Karl Johan Hallaråker

Alder: 74
  RSS

Om Karl Johan

Teolog og ordinert prest Den norske kyrkja. Har lang tid som prest, amanuensis, bibelskulerektor og generalsekretær i ImF. Har hatt ei rekke vêrv innan kyrkje, misjon og samfunnsliv. . Har skreve ei rekke bøker, oppbyggelege, truslære og om Israel og Midtausten

Følgere

Nå dreg det seg til i KrF

Publisert 30 dager siden - 164 visninger

KrF sitt sideval nok ein gong. Eg har lenge fått både ris og ros for støtte til Hareide. Støtta står ved lag om vi er usamde om linjevalet den 2.11. Men nå røyner det på. Signala eg får frå folk som var usikre, er at nå ser det ut for at ei lita gruppe strategar tenkjer at målet om å få gå i regjering med Støre, helgar alle midlar. Nå bør partileiinga opptre samla og tilbakehaldande og ikkje tvingast til å opptre på partileiaren sine premisser. Berre negative kommentarar mot dei som ikkje vil gå vegen til venstre, er ikkje parileiaren verdig. I denne situasjonen er det faktisk dei to nestleiarane som har opptrått klokast. Hareide sitt utsagn om at han går i regjering med Støre med ei røysts overvekt, er heller ikkje det klokaste han har sagt til nå. Då bør alle som er usamde senda utsendingar med klar melding

KrF står fram som eit kristendemokratisk sentrumsparti, men og som eit tydeleg ikkje- sosialistisk parti. Alle sju regjeringane KrF har delteke i, har vore slike. Rett nok har ikkje alt vore like vellukka, men å skifta slik radikal side utan avtale med veljarane, meiner eg ikkje berre er farleg, men i strid med vanleg parlamentarisk skikk. At det blir foreslått og forsøkt gjennomført i ein periode imot stort fleirtal i stortingsgruppa, er heller ikkje den parlamentarisme eg har lært gjennom åra. Skal ein forsøkja å velja den vegen, bør ein i det minste venta til neste stortingsval.


Eg høyrde partileiar Hareide og nestleiar Ropstad i Bergen 15. okt. Som fleire av oss sa, det var eit stort og godt "haustmøte" i Bergen Indremisjons høgborg. Men analyserer eg dei to innleiingane, må eg vedgå at det var stor skilnad mellom dei to denne gongen, ikkje berre i sideval. Ropstad argumenterte med premisser og konklusjon for sakene KrF har stått for og sigrane med Solberg. Hareide sitt innlegg hadde særleg to fokus - avstanden til Frp er for stor, og Jonas og Ap er blitt så vennlege. Må også seia at det opplevest provoserande at Hareide dagleg får gjenta sitt mantra i media, medan den andre sida knapt blir nemnd. Når han opptrer åleine i denne situasjonen, bør han som partileiar sakleg referera begge posisjonane.


Vel, avstanden til Frp er stor. Eg har brukt mykje av mitt politiske engasjement for å argumentera med at verdimedvitne menneske bør velja KrF og ikkje liberalistane Frp. Eg har forresten lagt til at V sine primærstandpunkt på fleire måtar er Frps politiske søskenbarn om dei aldri så mykje kallar seg sentrumsparti. Det eg legg merke til hos partileiaren og hans støttespelarar i denne saka, er at dei tek fram Frp sine partimessige primærstandpunkt, medan dei nemner Støres -skal eg seia -  luftige tredjestandpunkt som kan høyrast forlokkande ut. Skal ein samanlikna slik må det vera standpunkta på same nivå. For Ap må ein også ta med både partiprogrammet, heile stortingsgruppa, AP kvinnene og AUF + LO. Då er ikkje valet like klart. Eller er det ikkje det? Vi har nyleg fått Menneskeverd si utfordring til å setja abortlova på dagsorden. Vi har høyrt Ropstad si utfording til både Høgre og Ap. Statsminister Solberg sitt svar er imøtekomande. Ap avviser blankt. Påtroppande AUF leiar avviser forresten heilt regjering med KrF, og vil ta partiet sitt lenger til venstre. Hareide  nemner med sympati Støre sin opptreden for nokre veker sidan i Litteraturhuset i Bergen i samtale med biskop Nordhaug. Eg var faktisk der. Det var ein hyggeleg pludrande samtale som lett kunne forståast å ha verdikonservative moment i seg. Men ideologisk var Støre trygt på sosialistisk side i verdispørsmål med stor ideologisk avstand til KrF. Han kunne visst nølande leva med reservasjonsretten for legar om det ikkje kom innvendingar lokalt, men lovfesta slikt var ikkje mogeleg. Eg gjekk ikkje heim den kvelden med viten om at nå var det eit nytt og betre ideologisk Ap vi står overfor med Støre.


