Jenny Klinge

Alder:
  RSS

Om Jenny

Følgere

Tapsprosjektet politireforma

Publisert rundt 1 måned siden

Det er bra Ap endeleg har teke realitetane innover seg, trass i at denne innsikta kom i seinaste laget.

Medan partileiar Støre i Arbeidarpartiet meiner regjeringa har brote forliket om politireforma, har vi i Senterpartiet heilt sidan starten meint at forliket var basert på feil politikk. Ap tilførte noko positivt til det politireformforslaget som regjeringa leverte vinteren 2015, men langt frå nok til å laga ei god politireform. Eg veit og respekterer at Ap meinte dei var med og «tok ansvar» når dei inngjekk dette breie forliket om politireforma i Stortinget i 2015. Likevel bør det å ta ansvar også innebera å prøve å stoppe ufornuftige endringar og massive samanslåingar, ikkje å stemme fram slikt i nasjonalforsamlinga.

No ser vi at det Senterpartiet åtvara mot dessverre er resultatet den såkalla nærpolitireforma har gitt lengre avstandar mellom innbyggjarar og politiet, mindre publikumskontakt og mindre førebyggande politiarbeid. Regjeringa klarer ikkje å levere bevis på at talet på politipatruljar har auka i tråd med målsetnaden deira heller. Alt dette fører til at mange politifolk er frustrerte over manglande høve til å utføre det samfunnsoppdraget som politiet har.

Det er bra Ap endeleg har teke realitetane innover seg, trass i at denne innsikta kom i seinaste laget. Eg håper likevel at det kan medverke til at dei lensmannskontora og politistasjonane som står igjen etter reforma blir styrka etter stortingsvalet i 2021. Dette kan Senterpartiet og Ap stå saman om. Politiet må bli sett i stand til å vera til stades i nærmiljøa, til å skaffe seg lokalkunnskap og førebyggje kriminalitet i tillegg til å vera gode på nettkriminalitet og mykje meir. Moderne teknologi krev nye metodar som politiet også skal ta i bruk, men eit politi som er til stades og som ser og bryr seg om folk blir aldri umoderne eller unyttig.

Jenny Klinge, justispolitisk talskvinne, Senterpartiet

Gå til innlegget

Kan vi godta at det i religionens namn blir fjerna delar av friske kjønnsorgan frå ungar som ikkje kan nekte?

Dei siste vekene har det vore ein heftig debatt om eit eventuelt forbod mot omskjering av gutar. Bakgrunnen er at stortingsgruppa til Senterpartiet har vedteke at vi meiner praksisen bør forbys. Dei fleste er einige om at denne saka ikkje er enkel, men ein kan stille eit enkelt spørsmål: Kan vi godta at det i religionens namn blir fjerna delar av friske kjønnsorgan frå ungar som ikkje kan nekte?

LES OGSÅ MITT FØRSTE INNLEGG: Omskjering av gutar

Dette er det prinsipielle spørsmålet, men vi må også ta med risikoen for komplikasjonar i vurderinga. Det kjem stadig døme på at smågutar har døydd som følgje av rituell omskjering. Eit to veker gamalt spedbarn døydde i Oslo i vår. I fjor måtte to gutar amputere penis etter komplikasjonar. 100 gutar døyr årleg i USA.

Denne saka handlar også om religionsfridom. Men kva legg vi i dette omgrepet, og for kven er det denne retten skal gjelde? At vaksne får utføre rituelle handlingar som inneber fysiske inngrep på spedbarn og ungar kan sikkert seiast å vera religionsfridom for desse vaksne, men for ungen, som aldri kan velje bort den religiøse markøren, er det strengt tatt ikkje det. Ei 18-årsgrense vil kunne vera ei god løysing, for då kan ein velje inngrepet aktivt som ein del av religionsutøvinga når ein er stor nok til å vurdere konsekvensane.

Enkelte påstår at eit forbod vil støyte jødar vekk frå landet. Då er det viktig å påpeike at omskjering av gutar ikkje er særskilt for jødisk kultur, det går føre seg i muslimske og kristne samfunn også, i varierande grad alt etter kor i verda det er. Såleis må ein kunne ta opp denne debatten utan å bli skulda for å vera antisemitt. Eg kan likevel forstå denne reaksjonen når omskjering er så vanleg i jødedommen. Men det finst i høgste grad også jødar som er motstandarar av denne praksisen, td organisasjonen Jews Against Circumcision. I enkelte jødiske miljø blir det brukt alternative riter i staden for omskjeringa. Det er ikkje uvanleg i religionar at det er ulike tilnærmingar til innhaldet i religiøse påbod. Etter kvart som samfunna utviklar seg, er det kanskje heller ikkje unaturleg om ein revurderer skikkar som kan vera i strid med menneskerettane. Eg er viss på at vaksne ikkje omskjer ungane sine av vond vilje, men praksisen er ikkje rettare av den grunn.

Likestilling er eit stadig aktuelt tema her til lands. Å tala om å likestille gutar med jenter i denne samanhengen, er ikkje å bagatellisere omskjering av jenter, for dette inngrepet er sjølvsagt alltid horribelt. Føremålet med inngrepet er vondskapsfullt – det handlar om å undertrykkje jenter og frårøve dei eit normalt sexliv ved å påføre dei store smerter og stor risiko for alvorlege komplikasjonar og for å døy.

Det at omskjering av jenter er verre, er likevel ikkje noko argument for ikkje å verne om menneskerettane til gutane. For dei gutane som blir alvorleg skadde av inngrepet, som må amputere eller døyr, er det ikkje betre at dei er gutar enn jenter. Og det er ein prinsipiell likskap når det gjeld spørsmålet om kor langt religiongsfridomen for grupper av menneske skal gå på kostnad av religionsfridomen og rettsvernet til enkeltmennesket.

Stortingsgruppa til Senterpartiet meiner som sagt at rituell omskjering av gutar må forbys. Dersom det ikkje er mogleg å få vedteke dette, meiner vi det bør det bli ulovleg å få gjennomført inngrepet utanfor den norske spesialisthelsetenesta. Etter mi meining vil det vera ei særs dårleg prioritering av pengar om vi skal bruke 13 millionar årleg i det offentleg helsevesenet for å gjennomføre medisinsk unødvendige inngrep. Men dersom inngrepet skal vera lovleg, bør vi av omsyn til dei små gutane sørgje for å redusere risikoen for at de skal bli skadde eller døyr. Det er verdt å påpeike at å fjerne forhuda gir konsekvensar for alle, all den tid ein følsam og beskyttande del av penis blir teken bort for alltid. Med tanke på dette - og prinsipielt sett - blir det ikkje noko betre om norske legar utfører inngrepet, men forhåpentlegvis vil det bli slutt på at ukyndige kuttar i ungane med dårleg reiskap under uhygieniske forhold.

Dersom omskjering ikkje blir totalt forbode, går vi inn for dette: ”Det å initiere til eller samtykke til at gutar blir omskorne utanfor spesialisthelsetenesta, eller å utføre omskjering utan å vera lege, skal vera straffbart. Ved alvorlege skadar og død som følgje av ulovleg omskjering, må strafferamma vera like høg som ved omskjering av jenter med desse følgjene.” Innhaldet i denne siste setninga blir sjølvsagt også gjeldande ved eit totalforbod.

I fleire land har organisasjonar som arbeider mot mannleg omskjering uttrykt støtte til vedtaket vårt. Nyleg slo ein regional domstol i Köln fast at omskjering også av gutar er vald og lekamsskading, men praksisen har enno ikkje vorte kjent ulovleg i noko land.

Noreg har såleis høve til å vera eit føregangsland nok ein gong. Vi har heldt likestillingsfana høgt, og vi liker å tenkje på samfunnet vårt som humant. Debatten om omskjering av gutar viser at det er steile frontar mellom ulike leirar, men dersom vi set omsynet til ungane i høgsetet er saka etter mi meining enkel. Då vedtek vi eit forbod og følgjer opp på eit slikt vis at smågutar får same rettsvernet som jenter.

