stridstemaet. I mitt område registrerte eg at biskop Halvor Nordhaug i forkant lanserte ei mogeleg løysing med respekt for båe syn – og ikkje minst den klassiske forståinga av ekteskapet som ordning for mann og kvinne. Eg har ­registrert at fleire på konservativt hald kritiserte biskopen, og bad om synleg splitting. Etter mi vurdering opplevde eg derimot nød for det klassiske synet, og klok strategi i biskopen sine vurderingar. Saman med kloke prostar og prestar i Bjørgvin bispedømme, trur eg saka også framover blir klokt handtert.

To ulike. Slik eg forstår vedtaket nå, har Bispemøtet gjeve sine råd i denne retninga – vi får to ulike liturgiar,­ ­respekt for overtyding til prestar og andre kyrkjeleg tilsette om ikkje å medverka ved samkjønna vigsler, samt ikkje høve til å nekta bruk av kyrkjer.

Homofilisaka er vanskeleg. Bibelen talar tydeleg om tokjønna ekteskap og alvoret med å leva i strid med ­bibelsk rettleiing. Samtidig veit vi at vi også med det omtalar menneske med mange­ kjensler og deira familiar med store prøvingar. Eg skulle difor ønskja at vi ikkje alltid talar høgrøysta og forsterkar deira vanskelege situasjon.

Stor forståing. Eg må tilstå at ut frå situasjonen som har oppstått etter ­valet, har eg altså stor forståing for både biskop Nordhaug og den løysinga ein har samla seg om. Det aller viktigaste
i rådet er faktisk konstateringa av at denne saka blir ein ikkje teologisk samde om. For meg tyder det at vi som har det klassiske synet ikkje kan overkjørast, men har fått stadfesta full råderett og talerett ut frå vår overtyding. Det er godt at biskopane ikkje dølgjer sanninga.

Eg kan ikkje sjå at det hadde blitt ei betre løysing for folkekyrkja si framtid om dei konservative biskopane hadde brote og overlate til dei andre å ta heile regien åleine.
Det er sjølvsagt mange ting ein kunne­ ønskt annleis, men eg ville krenka min eigen integritet om eg tagde med overtydinga og ikkje offentleg støtta biskopane i si vanskelege vurdering. Eg ­synest dei har handla klokt og ansvarleg i denne svært krevjande situasjonen.

Kloke råd. Eg håpar at dei nye ­bispedømeråda og det nye Kyrkjemøtet og Kyrkjerådet følgjer dei kloke råda biskopane har komme med. Det kan også gjerast med å få med fagleg sterke kandidatar mellom dei gamaltruande på dei resterande plassane i bispe­dømeråda. Det bidreg også til samling. Dei som kritiserer vil eg minna om at det er ikkje det same å styra einsarta organisasjonar eller forsamlingar, som å styra ei stor folkekyrkje. Nå har dei konservative biskopane vore med på å leggja premisser for utfallet i Bispemøtet.

Skal eg gje dagens organisasjonsleiarar råd, ville eg ønskja at dei forsterkar dei positive sidene ved bisperådet og slik ikkje bidreg til negative sjølvoppfyllande profetiar. Det er for meg vesentleg at dei ikkje overlet det til dei andre biskopane og deira støtte-spelarar åleine.

Klokt nok. Så skal også den andre helvta av biskopane ha ros. Med det nye fleirtalet i Kyrkjemøtet kunne dei også brukt si demokratiske makt til å gå vidare åleine. Det har dei klokt nok ikkje gjort. La oss be for alle som sit i ansvarlege kyrkjelege posisjonar i tida som nå er.

LES OGSÅ PÅ VL.NO: Frå kritikk for ros til biskopene

Først publisert i Vårt Land 3. november

Gå til innlegget

Haustens val treng nye fargar

Publisert over 5 år siden

Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Arbeidarpartiet må finna saman i kommunar og fylke etter valet til hausten. Det gjeld vårt lands framtidige kurs på fundamentale område.

Vi står føre eit viktig val for kommunar og fylke. Den blåblå regjeringa får sin første eigentlege karakter frå veljarane. Mange klyp seg i armen over korleis regjeringa og statsministeren spelar opp. Arbeidarpartiet veks di meir dei teier.

Vi var mange som i 2013 gjekk inn for regjeringsskifte etter dei åtte raudgrøne åra. Mange delte også Erna Solberg sin visjon om betre løysingar på mange viktige politiske område.

Alkohol. Men kva ser vi i dag av det nye prosjektet som skulle løfta landet og folket? Sant nok har dei ordna opp i fleire ting - med god hjelp av sentrum og KrF. Men spør du kva folk legg merke til, er ofte svara desse: Proffboksing, taxfree, lettare tilgong på alkohol, og meir i same «verdigate», i tillegg til klønete handtering av jordbruksoppgjer og ditto klønete asylpolitikk. Frivillig sektor er meir blitt kommersiell sektor og mindre ideell sektor. Lite ser vi av det store prosjektet.

Korleis skal vi tenkja om det komande valet? Media minner oss ofte om Jonas Gahr Støre sine frieri til KrF. Leiarskribentar lurer på kor lenge det går før Knut Arild Hareide bit på agnet. Eg veit at KrF sin partileiar er altfor klok til å sluka agna for tidleg. Både dei som håpar og dei som fryktar lyt smørja seg med tolmod om KrF sitt val for 2017. Det er mange vanskar - med litt korttidsminne veit vi at det raude alternativet er ikkje berre lyseraudt.

Rasering. Det første valet, lokalvalet i haust, dreier seg om to store spørsmål. Begge får så langt eg kan sjå, den beste løysinga i eit samarbeid mellom KrF, Senterpartiet og Arbeidarpartiet - (utan Sp i større byar der partiet mest er ikkje-eksisterande).

For det første går vi med den store kommunereforma inn i ei avgjerande tid for den folkevalde organiseringa i landet. Her er det lite positive signal vi får frå dei blåblå: Store kommunar og stripping av fylkeskommunane for viktige oppgåver. Resultatet blir ikkje utvikling av folkestyre og meir demokrati, men heller meir sentralisering med fare for rasering av variert busetnad i vårt vidstrakte land.

Det er tydeleg at regjeringa ikkje ønskjer tre forvaltningsnivå. KrF har vore ei drivkraft for tre nivå med nye regionar i staden for dagens fylke som mellomnivå. Etter landsmøtet i Ap ser vi at dei kjem etter med forslaget om mellom anna ein klar Vestlandsregion. Deira menyliste for regionane er eit godt grunnlag for samarbeid til å finna løysing.

Galskap. Den andre store saka eg tenkjer på, er organiseringa av livsrytmen. Vi har i lange tider - for ikkje å seia årtusen - hatt ein god livsrytme mellom helg og kvardag. Dei blåblå vil feia denne kulturarven bort med «kommersliberalisme» som gjer alle dagar like.

Det vil ha store konsekvensar for familieliv, arbeidsliv og ikkje minst kulturliv og frivillig sektor. Vi håpar enno at Stortinget tek til fornuft og respekterer folkeviljen. Men dersom det endar med Venstre sitt liberalistiske forslag om å flytta dette til kommunane, er det lett val for mange: Eit sterkt Ap og eit sterkt KrF og Sp kan i samarbeid stoppa galskapen.

Prøveklut. Eg veit at det er mange verdiutfordringar i eit slikt fellesskap ikkje minst når vi kjem til nasjonalt nivå. Kva kurs ein skal følgja i 2017, vil eg ikkje ta stilling til nå. Men vurdert ut frå dei to store tema ved dette valet, er mitt råd klart: Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Arbeidarpartiet må finna saman i kommunar og fylke. Det gjeld vårt lands framtidige kurs på fundamentale område som nært demokrati og vern om ein framtidsretta livsrytme for folk flest. Det kan også bli god prøveklut for 2017.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 22.4.2015

Gå til innlegget

Inga redsle for ideologidebatt i KrF

Publisert nesten 6 år siden

Eg har aldri komme på tanken at det er grunnfjellet si redsle for ideologidebatt som har fått intellektuelle unge til å forlata partiet.

Ei tid på innsida i KrF har gitt meg grunnlag for ein viss kunnskap, mange ulike refleksjonar og ofte undring av å lesa medie­kommentatorars påstandar om kva som rører seg i ulike parti, og då særleg KrF. Det spørsmålet eg ofte må stilla meg er: Kor har dei det frå? Det stemmer nemleg ofte ikkje med dei fakta ein er vitne til på innsida.

Dagens refleksjonar kom etter lesing av samfunnsredaktør Berit Aalborgs kommentar til Kristendemokratisk forums møte og Erik Lundes bok om kristendemokratiet (Vårt Land 18. oktober). Forstår eg redaktøren rett, våga ikkje partiet å ta ideologisk debatt på grunn av redsle for reaksjon frå (det verdikonservative) grunnfjellet.

Kor ho har det frå? Om det berre er hennar eigen agenda eller frå andre i ei eller anna «Osloboble», får stå ope. Eg kan forsikra om at det grunnfjellet som eg kjenner, faktisk lenge­ nettopp har etterlyst grundig ideologisk debatt. Redsla har vore – slik eg kjenner det verdikonservative grunnfjellet, – at verdistandpunkt skal bli liberaliserte utan å gå vegen om ideologisk debatt.

Klistremerke. Eg har aldri komme på tanken at det er grunnfjellet si redsle for ideologidebatt som har fått intellektuelle unge til å forlata partiet. Å bruka «intellektuell» i denne samanhengen, er vel heller ikkje det mest vitskaplege presise omgrepet? Eg har aldri tenkt «intellektuell» som klistremerke for eit bestemt verdistandpunkt.

Eg trur eg har nokså mange i det såkalla grunnfjellet med meg, når eg helsar velkommen debatt om kristendemokratisk ideologi. Uavhengig av vurdering av ulike sider og føringar i Lunde si bok, helsar eg sjølvsagt boka velkommen som nyttig bidrag nettopp til slik «intellektuell» sakleg debatt – der fordommane mot grunnfjellet er eliminert bort.

Døydde. Så legg eg til: Kristendemokrati er eit omgrep med mange fargar – frå venstreprofil i Latin-Amerika, konservativ katolsk i Sør-Europa til ­­fargane i Skandinavia og «kristendemokrati på norsk» her heime.­ ­Intellektuelt redeleg må vi ­også erkjenna at etiketten løyser ikkje alle problem. Det er som vår danske venn sa det på landskonferansen på Litteraturhuset i Oslo laurdag: Danmark (og Sverige) gjennomførde operasjonen, men pasienten døydde.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 21.10.2014

Gå til innlegget

Gje muslimane tid

Publisert nesten 6 år siden

Vi har fått eineståande sjangse til å føra samtale med moderate muslimar i Noreg. Den dialogen må ikkje Hege Storhaug eller andre få øydeleggja. Dobbel kommunikasjon må alltid avslørast, men å ta folk på alvor er første bud for truverdig ssamtale.

Demonstrasjonen mot radikal islam i Oslo sist veke har engasjert mange også i ettertid. Meiningane er som vanleg delte og til dels motseiande. Vårt Land fortel 29 aug at moderate muslimar slit med å bli trudd, og dei blir mistenkte for dobbel kommunikasjon. Eg tillet meg å nemna at eg sa m.a. følgjande i eit foredrag i Bergen torsdag 28 aug. - kvelden før eg las oppslaget: Nå må vi gje muslimane tid. I lys av grunnlovsjubileet veit vi at også kristne gjorde grove feil i 1814 med jødeparagrafen som m.a. stengde jødar, munkeordnar og jesuittar ute. Den kristne historia opp gjennom århundra er heller ikkje berre ideal for oss. Idag kan vi seia at det er i det kristne Vesten at religionsfridom er reell. Reell religionsfridom er at samfunnet og staten verner dei som skifter tru og religion. Her har islam langt igjen. Vi kan ha mange utfordringar til muslimar i Noreg også framover. Men i dette korte innlegget vil eg adressera oppmodinga til både kristne og andre av god vilje i vårt land: Vis moderate muslimar tillit og ta dei på alvor med det dei verkeleg seier og gjer. Eg er samd med dei forskarane som åtvarar om konsekvensane om folkeopinionen handlar uklokt. Det norske folk må ikkje vera medskyldige i å driva usikre og skuffa muslimar over i dei radikale sine hender! Det kan bli katastrofalt for mange!
Gå til innlegget