Det er reist spørsmål om representativt landsmøte. Ja, i drøfting av mange politiske saker er det viktig at vi høyrer og foreinar kreftene og at alle kjem til orde. Der alle tenkjer likt, tenkjer ingen mykje, sa ein fransk filosof. Men kva er representativt her? Landsmøtet skal ta stilling til om KrF i ein valperiode skal gjera eit radikalt og historisk linjeskifte - mot fleirtalet i stortingsgruppa. Då er ikkje representativt å svara tja, men eit tydeleg ja eller - som eg håpar - nei. KrF er eit ideologisk forankra verdiparti, og kan ikkje enda som eit reint pragmatisk enkeltsaks parti.


Eit av mine hovudpoeng nå er at vi ikkje står med blanke ark slik Hareide og mindretalet i stortingsgruppa synest å meina. Då kunne ein vurdera primærstandpunkt på begge  sider og konkludera kva veg ein ville forhandla først. Realiteten nå er at vi har ei ikkje-sosialistisk regjering med ein populær statsminister Solberg for KrF veljarane. Vi har ei regjeringserklæring som er slik at med KrF kan ein få på plass det som manglar av vårt stempel, slik også Solberg nemner. Hennar svar til Ropstad om å vurdera abortlova er det mest gledelege for LIVET på mage ti-år. Samanlikningsgrunnlaget nå må vera erfaringa med sigrane i Solbergregjeringa og regjeringserklæringa - mot Ap sitt ideologiske program. Dersom ein i stortingsgruppa har komme til at nå må ein ta regjeringsansvar støttar eg opp om det (mitt primærstandpunkt har vore Stortinget denne perioden). Då er det valet med å forhandla med Solberg først, det valet som trass alt vil vera lettast å forstå. Å prøva noko radikalt nytt med 4,2 % i ryggen inne i perioden, kan eg ikkje tilråda. Å påsto at Sp alltid er vår beste venn, har også gløymd at det var Sp i vår siste regjering med dei, som overkjørte KrF og kyrkja i valet av Oslo biskop med å setja inn sin eigen tidlegare partiformann Stålset. Det er vel ein av dei få gongene KrF statsrådar har måtta protokollera usemje. Eg er så gamal at eg har heller ikkje gløymd Sp sitt svik då Kjell Bondevik fekk regjeringspppdraget i 1971. Vedums kommentar til abortdebatten og Ropstad sitt spørsmål, er ingen siger for livet.


Kort sagt - valet står for meg mellom å prøva seg på ei mindretalsregjering til venstre med Lysbakken (SV) på vetovippen (med applaus frå Moxnes (R)), eller ei ikkje-sosialistisk fleirtalsregjering med Solberg og co der KrF både har vippeposisjon i Stortinget og kan setja sitt tydelege stempel på regjeringa si erklæring og politikk mot sorteringssamfunnet, for livet!

Gå til innlegget

Det et noko som betyr meir enn alt anna

Publisert rundt 1 måned siden - 412 visninger

Livet har forkjørsrett!" Mennesket er skapt i Guds bilete og har sitt verdistempel frå det er avla i mors liv. Det er grunnen til at mange av oss engasjerte oss i kampen mot fri abort. Vi vil at samfunnet stiller opp både for mor og barn.

Livet må ha forkjørsrett. Det er eit av dei aller viktigaste politiske signala vi som KrF-arar kan gje. Difor er vi grunnleggande usamde i dagens abortlov. Det er andre måtar å hjelpa gravide kvinner i vanskeleg situasjon på enn å ta livet av det vesle barnet som veks i magen.  Vi vil heller stilla opp med gode hjelpetiltak. Men i realisme over manglande støtte i Stortinget, må vi i KrF som politisk parti gjera alt vi kan for å luka bort ekstra uheldige sider ved dagens lov. To poeng har komme fram i den siste tida - tvillingabort og abort av barn som har fått påvist "annerledeshet" som Down syndrom. Tenk at berre det at ein er tvilling i mors mage, er det godt nok dødskriterium!

KrF sin dyktige nestleiar Kjell Ingolf Ropstad har stilt spørsmål til Ap og H om korleis dei vil vera villige til å drøfta  dette i eventuelle regjeringsforhandlingar. Det er eit viktig avklaringsspørsmål. Svara er tydelege: Støre og Ap seier blankt nei! Statsminister Solberg viser stor forståing og moralsk mot, og seier at ho har forståing for at dette kjem på bordet. KrF må også få sitt verdistempel på den nye regjeringsplattforma. Ho er altså villig til å drøfta både tvillingabort og å hindra at born som har eit kromosom for mykje, skal vilkårleg måtta bøta med livet.

For oss som har delteke i kampen for livet til borna i mors liv, er statsminister Solberg sine signal noko av det mest gledelege som har skjedd på dette området på mange ti-år. Stor takk til Ropstad som stilte spørsmåla og til statsministeren for ansvarlege etiske svar.

Så har venstresida både i partiet vårt og Stortinget visstnok fått panikk. Sp leiar Vedum sine utspel i tillegg til Ap folka fortel kva vi kan venta av den kanten. Deira mål helgar alle midlar for å få KrF med seg. VL sin politiske redaktør skriv i dag om "Høyres maktdemonstrasjon" som visstnok skal bekymra inn i KrF. Mitt svar er at Solberg bekymrer oss lite når ho vil verna livet. Det var sanneleg heller ikkje Solberg som reiste abortkortet. Ho har svart klokt og ansvarleg. Livet betyr mest - og eg seier med dansedommarane - mi stemme går til Solberg - og Ropstad i denne saka.

Det er mange grunnar til å velja Solberg først. Det store spørsmålet om livet står øvst på lista! Livet betyr nemleg aller mest i kampen mot sorteringssamfunnet!!

Gå til innlegget

KrF vegval i ein lagnadstime

Publisert rundt 2 måneder siden - 903 visninger

Kristeleg folkeparti er inne i ein lagnadstime. Dårlege meiningsmålingar og usemje om politisk retning er ikkje akkurat medisin for oppdrift. Knut Arild Hareide sin landsstyretale har naturleg nok fått stor merksemd. Min første kommentar var KAH langt på veg held ein ærleg og tydeleg tale. Konklusjonen var eg derimot ikkje einig i ut frå premissene han la.

Eg tek til etterretning at partiet nå måtte koma til ein regjeringskonklusjon. Argumentet om at eit linjeskifte vil gje meir sentrumspolitikk, høyrest fint ut. Men spørsmålet er om kva KrF saker i sentrum som får forkjørsrett? At eg med tungt hjarta ikkje kan følgja han i hans sideval, bygger eg på fleire fakta: Grunnleggande ideologisk refleksjon om velferdssamfunnet i staden for velferdsstaten med menneskeverdet i sentrum, familien og foreldremandatet i botn, verdiforankra oppseding og skulepolitikk (med KRLE m.m) framføre mange enkeltsaker. Ideologi om reservasjonsretten, bioteknologi, sorteringssamfunnet, valfridom, kontantstøtte, frivillighet m.m. er ofte raud klut på venstresida. At dei tre andre i leiinga, nestleiarane og nestleiaren i stortingsgruppa (og gruppa sitt store fleirtal), ikkje støtta konklusjonen, likeså minst halve sentralstyret og fleirtalet av fylkesleiarar tel òg mykje. At eit lite mindretal i stortingsgruppa skal bestemma eit historisk linjeskifte, er for meg ei ny form for parlamentarisme. Eg meiner faktisk at ein leiar ikkje bør stå for ein annan konklusjon om han personleg skulle ønskja det. KrFU sitt råd tel også med. Denne sida har også Hans Olav Syversen med på laget. Få kjenner situasjonen som han som var med i forhandlingane i starten av første periode med Solberg, og som leiar av finanskomiteen. Det bør ellers vera klart at det er den sitjande stortingsgruppa, og ikkje den gamle garde i forrige generasjon som må ha siste ordet - slik dei også hadde det i 2013! Slik eg kjenner grasrota ut over landet, - og ikkje minst i dei delane av landet der partiet har størst oppslutning og størst potensiale - er eg lite i tvil om kva retning fleirtalet vil. Å overtyda veljarane om ny kurs, kan visa seg langt vanskelegare enn kanskje å få med seg knapt fleirtal i organisasjonen, om det (usannsynleg) skulle skje. Eit radikalt linjeskifte er det siste eit djupt splitta parti bør føreta.

Hareide sitt råd må ikkje overdramatiserast. KrF er i sentrum uansett kva side partiet samarbeidar med. Ingen bør la seg lura av andre som nå vil fiska i opprørt vatn. Dersom vi tek KrF sine kristendemokratiske verditema på alvor, er avstanden til Frp, og ikkje minst Venstre, i visse saker stor. Det må eg konstatera, sjølv om eg altså vil konkludera først samtale med nåverande regjering. Ap og Frp er for meg dei to mest sentralistiske partia på Stortinget. I mange verdispørsmål og ønskje om å flytta makt nærast folket (subsidaritetsprinsippet), er det ikkje eit utrygt Senterparti, men Høgre som står oss nærast. Difor må også dei to partia halda saman. At eit sentrumsparti kan samarbeida til begge sider, fører ikkje automatisk til mulig regjeringsdeltaking begge vegar. Det blir for lettvint argumentasjon. KrF er eit ikkje-sosialistisk parti og har difor naturleg søkt regjeringsmakt på ikkje-sosialistisk side! Med all mi forankring i sentrum langt frå Frp, må eg erkjenna at slagordet eg ser nokon prøver på - val mellom Siv og Jonas, - er ei tilslørande falsk problemstilling. (Ei heller mellom Torbjørn Jagland og Karl Ivar!) Les i media at ein frå mindretalet i stortingsgruppa skryt av at det er KrF som har fått Erna til å skinna. Sikkert eit godt KrF poeng, men hald då fram med det! La Erna skinna - med KrF!

Sett frå mitt synspunkt var det beste i talen langt på veg at Hareide ikkje stilte ultimatum.
Eg har alltid hatt stort tillit til Hareide som partileiar heilt sidan Dagfinn Høybråten gav seg. Det står eg framleis ved. Ser at ein del kommentatorar forkynner at om Hareide ikkje får viljen, går han - Sjølv om han ikkje har sagt dette sjølv. Så brukar ein del personar i partiorganisasjonen det som argument for å få folk til å støtta han, sjølv om ein ikkje er samd. Eg tek han på ordet. Den prosessen som nå er starta, må konkluderast ut frå eiga overtyding, og ikkje ut frå kameraderi. Landsmøtet den 2 nov. dreier seg seg altså ikkje om for eller imot Knut Arild Hareide som partileiar, men om partiet KrF sitt retningsval. Med det håpar eg at landsmøtet ikkje følgjer dette rådet frå Hareide, om eg er aldri så glad i min sambygsing.

Gå til innlegget

KrF og ekteskapet

Publisert 3 måneder siden - 1232 visninger

Det er mange utsegner om KrF og ekteskapet som er meir fantasifulle enn i pakt med fakta. Her er ingen spagat. Partiet har eitt prinsipielt standpunkt: Elteskapet mellom mann og kvinne.

Det har vore litt underleg å lesa innlegg og kommentarar om KrF og ekteskapet også i denne siste runden. Eg kjenner dei berørte og vil ikkje legga meir stein til byrda. Om vi er aldri så engasjerte, må vi ikkje gløyma at denne saka også dreier seg om menneske og ei gruppe som har stridd med mange ting. Alle må ikkje kategoriserast ut frå Prideparaden.

Landsmøtet 2013 gjorde det reelt og formelt klart at partiet sitt standpunkt er ekteskapet mellom mann og kvinne. Dette blei forankra i partiet sitt "ideologi kapittel" med same vern som lovene (2/3 fleirtal). Eit overveldande fleirtal i landsmøtet slo dette fast - faktisk utan større motstand (sjølv om innstillinga frå programkomiteen, landsstyret og dåverande sentralstyret hadde nøyd seg med å ha det tokjønna ekteskapet berre med i programavsnittet for komande fireårsperiode 20113-17. Landsmøtet gjorde det klart at dette var ikkje berre eit tidsbestemt standpunkt for valperioden, men partiet sitt prinsipielle og normative standpunkt. Difor blei det forankra i ideologi kapitlet.

Så er det klart at strategispørsmålet om korleis ein skal aktualisera dette prinsipielle standpunktet i periodeprogramma, må programkomite og landsmøte ta stilling til for kvar periode. Det vil naturleg vis føra til diskusjon og virvla opp ein god del kvar gong i eit slikt ømtåleleg tema. Det vi då må forventa er at alle strategival skjer i lojalitet mot det prinsipielle standpunktet. Alle tillitsvalde - og særleg stortingsrepresentantar og partileiing må naturleg vis vera lojale mot standpunktet med mindre ein før val, tek personleg atterhald - i denne saka som andre saker.

I debatten om den konkrete handlinga har partileiinga forsøkt å forklara at med skilje mellom menighet og politisk parti var vigsla utført av presten og ikkje stortingsrepresentanten. Eit stykke på veg kan det vera forståeleg, men det er ikkje lett å sjå at det held heilt ut. Det er som ein LO topp sa ein gong om ei anna etisk sak, Lo tillitsvald er du fire og tjue timar sju dagar i veka. Det finst ingen private lommer å abdisera i!

Brutalt sagt - ein må helst finna seg i ghettoen innafor Sinsenkrysset utan å sjå at signaleffekten ved at partiet sin familiepolitiske talsmann utførde vigsla, ville overskygga alt og bli oppfatta som brot mot partiet sitt prinsipielle standpunkt. Det var ein kalkulert risiko som vi gjerne skulle vore utan. Så legg eg til - Stortingsrepresentanten har vore lojal mot partiprogrammet i si direkte utøving av vervet. Det er det aller viktigaste.

Oppsummert: KrF har eitt prinsipielt standpunkt om det to kjønna ekteskapet. Det er ikkje noko spagat. Så lyt vi leva med at det er fleire syn i medlemsmassen. Det er å håpa at diskusjonar blir saklege. For alle som står for partiet sitt prinsipiellle syn burde det ikkje vera grunnlag for mistillit eller utmelding. Det burde heller utfordra til enno meir oppslutning for å halda fast på grunnsynet. Landet treng KrF meir enn nokon gong, spør du meg.


Karl Johan Hallaråker, tidlegare sentralstyremedlem KrF

 

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Neglisjerer nynorsken
av
Vårt Land
rundt 2 timer siden / 26 visninger
0 kommentarer
Ideologien rår
av
Espen Ottosen
rundt 2 timer siden / 76 visninger
0 kommentarer
Syversens formaning
av
Berit Aalborg
rundt 16 timer siden / 761 visninger
5 kommentarer
Redelig maktkamp
av
Øystein Blymke
rundt 18 timer siden / 81 visninger
0 kommentarer
Verdt å prøve
av
Vårt Land
1 dag siden / 293 visninger
4 kommentarer
Les flere

Siste kommentarer

Mona Ekenes kommenterte på
Ordet = Jesus = verdensfornuften
21 minutter siden / 48 visninger
Magne Kongshaug kommenterte på
Svar på Sofies Brauts innlegg: "Den store sammenhengen"
rundt 1 time siden / 560 visninger
Carl Wilhelm Leo kommenterte på
Når man kaster "et bein" til flokken.....
rundt 7 timer siden / 311 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Kan kristne drive vitenskap?
rundt 8 timer siden / 398 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
På feil frekvens
rundt 8 timer siden / 331 visninger
Øivind Hundal kommenterte på
Ich habe genug!
rundt 8 timer siden / 823 visninger
Arne D. Danielsen kommenterte på
Hvor salig er den lille flokk?
rundt 9 timer siden / 475 visninger
Morten Christiansen kommenterte på
Verdt å prøve
rundt 10 timer siden / 293 visninger
Tore Olsen kommenterte på
NRK med kraftig underdrivelse og slagside om rakettangep fra Gaza
rundt 10 timer siden / 1815 visninger
Geir Wigdel kommenterte på
Vil Frp la homofile fra Tanzania få politisk asyl i Norge?
rundt 10 timer siden / 495 visninger
Isak BK Aasvestad kommenterte på
Vil Frp la homofile fra Tanzania få politisk asyl i Norge?
rundt 10 timer siden / 495 visninger
Les flere