Gå til innlegget

Vi må forby omskjering av gutar

Publisert over 7 år siden

Senterpartiets stortingsgruppe vedtok nyleg at omskjering av gutar må forbys på lik line med omskjering av jenter. Dette er eit viktig signal om at vi tek rettsvernet til små ungar på alvor, og at vi likestiller gutar og jenter.

Kjell Ingolf Ropstad, KrF, er ein av mange har sterke meiningar om temaet omskjering. I innlegget "Jødeforbud" påstår han at å innføre eit forbod mot å forby rituell omskjering av gutar er det same som å innføre ein ny jødeparagraf. 

LES KJELL INGOLF ROPSTAD: Jødeforbud

Dette reagerer eg sterkt på, men eg er ikkje overraska. Kvar gong eg har diskutert dette temaet i media, kjem slike skuldingar opp. Som politikar ser eg det som viktig å tore å ta opp til diskusjon også kontroversielle og vanskelege tema. Dette er eitt av dei.

Barns rettsvern, religionsfridom og respekt for enkeltmennesket er nokre av dei vesentlege momenta for at eg er mot religiøst og kulturelt begrunna omskjering av mindreårige gutar. Ungar blir utsette for ulike typar overgrep, deriblant omskjæring, og vi må styrke rettsvernet deira. (Medisinsk begrunna omskjering er sjølvsagt noko anna, då er det av omtanke for ungen at ein gjer det.)

At nokon kan utføre eit irreversibelt inngrep på friske kjønnsorgan til ungar som ikkje kan nekte, er ikkje greitt. Dette er heller ikkje greitt: 1) Dei blir utsette for risikoen for komplikasjonar. Somme blir skadde for livet.  2) Seksuallivet til dei som er heldige og ikkje blir skadde av inngrepet, blir også påverka i større eller mindre grad. 3) Dei kan aldri fjerne den religiøse markøren omskjeringa inneber dersom dei skulle velje å konvertere til ein annan religion eller få eit ikkje-religiøst livssyn.

Dette siste er årsaka til at eg ikkje kjøper argumentet om at det å forby omskjering er eit brot på religionsfridomen, slik mellom anna ein del jødar og muslimar hevdar. Slik friheit må innebera å kunne velje sjølv.

Eg har tala med menn som er sterkt prega av at dei har vorte omskorne i barndommen. Dei takkar for at nokon tek opp temaet. Problemet er at dei færraste – om nokon - ønskjer å stå fram med historia si fordi det er så intimt og tabubelagt. Derfor kjem det einsidig informasjon frå grupper der omskjering er vanleg.

Eg reagerer som nemnt når Ropstad påstår at ein forbod mot mannleg, rituell omskjering i Noreg ville innebera eit jødeforbod. Ein norsk jøde tok kontakt med meg etter eg uttalte meg om omskjering før ein gong. Han var ein av desse som takka for engasjementet mitt. Han skreiv at han ville eg skulle vita om at det finst jødiske miljø som har gått bort frå skikken med omskjering, at dei har valt å utføre eit anna rituale i staden. Og han peikte på at ein kan vera ein god jøde om ein ikkje er omskoren.

Ropstad viser til at omskjering at det er meir hygienisk. Eg vil minne om at det finst såpe og vatn, noko dei fleste i dagens samfunn er flinke til å bruke, og at denne påstanden indirekte insinuerer at det store fleirtalet av norske menn er uhygieniske.

Eg set religionsfridomen til enkeltmennesket høgt, og ikkje minst også respekten for andre menneske sin kropp. Prinisipielt er det ikkje skilnad på omskjering av jenter og gutar. Det første er heldigvis forbode allereie. Neste steg er å forby omskjering også av gutar, og setje ei aldersgrense på 18 år for inngrepet. Då er gutane myndige og kan velje sjølv om dei vil utsetje seg for dette.

Gå til innlegget

Lesetips

Les flere

Siste innlegg

Les flere