Klimakrisa­ gjev unge ­psykiske ­lidingar

Danske Isabella ­Seedorff (19) vart djupt klimadeprimert. Ho er ikkje den ­einaste. No melder forskarar om at psykiatrien­ treng nye omgrep for å forklare kva som skjer med oss i klimakrisa.

Eksistens

– Eg gjekk frå å brenne for klimasaka til å bli slått ut av håpløyse. Eg var totalt likesæl og sur på alt som hadde med politikk å gjere, seier Seedorff.

Seedorff var svært aktiv i klimakampen. Ho engasjerte seg i fleire organisasjonar, heldt talar, gjekk i demonstrasjonar og kunne ikkje forstå kvifor folk ikkje tar innover seg at jorda kjem til å gå under. Januar i år vart ho diagnostisert med depresjon.

– Psykologen tok ikkje den eksistensielle ­bekymringa mi på alvor. Han såg på klimaengasjementet som ei interesse på linje med fotball. Terapien handla meir om familierelasjonar og barndomen min.

Då terapien ikkje hjelpte, følgde ho den einaste lengselen ho hadde igjen.

– Det einaste eg ville, var å kome meg ut i ­naturen. Eg ville vekk frå folk og heller vere ute med tre og dyr.

Ville døy i naturen

Difor bestemde ho seg for å legge ut på ein einsam pilegrimstur. Valet fall på Pilegrimsleden som går frå Oslo til Nidaros i Trondheim.

– Eg var veldig i tvil på om eg kom til å vere i stand til å ta vare på meg sjølv i den norske naturen, men det brydde meg lite, eg ville heller døy i naturen enn å halde fram som før.

Seedorff er ikkje åleine om å oppsøke psykolog for å handtere kjenslene kring klimakrisa. Simon Elsborg Nygaard forskar på dei psykologiske ­aspekta ved klimakrisa ved Aarhus Universitet og kan melde om at mange slit med tunge tankar kring verdas framtid.

Legitimt problem 

– Eg har blitt oppringd av fleire unge folk som søkjer hjelp. Nokre av dei er livredde for at verda skal brenne opp eller at vi skal drukne i flaum på grunn av klimaendringane. Mange av desse er utruleg smarte. Dei har lese mykje og kjenner fakta som tyder på at vi går imot ein krisesituasjon.

– Kva råd gjev du til dei som ringer og fortel at dei har klimaangst?

– Eg seier til dei at kjensler er energi,­ og at det er særleg mykje energi­ i angst, så prøver eg å få dei til å forstå at denne energien kan brukast til noko konstruktivt. Eg vil gje dei håp for framtida. Med all den kunnskapen dei har om klimakrisa, vil dei truleg få jobbtilbod som bidreg til gode ting på jorda. På kort sikt råder eg dei til å oppsøke eit fellesskap som ser nokolunde likt, men meir ­håpefullt, på verda.

Problemet med klimaangst er at ein ikkje kan be pasienten la vere å uroe seg.

– Folk som har angst for å køyre heis, kan kurerast med eksponeringsterapi. Det er ikkje tilfellet med klimaangst, den er jo ikkje feilplassert i sama grad, men den kan framleis vere ein overreaksjon. Unge med klimaangst gjev på mange måtar Kurt Cobain rett i det han song: «Just because you’re paranoid, don’t mean they’re not after you».

Likevel føreslår nokre vaksne at dei urolege ungdomane tenker på noko anna.

– Eg snakka med ei jente som fortalde at psykologen hennar bad ho gløyme klimakrisa og slutte å uroe seg. Ei slik løysing gjer berre vondt verre – psykologen bekreftar mistanken pasienten har om at folk ikkje bryr seg.

---

Klimapsykologi

  • Forskingsfelt som undersøker menneskeresponsen på klimaendringane.
    Temaet blir forska på i fleire land.
    American Psychological Association gav i 2010 ut ein rapport som blant anna ser på psykisk helse i ei tid med klimaendringar.

---

Roten snø 

15. april vandrar ­Seedorff ut av Oslo i retning Trondheim med det mest naudsynte i ryggsekken.

– Vel 30 kilometer ut av Oslo, blir eg møtt av ein halvmeter med roten vårsnø. Det hadde eg ikkje tatt høgde for, seier Seedorff.

Ho gjev raskt opp og tar skuffa inn på eit hotell i Oslo.

– Eg fekk fullstendig samanbrot. Eg, som er ­veganar, forsynte meg av rekene på hotellbuffeen. Det einaste eg hadde lyst til, var å ligge heime i senga og gråte.

LES OGSÅ: Tilbaud hjelp for klimaangst – berre journalistar tok kontakt

Tidlegare hadde Seedroff blitt råda til heller å gå den berømte pilegrimsturen Camino de Santiago i Spania. Etter nokre støttande telefonar vart nye reiseplanar lagt.

– Eg brydde meg ikkje om nokon ting lenger, så eg kjøpte flybillett med Ryanair frå Oslo til Spania.
Seedorff følte nok neppe ho fortente eit diplom då ho sat på flyet til Spania. Det ville kanskje klimapsykolog Per Espen Stoknes ha gjeve ho.

Frå mor til jord

– Depresjon og angst blir gjerne­ sett på som noko feil og sjukt. Eg vil heller sjå på det som eit diplom. Det viser at du er eit menneske som bryr deg om jorda, og at du er i stand til å reagere som menneske ved å ta inn over deg alvoret med kva vi faktisk gjer med jorda vår, seier Stoknes.

I følgje Stoknes treng vi nye omgrep for å forklare kva som skjer med oss i møte med klimaendringar.

– Tradisjonelt sett har psykologien fokusert på personlege relasjonar, om det å miste ein son, ei mor eller ein nær ven. No blir relasjonane til naturen viktig. Vi går frå mor til moder jord. Mange filosofar og psykologar meiner difor at vi treng nye ord.

Stoknes referer til den australske filosofiprofessoren Glenn Albrecht, som har kome opp med ei rekke nye omgrep for ei klima­kritisk tid.

– Kjensla av å miste landskapet du har røter i, at den trygge heimstaden blir borte mellom henda dine på grunn klimaendringar, kallar Albrecht for solastalgia, ikkje ulikt nostalgia.

– Finst det døme på slike situasjonar i Norge?

– Ja. Flaum og ras tok med seg fleire hus i Odda i 2014 og snøskredet på Svalbard i 2015 gjorde at fleire måtte flytte frå hus som har fått stå i fred i fleire år.

Redninga 

På Seedorffs andre pilegrimsforsøk byrja ting endeleg å gå hennar veg.

– Caminoen er litt meir sivilisert enn Norge, der du bruker opp tankekrafta på å halde­ deg varm og leite etter matbutikkar, seier Seedorff.

Vandringa saman med andre pilegrimar viste seg å vere god medisin.

– Den første dagen gjekk eg saman med eit gammalt ektepar. Eg klamra meg til dei. Dagane eg gjekk åleine var også viktige, men eg var lukkelegast då eg gjekk saman med andre.

På dei spanske stiane trefte ho ein kjenning ho ikkje hadde snakka med på lenge.

– I klimadepresjonen hadde eg gløymd meg sjølv. Medan eg vandra fann eg tilbake til meg sjølv og mine ønskjer – eg fekk livslysta tilbake.

No er Seedorff tilbake i Danmark. Depresjonen har sloppe taket, men ho veit at ho må vere forsiktig for å ikkje få tilbakefall.

– På sikt vil eg jobbe meir med klimasaka, men på ein meir menneskeleg måte. Det tar tid å finne balansen igjen, så eg er forsiktig.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Eksistens