Journalistikk frå Midtausten

Publisert rundt 6 år siden

Enno ein gong har vi fått debatt om NRK og Sidsel Wold sine reportasjar frå Midtausten. Får håpa at NRK evaluerer sakleg og ikkje går i eiga skyttargrav.

Hatpropaganda er særdeles dårleg form for kommunikasjon og meiningsytring. Hatpropaganda tener berre til å grava si eiga grav! La det vera sagt med ettertrykk: Eg har ingen sympati med folk som møter andre med hat i staden for sakleg meningsbryting.

Ein del av dei ytringane som har komme fram i kritikken mot NRK korrespondent Sidsel Wold, er berre eigna til å svekka Israel og landet sine venner sitt omdømme - og inkje noko anna. Men det er eit tankekors at det blir store oppslag når nokon som oppfattast som pro palestinsk side blir angripen. Angrep på israelsvenner får tilsynelatande langt mindre merksemd.

Så er her meir å seia: Eg håpar at NRK evaluerer reportasjane frå dei siste hendingane i Israel, på Vestbredda og i Gaza. Kan nokon påstå at kritikken er som røyk utan eld? Eg har høyrt og sett mykje av reportasjane. Må tilstå at det har vore vanskeleg å forstå at dette er objektiv og sannferdig journalistikk.

Reportaren tek for gitt den palestinske sida si oppfatning - Israel er okkupant og aggressiv militærmakt. Denne oppfatninga er så utgangspunkt for kommentarar og vurderingar.

Det blei opplevd stor skilnad i reportasjane og engasjementet mellom kidnapping og drap av dei tre jødiske ungdommane og den eine palestinske guten. Eg merka meg at NRK nyleg intervjua leiaren for organisasjonen Med Israel for fred. Dette var tydeleg meint som ledd i å skapa meir ballanse. Men nett det må vera eit tankekors at det må innhentast kommentar utafrå for å finna ballanse mot deira eigen korrespondent! Det kan knapt kallast god journalistikk.

Kva med kjensler hos jødar som dagleg lever i frykt for dødelege rakettar frå Gaza? Kva med Hamas sin martyrideologi som sender barn, unge og kvinner i døden som skjold for sine våpen? Kva med litt meir edrueleg bruk av folkeretten og bruk av proposjonaliteten mellom angrep og gjengjelding? Når høyrde vi NRK og Sidsel Wold melda at Hamas bryt folkeretten med å bruka skular og sjukehus som våpenlager og utskytingsbasar?

Kva med den trulause dobbeltkommunikasjonen som (MODERERT) Arafat var berømt for? I det heile skulle eg ønskja at både NRK og mange andre medier hadde ei breiare tilnærming til konflikten enn den palestinske og muslimske ideologien mot Israel.

Til politikarar og partane seier eg: Anerkjenn Israel som jødisk stat, og fullfør saklege forhandlingar på grunnlag av FN resolusjon 242 frå 1967. Det vil vera eit klokt steg på veg mot fred. Vi veit at det står ikkje på Israel.

Men i det ligg også at to-statløysing må byggja på varig og trygg fred for begge. Idag synest palestinsk forståing av to-statløysing berre å byggja opp heile Vestbredda som eit terrorområde likt Gaza for så å driva Israel på sjøen! Må den to-statløysinga aldri koma!

Gå til innlegget

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
rundt 1 måned siden / 2934 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
18 dager siden / 1131 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 796 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
11 dager siden / 635 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
17 dager siden / 593 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
9 dager siden / 477 visninger
Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
2 dager siden / 414 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere