Karl Johan Hallaråker

Alder: 76
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Publisert nesten 2 år siden

Det er litt underleg å lesa ein del av innlegga frå såkalla venstreside i KrF. Eg trudde vi alle var gule etter at klubba  fall på landsmøtet.  Dei "raude" ville gå i regjering, berre dei vann med ei røyst. Ein del av kommentarane nå, får dei såkalla blå samla. Skulle dei såkalla raude ein gong vinna, har dei "blå" ei lang liste med forslag til kommentarar. Dette er berre trist. Nå bør vi alle støtta godt opp om arbeidet slik at KrF kan lukkast.

Ein del av kommentarane om abort, gir meg faktisk kald gufs. Barnet i mors liv - det mest verjelause av oss alle - er ikkje ein del av kvinna sin kropp. Vi veit at KrF har ikkje støtte i Stortinget for å verna barna i mors liv. Det partiet nå arbeider med er å bøta på det som openbart er diskriminering og sortering som 2c. KrF har sanneleg arbeidd for å betra kåra og hjelpa gravide kvinner i sårbar situasjon. Eg kjenner ikkje noko anna parti som stiller betre opp. 

Eg er visst naiv som trudde at alle i KrF ville støtta opp om partiet i denne saka. Men det passar visst ikkje for dei som ikkje vil respektera landsmøtet. 

Gå til kommentaren

Kommentarane flommer

Publisert nesten 2 år siden

Å lesa kommentarar etter KrF sitt landsmøte er sanneleg ei mangesidig oppleving. At nokon melder seg ut, er ikkje overaskande. Ein del var tydeleg reine aksjonistar for å få partiet til å lystra dei (åleine). Heldig vis har også mange meldt seg inn. Så langt eg kan sjå, er det lite spontant, men for å støtta eit ikkje-sosialistisk verdiparti. 

Kommentarane om abortlova er også underlege. At venstresida problematiserer, skulle ikkje overraska nokon. Deira solidaritet strekker seg ikkje til dei svakaste - borna i mors liv. Valget av Solberg først, bygde på ei heilskapsvurdering, ikkje ei enkeltsak. Men det er utan tvil viktig når landet sin statsminister og helseminister seier at det er nødvendig å gjera noko her mot den diskriminering som er i dagens lov. Motstanden opplevest som kald gufs. Det må vel vera betre å fjerne diskrimineringa og hjelpa vanskelegstilte kvinner og familiar på annan måte enn å ta liv?

KrF og Solberg har stor bistandskompetanse. Eg ser verkelg fram til det samarbeidet. Her blir det som Jan P Syse sa - KrF og H gjer kvanadre gode.

Så er det den utrulege uttalen frå KrF politikaren i Trondheim - Håpar Ropstad og co floppar og ikkje lukkast. Var han ikkje på landsmøtet og høyrde Hareide sin førebiletlege sluttapell? Litt av eit raust førebilete Geirmund Lykke presterte. Får han tenkt seg om, håpar eg han er forstandig nok til å be om uforbehalden årsaking. 

Forhandlingsdelegasjonen med dei fire vil lukkast. Solberg og regjeringa kan ikkje gje matchballen til Ap og SV. 

Gå til kommentaren

Takk til Skrunes

Publisert nesten 2 år siden

I motsetnad til LL Iversen er eg takksam til Skrunes for hans faglege sterke engasjement for KRLE faget og kristendommen sin plass i  skulen. Eg håpar inderleg at både mitt eige parti KrF og regjeringa politisk følgjer opp det som er Skrunes sine poeng. Det som er politisk demokratisk vedteke må både direktorat og undervisarar følgja opp. 

Så tillet eg meg å ta opp eit anna viktig poeng. Skulen er den fremste arenaen for integrering både mellom ulike livssyn i landet og i møte med nye landsmenn. Skulen er den viktigaste plassen for verdimøte. Difor burde KRLE ikkje berre vera fag i skulen, men ha langt større plass i lærarutdanninga for alle lærarar. I dag er faktisk mange lærarar som dagleg står i dette verdimøtet i skulen, ikkje fagleg kvalifisert for oppdraget. Det er ein dårleg strategisk situasjon for å styrka samhald og forståing i samfunnet.

Gå til kommentaren

"Sorg og glede vandrer til hope"

Publisert nesten 2 år siden

Det er all grunn til å gje honnør til KrF for eit verdig landsmøte. Som kjent, gratulerer eg gjerne med resultatet.  Det var ein naturleg konklusjon for eit ikkje-sosialistisk parti slik stortingsgruppa har tydleg konkludert med at ein måtte føreta eit val.

Det er mangt å reflektera over i dagar og veker som kjem. Eg er glad for dei mange signala frå begge sider om å gå saman inn i den nye situasjonen. Det er også fleire ting ein kan undra seg over. Eg har høyrt ein del nedlatande omtale om Vestlandet og vestlendingar sin plass i  partiet. Når dei same talar om å vera eit raust parti, viser haldning og ord at det visstnok gjeld dei som deler deira oppfatning, blir eg trist til sinns. Sjølv har eg vore med i partiet lokalt både i vest, nord og aust gjennom åra der eg har budd.. At vestlandet er meir snevert enn andre stader, har eg liten sans for.  Vi ønskjer eit tydeleg verdiforankra parti slik vårt program seier kombinert med ein varm og god politikk for alle i eit samfunn som er bygd nedafrå. Som sentrumsparti kan vi samarbeida begge vegar. Men det er ikkje høgre-venstre aksen som er vår innfallsvinkel. Det er mange enkeltsaker vi kan finna løysing saman med venstresida om. Men når eg les venstresida si kalde sekulariseringsretning, kan det ikkje bli vår veg i regjering med dei. Både deira historie og dagens partiprogram stadfestar det.

Det er mitt håp at vi nå får ei erobringsånd inn i partiet og løfter oss over heile landet - KrF bør kombinera våre primærverdiar med praktisk politikk til beste for dei som treng politikk både heime og ute.

Så er det underleg nok at nokre med kjende namn har meldt seg inn, men varslar utgong nå. Det er heilt greit. Eg ønskjer alle velkomne i KrF som vil kjempa for våre verdisaker, men aksonistar må gjerne gå vidare til andre. Nå håpar eg også at partiet får på plass karantenetid for nye - enten dei er på den eine eller andre sida. Eit lite parti er altfor sårbart for å bli erobra av aksjonistar.

Så må eg legga til - eg er ikkje glad for Knut Arild sin avgong. Eg trudde på landsstyretalen om ikkje å stilla ultimatum. Difor blei eg skuffa for at han la det kortet i potten. Men då måtte det gå som han sjølv ofte har sagt - dette dreier seg om politikk.

Gå til kommentaren

Klok beslutning

Publisert nesten 2 år siden

Ser at VL idag slår stort opp på framsida i papiravisa at kjende personar som tidlegare gen sekr i KN, og nåverande gen. sekr i KFUK-KFUM har meldt seg inn i KrF nyleg, men om Hareide ikkje vinn, melder dei seg ut igjen. At misjonsleiarar opptrer slik, kunne vera grunnlag for eigen diskusjon. Men her er det tydeleg brukt både frå dei og VL som siste krampetrekning før morgondagens møte. 

Då er det hyggeleg å lesa Strømstad sitt innlegg. Han legg heilskapsvurdering til grunn. Velkommen inn vil mange av oss seia.

Det er klatt at KrF i det siste har fått alsjonsistmedlemmer inn på begge sider. Kanskje mest av dei som vil til venstre. Sjølvsagt er alle velkomne - men til å bli. Aksjonistmedlemmer er lite å satsa på. At ansvarlege personar opptrer slik er grunn til undring.

Partiårsmøta i fylka har tala. Det er ikkje fleirtal for å gjera radikalt linjeskifte. Folk med demokratisk ånd håpar eg tek det til følgje. Delegatane er valde med klart mandat, og vi som valde forventar at dei følgjer det i landsmøtet. Siste meiningsmåling på 3% og at underlagsmaterialet viser at lekasjen er størst på høgresida, skulle også mana til ikkje å eksperimentera meir til venstre!

Gå til kommentaren

Mest leste siste måned

Sårbar og synlig
av
Ragnhild Mestad
rundt 1 måned siden / 2934 visninger
Behov for et blikk i speilet?
av
Shoaib Sultan
18 dager siden / 1131 visninger
Kristnes omtale av president Trump.
av
Kjell Tveter
rundt 1 måned siden / 796 visninger
Minner fra en sommerkirke
av
Anita Reitan
11 dager siden / 635 visninger
Full krise i Mali
av
Hilde Frafjord Johnson
17 dager siden / 593 visninger
Brokete Brasil
av
Hildegunn Marie Tønnessen Seip
9 dager siden / 477 visninger
Tåkelagt
av
Liv Osnes Dalbakken
2 dager siden / 414 visninger

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere